Imperialisme og superutbytting

Av Michael Roberts

2016-03 Bokomtaler

John Smith:
Imperialism in the twenty first century
Monthly Review Press1, 2016

John Smiths bok er eit sterkt og sviande skriftstykke mot utbyttinga av milliardar av menneske i det som vart kalla tredje verda, som no blir kalla «framveksande» eller «utviklings»-økonomiar av gjengs økonomar (og som blir kalla Sør av Smith). Men boka er mykje, mykje meir enn det. Etter år med forsking og ei doktoravhandling, har John gitt eit viktig og nyskapande bidrag til vår forståing av den moderne imperialismen, både teoretisk og empirisk. Slik supplerer hans Imperialism … Tony Norfields The City, som er meldt tidlegare i bloggen her2 – eller kanskje skulle eg sei at Tonys er eit supplement til John Smiths. Mens Tony Norfields bok tar for seg utviklinga av finanskapitalen i vår tids imperialistiske land, og dei dominerande finansmaktene i «Nord» (USA og Storbritannia med vidare), viser John Smith korleis «superutbyttinga» av lønnsarbeidarane i «Sør» er grunnvollen for imperialismen i det tjueførste hundreåret.

Boka startar med eksempel på korleis lønnsarbeidarar i Sør blir «superutbytta» med lønningar under verdien av arbeidskrafta (tekstilarbeidarar i Bangladesh):

Sultelønna, fabrikkar som er dødsfeller, og stinkande slum i Bangladesh er typiske for dei vilkåra hundrevis av millionar av arbeidsfolk må halde ut i Sør, kjelda til meirverdi som held liv i profitt og uhaldbart overforbruk i imperialistiske land .(s. 10)

… og korleis meirverdien skapt av desse superutbytta arbeidarane blir rana av transnasjonale selskap og overført gjennom «verdikjeda» til profitt for dei imperialistiske landa i Nord (Apples iPhones og Foxconn).

Den einaste delen av Apples profitt som tilsynelatande kjem frå Kina er det som kjem frå salet av produkta deira i landet. Som med T-skjortene laga i Bangladesh, og dei siste elektroniske dingsane, så er straumen av rikdom frå kinesiske og andre låglønna arbeidarar som held oppe profitten og framgangen til firma og nasjonar i Nord usynleg i økonomisk statistikk og i tankane til økonomane. (s. 22).

Smith peikar på at «omlag 80 % av verdshandelen (bruttoeksport) er knytt til produksjonsnettverka til dei transnasjonale selskapa». UNCTAD meiner at «rundt 60 % av verdshandelen … er handel som er ein del av ulike ledd i produksjonskjeda av varer og tenester for forbruksmarknaden.» (s. 50). Smith hevdar at bruken av underleverandørar utanlands har vore ein medviten kapitalistisk strategi, eit kraftfullt våpen mot fagorganisering, for lønnsnedslag og intensivert utbytting av arbeidarane heime. Og det har framfor alt ført til ein enorm auke i sysselsette arbeidarar i låglønnsland.

Eit slåande trekk ved globaliseringa i dag er at ein svært stort og veksande del av arbeidsstyrken i mange verdsomspennande verdikjeder no er i utviklingsøkonomiar. Ein kan sei at tyngdepunktet i store delar av industriproduksjonen i verda har flytta seg frå Nord til Sør i verdsøkonomien, siterer Smith Gary Gereffi.

Hovudpåstanden til Smith er at lønningar tvinga under verdien av arbeidskrafta er kjennemerket for profitten i vår tids imperialisme. Det er slett ikkje finansielt hegemoni (Norfield), og absolutt ikkje ein slags «ran av kapital og rikdom» (Harvey).

Kapitalistisk hunger etter ultrabillig arbeidskraft er ein avgjørande faktor i eit endra produksjonsmønster i verda.

Smith avslører den nyklassiske synet som seier at lønningane i Sør er låge fordi produktiviteten er låg der. Påstanden, seier Smith, har

aldri blitt systematisk kritisert av motstraums og marxistiske kritikarar av nyliberalismen … (og) marxistar i dag … med få, men viktige unntak … er forbausande likegyldige og velvillige til påstanden frå borgarlege økonomar om at lønnsskilnader i verda bare speglar skilnader i produktivitet.

