50 år med kunnskap, diskusjon og kamp

Av Jorun Gulbrandsen, Erik Ness og Ingrid Balterzen

2022-04 Innholdsliste

Dette tidsskriftet fyller 50 år i år! Og som partiet det høyrer til så har det utvikla seg, fornya seg og forynga seg.


Dette jubileumsnummeret er ikkje eit historisk verk som gir ein rettferdig representasjon av 50 år med tekst og skribentar. Nummerredaksjonen har vald ut tema og artiklar som framleis er aktuelle i dag. Det kan kanskje virka rart at dei er det, sidan me har med tekstar som er 50 og 40 og 30 år. Men kapitalismen, imperialismen, rasismen og kvinneundertrykkinga er der fortsatt. Og Marx sine tekstar er jo over 150 år gamle, men dei er også aktuelle i dag, utan at me akkurat skal sei at våre tekstar held det nivået. Me ønsker at også dette nummeret skal kunna brukast i kampane lesarane deltar i, i dag.

Tidsskriftet har frå tidleg av ønska teoretisk utvikling og debatt. Som førre redaktør, Erik Ness, pleier å formulera det, så skal det helst vera ein artikkel i kvart nummer som redaktøren forstår lite av. Men det skal også vera bolkar som inviterer lesarar inn, som bokmeldingar og intervju.

Kva er sosialisme? Kva er eit klasselaust samfunn? Dette er spørsmål som blei diskutert då tidsskriftet starta i 1972, og som også blir diskutert no, også i jubileumsnummeret. Det skulle bare mangle, Vi er et revolusjonært tidsskrift, i 50 år.

Målet med tidsskriftet er å få debatt og være en arena for å utvikle ny kunnskap. Det er ikkje eit internblad for Rødt, me ønsker å diskutera med alle radikale. Me vil utfordra kjende standpunkt, men samtidig gi grunnskolering i saker som er viktige. Tidsskriftet er eit uttrykk for ein organisert bevegelse som vil ha kontakt med radikale folk, som vil slåss. I klassekampen får teorier og standpunkter seg. Me ønsker ikkje berre å finna fram dei mest perfekte teoriane om sosialisme og marxistisk økonomi, bak et skrivebord, men måle tankene opp mot det virkelige livet.

Me har heile vegen villa gi eit bidrag til den organiserte revolusjonære bevegelsen i Norge. Difor er spørsmål rundt organisering og praktisk klassekamp, kvinnekamp og antirasisme viktige spørsmål for tidsskriftet. Me har alltid stått økonomisk sjølvstendig, og basert oss på abonnementsinntekter og støtte frå lesarane. Rett nok har me søkt om statlig støtte og fått avslag, men et revolusjonært tidsskrift som vårt er vel ikke noe makta synes om. Kanskje er det like bra. Dette er ein politisk strategi, me er ikkje ein statsstøtta tenketank, men ein del av ein levande revolusjonær bevegelse.

Røde Fane, R! (ein kort periode), Rødt! (Me skifta navn til det nokre få år før Akp, RV og uavhengige blei partiet Rødt.), og Gnist har alltid hatt eit internasjonalt perspektiv med solidaritet med verdas kjempande folk. Mange av dei som har lese og skrive i tidsskriftet gjennom 50 år, har blitt politisk engasjerte av kampen mot USA-imperialismen sine åtak i Søraust-Asia og Sovjet-imperialismen sine åtak blant anna i Afghanistan. I dag betyr det blant annet støtte til kurdarane og palestinarane sin kamp – og akkurat nå støtte til Ukraina sin kamp mot Russlands angrep. For å forstå må me sjå på den internasjonale situasjonen, rivaliseringa mellom stormaktene, spesielt USA og NATOs streben etter å dominera stadig fleire land og regionar.

Tidsskriftet har heilt frå det starta som Røde Fane i 1972 villa dela kunnskap for å forandra.  EF-kampen var i siste fase i 1972. 25. september vann folket ein siger ein skulle tru var umobleg.  Kapitalismen med dei fire fridommane fekk seg ein på trynet. Sjølvtilliten auka og sigeren sette spor. Ja til EF avviste at EF ville bli en union. I dag veit me at det blei ein union, Den Europeiske Union, EU.

Heilt frå dag ein, har tidsskriftet vore ein arena for kvinnepolitisk debatt. Det skulle berre mangla, halvparten av menneskja er kvinner. Men, me lever i eit samfunn der det er menn som er mest synlege, bestemmer mest og set dagsordenen i samfunnsdebatten. Sånt set spor også i den revolusjonære bevegelsen. Me vann abortkampen, sjølv om angrepa på fri abort ikkje har stilna. Sekstimarsdagen vil vera til størst nytte for kvinnene, som er dobbeltarbeidande, sjølv om dei nye generasjonane menn tar meir ansvar i heimen og i barneoppdragelsen enn for 50 år siden. Debattane om kvinnepolitikk har vore heftige. Det kan du sjå ved å lese eit godt utval artiklar i det nummeret du nå leser.

Ein liten leseforklaring av dette nummeret:

– Me har ikkje latt forfatterne få endra noko i artiklane. Ingen utdjupingar som forklarer kva som er meint, sjølv om det er lenge sidan.

– Redaksjonen har forkorta de fleste artiklane sånn at dei er omtrent like lange, og det blei plass til fleire. Forfattarane har godkjent forkortningene.

– Redaksjonen har skrive ein kort intro for å plassare artiklene i si tid og ofte knytta artiklane til vår tid.

– Me har funne fram portrett av forfattarane frå den tida artikkelen ble skrive. Det minner oss om at artikkelforfattarane heile tida i hovudsak har vært datidas unge vaksne.

Me har ikkje hatt kapasitet til å laga oversikt over redaktørar og redaksjonsmedlemmer dei siste 50 åra. Men det er berre å gå inn på tidlegare nummer på nettsidene og sjå, mange har vore innom og sett sitt preg, samtidig som det er fleire som har vore med i redaksjonen i ein mannsalder.

I jubileumsåret består redaksjonen av mange unge vaksne, me har gjort eit skikkeleg generasjonsskifte på nore få år. Det peikar framover. Oversikt over noverande redaksjon står i kolofonen.

God lesing!

Redaksjonen for dette nummeret har bestått av:

Jorun Gulbrandsen

Erik Ness

Ingrid Baltzersen

 

Innholdsliste: