Det nasjonale spørsmålet og samerett

Av Svein Lund

1996-03

Dette er ei noko omarbeida utgåve av ei innleiing skreve for eit møte for RVarar i Troms og Finnmark våren 1996.
I Røde Fane stod eit utdrag av denne teksten.


Samepolitikken til kommunistane i Noreg (AKP/RV) har gått ut på å vere dei som stilte dei mest yttarliggåande samisk-nasjonalistiske krava. Ein var for alt som var særeigent samisk og gjerne ein samisk stat, så stor som råd. Men er ein politikk for «mest mogleg samisk» det som trengs i dag?

Denne artikkelen er eit forsøk på å sette søkelys på nokre av dei sentrale spørsmåla i samerettsdiskusjonen og sette dei i samanhang med marxistisk teori og praksis i det nasjonale spørsmålet. Meininga er først og fremst å rive ned nokre myter, stille nokre spørreteikn og gi eit grunnlag for å bygge opp ein politikk på ruinane av disse mytane.

Etnisitet

Etnisitet har blitt eit av dei store moteorda på 90-talet. I Jugoslavia driv dei med etnisk reinsking, mens norske finnmarkingar ifølge media er livredde for at samane skal få rettar til fiske, jakt, bærplukking osv. på «etnisk grunnlag». Det er etnisk krig og anna uro i Rwanda og Nord-Irland, Sri Lanka og Kazakstan.

Ka er så denne etnisiteten som alle snakkar om men ingen synas riktig å vite ka er?

For å vere eit eg må ein vere ein del av eit vi. Oppfatninga av etnisitet er noko av det mest grunnleggande i vår eiga oppfatning av kem vi er, og kordan vi blir oppfatta av folk innafor og utafor vår eiga etniske gruppe.

Er så etnisitet eit objektivt eller subjektivt omgrep? Både – og. Det finst alltid ei objektiv kjerne, visse felles trekk som gjennom lang tid har gitt ei gruppe visse kjenneteikn. Det kan vere språk, religion og andre trusforestillingar, næringar, hudfarge og andre fysiske kjenneteikn, felles landområde osv. Problemet med dei objektive kriteria er at ingen av dei er absolutte. Ein sør-same og ein Kola-same kjenner seg som eit folk sjølv om dei om dei skulle møtas begge må snakke andrespråket sitt og enno ha tolk.

Hudfarge kan nokre stader vere heilt avgjørande, men i Palestina finst det både svarte jødar og svarte palestinarar. Det finst samar med trekk frå dei fleste verdsdelar. Reindrifta er ein fellesfaktor som finst i alle samiske område, men som aldri har sysselsett meir enn eit lite mindretal av samane. Den opphavelige samiske religionen er knust for så lenge sidan at han er vanskelig for historikarane å rekonstruere. Den materielle kulturen skil seg i større eller mindre grad ut frå grannefolka, men sjølv her er det vanskelig å finne overlevde fellestrekk.

Ingen av dei objektive kriteria omfattar alle, men for å oppfatte seg som del av ei etnisk gruppe må ein gjerne ha tilknytning til eit eller fleire av disse objektive kjenneteikna. Etnisitet er til sjuande og sist eit spørsmål om

  • kordan ein oppfattar seg sjølv
  • kordan ein blir oppfatta av andre i gruppa
  • kordan ein blir oppfatta av folk utafor gruppa

Etnisitet er ein form for identitet. Vi har mange slags identitet, bl.a:

  • kjønn
  • klasse
  • politisk oppfatning
  • yrke
  • religion
  • etnisitet

Identitet og etnisitet gir bare meining i ein kontrast. Vi vil markere identiteten vår i forholdet mellom to grupper som står i motsetning til kvarandre (dette kan vere såkalla antagonistiske eller ikkje-antagonistiske motsetningar). Først i møte med menneske med ein anna identitet gir det meining å definere sin eigen. For å ta meg sjølv som eksempel blei eg søring da eg flytta nordover, men først da eg flytta til Guovdageaidnu blei eg dáçça. Da eg så flytta til Tromsø, blei eg «reserve-same». Tilbake i Guovdageaidnu blei eg rein dáçça igjen.

Det er lenge sidan det var samsvar mellom objektive og subjektive kriterier for samisk etnisitet. Skillet mellom same og ikkje-same var nok ofte skarpare før, men i alle fall frå Harald Hårfagre si tid veit vi at møtet mellom ein samisk mann og ei rivgu eller mellom ein dáçça og ei samejente kunne ende under reinfellen, med to-kulturelle etterkommarar som resultat. Ein skal som kjent ikkje leite lenge i slekta før komagtuppen stikk fram, men så skal heller ikkje den mest samiske ofte leite lenge før det stikk fram ein svenskeprest eller ein vestlandsfiskar.

Den sterkaste subjektive etniske identiteten finn vi ofte blant bysamar i Oslo, Trondheim eller Tromsø. Ein norsktalande same busett i Kárásjohka sa at der er det dei norsktalande samane som er bevisste identiteten sin, for dei må markere han for å bli anerkjent som samar. Samisktalande treng ikkje ta standpunkt til han.

Eit velkjent resultat av fornorskingspolitikken er at mange har fråkjent seg det samiske. Men det er ikkje bare snakk om den medvitne fornorskingspolitikken, men heile moderniserings- og globaliseringspolitikken som gjør at ungsommen i dag kjenner seg meir knytt til engelskspråklig vestlig kultur enn til både samisk og norsk. Ei undersøking blant elevar med samisk bakgrunn i vidaregåande skole i Finnmark viste at eit mindretal av dei definerte seg klart som samar. Ein del definerte seg som norske, mens ein svært stor del sa både-og. Men dette både-og har ikkje vore anerkjent av nokon. Foreldra har kjempa for å bli enten heilt norsk eller heilt samisk og vil ikkje godta at ungdommen ikkje kan velge. Men trulig er einaste måten dei kan få ein trygg identitet på er at dei får aksept for sitt både – og. Det er langt bedre enn alternativet; verken – eller.

