Marxistisk teori om kriser under kapitalismen?

Av Michael Roberts

2016-02

Den første delen handlar om korvidt Marx hadde ein samanhengande kriseteori eller ikkje.

Den andre delen om den empiriske støtta for Marx si lov om lønsemd som ein teori om kriser under kapitalismen.

Marx si lov om profittraten sin tendens til å falle fører fram til ein endå meir grunnleggande spådom: Den kapitalistiske produksjonsmåten vil ikkje vare evig. Han er forbigåande i historia til menneskeleg sosial organisering.

Michael Roberts er en marxistisk økonom og skriver en mye lest blogg, i hovedsak om kapitalismens økonomiske kriser. https://thenextrecession.wordpress.com/. Artikkelen er omsett av Einar Jetne.

På Marx ist Muss-konferansen i Berlin1 i mai 2015 debatterte eg med professor Michael Heinrich om kor vidt Marx hadde ein samanhengande teori om kriser under kapitalismen, ein teori som kunne bli testa empirisk. Heinrich sitt syn, klårast uttrykt i ein artikkel han skreiv for Monthly Review Press i 20142, var at Marx ikkje hadde ein samanhengande kriseteori, og dessutan kan teorien ikkje bli testa sidan vi berre har offisiell kapitalistisk statistikk. Her er ein revidert versjon av talen min i den debatten.

Korfor bryr vi oss om kriseteorien?

Dei som er aktive i arbeidarklassen sin kamp mot kapitalen internasjonalt, kan undre seg på korfor nokre slike som meg bruker så mykje tid på ideane til Marx og andre om korfor kapitalismen har regelmessige og gjentakande lågkonjunkturar og finansielle samanbrot. Vi veit at dei gjer det, så la oss berre halde fram med å gjere ende på kapitalismen gjennom kamp og legge til sides småkrangel om teori.

OK, det er gode grunnar til å forstå teorien, fordi god teori fører til betre praksis. Ja, vi veit at kapitalismen har regelmessige og ofte djupe økonomiske kriser. Desse skadar folk sine levekår og hindrar at menneskeleg sosial organisering kan bringe oss framover til ei verd med overflod og ut av knappheit og slit. Og kriser kjennemerker den motseiingsfulle og sløsande naturen til den kapitalistiske produksjonsmåten.

Før kapitalismen var kriser produkt av knappheit, hungersnaud og naturkatastrofar. No er dei produkta til ein profittskapande pengeøkonomi. Dei er menneskeskapte, og no synest dei vere utafor menneskeleg kontroll, ein fetisjisme. Framfor alt syner krisene at kapitalismen er eit feilslått system trass i dei store framstega i arbeidsproduktivitet som denne produksjonsmåten har skapt over dei siste 200 åra eller noko slikt. Kapitalismen må bli skifta ut viss menneskesamfunnet skal kunne gå framover eller i det heile overleve. Så kapitalisme som system spelar ei rolle.

Hadde Marx ein samanhengande kriseteori?

Kva er teorien? Det er ei sak som blir debattert intenst blant marxistar. Det finst ulike tolkingar.3

Kapitalistiske kriser i produksjonen skriv seg frå ’underkonsum’, mangel på pengebruk blant arbeidarar som ikkje har nok å kjøpe for, det skriv seg frå ’misforhold’, anarkiet i den kapitalistiske produksjonen inneber at produksjon i ulike sektorar kan kome ut av takt med andre, og produksjon kan rett og slett slå ut etterspørsel.

Eller det er mangelen på lønsemd i eit økonomisk system som står og fell på at profitt blir skapt for private eigarar viss investering og produksjon skal finne stad. Etter mitt syn er det siste argumentet det som både er den beste tolkinga av Marx sin teori og også det som er logisk og i tråd med fakta.

