For 40 år siden jubla AP-kvinnene for sekstimarsdagen

Av Magnhild Folkvord

2020-04

Engasjementet frå kvinnerørsla i partiet fekk sekstimarsdagen inn i Arbeidarpartiet sitt prinsipp-program i 1981, men sju år seinare var den borte. Kva var det som skjedde?


Av Magnhild Folkvord, jobbet i Klassekampen fra 1999 til 2015 og har skrevet flere kvinnepolitiske bøker, blant annet Betzy Kjelsberg, Samlaget (2019)

 

«Jubel og ellevill klemming kvinner imellom.» Slik skildra Arbeiderbladet stemninga på Arbeidarparti-landsmøtet i 1981 da framlegget om å programfesta sekstimarsdagen vart vedtatt. «6 timers dag er et viktig virkemiddel for å nå målet om likestilling og solidarisk fellesskap,» sa Kari Rolstad. Ho hadde på vegner av Arbeiderpartiets kvinnebevegelse foreslått at kortare dagleg arbeidstid skulle stadfestast i prinsipprogrammet med ei målsetting om 6 timars normalarbeidsdag for alle. Dette vart vedtatt med 147 mot 130 stemmer. Harriet Andreassen, kvinnesekretær i Ap den gongen, følgde opp med eit framlegg til arbeidsprogrammet om å be sentralstyret setja ned ein komite som skulle greia ut kortare arbeidstid og kortare dagleg arbeidstid.[1]

For eit betre samfunn

På spørsmål frå Arbeiderbladet om sekstimarsdagen først og fremst var eit tiltak for likestilling, svarte Rolstad at det var eit tiltak for eit betre samfunn, og viste til dei som hadde kjempa fram åttetimarsdagen. Dei såg klart at arbeidstida var viktig for forminga av samfunnet. Ho minte også om den skjulte arbeidsløysa – 135 000 kvinner ønskte lønna arbeid, men åttetimarsdagen var for lang for mange kvinner. Rolstad meinte ei lovfesta arbeidstidsforkorting ville vera betre enn den deltidsmarknaden som hadde fått utvikla seg på arbeidgivarane sine premissar. Dette landsmøtet valde Gro Harlem Brundtland til leiar i Arbeidarpartiet. Kunne det vera eit varsel om nye tider og ny framgang for Ap-kvinnene? Aldri hadde det vore så mange kvinner på eit landsmøte, og kjønnskvotering i partiarbeidet vart vedteke ved akklamasjon.

Kanskje var det ingen på dette landsmøtet som nemnde at Arbeidarpartiet hadde programfesta sekstimarsdagen nesten femti år tidlegare? I arbeidsprogrammet frå 1933 heiter det: «Den lovfestede arbeidstid nedsettes fra 8 til 6 timer.» Arbeidarpartiet si stortingsgruppe følgde opp med eit forslag i Stortinget same året, men vann ikkje fram.

Sekstimarsdagen var ikkje eit nytt tema for Ap-kvinnene. Rolstad hadde reist eit tilsvarande forslag på landsmøtet fire år tidlegare, utan å få gjennomslag. Hausten 1980 hadde daverande forbrukarminister Sissel Rønbeck halde foredrag i Politisk Forum der ho argumenterte for sekstimarsdagen. Vårt arbeidsliv er tilpasset yngre og middelaldrende menn uten omsorgsoppgaver. 8 timers arbeidsdag er for slitsom for de fleste kvinner, når vi påplusser arbeidsreise, husarbeid, omsorgsoppgaver og fritidsaktiviteter, sa ho mellom anna, og minte om at fedrane hadde for lite tid i lag med ungane sine.[2]

Stemmetala på Ap-landsmøtet i 1981 viser at det ikkje var eit samla parti som stod bak prinsippvedtaket som fekk kvinnene til å jubla. Per Kleppe, planleggingsminister på denne tida, hadde på førehand gitt ei åtvaring: «Seks timers arbeidsdag har ikke noen plass i 1980-årenes økonomiske situasjon»,[3] sa han til NRK like etter landsmøtet.

I prinsipprogrammet vart sekstimarsdagen plassert i eit avsnitt om likestilling med overskrifta «Positiv særbehandling»:
Hittil har kvinner vært utelukket fra viktige samfunnssektorer. For å rette på dette forholdet må vi være villige til å ta i bruk radikale virkemidler, så som kjønnskvotering, særstipend og annen positiv særbehandling. Samtidig må kvinners tradisjonelle og ulønte arbeidsoppgaver i hjemmet fordeles på en annen måte, slik at resultatet av yrkesaktiv frigjøring ikke bare blir dobbeltarbeidende kvinner. Daglig nedkortet arbeidstid er en forutsetning for dette. Målet må være 6 timers normalarbeidsdag.[4]

Det skulle visa seg at Gro Harlem Brundtland, den første kvinnelege leiaren i partiet, ikkje skulle bli nokon forkjempar for sekstimarsdagen. Ikkje lenge etter landsmøtet gjorde ho sitt beste for å parkera sekstimarsdagen som noko som kunne høyra ei fjern framtid til. «Sekstimersdag har vi ikke lovet noe sted», sa ho i utspørringa i Valgrevyen i NRK same hausten.[5] Ein av programleiarane minte om at det stod i prinsipp-programmet. «Ja, men i det programmet står det om de langsiktige målsettinger», svarte partileiaren.