Hendingane i Jugoslavia syner det tragiske i å måtte vere enten – eller.

Etnisitet er ei grunnleggande del av vår oppfatning av kem vi er og kor vi hører til. Den lar seg ikkje fjerne verken med kjemikalier, skolegang eller nasjonalstatar. Etnisitet og nasjonalitet kan falle saman, men treng ikkje gjøre det. Ein av leiarane i Norske kveners forbund sa at dei har norsk nasjonalitet og kvensk etnisitet. Dette gjorde han som ein reaksjon mot KUF sin bruk av uttrykket «finsk-etniske elevar». Vi går så over til å sjå på nasjonaliteten.

Nasjon, nasjonal frigjøring og nasjonalisme

Eg vil starte med å spørre lesaren:

  • Er du for eller mot nasjonal sjølvråderett? (plass for svar: _______)
  • Ka meiner du så med nasjonal sjølvråderett? (svar: _________________)
  • Ka er ein nasjon? (svar: __________________)

Så kan vi byrje å rive ned byggverket.

Nasjonen – fins han?

Eg skal komme med nokre eksempel på bruk av ordet nasjon og avleia ord:

Det var nokre ord med nasjon. Eg trur vi alle får heilt forskjellige assosiasjonar når vi hører dei. Vi støttar generelt alle nasjonale frigjøringsfrontar og vil gjerne ha utanlandsk kapital nasjonalisert, men frys på ryggen av tyske nasjonalistar, som vi oppfattar som eit dekkord for nynazistar.

Ei oppfatninga er at: Nasjon = stat

Omgrepet «De forente nasjoner» er uttrykk for ein amerikansk tankegang. Ein kunne ikkje bruke «de forente stater» da dette alt var opptatt. For USA er det svært viktig å stå fram som ein nasjon, noko som heng klart saman med undertrykkinga av både innfødde, innførte og innvandra folkegrupper, som på si side ofte omtalar seg som nasjonar, dei indianske nasjonane, den afro-amerikanske nasjonen.

Ordet nasjon har hatt og har forskjellig tyding i forskjellige land til forskjellige tider.

  • 1. Opphavelig var det latinske ordet natio brukt om grupper av folk med felles fødestad, oftast busett utafor denne. Det blei brukt om grupper av framande, men romarane brukte det aldri om seg sjølv. Natio var ei mindre gruppe enn eit folk eller ein klan.
  • 2. Ein nasjon var ei gruppe av utanlandske studentar ved eit universitet, f.eks. den germanske nasjon ved universitetet i Paris. F.eks. ville vi ha snakka om den samiske eller afrikanske nasjon ved Universitetet i Tromsø.
  • 3. Nasjon fikk så tydinga ei gruppe ved kyrkjemøtene i mellomalderen og etterkvart det folket som valde slike grupper, dvs. den overklassen som hadde stemmerett.
  • 4. Med den franske revolusjon blei nasjonen eit revolusjonært omgrep, nasjonen skulle omfatte alle borgarar i landet eller folkegruppa.

I det føydale Europa var det ingen naturlige nasjonar. Bøndene var lokalt rotfaste og ofte liveigne, snakka bare sin eigen lokale dialekt og kunne oftast ikkje lese og skrive. Den føydale overklassen var derimot kosmopolitisk og snakka fransk eller latin både i Berlin og St. Petersburg. Det var borgarskapet som bar fram tanken om nasjonalstaten.

Nasjonalstaten er ei vest-europeisk oppfinning frå tida rundt år 1800. Denne hadde eit materielt grunnlag, ein basis; den framveksande kapitalismen som i første omgong trong nasjonale marknadar. Han hadde ei ideologisk overbygning av nasjonalromantikk, som skulle sveise nasjonen saman gjennom å framheve felles symbol; disse blei gjerne framstilt som meir særeigent nasjonale enn dei eigentlig var: det kunne vere f.eks. rosemaling, musikk, folkedrakter osv. Noko av dette var i røynda svært lokalt, anna var heller internasjonalt. No skulle det ha nasjonal status. Mye av denne «nasjonale kulturarven» var i allereie i ferd med å gå ut av bruk i den grad han nokon gong hadde eksistert.

Nasjonalromantikken blei brukt som ideologisk grunnlag for å samle land som var kløyvd i småstatar som Tyskland og Italia, for å lausrive land som var under framandt styre som Norge, Finland, Ungarn, Polen, Albania, eller til å samle land som var statlig samla men språklig og kulturelt kløyvd som Frankrike og Russland.

Kjerna i den borgarlige nasjonalismen er at det nasjonale er viktigare enn alt anna, enn klasse, kjønn, næring osv. Arbeidaren og bonden skal stå opp og sloss for sitt eige borgarskap mot borgarskapet og arbeidarklassen og bøndene i andre land. I nasjonalismen låg det ikkje noko sperre mot å gå ut over eigne landegrenser når forholda låg til rette for det. Rasisme og herrefolkstenking var her eit eigna virkemiddel. Dette ser vi i f.eks. anglo-saksisk (England, USA), fransk, tysk og russisk nasjonalisme. Folkeslag som sjølv har vore undertrykt har ofte sjølv blitt herrefolk når dei har kome seg opp, jødane i Israel er det klåraste eksemplet.

I den borgarlige nasjonalismen var prinsippet om nasjonal sjølvråderett bare brukt så lenge det tjente eigne interesser, det hadde aldri noko prinsippielt gjennomslag. Det var lite av den kristelige tankegangen at du skal gjøre mot andre det du vil at andre skal gjøre mot deg. Nasjonal frigjøring og konsolidering av nasjonalstatar har i dei fleste tilfelle betydd forverra forhold for nasjonale minoritetar.

