Fortid, notid og framtid for Palestina

Av Ingrid Baltzersen

2015-04 Bokomtaler

Ilan Pappé, Noam Chomsky og Frank Barat:
On Palestine
Penguin Books, 2015, 224 s.

Palestinaaktivisten Frank Barat tok initiativ til å laga ein oppfølgjar til dialogboka Gaza in Crisis frå 2010. Den boka tok for seg Operation Cast Lead, Israel sitt angrep på Gaza vinteren 2008–2009. Den nye boka ser på fortida, notida og framtida for Palestina, i tillegg til at den inneheld andre artiklar og essay av Chomsky og Pappé.

Første kapittel er eit essay kalla «The Old and New Conversations». Dette er eit glimrande ideologisk analyse av korleis språkbruken om Palestina reflekterer makt, og korleis ein må laga ein ny ordbok som representerer det som verkeleg har skjedd, og kva som må vera grunnlaget for ei framtidig løysing. Det første han tar for seg er fortida. Pappé meiner ein må sei at sionismen er kolonialisme. Dette utfordrar den vedekne sanninga om at alt er så komplekst, og inneber eit krav om at også Israel/Palestina må dekoloniserast. Deretter tar Pappé for seg notida og seier me må snakka om Israel som ein apartheidstat. Han ser på BDS-rørsla (Boikott, Deinvestering, Sanksjonar) som ei viktig utvikling av Palestina-rørsla. Pappé legg også vekt på å visa at den etniske reinsinga som skjedde i 1948, fortsatt pågår i heile det historiske Palestina, både ved at Vestbreidda og Gaza blir så umogleg å leva i at folk må flytta, og at palestinarar med israelsk statsborgarskap blir pressa ut av områda dei bur i innanfor grensene til staten Israel. Han konkluderer med at ein må krevja dekolonisering og regimeskifte, dette er konsekvensen av at koloniseringa og apartheidregimet er basert på ein rasistisk ideologi som ikkje kan vera ein del av løysinga.

Hovuddelen av boka er samtalar mellom Chomsky og Pappé om fortida, notida og framtida. Dette er ein spanande samtale mellom to store intellektuelle og aktivistar som har haldt på med dette temaet lenge. Chomsky fortel om si fortid som sionistleiar på 40-talet. Han ønska samarbeid mellom jødisk og arabisk arbeidarklasse i bygginga av ein sosialistisk stat, men var sterkt mot ein jødisk stat. Denne versjonen av sionisme forsvann etter 1948. Chomsky og Pappé diskuterer sentrale spørsmål for palestinarørsla, blant anna tostatsløysing eller einstatsløysing og akademisk boikott. Dette er spanande debattar med referansar frå fortid og notid i Palestina/Israel, USA, England, Sør-Afrika og andre tidlegare koloniar. Dei plukker frå kvarandre kjente argument om til dømes Israel sin rett til å eksistera, men er også usamde på dei sentrale spørsmåla nemnd over.

Styrken til boka er også svakheita. Boka er aktuell og dialogbasert, men spesielt i samtaledelen er det lite redigering, så du får samtalar der den eine har eit langt resonnement og den andre berre seier «Ja». Du får gjentakingar av poeng i fleire av bolkane og unøyaktige referansar. Men dette gjer også at ein føler ein er midt i samtalen. Utvalet av artiklar i den siste delen av boka verkar også litt umotivert, og fører til endå fleire gjentakingar. Alt i alt er dette likevel ei bok dei som er interesserte i palestinakonflikten, bør lesa. Den står midt i dei viktige diskusjonane som pågår, inspirerer til refleksjon og gir gode poeng til eigen argumentasjon.

Ingrid Baltzersen