Nokre hevdar at Marx ikkje hadde ein samanhengande teori om økonomiske kriser, og det var spesielt tilfellet med Marx si lov om lønsemd. Argumenta går på at gjennom å lese Marx sine arbeid, Kapitalen, Teoriane om meirverdi og Grundrisse, viser det seg at Marx si lov om profittraten sin fallande tendens er inkonsistent og ulogisk.

For eksempel hevdar lova at verdien av produksjonsmiddel (maskineri, kontor og anna utstyr) over tid vil auke i forhold til verdien av arbeidskraft (kostnaden knytt til å sysselsette arbeidskraft). Dette kalla Marx ein aukande organisk samansetning av kapitalen. I og med at verdi (og profitt) berre blir skapt av arbeidskrafta, vil verdien som arbeidskrafta produserer over tid minke i forhold til kostnaden knytt til investering i produksjonsmiddel og arbeidskraft. Profittraten vil ha ein tendens til å falle.

Men nokre marxistiske kritikarar seier at dette tar utgangspunkt i at meirverdirate (forholdet mellom profitt og kostnaden med å sysselsete arbeidskraft) vil bli verande statisk eller auke mindre enn den organiske samansetninga av kapitalen. Og det er ingen logisk grunn til å gå ut frå det. Sjølve auken i den organiske samansetninga vil innebere ein auke i meirverdiraten (å auke produktivitet), slik at lova er verkeleg ubestemt. Vi veit ikkje om det vil føre til eit fall eller ein auke i profittraten.

Men dette er å misforstå lova og korleis Marx la ho fram. Lova ’som lov’ er at ein aukande organisk samansetning av kapital vil finne stad og at profittraten vil falle, føresett at meirverdiraten er statisk. Men dette er berre ein ’tendens’ fordi det finst ’mot-tendensar’, blant desse ein aukande meirverdirate, ein stadig minkande verdi på produksjonsmidla, at lønningar blir pressa ned under verdien til arbeidskrafta, utanrikshandel og fiktive overskot frå finansspekulasjonar. Men desse er ’mot-tendensar’, ikkje del av lova ’som lov’ nettopp fordi dei ikkje vil overgå lova (tendensen) over tid.

Som Marx sa:

Dei avskaffar ikkje den allmenne lova. Men dei er grunnen til at den lova heller fungerer som ein tendens, som ei lov der funksjonen blir justert, pressa tilbake og svekka av mot-tendensar. Desse avskaffar ikkje lova, men svekkar effekten. Lova handlar som tendens. Og det er berre under visse forhold og berre etter lange periodar at verknadane skarpt kjem til syne.

Marx hevdar at lova er grunna i to realistiske føresetnader: 1) verdilova gjeld, dvs. at verdi (og meirverdi) berre blir skapt av levande arbeid og 2) kapitalistisk akkumulasjon fører til at den organiske samansetninga av kapitalen aukar. Desse føresetnadane (eller ’prioriane’ i moderne statistisk språk) er ikkje berre realistiske. Dei er sjølvinn-lysande.

Først, verdilova. Produksjonen av det Marx kalla ’bruksverdiar’ (ting og tenester vi treng) er nødvendig for å skape verdi. Men til og med eit barn kan sjå at ingen ting er produsert utan at levande arbeid er i funksjon.

Eit kvart barn veit at ein nasjon som sluttar å arbeide, eg vil ikkje seie i eit år, men til og med i få veker, vil gå under. (Marx til Kugelmann 11. juli 1868.)

Den aukande organiske samansetninga av kapitalen er og sjølvinnlysande. Som eit resultat av mekanisering, frå handverktøy til fabrikkar, maskineri og romstasjonar er det ein enorm auke i arbeidsproduktivitet under kapitalismen. Ja, det skaper nye jobbar for levande arbeid, men det er i hovudsak ein prosess som avskaffar arbeid. Mens kvar eining av nye produksjonsmiddel kan innehalde mindre verdi (takka vere den reduserte produksjonsprisen til den teknologien) enn ei eining av eit eldre produksjonsmiddel, blir det eldre skifta ut med nye og ulike produksjonsmiddel, eller av eit nytt system av produksjonsmiddel, eit system som inneheld meir samla verdi enn verdien av dei produksjonsmidla dei er komne i staden for.