Finland: Den finske nasjonalismen frå midten av 1800-talet gikk ut på politisk lausriveing frå Russland og språklig / kulturell frå Sverige. Da oppsto det finske skriftspråket og samtidig det finske nasjonale talespråket, «yleiskieli». Russiske styresmakter ga i 1850 ut eit kart som viste at finsk blei tala i under halve Finland. Dei finske nasjonalistane og seinare den finske staten har aldri villa godkjenne disse fakta, bl.a. at kvensk hadde geografisk nesten like stor utbreiing som finsk, samt at store delar av noverande Finland snakka samisk, karelsk eller svensk. Denne undertrykkinga var så sterk at dei kvenske dialektane overlevde opp til i dag bare i Sverige og Noreg.

Noreg: Mange av talsmennene for norsk lausriving frå Danmark, seinare Sverige var av dei ivrigaste talsmenn for fornorsking av samar og kvenar, bl.a. «parlamentarismens far», Johan Sverdrup. Målrørsla stødde heller ikkje samane, men krangla med riksmålsfolka om nynorsk eller bokmål var det best eigna middelet i fornorskinga av samar og kvenar.

Frå ei bevisstgjøring om at vi er like gode som andre, slo nasjonalismen lett over i at vi er bedre enn alle andre. Nasjonalismen dyrka konkurransen, det var om å gjøre å vere bedre enn andre land, i produksjon og handel, kunst og ikkje minst idrett. Det er typisk norsk å vere god, seier Gro, samtidig som ho arbeider hardt for å fjerne dei siste restene av nasjonal sjølvråderett for Norge.

Aust-Europa har no fått ei forsinka nasjonalisme i samband med oppløysinga av Sovjet og Warszawapakta. Oppløysinga av Jugoslavia er eit kjent og tragisk eksempel, men det er mange andre som ikkje er så kjente, Ein kan ikkje nemne alle, eksempel kan vere behandlinga av ungararane i Slovakia og Romania, grekarane i Albania osv. Behandlinga av etniske russarar i dei baltiske statane er eit anna døme på baksida av den nasjonale frigjøringa.

Nasjonalstaten er ein fiksjon som oppsto da borgarskapet trong han for å styrke makta si. I den grad det eksisterer eller har eksistert nasjonalstatar har dei oppstått gjennom undertrykking og einsretting av nasjonale minoritetar og lokale kulturtrekk og dialektar. Bare i Europa og nokre øystatar finst det statar som har eit visst samsvar mellom språk / nasjonalitet og landegrenser. I eit fleirtal av statane i Europa i dag talar fleirtalet staten sitt offisielle språk, men alle land med unnatak for Island og Portugal har betydelige nasjonale minoritetar.

I dei fleste land utafor Europa gir nasjonsomgrepet lita meining. Landegrensene er i stor grad skapt av kolonimaktene og det er minimalt samsvar mellom språk, etnisitet og landegrenser. I Ghana er det 48 språk, i Nigeria fire hundre. AKP(m-l) stødde ein gong ibo-folket sin nasjonale sjølvråderett til å opprette staten Biafra, men ka med dei 400 andre folkegruppene?

Etter 1. verdskrigen forsøkte den amerikanske presidenten Woodrow Wilson som leia fredsforhandlingane i Europa å hevde nasjonal sjølvråderett som prinsippielt grunnlag for nyordninga av grensene. Men prinsippet blei så uthula at det tilslutt var lite igjen av det, og ved opprettinga av Folkeforbundet blei ikkje den nasjonal sjølvråderetten, men derimot den territoriale integriteten det grunnleggande prinsippet.

Ved danninga av FN blei derimot sjølvråderettsprinsippet fastsatt, samtidig som ein beholdt prinsippet om territoriell integritet. Resultatet blei at ein i resolusjonen om koloniavvikling i 1960 gikk inn for sjølvstende for «ikkje-sjølvstyrte område», definert som «territorium som er geografisk atskilt og som er etnisk og / eller kulturelt forskjellig fra det landet som administrere det». Dette såkalla saltvasskriteriet kom under hard skyts frå kolonimakter som ville beholde koloniane sine og som heilt rett peika på at eit slikt ålment sjølvråderettsprinsipp med like stor rett måtte omfatte ei kvar diskriminert folkegruppe: indianarar i Amerika, nasjonale minoritetar i Sovjetunionen, kurdarar osv. Men eit slikt prinsipp ville kunne føre til full oppløysing av ein stor del av medlemsstatane og det blei saltvasskriteriet som blei ståande i FN sitt arbeid med å avskaffe koloniveldet.

Prinsippet om nasjonal sjølvråderett kjem gong etter gong i strid med seg sjølv, og så langt finst det svært få tilfelle der ei statsmakt frivillig har godtatt at ein nasjonalitet har reve seg laus.

I dag er ikkje nasjonalstaten lenger nok for monopolkapitalen, han har lenge arbeida for å fjerne dei stengslene borgarskapet sjølv bygde opp i førre hundreåret. Nasjonalistisk ideologi blir bytta ut med «europeisk identitet». I Noreg frå 60-talet har EU-motstandarane blitt forsvararar av nasjonen, på godt og vondt, med Senterpartiet og AKP som dei mest nasjonalistiske i fronten.

Ofte blir nasjonalitet og etnisitet brukt om kvarandre. Ein kort definisjon seier at nasjonalitet er etnisitet kopla med ambisjonar om eigen stat.

