Debatt

Debatt: Makt, motmakt og regjeringsspørsmålet

Av

Brigt Kristensen

I artikkelen «Venstresida og regjeringsspørsmålet – kritiske og sammenliknende perspektiv på SVs erfaringer» i Vardøger 38 20 bruker forfattarane to sider på å polemisere mot eit innlegg av meg i Gnist 3/2018.

 

I  «Makt, motmakt og strategi for sosialisme» skreiv eg at  «Rødt, nettopp fordi partiet står i ein revolusjonær tradisjon, (er) eit bedre utgangspunkt enn SV. Med sitt halvhjarta oppgjør med partiets tilslutning til Nato-krigane mellom 1999 og 2011, sin lett justerte regjeringsstrategi og årelange lokalpolitiske praksis på Aps premissar i alt for mange kommunestyre og fylkesting, har SV flere handikap enn Rødt». 

Braathen og Ekeland (B&E) går faktisk lenger enn meg i kritikken av SV under Erik Solheim og Kristin Halvorsen – dei to partileiarane forlèt ikkje berre sosialismen som mål, slik eg skreiv, men var  «inspirert av Blairs New Labour”! Men for B&E er dagens leiar Audun Lysbakken prov på at min påstand om SVs lett justerte regjeringsstrategi er galen. I boka Frihet sammen – sosialisme for en ny tid (2015) gikk Lysbakken nemlig inn for å stille ufråvikelige krav for å gå inn i regjering, og i stortingsvalet i 2017 hadde partiet fem slike krav. For B&E er ufråvikelige krav sjølve skillemerket, også i europeisk samanheng:  

Ved å ha klart for seg hvilke forutsetninger som må være tilstede, og hvilke politiske krav som må være innfridd for at et venstreparti skal støtte eller delta i en regjering, kan venstresida gå frå irrelevans og handlingslammelse til å bli en avgjørende aktør i kampen om samfunnsutviklingen i årene som kommer.  

Som kjent vedtok SV på siste landsmøte å ikkje stille slike krav for å gå i regjering. Når SV så lett kan skrote linja frå 2017 kjem det av at  «ufråvikelige krav» nettopp var ein taktikk som passa for å pusse opp bildet av SV etter  «SV-fella» i regjering mellom 2005 og 2013. Problemet for B&E er at dei rotar i hop strategi og taktikk. Dei har gode argument for ufråvikelige krav, men set støtte til ei regjering i parlamentet på linje med å gå inn i regjering, omtaler deltaking i parlamentariske organ likt med å administrere staten i regjering og resonnerer på same måte om  «maktposisjonar» i toppen av staten som på lokalplanet.

I min artikkel argumenterte eg for at ein  «ministersosialistisk» strategi, altså ein strategi der del i regjeringsmakt er middelet for å omforme kapitalismen til sosialisme, må ende opp med  «makt» på systemets premissar, i vår situasjon ofte diktert av Nato og EU. Syriza i Hellas er eit nokså ferskt eksempel, som B&E vel å ikkje gå inn på enda dei drøftar fleire europeiske erfaringar frå dei siste åra. I ein revolusjonær strategi er bygging av motmakt avgjørande – og her kan folkevalte spelle ei viktig rolle så lenge partiet står fritt til å samarbeide med og organisere folkelige masserørsler og aksjonar. Det gjør dei ikkje om partiet er bunde opp i regjering. Også i det kortare løpet kan motmakt gi resultat i form av påverkning på ei regjering, med eller uten formelle avtalar med regjeringa.

Å diskutere krav for å gå i regjering handlar om taktikk innafor ein regjeringsstrategi. I tråd med militærteoretikaren Clausewitz gir det klarheit å bruke taktikk om det som skal til for å vinne det enkelte slaget, mens strategi handlar om opplegg for å vinne krigen, i vårt tilfelle å nå målet om å erstatte kapitalismen med sosialisme. Å gjøre det godt i eit val dreier seg først og fremst om taktikk. B&E er erklærte sosialistar og det overraskar at dei ikkje ser forskjellen. 

Heller ikkje forstår dei den prinsipielle forskjellen mellom å gå inn for ei regjering framfor ei anna i eit kapitalistisk samfunn og å gå inn i regjering for å administrere kapitalismen. Det første handlar om taktikk, det andre betyr eit strategisk val. Slik får dei seg polemisk til å spørre om det er  «ett fett» for arbeidsfolk om H + FrP eller Ap styrer med Sp, og SV, Rødt og MDG som parlamentarisk grunnlag! Og dei vil belære meg om at det er viktigare å ha ei klar oppfatning om ka man gjør i parlamentariske organ enn å vere  «positiv» eller  «negativ» til deltaking. Halvparten av min artikkel i Gnist handla nettopp om kor viktig det politiske arbeidet i folkevalte organ er, og om korleis det kan drives som del av ein revolusjonær motmaktstrategi. Ser ein ikkje forskjellen mellom folkevalte forsamlingar og regjeringsmakta under kapitalisme, er maktanalysen og forståinga for statens rolle grunn. 

