Å løyse opp knuten – levekår, arbeid og verdi – del 2

Av Ursula Huws

2014-02

Hvor skapes verdiene på Internett? I denne artikkelen drøfter Ursula Huws om profitten på internett stammer fra grunnrente eller vareproduksjon.

Dette er del to av tre av artikkelen Å løse opp knuten – levekår, arbeid og verdi.

Ursula Huws er professor på fagfeltet arbeid og globalisering ved University of Hertfordshire i Hatfield i Storbritannia, og har vore opptatt av dei samfunnsmessige konsekvensane av ny teknologi, mellom anna som redaktør for tidsskriftet Work organisation, labour and globalisation, og gjennom fleire artikler og bøker, som The Making of a Cybertariat sammen med Colin Leys i 2003.
Ei lengre utgave av artikkelen vart trykt i Socialist Register 2014, under tittelen: «The Underpinnings of Class in the Digital Age: Living, Labour and Value».
Artikkelen er omsett av Gunnar Danielsen.

Verdi

Enkelt sagt er det tri hovudmetodar selskap skaper profitt på under kapitalismen, der dei to første au eksisterte under andre system. Dei er grunnrente, handel og meirverdi gjennom vareproduksjon. Fordi det er den typiske måten å skape verdi på under kapitalismen, er det vareproduksjon marxistiske analytikarar er mest opptatt av. Om ein aktivitet openbart skaper verdi, leitar ein oftast etter varen som ligg til grunn. Om ein ikkje enkelt kan definere ein vare, eller om han ikkje synest bli produsert ved å hente meirverdi frå betalte arbeidarar, då konkluderer ein innimellom med at arbeidsverditeorien til Marx ikkje gjeld, og enten er forelda eller treng tilpassingar. Men før ein hoppar på konklusjonen at det trengst heilt nye teoriar for å forklare aktivitetar på nettet, er det bryet verdt å analysere dei opp mot tradisjonelle former for verdiskaping for å sjå om dei passar desse kategoriane.

Grunnrente

Utgangspunktet for mange av diskusjonane i dag om verdi skapt på internett er den udiskutable realiteten at nettselskap som Google og Facebook er svært lønnsamme. Om dei skaper profitt, blir det då argumentert, må det vere fordi dei produserer ein slags vare. Det fører i sin tur til spørsmålet om nøyaktig kva desse varene kan vere, og kven si arbeidskraft som produserer dei. I Googles og Facebooks tilfelle kjem inntektene i hovudsak frå annonsar, som kan målrettast svært presist ved hjelp av stadig meir sofistikert analyse av dei data som brukarane skaper. Her har mange kommentatorar tatt til seg Smythes ide om «publikumsvaren»13, medrekna Fuchs.14 Ideen blei først utvikla som del av eit marxistisk forsøk på å forstå annonseøkonomien i kommersiell radio- og TV-drift, og framstiller publikum som varen som blir selt til annonsørane for å skape avkasting:

Fordi publikumsmakt blir skapt, selt, handla og konsumert, krev det ein pris og er ein vare.15

Fuchs bruker denne logikken på internett:

den produktive arbeidstida som blir utbytta av kapitalen … involverer … all tida som brukarane er på nettet.

Han held fram med å seie at «utbyttingsraten går mot uendeleg om arbeidarane er  ubetalte. Dei er uendeleg utbytta.» Andre bidragsytarar i debatten om digitalt arbeid meiner at «omdømme»16 eller jamvel livet sjølv (produsert av «bio-arbeid»17 har blitt varer.

Smythes begrep har utan tvil gitt nyttig innsikt i massemedias natur, men samtidig ført til mykje forvirring. Tilhengarane til Smythe ser ut til å meine at begrepet «vare» kan brukast om alt som kan bli kjøpt og selt. Det er ein viss sirkelargumentasjon her. Ettersom Marx erklærer at «varer er ikkje anna enn materialisert arbeid» og at «eit gode bare har verdi fordi arbeid er til stades eller materialisert i det»18, då må det i følgje denne logikken bety at alt som blir kalla vare, må vere resultat av produktivt arbeid. Men kor nyttig er ei slik vid oppfatning av begrepet?