Nyklassisk borgarleg teori prøver medvite å knytte lønnsvekst til produktivitet, og mange marxistar er samde fordi dei blandar bruksverdi (produksjon av varer og tenester) med verdien (produksjonskostnad). Men «lønnsskilnader er klart påverka av tvangstiltak mot arbeidsmigrasjon – med andre ord noko som er heilt uavhengig av produktivitet.» (s. 240)

Men gjengs økonomisk teori fornektar dette. Det fører til oppfatninga at arbeidarane i Kina får ei «rimeleg lønn» ut frå sin produktivitet. Smith siterer Martin Wolf i boka frå 2005 – Why globalization works – som hyllar globaliseringa (Wolf gløymer desse påståtte fordelane i seinare arbeid):

Det er rett å seie at transnasjonale selskap utbytter kinesiske arbeidarar for å få profitt. Det er like rett å seie at kinesiske arbeidarar utbytter selskapa i det (nesten heilt oppfylte) håpet om høgare lønn, betre opplæring og fleire sjansar. (Wolf.)

Motsett av Wolfs syn er det enorme låglønnsproletariatet som har vakse fram dei siste tretti åra forklaringa på den imperialistiske profitten, overført frå Sør til Nord. Smith legg fram prova for det. I 2010 levde 79 %, eller 541 millionar, av industriarbeidarane i verda i «mindre utvikla regionar», opp frå 34 % i 1950 og 53 % i 1980, samanlikna med dei 145 millionane industriarbeidarane, eller 21 % av totalen som levde i imperialistiske land i 2010 (s. 103). Talla er enno meir dramatiske for fabrikkarbeid. No lever og arbeider 83 % av arbeidsstyrken her i landa i Sør.3

Verdas «økonomisk aktive befolkning» steig frå 1,9 mrd i 1980 til 3,1 i 2006, ein vekst på 63 %. Nesten all veksten har komme i «framveksande nasjonar», som har 84 % av arbeidsstyrken i verda. 1,6 mrd av dei var lønnsarbeidarar, den andre milliarden er småbrukarar og eit mangfald av menneske i den uendeleg brokete «uformelle økonomien». (s. 113.)

Proletariatet i verda har aldri vore større i tal, og som del av den totale arbeidsstyrken.4 Og likevel har lønnsdelen av nasjonalproduktet gått ned, både i Sør og Nord. ILO seier at sidan tidleg på 1990-talet har «delen av BNP som går til arbeidarane … gått ned i bortimot 75 % av dei 69 landa med tilgjengeleg informasjon.» Nedgangen er tydelegare i framveksande og utviklingsland enn i utvikla. Nedgangen i arbeidskrafta sin del i framveksande og utviklingsøkonomiar var svært bratt – med eit fall i Asia på rundt 20 % mellom 1994 og 2010; og ikkje minst «akselererte takten i nedgangen … dei siste åra, der lønnsandelen fall med meir enn 11 % mellom 2002 og 2006.»

Som Smith seier:

Lønna betalt til arbeidarane i Sør blir påverka av faktorar som ikkje har samanheng med, eller relevans for, produktiviteten til desse arbeidarane, faktorar som kjem frå forhold i arbeidsmarknaden og samfunnsstrukturen meir generelt, og forhold som angår reproduksjonen av arbeidskrafta, medrekna undertrykkinga av arbeidsmigrasjon internasjonalt, og framveksten av ei relativt enorm overskotsbefolkning i det globale Sør. Det slår eit stort hol i det skrøpelege byggverket til gjengs økonomi.

Det fører fram til eit av dei teoretiske hovudpunkta til Smith. Kapitalismen starta med utbytting av arbeidskrafta gjennom absolutt meirverdi (lengre arbeidsdagar), og sjølvsagt ved å få fleire folk inn i arbeidsstyrken. Etter som kapitalismen utvikla seg, slik Marx viste for Storbritannia i Kapitalen, var det auke i relativ meirverdi som dominerte, det vil sei at arbeidssparande teknologi blir tatt i bruk for å redusere arbeidskraftkostnaden innanfor same arbeidsdag. Men no i det 21. hundreåret hevdar Smith at utbyttinga av arbeidarane i Sør skjer meir gjennom å drive lønna under verdien på arbeidskrafta (superutbytting) enn gjennom utvida absolutt og relativ meirverdi.