«Uansvarlighet som bringer verden fremover»

Den nyvalde nestleiaren Einar Førde uttrykte ei langt meir positiv haldning til sekstimarsdagen. Planleggingsminister Per Kleppe sa under landsmøtet at det var eit uansvarleg vedtak. Førde svarte:

Ja, i så fall er dette en form for uansvarlighet som bringer verden fremover. […] Dette landsmøtet har da også styrket meg i min overbevisning om at dette partiet er alle andre partier overlegent i likestillingsspørsmål, både når det gjelder å sette seg mål og når det skal utformes konkrete programposter.

I partiet sitt arbeidsprogram for 1982–1985 er sekstimarsdagen ikkje å finna, men under «Familiepolitikk» står det: «Det bør iverksettes en utredning av ulike sider ved arbeidstidsforkortelse, bl.a. med sikte på en nedkorting av den daglige arbeidstid.»[6]  Om lag eitt år etter landsmøtet nedsette sentralstyret i Arbeidarpartiet eit utval som skulle sjå på ulike former for arbeidstidsforkortingar. Jan Balstad (nestleiar i Norsk Jern- og Metallarbeiderforbund 1968–81, og LO-sekretær frå 1981) var leiar for utvalet, medan Harriet Andreassen og Sissel Rønbeck representerte Arbeiderpartiets kvinnebevegelse i utvalet. Samansettinga av utvalet, med Balstad frå den mest
mannsdominerte delen av LO som leiar, kan gi eit hint om korleis partitoppen prioriterte sekstimarsdagen.

Var draumen om sekstimarsdagen, som Ap-kvinnene hadde jubla så høglydt for, likevel for god til å kunna bli sann? «Diskusjonen om arbeidstida som på nytt har kommet i fokus, har dessverre blitt noe skjev»,[7] sa LO-sekretær Harriet Andreassen da ho heldt innleiing om den faglege og politiske situasjonen på landsmøtet til Kommuneforbundet (seinare Fagforbundet) hausten 1982. Andreassen meinte det burde leggjast opp til ein breiare diskusjon om
arbeidstida enn berre å gjera det til eit spørsmål om ja eller nei til sekstimarsdagen. Dei vanlegaste arbeidstidsordningane var ikkje tilfredsstillande for menn og kvinner som «ønsker å leve mere likestilt med hensyn til husarbeid, lønnsarbeid, barneomsorg, politikk og samfunnsliv for øvrig». Ho meinte det trongst langt meir fleksible ordningar, men tok ikkje til orde for forkorting av
arbeidstida.

Men om sterke krefter i partiet prøvde å dyssa ned kravet om sekstimarsdagen, hadde kvinnene i kvinnerørsla slett ikkje gitt opp. 8. mars 1983 var kravet om sekstimarsdag den parola som fekk størst oppslutning i toget i Oslo. «I dag er kravet om 6-timers-dagen henvist til Arbeiderpartiets prinsippprogram. Ved neste korsvei – i 1985 bør det føres inn i partiets arbeidsprogram»,[8] sa stortingsrepresentant Sissel Rønbeck på festmøtet til kvinneutvalet i Oslo Arbeiderparti. I 1984 slutta Arbeiderpartiets Kvinneutvalg og AUF i Oslo seg til fellestoget 8. mars med eigne parolar, den eine var «Sekstimersdag for alle». Kvinneutvalet i Oslo Arbeiderparti følgde opp med diskusjon og skolering, eit tre dagars seminar i september 1984, og eit fagleg-politisk seminar på Sørmarka i samarbeid med Oslo Samorg (LO i Oslo) i februar 1985. Interessa for det siste var så stor at mange måtte avvisast. Ifølgje Arbeiderbladet var både reingjeringsassistentar, grafiske arbeidarar og offentleg tilsette «samstemte i krav om 6-timers dag og kvotering i LOs organer».[9]

Det neste arbeidsprogrammet, for perioden 1986–1989, har eit avsnitt med overskrifta «Arbeidstidsforkortelser Større frihet og likestilling i arbeid, fritid og omsorgsarbeid», men utan at sekstimarsdagen kjem så mykje nærare. Arbeidarpartiet vil «Støtte kravet om 37 1/2 timers normalarbeidsuke som et rettferdskrav og et skritt mot 6-timers normalarbeidsdag». Etter landsmøtet i
1985 kommenterte Sissel Rønbeck dette vedtaket slik:

Arbeiderpartiets kvinnebevegelse mener at 6-timers dagen skal gjennomføres i løpet av 1990-åra. Arbeiderpartiets landsmøte mener altså at en fjerdedel av veien skal tas i løpet av de nærmeste 4 åra.[10]

På nyåret i 1987 la det regjeringsoppnemnde arbeidstidsutvalet, leia av statssekretær Ted Hanisch, fram innstillinga si.[11] Hanisch uttalte i den samanhengen at arbeidstida kunne forkortast mot år 2000 dersom bedriftene brukte produksjonsutstyret større delar av døgnet og folk var villige til å arbeida til andre tider enn det som hadde vore vanleg.[12] Sissel Rønbeck tolka dette som positive signal, kvinnerørsla i partiet hadde som mål innføring av sekstimarsdagen i løpet av 90-åra, og uttalte til Arbeiderbladet at ho håpa «vi får til dette før vi går inn i et nytt årtusen».

Heilomvending

Men det skulle meir enn ein «NOU» om arbeidstid til for å overtyda leiinga i Arbeidarpartiet. Eit sentralstyremøte 20. juni 1988 drøfta partiprogrammet for neste periode. No vart sekstimarsdagen vurdert som urealistisk. Ifølgje Arbeiderbladet delte Sissel Rønbeck denne vurderinga:

Når vi ser hvordan kommunene sliter med økonomien etter innføringen av 37,5 timers uke, er det imidlertid urealistisk å tro at vi har råd til å innføre 6-timers arbeidsdag i løpet av den kommende fire-års-perioden. Vi må prioritere strengt, og vi vil velge å satse på å bedre forholdene for småbarnsfamiliene.[13]

I 1990 var Ap-kvinnene igjen samla til landskvinnekonferanse. Ingenting tyder på ein ny offensiv for sekstimarsdagen, om vi skal tru Arbeiderbladet. Noko hadde skjedd med prioriteringane. Kvinnekonferansen samla seg om krav om utviding av svangerskapspermisjonen og rett til ein seks månaders «tidskonto», «for at småbarnsforeldre skal kunne kombinere familie- og yrkesliv i barnets 10 første leveår».[14] No var temaet ikkje lenger kor lang normalarbeidsdagen skulle vera, men fleksibilitet og valfridom, slik at flest mogeleg kunne finna sine løysingar på meir individuell basis.

Dette pregar også Arbeidarpartiet sitt arbeidsprogram for perioden 1990–93. No vil partiet gå inn for «arbeidstidsreformer som åpner for en ny fordeling av arbeidstiden over ukens timer og årets dager. På den måten kan vi oppnå større frihet i valg av arbeidstid.» Dei fleksible arbeidstidene «over uken og året innenfor arbeidsmiljølovens bestemmelser og på grunnlag av tariffavtaler» skal sikra barnefamiliane og andre betre høve til å kombinera arbeid og omsorg.

Kva har skjedd som gjer at det berre er organiseringa av arbeidstida, og ikkje den totale lengda på arbeidsdagen som må endrast? Utan at det blir sagt direkte, har Arbeidarpartiet gått frå eit krav som ville auka prisen på arbeidskrafta, og såleis vera ein kostnad for arbeidsgivaren, til eit spørsmål om fleksibilitet og valfridom, der arbeidstakaren betaler prisen. Sia døgnet framleis ikkje har meir enn 24 timar, vil ikkje den auka fleksibiliteten redusera arbeidsbøra for den som skal makta både lønnsarbeid og omsorg og ansvar i heimen. «Tidsklemma» var eit relativt nytt ord på 1990-talet, men innhaldet var det mange som kjente godt til.

I 1995 var Sylvia Brustad leiar for Arbeiderpartiets kvinnebevegelse. På landskvinnekonferansen i januar 1995 gjekk ho klart mot kravet om sekstimarsdagen da ho innleia til debatt, medan Ap-kvinnene i Oslo framleis ønskte å stå ved dette kravet. Brustad sitt svar var meir fleksibilitet, ho ville satsa på å utvida den såkalla tidskontoordninga. Ikkje alle yrkesgrupper ønskte kortare arbeidstid, og «behovet for tid til andre sysler er ikke like stort i alle livsfaser».[15] Medan kortare arbeidstid i tidlegare tider hadde vore lansert som eit tiltak for å dela på arbeid, hadde Brustad si eiga tilnærming til arbeidsløysa, ho spurde om det «i en tid med høy arbeidsledighet er riktig å la de som har arbeid få bedre arbeidsvilkår på bekostning av de som ikke har arbeid».