For meg ser det ut som at det trengst ein noko annleis definisjon for å forstå særpreget vareforma har under kapitalismen. Eg har tidlegare19 definert varer som «standardiserte produkt eller tjenester til sals i ein marknad der salet vil skape profitt per vare som aukar i samsvar med produksjonsomfanget ». Denne definisjonen skiller ut kapitalistiske varer som fundamentalt annleis enn dei som er produsert under andre system. Ein tradisjonell snikkar som lagar og sel stolar direkte til kundane har meir eller mindre same profitt på kvar stol. Kapitalisten som opnar ein fabrikk og hyrer tilsette for å masseprodusere stolar må investere i maskiner, bygningar og så vidare, og vil ikkje tjene noko på den første stolen. Men dess fleire stolar som bli laga i fabrikken, dess større blir profitten på kvar stol. Det gir stolane produsert på fabrikken eit grunnleggande anna særpreg enn dei som er produsert individuelt av ein handverkar, når det gjeld verdi. Det er ei rad tjenester, medrekna ikkje-fysiske (som forsikringspolisar eller dataprogram) som har same karakter. Det er dei samfunnsmessige forholda dei er produsert under (det tvangsarbeidet lønnsarbeidarane utfører kontrollert av kapitalistane), som gir dei denne karakteren.20

Om ikkje kjelda er salet av varer, korleis skal me forstå profitten som blir skapt på nettet i sosiale nettverk eller av søkemotorselskap? Det er ei alternativ forklaring, og ho har ei lang forhistorie i verda utanfor nettet: profitten kjem frå grunnrente. Eit enkelt historisk eksempel på ein liknande måte å få inntekter på kan vere ein gatemarknad der leiga ein må betale for salsplass, er høgare i område der dei fleste (eller rikaste) kundane vil passere. Slike eksempel kan ein finne på Fifth Avenue i New York, Oxford Street i London, eller i andre gater med eit stort og lukrativt kundegrunnlag: dess fleire som passerer, dess høgare grunnrente. I meir enn eit hundre år har eigedommar langs travle vegar kunna tene pengar på å leige ut plass til reklameskilt. Følger ikkje desse nettselskapa ganske enkelt same opplegg, men med gater som er virtuelle og ikkje brusteinsdekka, og med noko meir sofistikerte metodar for å finne dei mest lukrative kundane og samle inn opplysningar om ønskene deira? Verdiane som går til dei sosiale nettstadene og søkemotorane, kjem så absolutt frå meirverdi skapt av arbeid i første instans. Men det er arbeid utført av arbeidarane som produserte varene som blir annonsert på desse nettsidene, ikkje arbeidet til brukarane av sidene.21

Somme av dei som er med i debatten om digitalt arbeid, som Adam Arvidsson og Eleanor Colleoni22 drar i tvil Fuchs si oppfatning om at brukarane av sosiale nettverk skaper meirverdi. Også dei hevdar at ein heller kan sjå verdiane som skapt av grunnrente. Men dei bruker begrepet «rente» på verdiane som dei finansielle investorane i desse selskapa får. Men her seier dei ikkje kva det er som gjør nettselskap annleis enn andre børsnoterte selskap som får finansielle investeringar. I forsøket på å klassifisere nøyaktig kva det er som skaper verdiane som trekk til seg slike investorar, utviklar dei ei forklaring som seier at «sosiale media som Facebook fungerer som kanalar der kjenslemessige investeringar frå massene kan bli omsett til tingleggjorte former for abstrakte kjensler som kan danne basis for verdsetting i kroner og øre.» Dei hevdar vidare at slike selskap oppnår sin del av «sosialt produsert meirverdi» gjennom «evnen til å trekke til seg emosjonelle investeringar … frå massene eller publikum globalt». Denne noko intrikate modellen glir unna det meir prosaiske spørsmålet om kven som betaler kven for kva for å skape avkasting på investeringane til aksjeeigarane. Etter mi meining kan ein ganske enkelt svare at det er annonsørane (produsentar av varer for sal) som betaler sosiale media eller søkemotorselskapa for å kunne nå ut til brukarane av slike medier med reklame.

