PK fra Bollywood

Av Ingrid Baltzersen

2016-03 Bokomtaler

PK
Regi: Rajkumar Hirani

Bollywoodfilmar er kjende for song, dans, klåre fargar og store kjærleiksdrama med mange komplikasjonar. Kassasuksessen PK inneheld også dette, men den er også ein seriøs kritikk av korleis religion blir misbrukt, og den leverer denne bodskapen innpakka i slapstick-humor.

PK, spelt av Aamir Khan, er ein alien som landar naken i ørkenen. Han parkerer romskipet sitt og prøver å koma i kontakt med lokalbefolkninga han har tenkt å studera. Nemnde representant for menneskerasen steler den vakre skinnande fjernkontrollen til romskipet som henger rundt halsen til PK. Dermed blir han kasta inn i ein utmattande jakt på fjernkontrollen for å kunna reisa heim. PK spør folk om hjelp, og dei svarer at berre gud veit, og berre gud kan hjelpa han. Så han testar alle religionane i India, for å koma i kontakt med denne Gud som kan hjelpa han. Dette set han i lattervekkande situasjonar som då han prøver å ofra vin i en moske etter å ha deltatt i nattverd i ei katolsk kyrkje. Og når han ikkje får noko resultat prøver han å krevja investeringa sine tilbake frå hindu-tempelet han har donert pengar til. Etter kvart blir hovudprosjektet å avsløra ein hinduguru som har skaffa fjernkontrollen og brukar han for å skaffa fleire tilhengarar.

PK er ein typisk «vis dåre», den enkle fyren som stiller dei store spørsmåla autoritetane ikkje klarer å svara på. Kallenamnet hans «PK» kjem også av dette, det betyr «full».

Det hadde ikkje vore ein bollywoodfilm utan ein stor kjærleikshistorie. Denne er også kontroversiell på grunn av konflikten India har med nabolandet, romansen skjer mellom ein pakistansk ung mann (Sushant Singh Rajput) og den indiske journalisten (Anushka Sharma) som hjelper PK i prosjektet sitt.

Filmen skapte stor kontrovers då han kom, det var blant anna ei Twitter-kampanje for å bokotta filmen fordi dei meinte den fornærma hinduar. Men den er også ein av dei mestselgande indiske filmane.

For underhaldning frå India som også har litt meining, kan filmen PK anbefalast.

Ingrid Baltzersen