I Kapitalen såg Marx dette som ei viktig form for utbytting av arbeidskrafta, men hevda at sjølv utan det kunne kapitalismen utbytte arbeidskrafta og skaffe seg meirverdi. Marx såg at dei faktorane som verka mot at profittraten skulle gå ned for kapitalen, ikkje bare var stigande utbyttingsrate eller fallande teknologikostnader, eller auka utanrikshandel og finansialisering av kapitalen, men au reduksjon av lønningane under verdien av arbeidskrafta (superutbytting). Marx såg bort frå denne faktoren i teorien om kapitalrørsle, men:

Som mange andre saker ein kan bringe inn, har det ingen ting å gjøre med den allmenne analysen av kapitalen, men har plass i ei framstilling av konkurranse, som ikkje blir behandla i denne boka. Det er likevel ein av dei viktigaste faktorane som kan hindra at profittraten går ned. (s. 240.)

Men no er alle tri utbyttingsmetodane i sving ifølgje Smith. Det er den tredje er som er mest markant i Sør, hevdar han, fordi det imperialistiske Nord ser det som beste og enklaste måten å rane til seg meirverdi på der. Etter Smiths syn har denne utviklinga vore ignorert, oversett eller blanda saman av det han kallar «euromarxistar» som påstår at arbeidarane i Nord er meir utbytta enn dei i Sør fordi dei er meir produktive.

Smith meiner denne samanblandinga oppstår på grunn av måten gjengs økonomar bruker BNP og «meirverdi» på, og det er godtatt mest utan spørsmål av marxistiske økonomar. Brutto nasjonalprodukt (BNP) skjuler det faktum at mykje av verdien i til dømes USAs BNP ikkje er skapt av arbeidarane der, men er rana gjennom multinasjonal utbytting og internprising, frå profitt skapt gjennom utbyttinga av arbeidarane i Sør. BNP blandar saman verdiskaping med verdifangst, og det avdekkar dermed ikkje korleis Sør blir utbytta av det imperialistiske Nord:

Nærare undersøking av desse herskande nyklassiske idéane … leier oss til å omdefinere BNP frå ein målestokk på det ein nasjon har produsert innanlands, til ein målestokk på den delen av det globale produktet som blir fanga opp eller lagt beslag på av ein nasjon. N-en i BNP er med andre ord ei løgn. (s. 278.)

Slik blir Lenins hundre år gamle analyse av imperialismen, som no ofte blir feid til sides som feilaktig, framleis korrekt ifølgje Smith. Det er «undertrykkarnasjonar» og «undertrykte nasjonar». Kven som er kva blir ikkje avgjort bare av finansielle musklar (Norfield), men au av den systematiske superutbyttinga av proletariatet i det undertrykte Sør. Så

i avgjørande spørsmål – utbyttinga som ligg i forholda mellom nasjonane i kjerne og periferi, og høgare utbyttingsrate i periferien, og kor sentrale dei politiske kampane i Sør er – hadde marxistiske tilhengarar av avhengigheitsteorien rett og deira ortodokse kritikarar feil. (s. 223.)

Men korfor har imperialismen utvikla seg slik at utbyttinga no tar form av superutbytting? Det er delvis fordi i land der arbeidsstyrken auka raskt med folk som kom frå landsbygda, var det mauleg for autoritære regime i Sør og mektige multinasjonale selskap i Nord å overvinne dei vanlege samfunnsmessige hindringane for altfor dårleg lønn, lang arbeidstid og dårlege arbeidstilhøve med vidare, slik at lønningane kunne haldast under arbeidskraftkostnadene (kostnadene på det ein treng for å leve). Smith legg au vekt på undertrykkinga av arbeidsmigrasjon frå Nord si side som eit bidrag til dette, slik me ser altfor godt i migrasjonskrisa i Europa i dag.

Og det er au ein reaksjon på endringane (fallet) i lønsemda for kapitalen i dei imperialistiske økonomiane i Nord, særleg frå 1970-talet og utover. Nyliberal politikk på lønn, offentlege tenester, og fagforeiningar i Nord gjekk saman med «globaliseringa» i Sør då kapitalen i dei store imperialistmaktene opplevde eit brått fall i profitten. Slik eg hevdar i boka The Long Depression (juni 2016)5, hendte noko liknande i siste perioden med imperialistisk ekspansjon og «globalisering» frå 1890-åra, og det førte til eksport av kapital til Sør (Latin-Amerika, Asia), og veksande rivalisering om koloniar og profitt herifrå, som kulminerte i første verdskrig.