Som Marx forklarer i Grundrisse:

Det som blir billegare, er den individuelle maskinen og komponentane til denne, men det blir også utvikla eit system av maskineri. Reiskapane er ikkje berre skifta ut med ein einskilt maskin, men med eit heilt system … Trass i at individuelle element blir billegare, aukar prisen på heilskapen enormt.

Som Marx slo fast:

Det ville vere muleg å skrive ei heil historieavhandling om oppfinningane som er gjort etter 1830 berre med sikte på å skaffe kapitalen våpen mot opprøra til arbeidarklassen.’ (Marx, 1967a, s. 436)

Høgare produktivitet er ikkje målet med kapitalistisk investering. Målet er høgare profitt. Og for å nå det treng kapital høgare produktivitet og arbeidssparande nye produksjonsmiddel. Hadde Marx rett i at kapitalistisk investering fører til høgare organisk samansetning av kapital over tid? Sjølvsagt hadde han det. Sjå på figuren.

Den viser ein jamn auke i verdien til produksjonsmiddel (maskineri m.v.) i forhold til verdien av arbeid (målt i arbeidstid) i USA etter 1947. Han viser også aukande produktivitet (arbeidstida som går med til å produsere ei eining av ting eller tenester – LT). Dette er for Storbritannia frå 1855 av, slik Esteban Maito har målt det).4 Vi har altså ein aukande organisk samansetning av kapital (VkxH) og ein aukande arbeids-produktivitet (minkande LT) og eit fall i profittrate over tid (ROP). Dette er Marx si lov ’som lov’.

Mot-tendensar finst, men dei slår ikkje ut tendensen, sjølve lova, over uavgrensa tid. Korfor? Vel, for det første så har meirverdiraten ei grense (24 timar) og det finst inga grense for utvidinga av den organiske samansetning til kapitalen. For det andre er det ei ’sosial grense’ for auken i meirverdi-raten. Arbeidskraft (arbeidarane sine kampar) og samfunn (sosial lovgiving og vane) set nemleg ein minimumstandard for ’sosialt’ liv, arbeidstimar osv. Dette er essensen i klassekamp under kapitalisme.

Droppa Marx lønsemdlova si som kriseteori?

I eit brev til Engels så seint som i 1868, meir enn ti år etter at han først utvikla lova, sa Marx at lova «var ein av dei største sigrane over ’dasslokket’ (eller ’eselbrua’) i all tidlegare økonomiteori.»?

Men mange marxistiske kritikarar går ut ifrå at Marx droppa denne lova som relevant sidan han ikkje synest å vise til lova etter at han utdjupa ho seint på 1860-talet, og såg meir på rolla til kreditt i kriser (slik Keynes og moderne heterodokse økonomar gjer no). Dessutan gjorde Engels alt for mykje ut av Marx si lov i det han gav ut bind 2 og 3 av Kapitalen etter at Marx døydde. Han forvrengde faktisk Marx sitt syn på dette.

1978 hadde Jerrold Seigel eit tilbakeblikk på manuskripta. Jau, Engels gjorde klare redaksjonelle endringar i det Marx hadde skrive om lova, bl.a. i bind 3. Han delte det inn i tre kapittel, 13–15. 13 var ’lova’, 14 var ’mothandlande innverknader’ og 15 forklarde dei ’indre motseiingane’ (kombinasjonen av tendensen og mottendensane). Engels flytta noko av teksten om lova ’som lov’ inn i kapittel 13. I Marx sitt manuskript kom dette etter motverkande faktorar i kapittel 14. Men ved å gjere dette overdriv han ikkje det viktige ved lova. Tvert imot lar Engels det kome til syne at Marx balanserer mottendensane på same vis som sjølve lova når den opphavlege rekkefølgja til teksten understrekar lova etter å ha drøfta mot-verknader. Altså, slik Seigel formulerer det:

Engels fekk Marx si tiltru til den aktuelle verknaden av profittlova til å verke svakare enn den manuskriptet hans indikerer at ho var. (Seigel, Marx’ Fate: The Shape of a Life, Princeton, Princeton University Press, 1978, s 339 og note 26).