Urfolk og urfolksrettar

Omgrepet urfolk eller urbefolkning var ikkje inne i biletet da AKP(m-l) i 1973 vedtok det første sameprogrammet. Det var i 1976 at representantar for samar, innfødde amerikanarar, australiarar og newzealandarar for første gong møttes og gjorde urfolk til ein felles faktor i internasjonal politikk. Ei internasjonal anerkjenning av urfolksomgrepet kom først med ILO-konvensjonen som blei utarbeida på 80-talet og ratifisert av Noreg i 1991.

Dei definerte urfolk som folkeslag som budde i landområda sine før dei noverande makthavarane kom dit. Samtidig ligg det i urfolksomgrepet at det er folkeslag som opp til vår tid har bevart større eller mindre del av sine opprinnelige næringar og har ein nærare kontakt med naturen enn det dei erobrande folkeslaga har.

Urfolksomgrepet er liksom nasjonsomgrepet alt anna enn uproblematisk. Nokre av dei høyrer i dag til dei fattigaste i verda, mens samane i stor grad har ein levestandard og kjøpekraft langt over det vanlige i den tredje verda. Indianarane i USA er direkte undertrykte av verdas mektigaste stat, mens andre, som San-folket i det sørlige Afrika og Naga-folket i Thailand / Burma held til i land der fleirtalet av majoritetsbefolkninga sjølve er svært fattige.

Liksom nasjonalistisk ideologi forstørra nasjonale fellestrekk har urfolksideologien forsøkt å forstørre fellestrekka for urfolka, både innafor kvart folkeslag og dei i mellom. Det er i dag urfolkstankegangen som har blitt det dominerande ideologiske grunngivinga for krav om samiske rettar, mens meir ålmenne prinsipp om nasjonal sjølvråderett, minoritetsrettar og global rettferd har kome i bakgrunnen.

Dette har ført til at undertrykte folkegrupper som ikkje kjem inn under urfolksomgrepet har mista interesse i den rådande samiske og samepolitiske debatten.

Den fjerde verda er viktig, men kordan det går med det store fleirtalet i den tredje verda synast mindre vesentlig. Her er det eit stort skille mellom samane og f.eks. sør- og mellomamerikanske indianarar som i tillegg til undertrykkinga frå dei nasjonale regima er hardt ramma av den internasjonale kapitalen sine herjingar, det imperialistiske handelssystemet, GATT og Verdsbanken.

Marxismen og det nasjonale spørsmålet

Det nasjonale spørsmålet har alltid vore eit stridsspørsmål innafor den kommunistiske rørsla.

Marx har blitt kjent for slagordet om at eit folk som undertrykker eit anna folk ikkje kan vere fritt og for støtta si til den irske frigjøringskampen, men verken han eller Engels utvikla nokon gong noko meir grunnleggande analyse av det nasjonale spørsmålet. I røynda sprika dei så i forskjellige retningar at både tilhengarar og motstandarar av nasjonal sjølvråderett kunne plukke argument hos Marx.

I ettertida har marxistane blitt ståande som dei mest konsekvente motstandarar av kolonialisme og imperialisme, og da passar det dårlig å bli minna på at Marx forsvarte Frankrikes erobring av Algerie, Englands erobring av India og Tysklands av Schlesvig. I Det kommunistiske manifest avviste han nasjonalismen med å seie at arbeiderklassen ikkje har noko fedreland og han hadde seinare og ein tendens til å hevde at meir utvikla land hadde forrett framfor mindre utvikla, bl.a. skilte han mellom historiske nasjonar og ikkje-historiske nasjonar, der bare dei første hadde rett til å styre seg sjølve.

Dette viser kor djupt kolonialistisk tankegang stakk i heile den europeiske tankegang i denne tida. Samtidig er her ein samanhang med Marx si materialistiske historieoppfatning, der utviklinga frå urkommunismen via slavesamfunnet, føydalsamfunnet og kapitalismen til sosialismen og kommunismen blir oppfatta som ein historisk lov der kapitalismens siger over føydalismen og utvikling av produktivkreftene blir oppfatta som progressivt. Etter 150 år er det på tide å stille spørreteikn ved denne tesen.

Etter Marx delte sosialistane seg i fleire sterkt motstridande linjer i det nasjonale spørsmålet:

  • 1. Internasjonalistane. Dei forkasta den nasjonale sjølvråderetten som allment prinsipp og meinte at nasjonal samling bare knytta arbeidarklassen til borgarskapet i staden for å gjøre revolusjon (Rosa Luxemburg, Pannekoek, Radek, Bukharin).
  • 2. Nasjonalsjåvinistane. Dei sette dei nasjonale interessene i høgsetet og la klassekampen til side, for godt eller inntil dei nasjonale spørsmåla var løst (Bernstein, Kautsky, Pilsudski). På grunn av denne retninga sprakk den 2. internasjonale i samband med utbrotet av 1. verdskrigen.
  • 3. Austromarxistane. Dei gikk inn for kulturell autonomi som alternativ til lausriving av nasjonalstaten.
  • 4. Leninistane. Dei hevda prinsippet om alle nasjonar sin sjølvråderett. Dette var grunnlaget for oppbygginga av Sovjetunionen med republikkar og autonome område. Prinsippet blei etter kvart grundig undergravd, bl.a. av at partiet skulle vere heilheitlig utan nasjonale seksjonar.

Mens Marx snakka om historiske og ikkje-historiske nasjonar sette Lenin opp eit heilt anna skille: mellom undertrykkarnasjonar og undertrykte nasjonar. Ut i frå dette fikk kommunistane i undertrykkarnasjonar og undertrykte nasjonar forskjellige oppgåver: kommunistane i undertrykkarnasjonane skulle kjempe for dei undertrykte nasjonane sin rett til lausriving, mens kommunistane i undertrykte nasjonar skulle legge hovudvekta på einskapen og å forene arbeidarklassen i disse nasjonane med arbeidarklassen i undertrykkarnasjonane. Han såg altså det ikkje som ei oppgåve for arbeidarklassen i undertrykte nasjonar å leie nokon nasjonal frigjøringskamp.

