Luthers politiske verdsbilete

Av Hans Olav Brendberg

1998-05


Luther sitt politiske verdsbilete er ikkje eit einskapleg, samanhangande bilete. Det eg tek tak i i denne artikkelen er difor berre eit utval av Luther si politiske tenkjing, som vonleg vil syna kva som gjer Luther interessant som politisk tenkjar.

For mesta fem hundre år sidan vart kyrkja kløyvd – ei kløyving som byrja med at Martin Luther la fram dei 95 tesane sine i 1517 – etter myten spikra han dei opp på kyrkjedøra i Wittenberg. Tesane var i seg sjølv ikkje noko brot med tradisjonen for alminneleg teologisk ordskifte. Men tilhøva i kyrkja i Tyskland – og Luther sin uvilje for å bøyga seg for autoritetar han ikkje godtok – førde raskt til at den teologiske usemja utvikla seg til ein konflikt mellom paven på den eine sida, Luther og ei kyrkjeleg fornyingsrørsla i Tyskland på hi sida. Kyrkjekløyvinga på 1500-talet vart eit avgjerande historisk vasskilje—ikkje minst i Noreg. Skal me skjøna grunnleggjande drag ved samfunnsstrukturen i Noreg, er reformasjonen soleis viktig.

Luther var teolog. Den striden han innleidde med dei 95 tesene, og som enda med kløyvinga av vestkyrkja med den Augsburgske trusvedkjenninga i 1530, var ein strid om den kristne læra. For Luther var kjernespursmålet at trua skulle gjera det kristne mennesket fritt og frelst. Politikken – eller med Luther sitt omgrep: det verdslige regimentet – var ikkje hovudsaka.

Ikkje desto mindre var det verdslige regimentet den andre sida den verdsordninga Gud sjølv hadde oppretta, slik Luther såg det. Både det åndelege regimentet: Kyrkja, trua og ordet, og det verdslege regimentet: Fyrsten, lova og sverdet, var i Guds teneste. Ikkje slik at dei stod på like fot, men slik at dei hadde ulike oppgåver, som utfylte kvarandre. I stridsåra skreiv Luther særs mykje, i tillegg til at alt han sa mot slutten av livet vart skrive ned i dei sokalla «tischräde» («bordtalar»). Politiske ressonement finn ein heile vegen, avdi dei religiøse stridsspørsmåla vikla seg inn i dei politiske. Og Luther sitt syn på ymse politiske tema ligg ikkje fast – til dømes snur han 180 grader frå den positive haldninga til jødane på byrjinga av 1520-talet til den eldre Luther sin skarpt formulerte antisemittisme.

Luther sitt politiske verdsbilete er soleis ikkje eit einskapleg, samanhangande bilete. Det eg tek tak i i denne artikkelen er difor berre eit utval av Luther si politiske tenkjing, som vonleg vil syna kva som gjer Luther interessant som politisk tenkjar. Men for med ein gong å peika på ein ting: Martin Luther, den største opprøraren i kyrkja si soge, mannen som kveikte den brannen som kløyvde kyrkja og førde Tyskland ut i eit hundreår med øydande krigar, var ein konsekvent anti-revolusjonær. Før, under og etter bondekrigane er Luther sitt standpunkt klinkande klårt: Den som gjer oppreist mot det verdslege regimentet, skal ha si rettferdige straff. Og mot oppreist skal styresmakta ikkje syna mildskap. Med orda frå skriftet mot bøndene: «Rydd dei ut som galne hundar!».

Fridom

Luther si tenkjing om fridom møter me i det vesle skriftet «Om fridomen til eit kristenmenneske» frå 1520. Her møter me grunndraga i Luther si tenkjing i fortetta form. Paulus som kjelda til Luther si tenkjing kjem opp i dagen, og vert utvikla til Luther sitt dialektiske system. Det kristne mennesket sin fridom er fridomen til det indre mennesket. Det som det til sjuande og sist gjeld, er det indre mennesket sin fridom til å fylgja sin eigen hug, um so ein stend framfor skarprettaren, inkvisitoren eller for den del snarvegar til rikdom. Den oppstandne Kristus sin triumf over den falne Adam. Trua, som Luther meiner er ein sjeldsynt ting, gjev mennesket styrke til å tola kva det skulle vera – avdi trua gjer mennesket rettferdig for Gud, og soleis gjev frelsesvisse.