Det var det som blei framstilt av Lenin. Men, som Smith siterer Andy Higginbottom, det som mangla i Lenins analyse av imperialismen som høgaste stadiet av kapitalismen på slutten av 1800-talet, var ikkje at utbyttinga i Sør er mindre enn i Nord, eller at det ikkje er undertrykkande og undertrykte nasjonar lenger. Men

Lenin teoretiserer ikkje imperialismen med omsyn til aukande organisk samansetting av kapitalen, eller profittratens fallande tendens … Denne ufullstendige teoretiske studien av imperialismen er atypisk for Lenin, og står i sterk kontrast til hans økonomiske analysar av den kapitalistiske utviklinga i Russland, som er solid bygd på kategoriane i Kapitalen.» (s. 229.)

Smith meiner at marxistiske økonomar frå Nord ikkje tar høgde for variasjonar internasjonalt i utbyttingsgraden (m/v), eller i den organiske samansettinga av kapitalen (k/v), når dei drøftar lova om profittratens fallande tendens.

Det kan vel vere sant at marxistiske økonomar, som eg sjølv, har «sett bort frå det faktum at ein vesentleg del av meirverdien selskap i den imperialistiske verda ranar til seg og realiserer som profitt vart henta frå arbeidarar i låglønnsland.» (s. 248.) Men me som har diskutert, har ikkje sett bort frå den totale endringa i m/v. Eit av særdraga ved perioden etter 1945 er faktisk at meirverdiraten har stige i dei store økonomiane, mens profittraten har falle (sett over lang tid). I mitt eige arbeid har eg vist at det er tilfellet i USA6, og også i nyare arbeid for profittraten på verdsbasis, medrekna økonomiane i Sør i G20-nasjonane som Brasil, Russland, Kina og India. Esteban Maito har gjort tilsvarande arbeid med tilsvarande resultat.7

Me ser ikkje bort frå endringar i utbyttingsraten totalt sett. Det dette arbeidet viser er faktisk at sjølv om profittraten er høgare i Sør, så har han falle også her, trass i stigande og høgare m/v, enten årsaka er absolutt meirverdi, relativ meirverdi eller superutbytting. Her er mi utrekning av profittraten i G7- og BRIK-økonomiane gjennom dei siste 60 åra, frå artikkelen min om den samla profittraten i verda på grunnlag av tabellar frå Penn World.8

Slik viser lova grensene for kapitalismen (og imperialismen) på lang sikt. Ei ny bok av G Carchedi og meg (kjem seinare i år) samanliknar arbeidet til «ikkje-euro»-marxistar verda rundt som viser at lova om lønsemd som Marx utvikla, fungerer like mykje i Sør som i Nord.

Eg er faktisk ikkje sikker på om Smith har godtgjort at «superutbytting» er det dominerande trekket ved moderne imperialisme. Som han viser, kvilte imperialismen på 1800-talet au på superutbytting av folkemassane i koloniane (opp til slaveri), og at i industrialiseringa av imperialistiske land som Storbritannia seint på 1700- og tidleg 1800-tal var lønningar under verdien på arbeidskraft ein viktig faktor utbyttinga av arbeidarane.9

For den saks skuld er superutbytting synleg i dei imperialistiske økonomiane også. Kontraktar utan gitt arbeidstid, der arbeidarane skal lyde det minst vink frå arbeidskjøparen, når som helst, for minimal lønn, er no røyndommen for to millionar arbeidarar i Storbritannia. I Sør-Europa der arbeidsløysa blant ungdom er 40 – 50 %, er dei unge tvinga til å bu med foreldra og tene sørgeleg lite i sals- eller ferie- og fritidsbransjen. Og tala viser at fattigdomen har auka på sidan 1980-talet for den lågaste tidelen av hushalda i Nord (medrekna USA).