Lenin såg det slik at forutsatt at nasjonal undertrykking blei avskaffa, var store statar i arbeidarklassen sin interesse. Han såg det som eit skritt på vegen til oppheving av staten og nasjonane under kommunismen. Lenin definerte nasjonen bare i økonomiske og politiske termer og såg bort frå den kulturelle dimensjonen. Nasjonar var knytta til kapitalismen og ville forsvinne under sosialismen.

Lenin gikk dei sterkt imot kulturell autonomi som var alternative til bl.a. den østerrikske og jødiske arbeidarrørsla.

I 1916 sa Lenin: «Gjennom overgangen frå kapitalisme til sosialisme skaper proletariatet mogligheita for å fjerne masjonal undertrykking, denne mogligheita blir ein realitet bare – bare ved etablering av fullt demokrati på alle område …»

Etter revolusjonen blei Finland, Polen og Ukraina gitt sjølvstende ut i frå prinsippet om nasjonal sjølvråderett, men da alle dei nyetablerte statane rundt Sovjet vende seg mot dei og støtta dei kontrarevolusjonære, blei det stramma inn og ikkje meir snakk om nasjonalt sjølvstende for dei over hundre nasjonalitetane i Sovjetunionen.

Stalin

Stalin var den marxistiske teoretikaren som skreiv mest om det nasjonale spørsmål og verket hans Marxismen og det nasjonale spørsmål frå 1913 har hatt stor autoritet, også blant folk som ellers har fordømt det meste Stalin gjorde. Der definerer han ein nasjon som: «eit stabilt fellesskap av menneske som har oppstått historisk og som er danna med grunnlag i sams språk, territorium, økonomisk liv og psykisk eigenart som kjem til uttrykk i ein sams kultur». (Denne dognatiske formelen har seinare blitt brukt til å «bevise» eller «motbevise» at eit folk er eller ikkje er ein nasjon, slik i 70-åra AKP beviste at samane er ein nasjon, mens SKP avviste det samme, begge grunngitt med det samme Stalin-sitatet.)

Kordan kunne så praksis i Sovjet bli så langt frå teorien? Var teorien bare eit skalkeskjul eller kan vi finne ein samanhang? Trass i denne firkanta definisjonen som tyder på at nasjonen er noko stabilt og varig, knyter han nasjonen til ei viss historisk epoke, den framveksande kapitalismen. Under sosialismen derimot skal nasjonane dø bort, noko som gjør at kommunistane under sosialismen naturlig må bekjempe forsøk på å framheve nasjonale særmerke. Stalin såg det som ei viktig oppgåve å bekjempe nasjonalisme, og han trakk ikkje det samme klare skillet som Lenin mellom undertrykte nasjonar og undertrykkarnasjonar. Kommunistpartiet utvikla seg etterkvart til det heilt sentrale maktapparatet som holdt Sovjetunionen saman, og innafor dette var det ikkje grunnlag for noko organisering på nasjonalt grunnlag. F.eks. blei ofte russarar påsette som partisekretærar i område der andre nasjonalitetar dominerte. Kommunistpartiet sitt maktmonopol saman med fraksjonsforbodet underminerte i praksis all form for sjølvstyre for dei ikkje-russiske nasjonane.

Blant dei første som fikk kjenne Stalin sine utrenskingar og prosessar var kommunistleiarar i dei ikkje-russiske nasjonalitetane. Ein av dei var tataren Sultan Galiev som hadde kome fram til denne konklusjonen: «Formelen om å erstatte den verdsomfattande diktaturet til ein klasse i det europeiske samfunnet (borgarskapet ) med motsatsen (proletariatet) vil ikkje føre til nokon grunnleggande endring i det sosiale livet til dei undertrykte delane av menneksheita … I motsetning til dette fremmar vi ei anna tese: Ideen om at det materielle grunnlaget for ei sosial omforming av menneskeheita bare kan bli skapt ved opprettinga av koloniane og halvkoloniane sitt diktatur over kolonimaktene.»

Sovjetunionen og seinare Russland gikk tilbake til Tsar-Russland si rolle som «nasjonane sitt fengsel».

Mao Zedong

Mao Zedong utvikla teorien om dei tre verdene og om samanhangen mellom nasjonal frigjøring mot imperialismen og kampen for sosialismen. I lite industrialiserte land under imperialistisk åk skilde han mellom nasjonalt borgarskap og kompradorborgarskap og sa at arbeidarklassen måtte ta leiinga i kampen mot imperialismen. Han hevda og at revolusjonen ville ha to fasar, den nasjonal-demokratiske og den sosialistiske. I Maos Kina var prinsippet om nasjonane sin sjølvråderett grunnlaget for organisering etter prinsippet om autonome område for nasjonale minoritetar. Dette ga eit visst vern om språk og kultur, men sjølvråderetten gjaldt bare så lenge ingen gjorde krav på å få praktisere han på alvor.

Historia etter 2. verdskrigen viser ei mengde tilfelle der kommunistar og sosialistar har hatt ei leiande rolle i nasjonale frigjøringsrørsler; Vietnam, Kambodsja, Kuba, Sør-Afrika, Kurdistan. Hos kommunistparti i undertrykkarstatar har det derimot vore både – og. Dei tyrkiske kommunistane har ikkje støtta kurdarane sin frigjøringskamp, NKP hadde aldri nokon samepolitikk. Det amerikanske kommunistpartiet CP(M-L) hevda den afroamerikanske nasjonen sin rett til eigen stat, men hadde mindre å fare med i indianarspørsmål.