Det er mange andre nettaktivitetar som bygger på ein eller annan kombinasjon av bruks- eller bestillingsavgift til tjenesteytarar og/eller tjenestebrukarar og/eller annonsørar – med andre ord grunnrente.

Handel

Handel inneber å skaffe seg noko til éin pris (medrekna å stele) og selje til ein høgare pris, og slik skape ein profitt. Enkelte former for tjuveri, som å tileigne seg andre folks intellektuelle eigedom, kan skje på nettet. Men det er au svært mange selskap som driv nettsal på ein måte som kopierer handel utanfor nettet. (Amazon er kanskje det mest kjente eksemplet.) Mange etablerte handelsselskap kjøper og sel no både på nettet og utanfor. Sjølv om det kan ha forandra somme arbeidsprosessar og gjort dei tradisjonelle grensene mellom distribusjonsaktivitetane til produsentar, grossistar og detaljistar meir uklare, er det ikkje noko mystisk ved måten verdiar blir skapt i slike selskap. Storleiken på mange av desse selskapa, og det faktum at dei må bygge ein omfattande infrastruktur for å handtere betaling over landegrensene, har ført til at somme av dei har kunna starte utleigeaktivitet som i sin tur har skapt grunnlag for nye former for vareproduksjon. Det blir drøfta i neste seksjon.

Vareproduksjon

Det fører oss til den siste kategorien: verdi som blir generert gjennom produksjon av varer. Å skille ut det digitale arbeidet i verdiskapinga her byr på mange utfordringar. Bruk av informasjonsteknologi i dei fleste økonomiske sektorar, kombinert med bruk av telekommunikasjon i nesten all kommunikasjon, betyr at det er få økonomiske aktivitetar som ikkje inneber element av digitalt arbeid. Det gjeld enten dei går føre seg i landbruket, fabrikkar, varehus, kontorar, butikkar, heime eller i transport. Dessutan er desse aktivitetane knytta saman i komplekse kjeder som kryssar grensene mellom selskap, sektorar, regionar og land. Det er inga lett oppgåve å spore ein gitt aktivitet tilbake til opphavet, eller framover til sluttproduktet han har bidradd til. Like fullt er det slett ikkje umauleg. Ein nyttig tilnærmingsmåte her er å analysere økonomiske aktivitetar funksjonelt.23

Forsking, utvikling og formgiving tjener for eksempel direkte til utvikling av nye varer (eller tilpassing av eksisterande). Mykje av arbeidet i desse aktivitetane kjem i dag i kategorien digitalt arbeid, då dei nyttar datamaskinbaserte verktøy og/eller blir levert i digital form til arbeidarane som tar dei vidare til produksjonsstadiet. Det same gjeld for aktivitetar som skal utvikle innhald i bøker, filmar, CD-ar eller andre kulturprodukt. Det er au digitalt arbeid i ei rekke produksjonsprosessar, enten dei omfattar bruk av datastyrte maskiner, vedlikehald av programvare, framstilling av immaterielle produkt eller tilsyn med andre arbeidarar som utfører desse prosessane.

Når det gjeld «tjeneste»-aktivitetar er det nyttig – men stadig vanskelegare – å lage eit hovudskille mellom dei som bidrar direkte til produksjonen (som reingjøring av fabrikkgolv eller vedlikehald av maskinene); dei som bidrar til vedlikehald eller leiing av arbeidsstyrken (som å køyre lønnsdata eller rekruttering eller opplæring); dei som bidrar i den meir generelle leiinga av bedrifta (medrekna finansiell leiing); dei som er involverte i aktivitetar knytta til innkjøp, sal og marknadsføring; og dei som er involverte i distribusjon. Alle desse kategoriane omfattar aktivitetar som blir utført på nettet og/eller bruker ein kombinasjon av informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Men dei blir meir og meir vanskeleg å skille frå kvarandre, av mange samanknytta årsaker.

Første grunnen er at mange arbeidsprosessar blir likare og likare. Arbeidarar som tastar inn talldata kan for eksempel gjøre det for ein bank, eit departement eller eit produksjonsselskap, av grunnar som er fullstendig ukjente for dei. Telefonseljarar kan bruke standard programvare til sal, kundetjenester, innkreving av gjeld, undersøkingar for styresmaktene, pengeinnsamling og ei rekke andre funksjonar. Arbeidsinnhaldet er uavhengig av alle inndelingar av arbeidet etter funksjon. Programvareutviklarar kan utvikle nye produkt eller vedlikehalde eksisterande.