Også når perspektivet blir utvida til andre land i Europa toner forfattarane ned forskjellen i syn på å gå i regjering – enda nettopp venstresida og regjeringsspørsmålet er temaet for deres artikkel. Bloco de Esquerda – Venstreblokka – i Portugal får skryt fordi dei gjennom harde, konkrete krav i 2015 pressa den sosialdemokratiske regjeringa til venstre, noe som i neste omgang også ga regjeringspartiet sterk framgang ved valet i 2019. Men at Bloco valte å halde seg utafor regjeringa, legg dei ikkje vekt på. Det gjør derimot Asbjørn Wahl i det same nummeret av Vardøger. I  «Elefanten i rommet – hvordan Europas venstrepartier sliter med sitt forhold til EU» argumenterer Wahl mot utbreidd  «politisk suicidalitet blant Europas venstrepartier» – i form av strev for å komme i regjering,  «enten de har vært i slike regjeringer eller ikke». Wahl skriv (side 152):  

… å gi parlamentarisk støtte til en sosialdemokratisk dominert heller enn ei regjering av ulike høyrepartier [   ] gir disse partiene langt bedre muligheter for å fremme sin egen politikk inkludert muligheten til å mobilisere press nedenfra heller enn å inngå all verdens kompromisser, slik enhetdslisten og Bloco de Esquerda har vist. 

Men for B&E er ufråvikelige krav – ikkje spørsmålet om å gå i regjering – det strategiske omdreiingspunktet.

Men begrepsbruken er ustødig, frå å proklamere ufråvikelige krav som den einaste riktige strategi i dagens situasjon til å kalle dette ein  «metode». I ein fotnote ser dei visst behovet for å rydde, dei kallar det å stille slike krav ein strategi, mens innhaldet i krava er taktisk bestemt. Det er tydeligvis til lite hjelp for å forstå skillelinjene.  – Dei oppfattar ikkje at tidligare leiar i Rød Ungdom, Linn Elise Øhn Mehlen i Gnist 3/2018 – i motsetning til meg – berre argumenterte taktisk mot at Rødt skulle gå i regjering i 2021 («Det er for tidlig»). Det er heller ikkje til hjelp at forfattarane har kjennskap til endringa av prinsipp-programmet på Rødts landsmøte i 2019, som blei vedtatt med ca 2/3 fleirtal mot ein einstemmmig redaksjonskomite. Vedtaket er heilt i tråd med mine synspunkt:

Kjerna i reformismen er ideen om at kapitalismen kan omdannes til sosialisme gjennom gradvise reformer ved å oppnå regjeringsmakt i et kapitalistisk samfunn. Denne regjeringsstrategien er også kalt ministersosialisme. Som et revolusjonært sosialistisk parti er det ikke Rødts oppgave å administrere kapitalismen i regjeringsposisjon. Tvert om er mobilisering av folkelige krefter og bygging av motmakt nedafra en nødvendig forutsetning både for anti-kapitalistiske reformer i dagens situasjon og for å avskaffe kapitalismen og erstatte dette systemet med et sosialistisk folkestyre.

Men desse formuleringane finn B&E ikkje grunn til å gå inn på. SVs nestleiar Fylkesnes har derimot forstått ka dette dreier seg om, og har fleire gonger uttalt til Klassekampen at ulikt syn på å gå i regjering er den viktigaste forskjellen mellom SV og Rødt.

 

 Artikkelen i Vardøger er skarp mot luftige allmenne politiske krav slik dei blei stilt av SV for å samarbeide med Ap og Sp i regjering i 2005 – 2013, og like bastant er B&E når det gjeld behovet for å stille, konkrete ufråvikelige krav. Fråsegna  «Tid for forandring» frå SVs siste landsmøte rammes av begge delar – her er dei konkrete krava bevisst valt bort samtidig som det vrimlar av generelle løfte av typen  «få ned forskjellene» og  «bekjempe miljøødeleggelsene». 

 

Korfor har så SV endra den taktiske linje frå valet i 2017? Ein grunn er at Sp denne gongen vil halde SV ute av regjeringa – og da blir det utaktisk med ufråvikelige krav. Det minner om situasjonen før valet i 2005 – i si bok i 2015 meinte Lysbakken at SV i 2005 måtte vise at dei evna å styre i regjering og derfor ikkje kunne stille ufråvikelige krav. Argumentasjonen mot ei  «sentrumsregjering» av Ap og Sp vil sikkert slå an i noen kretsar, men gjør samtidig at SV vil møte seg sjøl i døra om dei stiller tøffe krav for å gå i regjering. 

 

Først og fremst viser dette at det er regjeringsdeltaking som er SVs strategi – harde eller mjuke krav er taktisk bestemt. Om SV vel å stå utafor ei ny regjering på grunn av dårlig gjennomslag, vil det like lite som Frps utgang av Høgre-regjeringa og Venstre og KrFs tvil og tru i regjeringsspørsmålet vere eit spørsmål om strategi, men eit taktisk val om ka som tener partiet på kort sikt. For Rødt taler både strategi og taktikk for å halde partiet utafor ei ny regjering, og så satse på å påverke så mykje som mulig frå utsida.

 

Enn SV – vil dei i regjering igjen hamne i SV-fella og sluke kamelar til frukost, middag og kvelds? Det paradoksale er at det som kan berge SV i regjeringsposisjon nettopp er eit sterkt Rødt i allianse med masserørslene. Da er det håp om at løfta om  «en ny kurs»  «radikal politisk forandring»  «trygge jobber, velferd, fellesskap» og  «kraftfulle kutt» blir meir enn luft.