AKP / RV og det nasjonale spørsmål

Frå starten av ml-rørsla sist på 60-talet har nasjonal sjølvråderett vore eit av hovudprinsippa. Det var på 70-talet rekna som eit vasskille mellom ml-arar og trotskistar, som på si side hevda at ml-arane la seg flate for borgarlig eller småborgarlig nasjonalisme. AKP-arane svarte at i imperialismens tidsalder er det arbeidarklassen som er forsvarar av nasjonen. I dag er disse motsetningane delvis innafor RV, samt mellom RV og gruppe som Internasjonale sosialister. Dette må ha store konsekvensar for det standpunktet ein tar i samiske rettigheitsspørsmål.

Mitt syn er at begge sider har forenkla grovt og forsøkt å redusere ei svært komplisert virkeligheit til enkle politiske slagord. Så enkelt er det ikkje og eg skal ikkje gjøre det enklare, tvert om.

Frå no av vil eg ikkje snakke om RV, men om AKP. Dette fordi det som sagt er usemje om ein del prinsippielle spørsmål i RV. Det er AKP som har utvikla ein samepolitikk, RV har stort sett vedtatt bleikare kopiar av denne, ingen andre grupper i RV har utvikla nokon sjølvstendig samepolitikk.

AKP og samiske rettar

AKP(m-l) var i 1973 den første politiske organisasjon i nyare tid som kravde «fulle nasjonale rettar til det samiske folket». Vi bygde bl.a. på Per Otnes si bok Den samiske nasjon frå 1970. Han var ein progressiv samfunnsvitar som analyserte det samiske samfunnet ut i frå ei marxistisk forståing av kolonialisme og imperialisme. Han seier: «En nasjon er ikke noe rase- eller avstamningsfelleskap. … Nasjonalitet er derfor ikke et biologisk, men et historisk oppstått langvarig og holdbart felleskap mellom mennesker, som opprinnelig kan ha hatt svært forskjellig opphav. Et nasjonalt felleskap utmerker seg med felles språk for gruppa, felles territorium, et visst økonomisk fellesskap og indre samband, og endelig et kulturelt fellesskap.»

I fotnotene kjem det fram at han bygger på Stalin. Det var også Stalin si bok Marxismen og det nasjonale spørsmål som saman med Lenin sine Imperialismen og Nasjonal politikk og proletarisk internasjonalisme var det ideologiske grunnlaget da AKP i det første sameprogrammet sa:

AKP(m-l) er mot å kløyva opp ein sosialistisk stat i fleire og mindre statar. Vi meiner det er til bate for det samiske folket å verta verande innanfor den norske nasjonalstaten. Vi trur fullt og fast at motseiingar mellom dei to folka kan løysast innanfor den norske sosialistiske staten. Men like fast vil AKP(m-l) halda på at det samiske folket har rett til sjølv å avgjera si eiga framtid om det samiske folket ynskjer nasjonal sjølvråderett (dvs. å skipa sin eigen samiske stat), skal ikkje den norske sosialistiske staten stilla seg i vegen for dette rettkomne kravet med makt.

I arbeidsprogrammet tok vi seks år før Alta-kampen standpunkt som går rett inn i dagens debatt:

  • Sjølvråderett over hevdvunne og urgamle samiske område. Dette vil seia:
    • Særrettar til utnytting av naturrikdomane, jakt- og beiteområde, fiskevatn og moltemyrar.
    • Juridisk og politisk godkjenning av eigedomsretten til desse områda.

Dette ser jo klart og greitt ut, heilt til vi ser nærare etter og spør ka ein ikkje svarar på:

  • 1. Kem skal ha disse særrettane? f.eks.
    • a) samar som har utmarka som levebrød,
    • b) etniske samar uavhengig av bustad, bygdelag
    • c) lokalbefolkning uavhengig av etnisitet.
  • 2. Kor går grensa for dei «hevdvunne og urgamle samiske områda»?

AKP sitt samepolitiske program har sidan blitt endra ein gong, i 1989. I programmet av 1989 blir samane omtalte både som urbefolkning og som nasjon, med ei ganske tvilsam historisk forklaring på kordan den samiske nasjonen oppsto:

Den samiske nasjonen oppsto ved at de halvnomadiske jakt- og fangstfolkene som fra gammelt av levde fra Kola og Nord-Skandinavia til Hedmark, utvikla et fellesskap i økonomi, språk og kultur. De var organisert i siidaer med kollektiv eiendomsrett til naturressursene.

Her seier ein om retten til land og vatn:

Sápmi er de land- og vann-strekninger som har vært i samisk bruk gjennom uminnelige tider, som fortsatt brukes av samer, sjøl om de kankje lenge har vært i mindretall. De tilhører det samiske folket som må ha bruks- og råderett over dem. …

Ingen inngrep i samisk land skal skje mot samisk vilje uttrykt gjennom institusjoner de sjøl oppretter. Disse overtar full råde- og styringsrett over alt som skjer i samisk land. De har vetorett i forhold til statene, og kan sikre ekspropriasjon.

Vi har no bare i to AKP-program vore innom heile seks omgrep når det gjeld rett til land og vatn:

  • eigedomsrett
  • bruksrett
  • råderett
  • styringsrett
  • særrett til utnytting
  • vetorett

AKP har reservasjonslaust gått inn for alle seks. Det er greitt å vere stor i kjeften, men sei meg no kordan skal dette praktiseras i Kvænangen, Målselv og Sør-Varanger!

AKP og Samerettsutvalet

AKP stødde fullt ut kampen for oppretting av Samerettsutvalet, som var ein integrert del av Alta-kampen. Men til forskjell frå andre organisasjonar og parti har vi ikkje godtatt at opprettinga av utvalet skulle brukas til å legge lokk på kampen og diskusjonen om samiske rettar. Vi har stått på prinsippa om samisk eigedomsrett til land og vatn uavhengig av ka utvalet måtte meine. Vi har hevda det viktige prinsippet om samisk vetorett mot naturinngrep. Men når det gjeld konkrete løysingar på forvaltningsspørsmål og på avgrensing av samisk område, har vi ikkje hatt meir å fare med enn andre.