Fred Moseley og Regina Roth introduserte nyleg ei ny omsetting til engelsk av Marx sine fire utkast til bind 35 av Ben Fowkes. Der blir Marx si lov om lønsemd utvikla og det blir vist korleis Engels redigerte desse utkasta til Kapitalen (Moseley sin introduksjon til Marx sine skrifter). Moseley konkluderer med at den mykje baktalte Engels gjorde ein solid jobb med å tolke Marx sine utkast, og det skjedde inga reell forvrenging.

Ein kan derfor gå ut ifrå at Engels sine inngrep vart gjort fordi han ønska å få Marx sine formuleringar skarpare fram og meir brukbare i dåtidas politiske og sosiale debatt, for eksempel i det tredje kapittelet om profittraten sin fallande tendens.

I 1870 flytta Engels frå Manchester til London. Han og Marx møttest frå då av rutinemessig, vanlegvis dagleg. Diskusjonar kunne halde fram til langt på natt. Marx sitt hus låg berre ein gangveg på vel 10 minutt unna … og der fanst alltid enten Mor Raudhette eller Grafton Arms (Namnet på mange barar og pubar i England, oversetjaren sin merknad). Så seint som i 1875 leika Marx seg med å kalkulere meirverdi-raten og profittraten. Viss Marx verkeleg hadde droppa lova som sitt viktigaste bidrag til å forstå kapitalismen sine motseiingar, ville han ikkje då ha fortalt det til Engels?

Så langt har eg drøfta om Marx hadde ein heilskapleg teori om kriser. Eg gjekk ut frå at teorien til Marx var knytt til lova hans om profittraten sin tendens til å falle, og at denne lova var heilskapleg og realistisk. Eg hevda også at Marx ikkje gjekk bort frå denne lova i dei seinare arbeida sine, slik nokre har hevda, og at ho blir verande den beste og mest grundige teorien om regulære og tilbakevendande økonomiske kriser i kapitalismen. No skal eg legge fram ein del empiriske bevis frå moderne kapitalistiske økonomiar for å underbygge dette synet. Dette fullfører det som nettopp er ein kort artikkel om den marxistiske kriseteorien – slik eg oppfattar han – med mykje utelate.

Samsvarar Marx si lov med fakta?

Ein del marxistisk kritikk av Marx si lov om lønsemd meiner at lova ikkje kan bli bevist empirisk eller tilbakevist fordi offisiell statistikk ikkje kan bli brukt til å vise Marx si lov i praksis. Men det finst rikeleg med analysar utført av marxistiske økonomar som viser noko anna. Det springande punktet i vurderinga av om lova gjeld i moderne kapitalistiske økonomiar ligg i å vise om

  1. profittraten fell over tid når den organiske samansettinga av kapitalen aukar,
  2. om profittraten aukar når den organiske samansettinga fell eller når raten av meirverdi aukar raskare enn den organiske samansettinga av kapitalen,
  3. om profittraten aukar viss det blir eit skarpt fall i den organiske samansettinga av kapitalen slik tilfellet er under ein lågkonjunktur. Desse ville vere dei empiriske testane, og det finst mengdevis av empiriske bevis innafor økonomien i USA og i verdsøkonomien som viser at svaret er ja på alle desse spørsmåla.

For eksempel brukte Basu og Manolakos6 økonomiske analysar av økonomien i USA mellom 1948 og 2007 og fann at det var ein sekulær tendens for profittraten til å falle med ein målbar reduksjon på rundt 0,3 prosent i året «etter justering for mot-tendensar.» I arbeidet mitt om profittrate i USA7 fann eg eit gjennomsnittleg fall på 0,4 prosent i året gjennom 2009. Og G Carchedi har vist eit diagram for auken i organisk samansetting av kapital (OCC). Denne viser det same.

