Bokomtale. Kath Weston: Families we choose

Av Ingrid Baltzersen

2000-04 Bokomtaler


Kath Weston:
Families we choose: lesbians, gays, kinship
New York: Columbia University Press 1991, 1997
ISBN 0-231-11093-6

Denne boka er laga av ein amerikansk professor i antropologi, og handlar om ei undersøking ho gjorde av homofile og lesbiske i området rundt San Francisco, the Bay Area, intervju ho starta midt på 80-talet. Dette burde gjera boka ganske smal, ho handlar om homofile og lesbiske i eit anna land, for nokre år sidan. Det som gjorde meg interessert i boka, var undertittelen: «Lesbians, Gays, Kinship». Undersøkingane ho gjorde handla om korleis lesbiske og homofile såg på slektskap, og kven dei kalla familie. Dei undersøkingane synest eg er ganske aktuelle, både for homorørsla, men òg for alle som vil oppløysa familien, og laga noko nytt. For kva vil det nye bli?

Boka var mykje meir lettlest enn det eg hadde trudd. Ho er ikkje skriven som ei rein antropologioppgåve, men som ei fagbok med mange personlege innspel. Kath Weston har drive med antropologi i sitt eige samfunn, så det er ikkje så merkeleg at ho har ein del personleg å sei om det. Forfattaren har lagt vekt på klasse-, kjønns-, etnisk- og aldersperspektiv i framstillinga av samfunnet, noko som gjer undersøkingane meir fullstendige.

Boka handlar om korleis lesbiske og homofile familiar er organisert i the Bay Area i USA, ideologien rundt det og historia til desse samfunna. Etter 2. verdskrig flytta fleir og fleir homofile og lesbiske til the Bay Area, myke fordi dei var «flyktningar» frå dei landsbyane og byane dei kom frå, dei ville vera homofile og lesbiske i fred. På 50- og 60- talet utvikla homofile menn terminologi på slektskap, dei var alle brør, systre og vener. På den same tida fanst «mentor», eit ikkjeseksuelt forhold mellom to menn, der «mentoren» introduserte ein yngre mann til «livet». Etter kvart vart brør og systre ord heile det homofile og lesbiske samfunnet bruka, og det å sei at ein var lesbisk eller homofil var det same som å sei at ein var i familie med alle homofile og lesbiske. På 80-talet mista dette litt meining, ein fann ut at ein ikkje hadde noko til felles med alle homofile og lesbiske, og ideologien rundt «valgte familiar» vaks sterkare.

«Valgte familiar» er familiar av vener, vener som har eit forpliktande forhold til kvarandre laga av tid og det ein har gjennomgått saman, omtrent som biologiske familiebånd vert laga. Dei homofile og lesbiske som flytta til the Bay Area etter 2. verdskrig flykta ofte frå dei familiebånda dei hadde, eller hadde dårlege familieband på grunn av avstand og manglande nærleik og forståing. I det samfunnet dei laga i the Bay Area fann dei etterkvart nokon dei valgte å kalla familie. Det spanande med dette er ikkje at det hendte, men ideologien som dei bygde rundt det, det at dei tok i bruk ordet familie for venene sine. Det som òg er spanande er at desse familiane ikkje er bygd rundt eit tosomt par, slik som dei heterofile familiebanda ofte er, dei seksuelle banda vert ofte i desse familiane sett på som mindre stabile enn venskapsbanda. Desse familiane passar ikkje i det heile tatt med det amerikanske samfunnet, og krasjer ofte med det heterofile samfunnet i kriser. Til dømes har det vore mange saker i USA der kjærasten eller «den valgte familien» vert utestengd frå sjukeleiet til sine nermaste eller felles born når dei biologiske slektingane trør til. Eit problem med arbeidet for «borgarlege rettar» for homofile og lesbiske i «valgte familier» er at jusen og samfunnet generelt ikkje kan bruka systema sine på dei. Det er enklare å gje homofile og lesbiske rett til å gifta seg enn å gje juridiske rettar til vener foran biologiske slektningar. Dette vil påvirka korleis homofile og lesbiske organiserer familielivet sitt i framtida. Forfattaren skriv at viss ein skal ta vare på potensialet ein har i dei lesbiske og homofile familiane, må ein vera merksam på kulturell kontekst når ein utformer lovverket og praktiseringa av det.

Forfattaren ser på korleis aids, baby-boom osv. påvirkar det homofile samfunnet, og «dei valgte familiane». Ho drøftar ulike utsegn om korleis desse samfunna utviklar seg, til dømes om det at homofile og lesbiske får ungar vil endra desse familiane, om ulik lovgjeving vil påvirka familiane i ein bestemt retning osv.

Desse samfunna oppstod fordi homofile og lesbiske flykta frå der dei budde til San Francisco-området, og laga seg eit samfunn der. Det kan godt vera at dei vil meir eller mindre assimilerast inn i det heterofile familiemønsteret viss det å vera homofil og lesbisk vert godteken med visse avgrensingar. Men det er eit spanande samfunn der dei har praktisert nye familieformer i stor stil, og laga ein ideologi rundt det. Og det burte vera mogleg å læra av dei negative og positive erfaringane dei har fått.