No er vi tilbake i avisdebatten om rettar på etnisk grunnlag. Ordninga med eit folkevald parlament for ei minoritetsbefolkning som bygger på etnisk manntall og ikkje på eit geografisk område er så vidt eg veit eineståande i verda. Denne er innført for den samiske befolkninga i Noreg, Sverige og Finland, og alle sametinga er i all hovudsak rådgivande.

Til samanlikning har inuitane på Grønland fått heimestyre som gjeld heile Grønland og fast busette danskar kan røyste og bli vald. Rettar som urfolk i Kanada har fått gjeld og for visse definerte område.

Spørsmålet om samiske rettar må etter mitt syn delas i fem:

  • 1. Rett til veto mot inngrep
  • 2. Forvaltning av område der samane er einerådande eller klart dominerande
  • 3. Forvaltning av område som brukas av både samar og andre
  • 4. Individuell rett
  • 5. Kulturell autonomi

1. Rett til veto mot inngrep

Når det gjeld vetorett mot inngrep, har vi alltid støtta det, og det vil bli ei av hovudsakene i kampen om innstillinga frå Samerettsutvalet.

2. Forvaltning av område der samane er einerådande eller klart dominerande

I si mindretalsinnstilling i Samerettsutvalet si Rettsgruppe syner Otto Jebens klart at i Indre Finnmark har samane vore einerådande om å utnytte naturressursane opp til etter krigen. Her er framleis eit klart fleirtal av samar. I disse områda vil det vere rett og mogleg med ei rein samisk forvaltning. Disse områda bør skiljas ut som eit eige forvaltningsområde der Sametinget står for forvaltninga i lag med kommunane.

3. Forvaltning av område som brukas av både samar og andre

Når det gjeld forvaltning av land og vatn er det klart at Sametinget må ha ei viktig rolle. Eg vil likevel ikkje gå god for kravet frå NSR om at Sametinget skal styre forvaltninga av heile Finnmark. Den norske og kvenske befolkninga har slått rot i Finnmark gjennom fleire hundre år, og har utvilsomt kome for å bli. I mange lokalsamfunn har forskjellen i næringsliv, levemåte og kultur mellom folkegruppene i stor grad blitt utviska. Det er i dag ikkje mogleg å komme utanom disse når det gjeld styringa av disse områda. For disse områda vil eg derfor støtte forslaget frå Samerettsutvalet om eit forvaltningsorgan vald av Sametinget og Fylkestinget i fellesskap. Ein liknande modell kan vere aktuell for forvaltninga av statsgrunn i Troms og Nordland.

Det er og rimelig at reindriftsadministrasjonen blir lagt under Sametinget.

4. Individuell rett

Samiske rettar har alltid vore kollektive rettar. Det finst bare eit tilfelle der eins personlige etnisitet er avgjørande for kas rett ein har, det er retten til reindrift. Eg ser ingen grunn til å avskaffe denne, men heller ikkje til å utvide rettane på individuelt etnisk grunnlag. Nokre samepolitikarar har vore klare i å understreke at rettane må gjelde for bygdelag, befolkninga i ein kommune, i Finnmark osv. ikkje ut i frå etnisitet. Det gjeld særlig Steinar Pedersen og Ole Henrik Magga. Andre har ikkje vore like klare, og eg mistenker f.eks. delar av NSR for å ønske nettopp slike individuelle rettar.

5. Kulturell autonomi

Samerettsutvalet går på retten til land og vatn. Likevel må vi ikkje glømme den kampen som pågår kvar dag om styringa med undervisning, media og kultur. Her må vi fullt ut støtte kampen om at Sametinget skal få styring over alle samiske organ, som Sámi Radio, Samisk utdanningsråd og øvrige samiske skoleverk.

Samerettsutvalet er «samane si Oslo-avtale». Begge er snakk om eit kompromiss, eit framsteg i forhold til den totale undertrykkinga og umyndiggjøringa, men enno langt frå det dei mest radikale samiske og palestinske politikarane har kjempa for og meiner dei har historisk krav på. Kolonimakta si statsmakt og militærmakt blir ikkje borte, men det blir sett visse grenser for ka for overgrep dei kan gjøre.

Mye av avisdiskusjonen frå begge sider virkar som om vi står ikkje overfor ein situasjon der befolkninga i Finnmark skal velge mellom to alternativ: Alle finnmarkingar styrer eller samane styrer alt. I staden står vi i ein situasjon der det meste i dag styreas frå Oslo, og gjennom EØS-avtalen i stigande grad frå Brussel. Folket i Finnmark fører i hovudsak ein forsvarskamp mot inngrep utafrå, anten det er i form av EØS, RTZ eller snurparar frå Møre. Trass i dei etniske motsetningane har fleirtalet felles interesser i å forsvare områda våre. Da må vi finne fram til alternativ som kan ivareta både samiske og andre interesser i fylket. Vi må vise at det internasjonale rettsvernet for urfolk og kan brukas for å verne resten av befolkninga, f.eks. gjennom oppretting av samisk fiskerisone.

Nord-Norge som koloni

Det skulle ikkje her vere naudsynt å legge fram historiske argument for at Sápmi og Nord- Norge har vore kolonisert og framleis tildels fungerer som ein råvareleverande koloni under Sør-Norge. Nord-Sverige og Nord-Finland har historisk hatt samme rolla og er no koloniar under Brussel i tillegg. Koloniar bør som kjent avkoloniseras og under EU-kampen blei det blåst nytt liv i tanken på ei lausriving av Nordkalotten. I første omgang blei denne lagt på is ettersom Noreg holdt seg utafor EU mens dei andre to landa gikk inn.