Nært knytta til denne standardiseringa er at slike aktivitetar har stor sjanse til å bli sett ut til andre selskap, ofte selskap som buntar saman ei rekke ulike funksjonar for ulike kundar til grupper av aktivitetar som blir utført i eit felles sørvissenter. Det at slike og andre tjenester kan utførast på nettet, vil gjøre skillet mellom tjenester utført for næringslivet og dei utført for sluttkundar, enno meir uskarpt. Om alle kan bestille varer frå varehus på nettet og få dei levert på døra, då blir skillet mellom «engros»- og «detalj»-handel eit kunstig skille. På liknande vis blir ei stadig lengre rekke med standardiserte immaterielle produkt like enkelt selde til enkeltindivid som til selskap. Det gjeld alt frå dataprogram til banktjenester og forsikring.

Eksistensen av nettbaserte plattformer som kan samordne arbeidsoppgaver, har ført til ei ekstrem oppdeling av oppgaver, innimellom kalla «mikro-arbeid», «klyngearbeid »24 eller «klyngeinnkjøp»25. Men uansett kor oppsplitta slike aktivitetar er, kan ein utan problem rekne dei som arbeid som skaper direkte meirverdi – «arbeid inne i knuten» – dersom det er utført av betalte arbeidarar tilsette i selskap som er drivne for profitt. Men ettersom grensene mellom produksjon, distribusjon og forbruk blir stadig meir utydelege, og same aktivitet vekselvis kan utførast av betalt eller ubetalt arbeidskraft, treng dette ukompliserte standpunktet å bli modifisert. Marx var litt ambivalent til distribusjonsarbeid. Han såg på transport som produktivt og detaljhandel som uproduktivt. Men ein stad i Grundrisse hevdar han at ein må sjå heile prosessen med å bringe eit produkt til marknaden som produktivt arbeid:

Å flytte eit produkt geografisk er eit vilkår for å bringe produktet til marknaden, og høyrer økonomisk sett til produksjonsprosessen. Produktet er eigentleg ferdig først når det er på marknaden.26

Etter same logikk må ei rekke med funksjonar ein kan finne i selskap i vår tid reknast som direkte produktive, medrekna marknadsføring, logistikkadministrasjon, distribusjon, transport, kundestøtte, detaljog engrossal (på og utanfor nettet) og utlevering – kort sagt heile verdikjeden frå fabrikkporten (eller nettstaden der programvare blir utvikla) til forbrukaren må sjåast som produktivt arbeid. Men bare dei som er utført av betalte arbeidarar, er «inne i knuten» og står dermed i eit direkte forhold til kapitalen, eit forhold som faktisk eller potensielt inneber kamp.

Notar:

  1. Hardt, M. og A. Negri (2004) Multitude: War and Democracy in the Age of Empire, New York: Penguin.
  2. Standing, G. (2011) Precariat: the New Dangerous Class, London and New York: Bloomsbury.
  3. Hardt, M. og A. Negri, A. Op cit
  4. Terranova, T. (2000) ‘Free Labor: Producing Culture for the Digital Economy’, Social Text,18 (2): 33–58
  5. Sjå til dømes: Andrejevic, M. (2009) ‘Exploiting YouTube: Contradictions of user-generated labour’, i P. Snickers & P. Vonderau (red.), The YouTube Reader. Stockholm: National Library of Sweden; Arvidsson, A. and E. Colleoni (2012) ‘Value in Informational Capitalism and on the Internet’, The Information Society, 28 (3): 135–150; Banks, J. & S. Humphreys (2008) ‘The Labor of User Co-creators’, Convergence, 14 (4): 401–418; Fuchs, C. (2010) ‘Labor in Informational Capitalism and on the Internet’, The Information Society, 26: 179–196; Fuchs, C. (2012) ‘With or Without Marx? With or Without Capitalism? A Rejoinder to Adam Arvidsson and Eleanor Colleoni’, TripleC 10 (2): 633–645; Hesmondhalgh D. (2011) ‘User-generated content, free labour and the cultural industries’, Ephemera, 10 (3/4): 267–284; Ross. A. (2012) ‘On the digital labour question’ in T. Scholz (ed) The Internet as Playground and Factory, New York, Routledge; Scholz, T. (2012) The Internet as Playground and Factory, New York, Routledge; Terranova, T. (2012) ‘Free Labor,’ in T. Scholz (red) The Internet as Playground and Factory, New York, Routledge.
  6. Kücklich, J. (2005) ‘Precarious Playbour: Modders and the Digital Games Industry’, The Fibreculture Journal, Issue 5.
  7. Alvin Toffler skapte dette begrepet i 1980 i boka The Third Wave, Bantam Books. Det er seinare tatt i bruk av mange andre marxistiske skribentar, som Christian Fuchs og Ed Corner.
  8. Banks, J. og Humphreys. S. (2008) ‘The Labour of User Co-creators’, Convergence, Vol 14 No 4: 401–418, bruker eit uttrykk avleia frå Prahalad, C.K & Ramaswamy, V. (2000) ‘Co-Opting Customer Competence’, Harvard Business Review, Januar/februar.
  9. Huws, U. (2012) ‘Crisis as Capitalist Opportunity: The new accumulation through public service commodification’, Socialist Register:64–84.
  10. Huws, U. (1979) ‘Domestic technology: liberator or enslaver?’, brukt igjen i Huws, U. (2003) The Making of a Cybertariat: virtual work in a real world, New York, Monthly Review Press: 35–41.
  11. Huws, U. (1999) ‘Material World: the myth of the weightless economy’, Socialist Register: 29–56.
  12. Smythe, D. W. (1977) ‘Communications: blindspot of Western Marxism’, Canadian Journal of Political and Social Theory, 1 (3): 1–27.
  13. Fuchs, C. (2012) ‘Dallas Smythe Today – The Audience Commodity, the Digital Labour Debate, Marxist Political Economy and Critical Theory. Prolegomena to a Digital Labour Theory of Value’, Triple C, 10(2): 692–740.
  14. Smythe, D. W. (1981) ‘On the audience commodity and its work’, i M.G. Duncan og D.M. Kellner (red.), Media and Cultural Studies, Malden, MA: Blackwell: 233.
  15. Hearn, A. (2010) ‘Structuring feeling: Web 2.0, online ranking and rating, and the digital “reputation “economy’, Ephemera, 10 (3/4):421–438
  16. Morini, C. og Fumagalli, A. (2010), ‘Life put to work: Towards a life theory of value’, Ephemera, 10 (3/4):234–252
  17. Marx, K. (1867) Kapitalen, kapittel 1. Henta 21.01.2013 på nettet: http://www.marxists.org/archive/marx/works/1867-c1/commodity.htm
  18. Huws, U. (2003) The Making of a Cybertariat: virtual work in a real world, New York: Monthly Review Press: 17
  19. Dette punktet er framstilt litt annleis i ei drøfting av skillet mellom produktivt og uproduktivt arbeid av Marx i Kapitalen (kapittel 4) henta på nettet 21.01.2013 frå http://www.marxists.org/archive/marx/works/1863/theories-surplus-value/ch04.htm
  20. Unntatt i spesielle tilfelle, som når arbeidarar blir betalt for å gå på Facebook og klikke “like” på kommersielle nettsider etter “betal-per-klikk”- modellen. Men her er dei ikkje betalte av Facebook, men av selskapa på dei kommersielle sidene som vil selje varer. Meir nøyaktig bør ein derfor sjå desse arbeidarane som ein del av verdikjeden til desse selskapa.
