Gnistregn – støtt oss!
Me startar no ei kampanje for å få faste givarar til Gnist.
Gnist er eit politisk prosjekt, det viktigaste for oss er å få ut analysar, kunnskap og debatt. Difor ønsker me at flest mogleg skal lesa det me gir ut, noko den billige kampanjeprisen for nye abonnentar dei siste åra har bidratt til. Me ønsker heller ikkje at ordinære abonnement skal bli dyrare.
Det redaksjonelle arbeidet vårt er basert på dugnad, så me har ikkje så mykje å spara på. Me treng å kunna tola ei portoauke eller aukar i pris på papir og trykking. Og me vil gjerne ha råd til å gi ut ekstranummer eller ha lanseringsmøte når me ser det er aktuelt.
Difor startar me no kampanje for å få folk til å gi faste, månadlege bidrag til Gnist. Alle summar hjelper stort, anten det er 50 kroner eller 500 kroner.
Passar det ikkje med faste bidrag for deg? Me blir veldig glade for enkeltdonasjonar også.
Bruk skjemaet under for å registrera ditt bidrag.
Har du spørsmål om korleis registrera deg? Send e-post til abonnement@marxisme.no.