Det er ein klar invers korrelasjon mellom aukande organisk samansetting av kapital og ei fallande profittrate.

Kan Marx si lov forklare kriser?

Korleis kan Marx si lov om lønsemd fungere som ei forklaring og varsle lågkonjunkturar i kapitalistiske økonomiar? Lova fører til ein klår årsakssamanheng for regulære og tilbakevendande kriser (lågkonjunkturar). Dei går frå fallande lønsemd til fallande profitt til fallande investering til fallande sysselsetting og inntekter. Ein botn er nådd når det har vorte nok øydelegging av kapital-verdiar (avskriving teknologisk, selskap går konkurs, reduksjon av lønskostnader) til å auke overskota og deretter lønsemda. Den auka lønsemda fører på ny til auka investering. Beviset for denne årsakssamanhengen mellom profitt og investering er tilgjengeleg. Jose Tapia Granados finn ved å bruke regresjonsanalyse10 at gjennom 251 kvartal med økonomisk aktivitet frå 1947 av tok profitten til å falle lenge før investeringar fall, og at profitt før skatt kan forklare 44 % av alle endringar i investeringar, mens det ikkje finst noko bevis for at investeringar kan forklare noko endring i lønsemd. Eg finn ein høgare ’Granger kausalitet’ på 60 % frå årlege endringar i profitt og investering (upublisert) og ein korrelasjon på 0,67 for perioden etter 200011. Og sjå dette hos G Carchedi (Carchedi-presentasjon).

I perioden fram mot Den Store Resesjonen 2008–9, kan vi for USA visuelt sjå årsakssamanhengen når det gjeld overskot, investering og reelt brutto nasjonalprodukt i figuren nedafor. Når det gjeld samla selskapsoverskot observerer vi ein topp midt på året 2006. Investering og samla brutto nasjonalprodukt følgjer to år etter. Overskota aukar på igjen mot slutten av 2008 og investering følgjer eitt år seinare.

To grunnleggjande regularitetar blir synlege: at ei endring i overskota har ein tendens til å bli følgd neste år av ei endring i investeringar same vegen, og at ei endring i investeringar vanlegvis blir følgd få år seinare av endringar i overskota den motsette vegen. Slik oppstår ein syklus. Frå desse resultata, «regulariteten» til syklusane i økonomien, og det faktumet at lønsemda stagnerer i 2013 og fell i 2014 (og no samla overskot i 2015) etter vekst mellom 2008 og 2012, kan vi ha god grunn til å slutte at ein resesjon i den amerikanske økonomien, som også vil bli del av ei krise i verdsøkonomien lik Den Store Resesjonen, på ny vil finne stad innan dei neste få åra.

Og Marx si lov om profittraten sin tendens til å falle fører fram til ein endå meir grunnleggande spådom: Den kapitalistiske produksjonsmåten vil ikkje vare evig. Han er forbigåande i historia til menneskeleg sosial organisering. Lova om tendensen spår at over tid vil det globalt oppstå eit fall i profittraten, noko som vil skape fleire kriser av øydeleggjande karakter. Ved hjelp av moderne marxistisk analyse kan ein slå fast at den globale profittraten har falle over dei siste 150 åra. Sjå figuren under (data frå Esteban Maito og ’pynta på’ av meg).

I seinare tid har det vorte stilt spørsmålsteikn ved Maito sine data for det nittande hundreåret (Dumenil-Levy om Maito)12, men i eit nyare arbeid med ulike kjelder og land finn eg ein liknande trend for perioden etter 1945 globalt (Ny gjennomgang av global profittrate juni 2015)13. Og tidlegare banebrytande arbeid utført av Minqi Li og kollegaer14, så vel som av Dave Zachriah16, viser ein tilsvarande trend.