På den andre sida, saman med superutbyttinga er det au utbytting av proletariatet i Sør gjennom absolutt meirverdi, og gjennom dei nyaste teknologiløysingane for å spare arbeidskraft (relativ meirverdi), akkurat slik det var då den industrielle kapitalismen utvikla seg frå 1800-talet. Foxconn superutbyttar nok arbeidsstokken sin, men dei brukar au det siste innanfor teknologi. Det er eit slikt trekk Trotski likte å kalle den samtidige og ujamne utviklinga av kapitalismen i den imperialistiske epoken.

Og det er i denne debatten eg ikkje er heilt sikker på kor Smith står: om tilhøvet mellom profittlova til Marx og årsakene til dei økonomiske krisene som er blitt globale under vår tids imperialisme. Han seier, heilt rett meiner eg, at «enten profittraten går opp eller ned, det viktige er om den totale meirverdien er tilstrekkeleg til å premiere alle dei som krev ein del.» Ja, slik er den totale meirverdien med jamne mellomrom for liten ifølgje lova til Marx. Og når den totale profitten går ned, går det ikkje lang tid før investeringar, sysselsetting og inntekter får ein kraftig nedgang.

I sluttkapittelet om årsakene til krisene, avviser Smith bestemt ideen som står sterkt blant både tradisjonelle og motstraums økonomar: at den globale finanskrisa og nedgangen var finansiell i utgangspunktet. Han meiner krisa vart utsett då imperialistiske selskap flytta tyngdepunktet til Sør på grunn av «overproduksjon» i Nord. Men «overproduksjon» kan bety så mangt.10 Hos Marx er overproduksjon av varer resultat av overakkumulasjon av kapital, men overakkumulasjon av kapital er resultatet av fallande lønsemd og profitt (absolutt overakkumulasjon).

Som Smith viser på meisterleg vis, så fekk kapitalen i Nord tilbake lønsemda dei hadde tapt på 1970-talet gjennom superutbyttinga av Sør:

meirverdi henta frå desse legionane av elendig betalte arbeidarar fekk det kapitalistiske systemet opp av grøfta på 1970-talet.

Som Smith skriv kom auka gjeld i tillegg til den endelege krisa slik at ho fekk eit finansielt uttrykk. Som han seier:

eksponensiell auke i gjelda klarte å halde tilbake overproduksjonskrisa, men har ført det globale finanssystemet på grensa til kollaps.

I denne setninga kan du bytte ut ordet «overproduksjon» med «lønnsemd».

Det kan godt vere at imperialismen igjen kan finne nytt rom til å utbytte proletariatet i verda, og dermed motverke fallande lønnsemd, for ei stund. Det finst framleis arméar av reservearbeidskraft på landsbygda i mange land som kan trekkast inn i globalisert vareproduksjon. (Og ja, ofte lønna under sin verdi.) Men det er grenser for kor lenge imperialismen kan auke utbyttings-raten, ikkje minst den kampen dette spirande proletariatet fører i Sør (og framleis svært mange i Nord).

Lova til Marx om lønsemd har ikkje blitt – og vil ikkje bli – motverka i det uendelege, sjølv gjennom superutbytting. Lova om lønnsemd og kampen det globale proletariatet fører er akilleshælane til imperialismen.

Michael Roberts
(Omsett av Gunnar Danielsen)

Notar:

  1. http://monthlyreview.org/product/imperialism_in_the_twenty-first_century/
  2. https://thenextrecession.wordpress.com/2016/02/24/british-imperialism-the-city-of-london-and-brexit/
  3. https://thenextrecession.wordpress.com/2014/10/21/de-industrialisation-and-socialism/
  4. https://thenextrecession.wordpress.com/2012/12/12/apples-robots-and-robber-barons/
  5. http://www.haymarketbooks.org/pb/The-Long-Depression
  6. https://thenextrecession.files.wordpress.com/2015/12/us-rate-of-profit-revisited1.pdf
  7. https://thenextrecession.files.wordpress.com/2015/05/maito-esteban-the-historical-transience-of-capital-the-downward-tren-in-the-rate-of-profit-since-xix-century.pdf
  8. https://thenextrecession.files.wordpress.com/2015/12/revisiting-a-world-rate-of-profit-june-2015.pdf
  9. Sjå Engels om Forholda for arbeidarklassen i England: https://www.marxists.org/archive/marx/works/1845/condition-working-class/index.htm
  10. https://thenextrecession.wordpress.com/2010/01/29/overproduction-and-capitalist-crisis/