Nytt parti (leder)

Av Ingrid Baltzersen

2006-04

 

Ingrid Baltzersen er leiar i AKP


Me treng betre organisering av klassekampen og eit sterkare press frå venstre på regjeringa.

Den såkalla raud-grøne regjeringa har fortsett Jern-Erna si strame line mot asylsøkjarar og åtaka på sjukehusa og øydelegg folkepensjon og AFP. Noreg er i krig i Afghanistan, hjelper USA i Irak og boikottar Palestina. Noreg er eit kapitalistisk og imperialistisk land: Pengar til dei få før velferd for dei mange.

Det trengs eit parti som stiller den store oppgåva på dagsordenen: Ei revolusjonær omvelting av samfunnet for å skapa eit utan klasser.

Fram for ei samling av dei revolusjonære kreftene i eitt parti – med kommunismen som mål!

Bli med!