Slik konkluderer Maito: Profittraten sin tendens til å falle og den empiriske stadfestinga av dette avdekker den historiske avgrensa naturen til kapitalistisk produksjon. Viss profittraten måler vitaliteten til det kapitalistiske systemet, er den logiske konklusjonen at systemet nærmar seg slutten. Det finst mange måtar som kapitalen kan prøve kome over kriser og stadig vekk regenerere. Periodiske kriser er ein del av den kapitalistiske produksjonsmåten og tillet, til sjuande og sist, ei delvis gjenvinning av lønsemd. Dette er ei karakteristisk side ved kapital og den sykliske naturen til den kapitalistiske økonomien. Men den periodiske naturen til desse krisene har ikkje stoppa profittraten sin trend nedover på lang sikt. Så dei argumenta som hevdar at kapitalen har ein utømmeleg kapasitet til å gjenopprette profittraten og sin eigen vitalitet, og som derfor ser på den kapitalistiske produksjonsmåten som eit naturleg og a-historisk fenomen, er tilbakeviste av dei empiriske bevisa.»

Så lova varslar at etter som den organiske samansettinga av kapitalen aukar globalt, vil profittraten falle trass i suksessive kriser (som for ei tid kan gjenopprette lønsemd). Dette viser at kapitalisme som produksjonsmåte og med tilsvarande sosiale forhold er forbigåande. Kapitalismen har ikkje alltid funnest og han har endelege grenser. Og desse er kapitalen sjølv. Han har ei ’utgått på dato’ grense. Dette er kjernen i Marx si lov om lønsemd.

Alternative teoriar

Vi nektar ikkje for at det finst andre faktorar i kapitalistiske kriser. Rolla til kreditt er ein viktig del av den marxistiske kriseteorien. Profittraten sin tendens til å falle avlar mot-tendensar. Noko som er stadig viktigare er utvidinga av kreditt og kanaliseringa av meirverdi inn i investering i fiktiv kapital heller enn produktiv kapital for mellombels å auke lønsemda på eit vis som til slutt skaper katastrofale følgjer, slik Den Store Resesjonen viser (Den Store Resesjonen. Gjeldssaker17).

Alternative kriseteoriar som for lågt konsum eller mangel på effektiv etterspørsel er henta frå teoriar frå den reaksjonære Thomas Malthus og den radikale Sismondi i det tidlege 19. hundreåret og deretter tatt opp igjen av Keynes på 1930-talet og av moderne ulikskapsteoretikarar som Stiglitz og post-keynesianske økonomar18. Men mangel på etterspørsel og aukande ulikskap kan verken forklare regulariteten til kriser eller varsle den neste. Desse teoriane har heller ikkje sterkt empirisk grunnlag (Kan ulikskap skape kriser)19.

Etter å ha konkludert at Marx ikkje hadde ein kriseteori og derfor kutta ut lova om lønsemd, la professor Heinrich sjølv fram ein vag teori20: kapital akkumulerer og produserer meir produksjonsmiddel blindt. Dette kjem i strid med konsumetterspørsel frå arbeidarar. Slik utviklar det seg eit ’gap’ som må bli fylt med hjelp av kreditt, men på eit vis kan ikkje dette oppretthalde ting i det uendelege og dermed bryt produksjonen saman. OK, det er ein slags teori, men svært mykje av det same som den underkonsum- (overproduksjon) teorien som Heinrich sjølv vrakar og som Marx vraka for 150 år sidan21. Det synest langt mindre overtydande eller empirisk støtta enn Marx sin eigen kriseteori grunna på lova om lønsemd.

Ingen annan teori, verken frå ’mainstream’ eller frå ’heterodoks’ økonomi kan forklare dei tilbakevendande og regelmessige krisene og by eit klårt objektivt grunnlag for teoretisk å forstå det kapitalistiske systemet.

Korfor ikkje Marx si lov om lønsemd?

