Brigt Kristensen: For og mot – ei debattbok om makt, avmakt og motmakt
Forenkla forlag, 2025
268 sider
Boka For og mot blei gjeve ut i samband med at Kristensen hadde fylt 80. Den raude tråden i boka er drøfting av makt, avmakt og motmakt.
Brigt Kristensen er eit kjent namn for oss som har vore med i Raudt lenge. Han har politisk fartstid på venstresida frå tidleg 1960-tal, og var i ei årrekke den mest populære folkevalde i Bodø. Etter at han slutta i kommunestyret i 2015, har Kristensen halde fram som debattant i samfunnet og i Raudt. Boka vitnar om ein formidabel innsats, og stort mangfald i interessefelt. Internt er han er kritisk både til partiet sin maktstrategi, og fleire forsvars- og utanrikspolitiske standpunkt, men tar debatten, og har valt å fortsette som medlem.
Boka For og mot blei gjeve ut i samband med at Kristensen hadde fylt 80. Ho er ei samling tekstar som han sjølv og andre har skrive, frå 2015-25, og har seks delar: 1. Debatt om motmakt, 2. Lokal strid, 3. Nedslag i 10 års debatt, 4. Krig og fred, 5. Marx, Mao og Rødt og 6. Arbeidarhistorie i nord.
Kristensen har skrive korte introduksjonstekstar til kvar del og kvart undertema.
Den raude tråden i boka er drøfting av makt, avmakt og motmakt. Motmakt er eit fanemerke for Kristensen. Eit intervju med han i Avisa Nordland (2015) har fått tittelen Motmaktmennesket. Intervjuet står som ein innleiande tekst i boka. I del ein kan me lese nøkkelartikkelen Makt, motmakt og strategi for sosialisme, trykt i Gnist 3/2018. Her argumenterer Kristensen for at tyngdepunktet for Raudt må ligge i det utanom-parlamentariske arbeidet. Evna til å knyte dette i hop med parlamentarisk arbeid er krumtappen i partiet si revolusjonære sjel. Gnist-artikkelen førte til ordskifte på Facebook-forumet Aktiv i Rødt, gjengjeve i boka. Debattant Olav Randen er ikkje så begeistra over motmakt-omgrepet eller metaforen ‘revolusjonær sjel’.
SV-medlemene Anders Ekeland og Einar Braathen drøfter òg synspunkt frå same artikkel i Vardøger 38/20. Er SV reformistisk og Raudt revolusjonært, eller er begge blitt radikale reformparti? Kristensen følgjer opp, og innlegg frå begge sider er trykte i boka.
Kristensen sine innspel til strategi- og prinsipprogramkomiteane før Raudt sitt landsmøte i 2019 heng tett saman med Gnist-artikkelen. Eit framlegg frå Raudt Bodø mot reformisme og ministersosialisme, og for motmakt nedanfrå, fekk fleirtal og blei tatt inn i prinsipprogrammet. Kristensen kritiserer partiet sin maktstrategi frå 2024, og spør om det har vore eit lineskifte i Raudt. Han meiner partileiar Marie Sneve Martinussen strekk vedtaket frå 2019 vel langt når ho opnar for at Raudt kan gå inn i regjering viss og når partiet får store nok gjennomslag for politikken. Tekstene finn ein i boka.
Laurdag før stortingsvalet 2017 delte Kristensen ut valbrosjyrar ved City Nord i Bodø, og blei taua inn av politiet for å drive «aggressiv valkamp». Ein nasjonal debatt om ytringsfridom og demokrati på kjøpesenter følgde. Både leiar i Handel og kontor, Trine Lise Sundnes, og byforskar Erling Dokk Holm tok til orde for at kjøpesenter skulle reknast som offentleg rom. Saken førte ikkje til gjennombrott for kjøpesenter som allmenning, men Coop Nordland opna for utdeling av valbrosjyrar ved kjøpesentera. Kristensen trekk dei historiske linene til kampen for møterett og organisering i Sulitjelma rundt år 1900. Då blei arbeidarane nekta å halde møte fordi verket eigde grunnen.
For meg, som sjølv er folkevald for Raudt, er det interessant å lese om kva som skjedde etter at Raudt Bodø fekk 10,4 prosent av stemmene i 2015-valet. Partiet blei nest størst på raudgrøn side, skreiv under samarbeidsavtale med AP, SV, MDG og SP, og fekk Synne Bjørbæk som varaordførar. Klarte partiet å mobilisere tilstrekkeleg motmakt i ein så uvand og krevjande rolle? Boka viser døme frå kommunepolitikken i perioden. Me kjem m.a. innom rusbustader, eigedomsskatt, utbytte frå barnehagar, ferjesamband og den avgjerande jordvernsaken om Rønvikjordene. Sistnemnde sak var omfatta av samarbeidsavtalen, men avtalen blei broten av Ap og Sp. Dette blei byrjinga på slutten av samarbeidet. Raudt og MDG trekte seg, og klimaet for samarbeid på venstresida i Bodø blei forsura.
Det har vore intern strid i Raudt Nordland og Bodø dei siste åra. Hausten 2023, kort tid etter lokalvalet, melde seks personar seg ut av Raudt Bodø. To var folkevalde. Under tittelen Debattkultur og presseetikk presenterer Kristensen litt historikk og fragmenter som viser kor spissa situasjonen har vore. Bland tekstane i boka finn me leiarartikkelen Blodrødt oppgjør frå Avisa Nordland (03.10.2023). Der skriv ein at oppgjeret er kulminasjonen på ein lang og samansett konflikt, med både politiske og personlege motseiingar. Men òg eit uttrykk for veksesmerter i Raudt. Avisa spår at Raudt Bodø vil ende som eit randfenomen dersom partidinosaurane vinn striden. Kristensen skriv eit ironisk tilsvar underteikna «Brigt Kristensen, Tyrannosaurus rex.»
Dei lengste samanhengande tekstane finst i siste del av boka. Her er det artiklar om motmakt i Nordlands arbeidarhistorie. Ein finn lengre artiklar om pionerane i Fauske og Sulitjelma og om Det røde huset, Folkets hus, i Bodø. Som arbeidarhistorieinteressert søring, fekk eg jamvel boktips om Eyvind Viken sitt portrett av agitatoren Helene Ugland frå Froland i Agder. Ho blei endeleg drege fram frå gløymsla i filmen Sulis 1907. Boka ligg på nattbordet mitt no.
For og Mot er ikkje ei vanleg debattbok, men ei tematisk sortert samling av svært ulike tekstar og stemmer. Det blir mest opp til lesaren å forstå samanhengane, og å analysere og konkludere. Både form og innhald gjer at boka mest er for spesielt interesserte. Dei av oss med interesse for norsk venstreside, Raudt og arbeidarrørsla, finn interessante røynsler og meiningsbrytingar, og arbeidarhistorisk sus, samla i denne boka.