Dei følgjande partiprogramma viser korleis Arbeidarpartiet har gått vidare med modernisering og fornying, individualisering og fleksibilisering, og – i likestillingas namn – oppmoding til å gå frå deltid til heiltid utan eitt einaste krav om at normalarbeidsdagen må bli kortare. Utviding av foreldrepermisjonen med høve til individuell tilpassing skal gjera livet for småbarnsforeldra lettare. «Målet er at den gradvis skal fordobles til to år med 80 % lønnskompensasjon – tilsvarende 84 uker med full kompensasjon.»[16] Dette skal kombinerast med ei tidskontoordning som skal gjera det mogeleg å få meir tid i lag med ungane – til dømes i feriar, heilt til dei er ti år. Men om denne tidskontoen skulle gi sekstimarsdag, ville «kontoen» bli tom nokså fort.

Arbeidarpartiet hadde definert sekstimarsdagen ut, men kvinnerørsla, fagrørsla og partia til venstre for Ap hadde gjort sitt for å halda liv i ikkje berre draumen, men heilt konkrete planar for sekstimarsdagen. I fagrørsla vart det etterkvart diskutert korleis tariffoppgjera kunne brukast til å realisera sekstimarsdagen. Ein halv time for kvart tariffoppgjer, og sekstimarsdagen kunne vera realitet etter tre oppgjer.

«Faren over, gutter!»

I valkampen i 2005 gjorde Jens Stoltenberg sitt beste for å visa at han ikkje delte visjonen om sekstimarsdagen. Framfor ei forsamling av toppinvestorar forsikra han at han var «110 prosent på at det ikke blir noen sekstimersdag».[17] Dagbladet presenterte denne saka under overskrifta «Faren over, gutter!» og eit stort bilete av ein engasjert Stoltenberg i møte med finansverdas mektige menn.

Statsminister Stoltenberg måtte likevel godta at den raudgrønne gjekk inn for eit slags forsøk med sekstimarsdag, etter eit visst press frå SV. Dessverre vart dette utforma slik at det ikkje var eigna til å visa korleis sekstimarsdagen kunne verka på ein arbeidsplass der forkortinga av normalarbeidsdagen gjaldt for alle. Det vart eit såkalla «seniorforsøk»: Tilsette over 62 år på utvalde statlege arbeidsplassar kunne velja om ein reduksjon av arbeidsveka til 30 timar skulle takast ut som kortare dag eller veke, eller samlast opp til lengre friperiodar. Målsettinga var å få fleire til å stå lenger i jobb. Dermed kunne dette eksperimentet brukast til å slå fast at sekstimarsdagen ikkje var noko å satsa på. – Og statsministeren kunne på sitt vis stå ved lovnaden han gav til toppinvestorane i 2005.

Partiprogramma for dei følgjande landsmøteperiodane har titlar som kunne lova mykje godt for mange: Skape og dele (2009–2013), Vi tar Norge videre (2013–2017) og Alle skal med (2017–2021). Landsmøtet i 2019 vedtok eit arbeidslivsmanifest. Arbeidstid er eitt av mange viktige tema:
Arbeiderpartiet mener det må legges økt vekt på helsefremmende arbeidstidsordninger og viser til gode eksempler på fremforhandlet kortere arbeidstid.

Ap vil
… etablere nasjonale tilskuddsordninger for forsøk med kortere arbeidstid. Særlig belastende yrker skal prioriteres og det bør gis midler til følgeforskning slik at man kan måle hvilke effekter forsøkene har.

Men den som vil ta kampen for seks timars normalarbeidsdag vidare, må leita
andre stader etter nokon å samarbeida med.

Referanser.

  1. Arbeiderbladet 6.4.1981.
  2. Arbeiderbladet 14.11.1980.
  3. Arbeiderbladet 13.4.1981.
  4. Prinsipprogrammet Arbeiderpartiet 1981, pkt 96 Positiv særbehandling. www.arbeiderpartiet.no
  5. Lillehammer Tilskuer (og fleire aviser) 28.8.1981.
  6. Arbeidsprogram 1982-1985 Arbeiderpartiet. www.arbeiderpartiet.no
  7. Arbeiderbladet 20.10.1982.
  8. Arbeiderbladet 9.3.1983.
  9. Arbeiderbladet 14.2.1985.
  10. Arbeiderbladet 19.4.1985.
  11. NOU 1987: 9A og 9B.
  12. Arbeiderbladet 5.1.1987.
  13. Arbeiderbladet 22.6.1988.
  14. Arbeiderbladet 19.7.1990.
  15. Arbeiderbladet 13.1.1995.
  16. «Program for rettferdig fordeling», vedtatt på Arbeiderpartiets landsmøte 20.-22. november 1998, s. 20.
  17. Dagbladet 18.8.2005.