Til slutt, korfor ønskjer professor Heinrich og andre som professorane David Harvey22, Dumenil og Levy23 og mange andre marxistiske økonomar å få bort Marx si lov om lønsemd som kriseteori?24

Dei trur sjølvsagt at ho er galen. Men alle desse alternative teoriane har ein ting felles. Dei foreslår ein veg ut av kriser innafor det kapitalistiske systemet. Viss problemet er for lågt konsum, auk offentleg pengebruk. Viss problemet er aukande ulikskap, korriger det med skattlegging. Viss problemet er for mykje kreditt eller ustabilitet i finanssektoren, reguler han. Ikkje noko av dette fører til politikk eller handling med sikte på erstatte den kapitalistiske produksjonsmåten i det heile, berre i retning å korrigere eller betre han. Dei leier til reformistiske strategiar, dvs. der finst det ikkje noko behov for å erstatte den kapitalistiske produksjonsmåten med felles eige av produksjonsmidla og demokratisk kontrollert planlegging for behov (sosialisme).

Då blir sosialisme eit moralsk problem med sikte på å bli kvitt fattigdom og ulikskap og ikkje noko som er objektivt nødvendig viss menneskjesamfunnet skal oppnå fridom frå slit og trelldom. Det er eit reformistisk syn, ikkje Marx sitt. Men til og med desse små endringane som opprettheld kapitalisme kan overfor kapitalen sin valdelege motstand krevje revolusjonær handling – så korfor stoppe ved reform?

Notar:

  1. The two Michaels (Heinrich and Roberts) in Berlin – dogmatism versus doubt
  2. https://thenextrecession.files.wordpress.com/2013/05/monthlyreview-org-crisis_theory_the_law_of_the_tendency_of_the_profit_rate_to_fall_and_marxs_studies_in_the_1870s__mont.pdf
  3. Michael Heinrich, Marx’s law and crisis theory
  4. https://www.academia.edu/7876021/Maito_Esteban_Ezequiel_-_And_yet_it_moves_down_The_tendency_of_the_rate_of_profit_to_fall_in_United_Kingdom_1855-2009_
  5. http://www.brill.com/products/book/economic-manuscript-1864-1865
  6. http://gesd.free.fr/basumano.pdf
  7. http://gesd.free.fr/mr1213.pdf
  8. http://gesd.free.fr/mr1213.pdf
  9. https://thenextrecession.files.wordpress.com/2013/07/cycles-in-capitalism.pdf
  10. https://thenextrecession.files.wordpress.com/2015/06/does-investment-call-the-tune-rpe.pdf
  11. Marxians, Marxists, profitability, investment and growth
  12. https://thenextrecession.files.wordpress.com/2015/12/dumenil-levy-on-maito.pdf
  13. https://thenextrecession.files.wordpress.com/2015/12/revisiting-a-world-rate-of-profit-june-2015.pdf
  14. https://thenextrecession.files.wordpress.com/2015/12/revisiting-a-world-rate-of-profit-june-2015.pdf
  15. https://thenextrecession.files.wordpress.com/2014/04/long-term-movement-of-the-profit-rate-in-the-capitalist-world-economy.pdf
  16. https://thenextrecession.files.wordpress.com/2014/04/zacha10.pdf
  17. https://thenextrecession.files.wordpress.com/2013/08/the-great-recession.pdf
  18. We need to read Karl Marx

  19. We need to read Karl Marx

  20. The two Michaels (Heinrich and Roberts) in Berlin – dogmatism versus doubt
  21. http://www.mcg-j.org/swp_arc/english/etheory/economics/eprm29-2.htm
  22. 22 https://thenextrecession.wordpress.com/2014/12/17/david-harvey-monomaniacs-and-the-rate-of-profit/
  23. The crisis of neoliberalism and Gerard Dumenil
  24. It’s a long-term decline in the rate of profit – and I am not joking!

Figur nr. 1. Arbeidstid for å produsere ei eining av bruksverdi (eit pund til 2006-prisar i minutt), volum av fast kapital per arbeidstime (pund til 2006-prisar) og profittrate. Storbritannia 1855–2009