Læra om at me fær frelsa frå eiga syndebør for inkje gjennom trua er sjølve kjernetanken i den lutherske reformasjonen. Når trua gjev mennesket vissa for si eiga frelsa, treng det ikkje ottast skarprettaren eller inkvisitoren: Det treng berre tenkja på si eiga frelse, og Gud ordnar med resten. Det mennesket som har trua, treng ikkje ottast for å verta fri: Det er fritt! Træl eller konge, dødsdømt eller i den djupaste naud: Om du trur, veit du at du til slutt vert frelst. Det indre mennesket ligg ikkje under for den ytre verda si lov: Kva verda enn trugar eller lokkar med, kan det indre mennesket trygt og roleg lyda si indre røyst. Det er same tanken me møter i forteljinga om då Jesus vart freista i øydemarka (Matt 4, 1-11), og som Luther nyttar til den triumferande avslutninga av «Vår Gud han er så fast en borg»:

Og tok de enn vårt liv
gods, ære, barn og viv
la fare hen, la gå
mer kan de ikke få
Guds rike vi beholder.

I Luther sitt system er detta alt saman ting som gjeld det åndelege regimentet. Under dette regimentet er den truande eit fritt menneske. Han skal ikkje bøyga seg for tvang: Presten skal ikkje bera sverd, men overtyda gjennom ordet. Men sidan trua gjer det indre mennesket fritt, og lovar det frelsa, skal ein ikkje nytta denne fridomen til å omstøyta det verdslege regimentet. Det verdslege regimentet: Konge, lensmann, lov og dom, er sett der av Gud til å halda synda under tukt. Avdi trua er sjeldan, er detta ei heilt nødvendig ordning. Det frie, kristne mennesket skal soleis lyda den verdslege styresmakta – heilt enkelt. I prinsippet gjeld dette all verdsleg styresmakt – om det so er den tyrkiske sultanen (eller for den del: bolsjevikstaten). Blandar ein den åndelege fridomen i hop med verdsleg ordning, løyser verda seg opp i kaos og undergangskrefter som vil gjera det uråd for evangeliet å koma til orde.

All verdsleg styresmakt er soleis av Gud, og påbod frå styresmakta skal fylgjast. Med det seier ikkje Luther at alle fyrstar er kloke eller styrer landet godt. Tvert om: Han er ikkje redd for å seia frå om at mange fyrstar er ugudelege, udugelege og står for låkt styre. Likevel skal påbod frå den verdslege styresmakta fylgjast: Avdi alternativet – eit folk i oppreist – tek bort lova og sverdet, og slepp djevelen, «Herr Mange», laus. Likevel skal ein ikkje fylgja påbod frå styresmakta lenger enn at ein lyder Gud meir enn menneske.

Likskap

Eit av dei mest synlege brota i reformasjonen gjeld synet på kva kyrkja er, og kva presten er. Dette brotet er so skarpt at ein i mange språk har to ulike ord for den katolske messepresten og den lutherske kyrkjelydspresten.

I grunnen finst det tre ulike hovudretningar i synet på kyrkja og prestedømet i den kristne verda. Både den katolske og den ortodokse kyrkja oppfattar Jesu utveljing av disiplar som grunnleggjinga av kyrkja. Prestane er soleis ein serskild stand, og må vigslast til gjerninga si gjenom eit serskild sakrament – prestevigsla. Mellom den katolske og den ortodokse kyrkja vil det so igjen vera eit skilje, enkelt sagt mellom katolikkane som oppfattar kyrkja som ein juridisk einskap lagt under Peters etterfylgjar i Roma, og dei ortodokse som oppfattar kyrkja som ein mystisk einskap bore oppe av dei heilage tradisjonane som kan førast attende til aposteltidi. Men båe vil meina at apostolisk suksesjon – at den som vigslar ein annan til prest sjølv skal kunna føra vigsla si attende til Jesu utveljing – er avgjerande for om du vert rett prest som kan dela ut gyldige sakrament.

I samband med innføringa av reformasjonen vart den apostoliske suksesjonen demonstrativt hogge over. Luther sitt argument mot er enkelt – og klassisk: Kva om ei gruppe kristne kom bort i ein ørken, og skipa eit samfunn der. Ingen vigsla prest var å få tak i. Kva skulle dei då gjera? Leva utan sakramenta? Nei: I ei slik stoda skulle dei sjølvsagt velja ein mellom seg til å tena som prest. Kyrkja er der for trua. I utgangspunktet er me alle prestar – den lutherske kyrkjelæra kan samanfattast i omgrepet «det alminnelege prestedømet». Alle er prestar, men avdi alle har all slags verdslege gjeremål å tenkja på, vel kyrkjelyden seg ein til å vera prest framfor hine. Men dette er ei ordning som botnar i kva som er praktisk – ikkje i at det er ei gudsinnstifta ordning som mennesket ikkje kan måta til etter eiga trong. Den lutherske kyrkja er soleis korkje fyrst og fremst ein juridisk skipnad, eller ein mystisk tradisjonsberar, men fyrst og fremst ei praktisk ordning av fellesskapen av dei som trur. Og det prinsippielle ved fellesskapen er at alle som trur, er like.

Denne læra har ein interessant sideverknad: Oppgjerda med klostervesenet. Heile klostervesenet bygde og byggjer på den tanken at ein serskild måte å innretta livet sitt på: I einsemd og sølibat, med faste bønetider og livet vigsla til ein serskild helgen, gav serskilde forteneseter andsynes Gud. I Luther sine augo er dette ei djevelsk læra. Fiskaren gjer si daglege gudsteneste på havet, skomakaren i verkstaden sin og presten i kyrkja. Og alle er like andsynes Gud. Tanken om at munkelivet gjev fortenester for Gud gjev munken falske voner, og gjev fiskaren og skomakaren ei rang vurdering av verdet av sitt eige arbeid. Det same gjeld sølibatet: Det einaste sølibatet kan føra folk fram til, er synd og fortaping. Avdi mennesket er fødd med drifter, er det einast ekteskapet som kan gjeva dei fleste utløp for driftene utan at ein fell i synd.

Og igjen er det slik at likskapen andsynes det åndelege regimentet har sitt motstykke i det verdslege. Nokon må laga sko, nokon må preika ordet, nokon må fiska og nokon må styra landet. Og i det verdslege har Gud skipa verda slik at me slett ikkje er like, men har kvar våre livsoppgåver i den verdslege ordninga. Hadde nokon spurt Luther kva han syntes om Lenin sitt slagord om at kokkeveikja skulle styra staten, ville han svart to ting: For det fyrste: At det hadde vorte eit nydeleg styre, og for det andre: Kven skal då laga den gode maten? Skal ein setja fyrsten til å koka suppa, risikerar ein å få ei kleinare suppa, og eit kleinare styre. Sjansen for at styret og suppa vert betre, er forsvinnande liten.

Brorskap

I kyrkjehistoria er Luther den som byter paven sin autoritet med den kristne brorskapen i kyrkja. Men denne brorskapen svever ikkje fritt; han er innvoven i den verdslege ordninga – og i praksis vert Luther si kyrkje ein reidskap for fyrsten; ei statskyrkje. Venstrefløyen i reformasjonen – sveitsarane, fyrst og fremst Zwingli og Calvin – avviser at den kristne brorskapen soleis skal leggja seg under ei verdsleg ordning. Når det gjeld Calvin, vert difor alternativet til statskyrkja kyrkjestaten: Den reinsa, evangeliske idealstaten han byggjer i Geneve ved hjelp av streng ideologisk kontroll av innbyggjarane.

Tilhøvet mellom verdsleg ordning og kristen brorskap er på mange måtar reformasjonens uløyste problem. Og den ordninga som veks fram i det lutherske hjørnet av Europa er slett ikkje noko idealløysing etter Luthers hjarta. Men brotet med paven innebar krig med keisaren – og skulle evangeliet ha noko framtid, var Luther avhengig av at fyrstane stillte opp som forsvararar av trua. I den samanhengen fekk det vera at eit av dei viktigste motiva til fyrstane i til dømes dei nordiske landa var å slå under seg store kyrkjegods.

Sjølve brorskapstanken som skal bera verket vert soleis òg kløyvd. På eine sida vil Luther forsvara den naturlege brorskapstanken som ein møter i Jesu forkynning, til dømes i likninga om den barmhjertige samaritaneren. Men hovudtyngda ligg likevel på den paulinske tanken om kyrkja som Kristi jordiske lekam. Dette er ogso heilt naturleg ut frå vilkåra ikring: Reformasjonen inneber at ein forlet ein tilstand der kyrkja sin posisjon er grunnfest, og trua ein sjølvsagd del av livsløpet. I staden vekkjer reformasjonen til live misjonsanden, der trua er sjelden, og der det finst eit hav av ikkjetruande å vinna for eit liv i Kristus.

På ein måte er dette å søkja attende til kyrkja sin heroiske periode: Oldkyrkja. Men berre eit stykkje på veg. For lutheranismen inneber å leggja hovudvekta på eitt område av kyrkja sitt liv – på mange måtar er lutheranismen den minst balanserte av dei kristne hovudretningane. Austkyrkja lever i og av ritual og mystikk: Identiteten til austkyrkja ligg i liturgien. Romerkyrkja lever i og av hierarki og institusjon: Tilit til kyrkjeleg autoritet og kyrkjerett og etablert tradisjon er langt på veg sjela til katolisismen. I tillegg syter det religiøse ordensvesenet for eit indre liv som hindrar at katolisismen stivnar til eit andlaust, religiøst byråkrati.

Ein finn både liturgi, mystikk og hierarki i lutheranismen. Men det avgjerande er læra – den «pure lære» som fyrste generasjon lutheranarar kalla henne. Truslæra er sjela i reformasjonen. Lutheranismen fører til ei intellektualisering av religionen, der spissfindig skrifttolking fær ei heilt ny tyding. Og den lutheranske brorskapstanken fær difor eit anna innhald enn i urkyrkja – og i katolske og ortodokse kyrkjer. I dei to gamle hovudretningane er brorskapen i kyrkja brorskapen i nattverdsmåltidet. I den lutherske kyrkja er ideologisk tilslutning – å tru rett – det avgjerande. Den kristne brorskapen tek form når mennesket innser si rolle som tannhjul i Guds store frelsesmaskineri. Kristen fridom er innsikt i eigen tildelte plass i frelseshistoria si nødvendige realisering.

Denne blandinga av verdsleg ordning, ei paulinsk læra om kyrkja som Kristi lekam og ei intellektualisering av trua gjennom klår formulering av kva som er «den pure lære» – som raskt stivnar i luthersk ortodoksi – er truleg den viktigaste sida av Luther si gjerning som politisk tenkjar. Å gå nærare inn på desse spørsmåla går likevel langt ut over råmene for denne artikkelen.

Kva verknader fekk Luther si læra?

Luther si læra fekk enorm tyding for Europa. Ho kløyvde vestkyrkja, samstundes som ho gjorde kyrkja medviten om det eldre skiljet millom vest og aust, som fram til då ikkje hadde vorte sett på som ei kløyving av kyrkja.

Reformasjonen lærde folk å lesa Bibelen, og førde med seg ei rad nyomsetjingar av boka, mellom anna til dei viktigaste nordiske språka. Samstundes førde reformasjonen til hardhendt tvangspolitikk andsynes eldre, religiøse institusjonar, og dei tradisjonane som knytte seg til dei. Sume stader fylgde ei skred av øydeleggjingslyst reformasjonen, og mengder av kunstskattar i kyrkjene vart øydelagt.

I vår del av verda har kvar mann tradisjonelt vissta å fortelja at reformasjonen førde til ei fornying av det religiøse livet, mellom anna med oppkomsten av den nye salmesongen. Dette er forsovidt sant nok – men i hovudsak kom den religiøse fornyinga etter reformasjonen som ei fornying av den katolske kyrkja (under motreformasjonen). Reformasjonen førde ut i lærestrid og forvirring, og etterkvart til samling bak ein rigid, luthersk ortodoksi. Den lutherske kyrkja nytta fornuftsekteskapet med den byrjande, eineveldige staten til å halda andelege rørslor under kontroll. Tvangslover sikra monopolet: Fram til midten av 1800-talet mista du all eigedom og vart landsforvist frå Sverige om du konverterte til katolisismen. Dødsstraff for katolsk misjonering stod lenge ved lag i lutherske land, forbodet mot jesuitar i den norske grunnlova heldt seg fram til etter siste krig.

Det var altså ikkje gjennom religiøs fornying, men ved hjelp av ei effektiv, sentralisert statsmakt og harde tvangslover, at lutheranismen konsoliderte seg i Nord-Europa. Luther sjølv var på mange måtar eit produkt av ein sjølvmedviten og blømande, tysk «burgerthum», skapt av mellom anna maktstillinga til den tyske hansaen. Hundre år etter Luther var Tyskland ei slagmark, og hadde vore gjennom ein demografisk katastrofe. Det blømande åndslivet me møter i Tyskland under renessanse og reformasjon, var ikkje meir. I det nordtyske, protestantiske Tyskland kan kulturhistoria i hundreåra etter Luther kokast ned til eitt namn: Bach. Elles kjem alt åndliv i Tyskland i denne perioden frå det katolske sør. Reformasjonen kuttar banda mellom dei nordiske landa og kontinentet, og stengjer Norden inne bak ein vegg av nordtyske, protestantiske statar. Utrusta med konventikkelplakat og andre maktmiddel monopoliserar protestantiske embedsprestar religionen, og freistar so godt dei kan å gjera den andelege isolasjonen effektiv. Mange av dei nyvekte, religiøse impulsane søkjer difor under jorda, for sidan å røma til Amerika når det kontinentet opnar seg som ein fristad for annleis truande. I ein tidleg fase vert Noreg eit reir for katolsk eller krypto-katolsk motstand, med norske Kloster-Lasse som viktigaste personlegdom og leiar for motreformasjonen i Norden, og Draumkvedet som eit synleg, kunstnarleg uttrykk for folkeleg motstand (Olav Åkneson står i kyrkjedøri og fortel om draumane sine mot presten, som stend på preikestolen. I desse draumane gjev Olav mellom anna uttrykk for ei katolsk læra om blodskam). I minst ein landslut (Telemark) var det sterke, motreformatoriske rørslor mellom folk. Truleg galdt dette i fleire delar av landet. Reformasjonen var ikkje noko rørsle mellom folk. Dei fleste stader i Noreg heldt folk seg til den gamle, katolske kalenderen – heilt inn i vårt hundreår. Det finst framleis bygder der ein reknar Gregusmess – 12. mars – som fyrste vårdagen. Den dagen var vårjamndøgn i den gamle, julianske kalenderen. Fyrst med Hans Nielsen Hauge fær statens eiga kyrkje for alvor eit indre, andeleg liv som engasjerer folk flest. For dette vert Hauge straffa med eit langvarig opphald på Akershus.

Hauge legg grunnlaget for ein folkeleg lutheranisme som sprengjer ortodoksien til embedsprestane. Haugerørsla tok opp i seg mykje av protesten mot dei nye autoritetane som låg i den folkelege krypto-katolisismen, og gav han ei luthersk form. All folkeleg organisering etter Hauge er grunnleggjande luthersk. På to plan: For det fyrste i tradisjonen for at alle har ansvar, og ei rolla og oppgåve i organisasjonen – og at ein pliktar å ta omsyn til alle. Slik speglar folkeleg organisering Luther sin tanke om kyrkjelyden som ein fellesskap av folk som er like andsynes Gud. Men i luthersk organisasjonskultur møter ein òg slagordet om «skrifta åleine», som var sentralt i reformasjonen. Luthersk organisasjonskultur byggjer på skrift. For det fyrste slik at vedtak, vedtekter og organisasjonen sine skriftlege spor skal verta fylgde. Men òg slik at alle sjølv skal setja seg inn i skriftene og grunnspørsmåla organisasjonen byggjer på. Kvar mann skal lesa Bibelen sjølv, ikkje berre høyra på kva presten seier. Når ein organisasjon eller ei rørsle i Noreg byrjar sleppa taket i grunnskriftene sine, er det difor vanleg med fornyingsrørsler som «går tilbake til skrifta». M-l-rørsla er berre ei av mange slike.

Luther i dag

I snart 500 år har Luther si læra vore ein del av det offisielle, ideologiske grunnlaget for den norske staten. I grunnlova frå 1814 er Luther den einaste einskildpersonen som er nemnt med namn (rett nok i samansetjinga «evangelisk-luthersk»). Kor mykje Luther si tenkjing har hatt å seia i praksis, er ei onnor skål. I fleire hundreår var den vesle katekisma til Luther viktigaste boka i norsk skule. Katekisma gjev eit særs samantrengt uttrykk for eit luthersk verdsbilete. Nokre av salmane til Luther er mykje brukte. Ei norsk utgåve av dei sentrale skriftene til Luther kom likevel fyrst so seint som på 1980-talet. Sjølv om Luther si læra offisielt har vore ein del av det ideologiske grunnlaget for staten i snart 500 år, har den same staten gjort lite for å gjera Luther tilgjengeleg for folk flest.

Difor er det vanskeleg å ta tak i kva spor Luther har sett etter seg i norsk kultur: Han blir usynleg både på grunn av at grunnleggjande lutherske ovringar blir like sjølvsagde som

sild og potetar – samstundes som Luther sin forfatterskap systematisk har vore lite lest av norske intellektuelle, og kanskje spesielt radikale intellektuelle. Med eit so samansett bilete er det risikabelt å gje eintydige svar på kva Luther si politiske læra har tydd og tyder i eit land som Noreg. I periodar har nok Luther si læra om den verdslege styresmakta fungert som sjølvforståing og standsideologi for norske embedsmenn. Men detta har nok aldri vore so gjennomført som i den mest gjennomførde tyske (og svenske!) øvrigheitsstatstradisjonen. Tendensen i Noreg til opposisjon mot øvrigheitsstaten er vel so utprega, og kan truleg førast attende til motreformasjonen sitt nedslag i Noreg.

Men slike ideologiske motsetnader som dei som kom opp i reformasjonen stikk som regel djupare enn som so. Kulturskilja som går gjennom Europa etter kyrkjekløyvingane er røynlege!

Ser me på korleis marxismen utviklar seg til «marxistiske» tradisjonar i europeiske land, er det påfallande korleis tradisjonane måtar seg til etter den religiøse grunnstrukturen. I austkyrkja trur ein på apostolisk suksesjon. Les ein partisoga til SUKP frå 1936, og tidlegare skisser til partisoge mellom anna av Lenin, vil ein sjå at dei legg særs stor vekt på å klårgjera den apostoliske suksesjonen, og kontinuiteten i han, frå Plekhanov og fram til samtida. Tevlinga om å vera mest mogleg «leninistisk» i tjueåra, var likeeins ein freistnad på å sannsynleggjera rett apostolisk suksesjon etter siste, tvillause biskop. På same måte var russisk, marxistisk tradisjon biletdyrkande på ein måte som verkar framand på oss vesteuropearar, mellom anna ved at ikonografien kring Lenin og revolusjonsleiarane vart dyrka fram som eigen kunstart, med strenge konvensjonar for korleis dei heilage skulle framstillast. Balsameringa av Lenin og pilegrimsferda til Moskva for å sjå den heilage mannen er likeeins eit uttrykk for ortodoks religiøsitet, som er kulturelt framand for lutheranarar som brende opp helgenskrina for 500 år sidan.

I Tyskland finn ein mindre ikonografi. Til gjengjeld utvikla tysk marxisme seg til ein totalvitskap, eit ålmenvitskapleg system som kunne nyttast til å forklåra alle framtidige, politiske nederlag med at sigeren objektivt sett ikkje låg innanfor rekkevidde. Tysk, marxistisk tradisjon er anten intellektualiserande i ekstrem grad – eller som i det gamle Aust-Tyskland fører han til reindyrking av den tyske øvrigheitsstaten.

Den anglikanske kyrkja er som kjent ei slags halvvegs reformert kyrkje, der det er eit enormt spenn mellom den høgkyrkjelege krypto-katolisismen, og den reformerte, lågkyrkjelege tradisjonen som høyrer til på reformasjonen si venstrefløy. Denne kyrkja vert halde saman ved hjelp av dogmet om at «om du meiner dét, og eg det motsette, kan me ikkje båe ta feil». I Storbrittania er den marxistiske tradisjonen likeeins alt frå liberal salongideologi («Fabian Society») til lågkyrkjeleg dogmatisme, gjerne av trotskistisk slag, med avleggjarar kringom i imperiet (les til dømes oversikten over «nasjonale» organisajonar kringom i verdi i IS-bladet, og sjå kva som er att når du tar bort dei landa som hadde «the british connection» som beresteinen i utanrikspolitikken i perioden 1900-1945). Alt saman, likt og ulikt, er sjølvsagt samla i eitt og same «Labour Party».

I denne samanhengen vågar eg meg likevel frampå til å seia litt om kva den lutherske tradisjonen tyder for oss.

For det fyrste: Luther er den underforståtte motpol i mange polemikkar. Norske forfattarar har i snart hundre år ironisert over læra om at «den Gud gjev eit embete, gjev han òg forstand». Men ironien her bommar ofte på målet. Luther si læra er formulert i ei historisk tid der fyrstemakta var absolutt. Men i ålmenn form treng ikkje Luther si læra om verdsleg styresmakt vera knytt opp til ein statsform. Læra om at embete og avgjerd heng saman, kan utan vidare støypast om til nye tilhøve. Når AKP-arar har argumentert for at den valde streikeleiinga har siste ord under ein konflikt, og for at «demokratisk sentralisme» gjev alle – ogso dei usamde – meir demokratisk medverknad enn att alle skal gjera som dei sjølve vil, er dette synsmåtar som har solide røter i luthersk tenkjjing. «Det kan godt vera at streikeleiinga ikkje er serleg smarte, men det er dei som er leiinga» – detta er ein måte å tenkja på som Luther ville kjent att. Kjernen i detta er ein sans for avklarte roller og ansvarstilhøve, og angst for spontanistisk anarki, som er typisk for lutheransk kultur. Og samanliknar ein organisasjonskulturen i godt fungerande, folkelege rørslor med Luther sitt bilete av den kristne brorskapen i kyrkjelyden, er parallellane slåande. Den unisone allsongen i forsamlinga i folkerørsler som fungerer, er berre eitt av mange typiske særtrekk.

Når det gjeld Luther si læra om to regiment, med kvar sine verkemåtar, har denne vorte so innarbeidd at ho sjølvsagt, og ugjenomtenkt, grunnlag for vår vurdering av alle konfliktar. Det åndelege regimentet skal verka gjennom ordet, ikkje sverdet! Difor er forsvar av ytringsfridomen eit opplagt samlingsmerke i tider der alle fyrtårn er sløkte. Soleis er det sjølvinnlysande for nordeuropeiske intellektuelle at den iranske staten skal instruera dei religiøse lærde til å gjera om att fatwaen – som ikkje er ein sekulær dom, men eit religiøst grunngjeve råd som den islamske lærde er personleg ansvarleg for – og som ikkje har noko med ein formell domarposisjon å gjera (ein fatwa døyr med han som gav han, og må då i tilfelle fornyast av andre). Kravet om at staten skal instruera dei lærde, er soleis i neste omgang eit krav om at dei lærde skal vera staten: Eit krav om å reindyrka dei mest yttarleggåande sidone av den islamske revolusjonen. Manglande medvit om dei grunnleggjande skilnadene mellom islam – der profeten ber sverd – og kristendom – der han ikkje gjer det – gjer soleis at mykje rart av heimeavla, kulturelle særdrag kan segla under merket «universelle verdiar». Dette vert spesielt tydeleg i dei nordeuropeiske statskyrkjelanda. Og den moralske oppøsinga over eit andeleg regimente med sverd – som i Iran – er i grunnen sjarmerande naiv i si oppriktige tillit til eit lutheransk verdsbilete – lenge etter at norske intellektuelle slutta å lesa Luther.

Sluttord

Eg har freista skissera nokre tråder å nøsta i når det gjeld Luther si tyding for oss. Og eg vedgår med ein gong at temaet er sopass vidt, og samanhengane sopass innfløkte at detta berre er eit utgangspunkt for vidare ordskifte. Vonleg vil nokre kjenna seg kalla! Men for å oppsummera for eigen del so langt: Luther og lutheranismen er interessant på to måtar:

-For det fyrste for å sjå premissa for nordeuropeiske intellektuelle si forståing og sjølvforståing.

-For det andre for å sjå røtene for den folkelege motstandstradisjonen i Noreg, som historisk botnar i at Noreg var det landet der reformasjonen minst hadde eit grunnlag mellom folk flest, og der katolske motstraumar hadde sterkast fotfeste.

Desse to sidone av Luther si historiske tyding gjeld ikkje berre ting som hende for 500 år sidan. Det gjeld det kulturelle og intellektuelle operativsystemet som ligg til grunn for alt me held på med av andelege syslar – mellom anna radikal politisk verksemd.