Dersom ein anerkjenner nasjonal sjølvråderett som eit universelt prinsipp, ka seier så at bare nasjonar skal ha denne retten. Korfor ikkje og provinsar, fylke, kommunar og bygdelag?

(plass for lesaren si meining: ______________________)

Fleirnasjonale statar

Så langt har eg vist veikskapane med prinsippet om nasjonal sjølvråderett. Det har vore lett å støtte kampen for eit fritt Vietnam, Eritrea, Palestina, Kurdistan og Litauen. Det har vore lett fordi den nasjonale undertrykkinga har vore så hard, og det har ikkje stått andre alternativ mellom underkuing og frigjøring.

Like lett er det ikkje å ta standpunkt til lausriving for Quebec, dei jugoslaviske statane, Slovakia eller Somaliland. Men finst det ikkje andre alternativ enn større og større oppsplitting i statar? Treng det vere samsvar mellom nasjon og stat?

Om ein definerer nasjon som etnisk gruppe, vil vi komme i ein håplaus situasjon med eit lappeteppe av eit verdskart med stadig mindre lappar, der kartet ser ut som eit kart over gardane før jordskiftinga i førre hundreåret. Seier vi at statsgrensene skal følge nasjonane eller dei etniske gruppene seier vi og at dei ikkje kan leve saman. Vi opnar for etnisk reinsking etter jugoslavisk modell.

Dei aller fleste statar i verda i dag er fleirnasjonale eller fleiretniske (bare eit knapt titall er etnisk einsarta). Men svært mange av disse statane vil ikkje innrømme dette, eller ta konsekvensen av det. Dei har ein nasjonalstatlig ideologi som seier at i Noreg skal alle vere norske, er dei ikkje det skal dei snarast bli det, osv. Eksempel på slike land er Tyskland, Frankrike, Polen, Romania. Ein stat – eit språk har f.eks. vore eit slagord i Polen etter krigen.

Fleirnasjonale statar må akseptere at dei er det og gi indre sjølvstyre til minoritetsgrupper på det språklige og kulturelle område. Nokre gonger er det og naudsynt å verne ei minoritetsgruppe sitt næringsliv mot konkurranse, slik som samane si einerett til reindrift, samisk fiskerisone eller finnmarkingane sin einerett til moltebærplukking. For urfolksgrupper må dette vernet vere særlig sterkt.

Nokre gonger vil eit slikt minoritetsvern ta form av individuelle rettar (retten til eige språk som fag i skolen, vern av kulturelle ytringar som duodji), andre gonger regionale / lokale særordningar (minoritetsspråket som fag for alle, jakt- og fiskerett).

Fleirnasjonale statar med anerkjente minoritetsrettar er einaste måten å unngå nasjonalsjåvinisme, rasisme og stadige krigar om oppdeling av landområde. På dette grunnlaget vil eg prinsippielt avvise ideen om ein samisk stat som strategi for å oppheve undertrykkinga av det samiske folket. Strategien må vi finne innafor ein fleirnasjonal stat med sterkt samarbeid over landegrensene, slik at ein kan oppfylle programerklæringa frå den nordiske samekonferansen: «Vi samer er et folk og landegrensene skal ikke få hindre vårt fellesskap.»


Noter

Note 1: Dáçça (dáþat) er eit samisk ord for ein ikkje-samisk skandinavisk mann. [Tilbake]

Note 2: Rivgu er eit samisk ord for ei ikkje-samisk kvinne. [Tilbake]

Note 3: Komag = samisk fottøy. «Ein skal ikkje leite lenge i slekta før komagtuppen stikk fram» – nord-norsk ordtak som seier at svært mange «norske» er av meir eller mindre samisk avstamming. [Tilbake]

Note 4: Norske Kveners Forbund er interesseorganisasjon for etterkommarar av finsktalande folk som på 17-1800-talet kom til Kvenland (Tornedalen, noverande Nord-Sverige / Nord-Finland) og slo seg ned i Finnmark og Troms. [Tilbake]

Note 5: KUF: Det kongelige kyrkje, utdannings- og forskningsdepartement. Departement i Oslo med stor makt over saker dei ikkje har peiling på, spesielt samiske og kvenske skolespørsmål. [Tilbake]

Note 6: Indian Nations = Dei amerikanske urfolka sitt eige omgrep om dei indianske folkeslaga. [Tilbake]

Note 7: Den samiske nasjon, bok av Per Otnes (Den samiske nasjon: interesseorganisasjoner i samenes politiske historie, Pax 1970). [Tilbake]

Note 8: Den Lappiske Nations Conservation. Uttrykket er brukt i Lappecondisillen, vedlegg til grensetraktaten av 1751 mellom Noreg (Danmark) og Sverige. [Tilbake]

Note 9: ILO-konvensjonen. ILO – Den internasjonale arbeidsorganisasjonen. ILO-konvensjon 169 om urbefolkningar og stammefolk i sjølvstendige statar er til no ratifisert av vel 10 statar. Denne blir flittig sitert av samiske organisasjonar og organ som hevdar at Noreg ikkje har oppfylt konvensjonen sjølv om han er ratifisert. [Tilbake]

Note 10: Sameutvalet si Rettsgruppe. NOU 1994:43 Rett til og forvaltning av land og vann i Finnmark. [Tilbake]

Note 11: NSR = Norske samers rRiksforbund – samisk organisasjon som har fleirtal på Sametinget. [Tilbake]

Note 12: Steinar Pedersen er historikar og leiar for Arbeiderparti-gruppa på Sametinget. [Tilbake]

Note 13: RTZ = Rio Tinto Zink – multinasjonalt gruveselskap som har fått leite etter gull og diamantar på Finnmarksvidda. [Tilbake]