Anders Ekeland og Einar Braathen (E&B) står eit stykke til venstre i SV, og vi er enige i at mobilisering nedafrå og breie alliansar er nødvendig for å endre politikken. Men mens strategien etter mitt syn må sikte mot eit sosialistisk samfunn, er E&Bs perspektiv reformert kapitalisme, eller kanskje ein ministersosialistisk veg til sosialismen. Dei innser derfor ikkje at ein strategi med (del i) regjeringsmakt som betyr å administrere kapitalismen på NATO og EUs premissar gir meir avmakt enn makt, slik den historiske utviklinga av det internasjonale sosialdemokratiet har vist.
SV gikk i fjor til val på å komme i regjering med AP og hindre ei «sentrumsregjering» av Ap og Sp. Med god «hjelp» frå eit motvillig Sp og utfordringa frå Rødt til venstre, valte SV å stå utafor regjeringa. Det kan SV prise seg lykkelig for; hadde partiet nådd fram med sitt førsteval om å delta i regjeringa, ville dei i desse straumkrisetider ha opplevd same nedturen i folkelig oppslutning som Sp og Ap. I staden har SV og Rødt etter stortingsvalet til saman ligge mellom 12 og 16 prosent på meiningsmålingane. Som eg skreiv i Gnist 2A/2021, var det å stå utafor regjeringa eit mulig taktisk val for SV, slik også Frp, KrF og V diskuterer når deltaking i regjering er til fordel for partiet.
E&B held fast på at «ufravikelige krav» til Ap er det som skal til, og det uavhengig av om ein går inn i regjeringa eller står utafor. I praksis avviser dei forskjellen mellom taktikk, med kortsiktige krav (som gjerne bør vere «ufråvikelige» overfor Ap), og strategi, altså vegen til det langsiktige målet, sosialisme. I mitt svar til E&B kritiserte eg dei for ein grunn analyse av kapitalmakta og staten når dei ikkje skil mellom å delta i folkevalte forsamlingar (eventuelt med avtalar for å støtte ei regjering) og å administrere staten i regjeringsposisjon. Dei stadfestar dette ved enkelt nok å svare at regjeringa spring ut av ei folkevalt forsamling, og at eg gjør ein «fetisj» av regjeringsspørsmålet – «for å holde fast på illusjonen av Rødt som et revolusjonært parti»! (Det siste kjem eg tilbake til).
Sjøl om E&B koplar «ufravikelige krav» til å mobilisere f.eks fagrørsla og miljørørsla, hoppar dei bukk over at nettopp evna til å mobilisere gjerne blir sterkt svekka med ansvar for regjeringas totale politikk. Om det faktisk skulle lykkes å få «ufravikelige krav» gjennomført i praksis, dukkar det, som straumsaka viser, fort opp nye akutte spørsmål der det trengs parti på Stortinget som har sin lojalitet til folkerørslene og ikkje til «makta». E&B er inne på at eg kan tenke meg «kortvarige unntak» frå å seie nei til å gå i regjering, som for å få Norge ut av EØS. Polemisk nemner dei ein tenkt situasjon der spørsmålet om styring av vasskrafta gir fleirtal for parti som vil konfrontere EU. Og ja, nettopp da kan det vere rett også for Rødt å delta i regjering. Men eit maktkritisk parti må også vite å bryte ut av ei slik regjering når mobilisering av folkerørslene blir vanskelig. Elles vil ein hamne i «SV-fella» – illgjeten frå SVs rolle i regjeringsposisjon frå 2005 til 2013.
Som «et viktig tema» i denne debatten løftar så E&B fram om Rødt er eit revolusjonært parti i motsetning til eit reformistisk SV, og «slår fast» at begge er «reformpartier». Det er forståelig at E&B i sitt tilsvar ikkje går inn på den presiseringa landsmøtet i Rødt i sitt program har gjort om reformisme og ei revolusjonær linje:
Kjerna i reformismen er ideen om at kapitalismen kan omdannes til sosialisme gjennom gradvise reformer ved å oppnå regjeringsmakt i et kapitalistisk samfunn.
Denne regjeringsstrategien er også kalt ministersosialisme. Som et revolusjonært sosialistisk parti er det ikke Rødts oppgave å administrere kapitalismen i regjeringsposisjon. Tvert om er mobilisering av motkrefter og bygging av motmakt nedafra en nødvendig forutsetning både for anti-kapitalistiske reformer i dagens situasjon og for å avskaffe kapitalismen og erstatte den med et sosialistisk folkestyre.
I sin polemikk mot meg er E&B likevel upresis: I min artikkel i Gnist som opna denne debatten, skreiv eg at ingen parti, heller ikkje Rødt, er konsolidert på at alle former for ministersosialisme er fjernt frå verkeligheita, om målet er eit anna samfunn og ei anna verd. Mitt poeng var likevel dette:
Dei ulikheitene vi kan observere mellom dei to partia sin praksis, som er til Rødts fordel, er utleidd av at SV er eit reformistisk parti, mens Rødt ein stad der inne enno har ei revolusjonær sjel. [ ] Skillet mellom å søke makt på kapitalens premiss og å bygge motmakt gjennom mobilisering nedafrå gjeld det politiske arbeidet her og no. Og her er Rødt nettopp fordi partiet står i ein revolusjonær tradisjon eit bedre utgangspunkt enn SV.
Og eg nemner som SVs handikap partiets halvhjarta oppgjør med tilslutninga til NATO-krigane, lett justerte regjeringsstrategi og årelange lokalpolitiske praksis på Aps premissar.
Dette er nok til at eg seier nei takk til å slå i hop Rødt og SV (og MDG!), iallfall før ein er blitt enige om ein motmaktstrategi som alternativ til ministersosialisme og regjeringsstrategi. Det betyr ikkje at eg meiner Rødt i dag fyller krava til eit revolusjonært parti. Eit slikt parti må ha sitt tyngdepunkt i masserørlsene, med evne til å mobilisere, og medlemmene må vere skolert i marxistisk samfunnsforståelse. Eksplosiv auke i talet på (passive?) medlemmer gjør ikkje dette mindre nødvendig. Magnus Marsdal har rett i at verken Rødt eller SV når dette skrives har vist evne til å lage alliansar og mobilisere den sterke opinionen for demokratisk kontroll med kraftressursane.
Men for E&B er spørsmålet om Rødts politiske linje skil seg frå SV, enkelt: Rødt let under Solheim og Halvorsen vere å kritisere SV si høgreutvikling offentlig; altså er det ingen viktig politisk forskjell mellom desse partia! Og polemisk spør dei korfor ikkje Rødt utfordrar SV på å sløse bort (minst) 50 milliardar på å elektrifisere sokkelen.
Same dag som eg skriv dette innlegget gjør Rødts representant i Energi- og miljøkomiteen i Stortinget, Sofie Marhaug, nettopp det i Klassekampen.