Marte Michelet
Det har skjedd verre ting i utlandet.
Scener fra et farskap.
Forlaget Oktober, 2025.
Marte Michelet har kome ut med ein djupt personleg biografi om seg sjølv og faren. I eit forsøk på å komma ut av måten ho er i verda på og forsona seg med den daude faren, finn ho opp WWJMD som ein variant av What Would Jesus Do som nyfrelste kan finna på å ha på armband eller T-skjorter. Ho prøver altså å laiva Jon Michelet, det vil seie å gjera eit levande rollespel av han, altså å prøva å setta seg inn i hans karakter og prøva å oppføra seg og tenka som han. Og det første JM i MMs kropp gjer er å flanera ut i sørlandsnatta for å finna rus og flørt. Dette kan jo verka banalt og privat. Men måten Marte Michelet får fram kor begrensande både kvinnerolla og rolla som Jon Michelets dotter kan vera gjer at det personlege blir politisk. Og dei personlege erfaringane blir eit utgangspunkt for å filosofera rundt kva det er som er viktig i verda.
Boka skriv seg inn i ei sjølvreflekterande sakprosa og sjølvbiografisk roman-bølge, der ein i større grad skriv litterært og ikkje berre biografisk om livet som er levd. Boka har to parallelle liner, den eine som handlar om prosjektet å prøva å leva meir som Jon Michelet, der ho reflekterer over kjønnsroller (når ho laivar så opptrer ho med ein mannleg type sjølvtillit), den andre er meir biografisk, men med utgangspunkt i det livet ho har delt med faren. Eller ikkje delt, det var jo også prega av at han var fråverande i periodar.
Marte Michelet skriv om livet som dotter av ein av dei første rikskjendisane på ytste venstreside. Om ein far som var kjent og som folk var tiltrukne av fordi han var sjarmerande og interessert. Men som brukte heimen for å få ut dei negative følelsane. Men som også kunne vera sjarmerande heime, som gjorde verda stor og spanande. Det han gjorde offentleg kunne jo både vera noko å vera stolt av og det motsette. Den flyvende brasilianer var mi favorittbok som ungdom, nettopp fordi det var ei ung jente frå Groruddalen som var hovudpersonen, med eit driv for å oppleva livet og gjera seg erfaringar. Men eg skjønner at det kanskje var flaut at heile skulen hadde fått klassesett og lese om ei ungjentes første ligg med ein tilreisande ung og sjarmerande brasiliansk sjømann.
Boka tar for seg ein del av biografien til Jon Michelet, og alt det politiske og litterære han fekk til. Men viss ein ønsker å lesa meir utfyllande om det er Mimir Kristjanssons biografi eit godt supplement. Boka er like mykje ein sjølvbiografi om Marte Michelet, og ein del ting som er kjent om ho blir sett i ein større samanheng. For eksempel kor mykje det har prega ho at ho budde fleire år i overgangen mellom barn og ungdom i Zambia og Namibia saman med mora og søstrene, og til dels Jon Michelet. Det å måtta forlata området fordi apartheid hadde falt, sjølv om det var det dei jobba for, verkar å ha prega ho veldig i ungdomstida. Ei rotløyse og manglande fellesskap med ungdommar som ikkje veit kven den sørafrikanske apartheidmotstandaren Chris Hani var. At ho hamna i Rød Ungdom og etter kvart blei leiar der verkar meir tilfeldig enn eg ville trudd med den familiebakgrunnen. Ho skriv om Utøya, der ho var eit eksplisitt planlagt mål for terroristen, på grunn av at ho venta barn med Ali Esbati, som faktisk var på øya då angrepet skjedde.
Forholdet mellom far og dotter er gjennomgangstemaet i boka, og er noko som er gjenkjenneleg for oss alle som er barn og kanskje foreldre. Det er til tider komplisert, og det er mykje som ikkje blir snakka om. Marte Michelet får fram dei trauma og erfaringane som kan ha forma både ho og faren, og i ein tekst som både flyt lett, men er djup, set ho ord på noko allment om kjønn, familie og politikk. Men det er også ein spanande biografi om to ekstraordinære folk.