  21. Arvidsson A og Colleoni, E. (2012) ‘Value in Informational Capitalism and on the Internet’, The Information Society, 28 (3): 135–150.
  22. Eg har drøfta begrepet “forretningsfunksjon” (business function) og forholdet til marxistisk analyse skriftleg mange gonger. Sjå til dømes Huws, U. (2006) ‘The restructuring of global value chains and the creation of a cybertariat’ i May, Christopher (red.) Global Corporate Power: (Re) integrating companies into International Political Economy (International Political Economy Yearbook volume 15), Lynne Rienner Publishers: 65–84, and Huws, U. (2007) ‘The emergence of EMERGENCE: the challenge of designing research on the new international division of labour’, Work Organisation, Labour and Globalisation, 1 (2):20–35.
  23. Kittur et al (2013), ‘The Future of Crowd Work’. Henta 18.03.2013 frå http://hci.stanford.edu/publications/2013/CrowdWork/futureofcrowdwork-cscw2013.pdf
  24. Holts, K. (2013) ‘ Towards a Taxonomy of Virtual Work’, Hertfordshire Business School Working Paper.
  25. Marx, K, Grundrisse. Henta 20.01.2013 frå: file:///Z:/ARTICLES/Economic%20Manuscripts%20%20Grundrisse%20%20p%20501%20-%20p%20550%20transport%20to%20market%20belongs%20in%20production.htm. Ein må merke seg at ei slik tolking av sitatet er omtvista. Marx blir ofte oppfatta som at han gjør særleg unntak for transportarbeidarar. (Kanskje fordi dei var ei gruppe med sterkt organiseringspotensiale – eit potensiale som vart meir enn realisert på 1900-tallet då transportarbeidarane spelte ei nøkkelrolle i aksjonane innanfor industrien.) Etter mitt syn kan argumentasjonen hans nyttast på andre former for arbeid som bidrar til å få varer fram til marknaden, mange av dei kunne ein ikkje sjå for seg på den tida han skreiv.
  26. Terranova, T. (2000) ‘Free Labor: Producing Culture for the Digital Economy’, Social Text,18 (2): 33–58
  27. Weinbaum, B. og Bridges, A. (1976) ‘The other side of the paycheck: monopoly capital and the structure of consumption’, Monthly Review, 28 (3).
  28. Sjå for eksempel Huws (1982) ‘Domestic Technology: liberator or enslaver?’ in Scarlet Women, No 14, trykt igjen i Huws (2003) The making of a cybertariat: virtual work in a real world, New York: Monthly Review Press: 35–41.
  29. Sjå Marx, K. Economic Manuscripts, kapittel 4, henta 20.01.2013 frå: file:///Z:/ARTICLES/Economic%20Manuscripts%20%20Theories%20of%20SurplusValue,%20Chapter%204%20productive%20and%20unprod.htm
  30. Eg bruker begrepet “sette ut” (externalising) her for vise til måten arbeidsgivarar aukar produktiviteten til dei betalte tilsette ved å overføre somme eller alle oppgavene deira til ubetalte oppgaver utført av ubetalte forbrukarar som sjølvbetjening – enten ved bruk maskiner som minibankar eller sjølvbetjening på supermarknaden, eller på nettet med å bestille billettar, legge inn skatteopplysningar eller varebestilling.
  31. Marx, K. Economic Manuscripts, kapittel 2. Henta 20.01.2013 frå: file:///Z:/ARTICLES/Economic%20Manuscripts%20%20Chapter%202%20%20Results%20of%20the%20Direct%20Production%20Process%20%28productive%20&%20unproductive%20labour%29.htm
  32. Ross. A. (2012) ‘In search of the lost paycheck’ i T. Scholz (red) The Internet as Playground and Factory, New York, Routledge: 15.
  33. Eg har dissekert dette grundigare i Huws (2010) ‘Expression and expropriation: the dialectics of autonomy and control in creative work’, Ephemera 10(3/4): 504–521
  34. Ross, ibid.
  35. Sjå til dømes Perlin, R. (2011) Intern Nation: how to earn nothing and learn little in the Brave New Economy, London: Verso.
  36. Eg har skrive meir utfyllande om dette i Huws, U. (2012) ‘The reproduction of difference: gender and the global division of labour’, Work Organisation, Labour and Globalisation 6 (1):1-10
  37. Marx, K. (1845) ‘Division of Labour and Forms of Property – Tribal, Ancient, Feudal’ in Part 1, A, German Ideology. Henta 01.02 2012 frå: http://www.marxists.org/archive/marx/works/1845/german-ideology/ch01a.htm#5a3.'
  38. Engels, F. (1877) On Marx’s Capital, Moscow: Progress Publishers (Engelsk utgave 1956):89.