Matkrisa i historisk perspektiv

Av Philip McMichael

2009-04

Matkrisa er ei forstørring av ei langvarig krise i den samfunnsmessige reproduksjonen. Den skriv seg frå kolonialismen som vart utløyst av den nyliberale utviklinga i kapitalismen.
Philip McMichael er professor i sosiologi ved Cornell University

«Matkrisa» i 2007–2008 var toppen på eit isfjell. Svolt og matkrise er uløyseleg knytt til den moderne verda, og den brå veksten i matprisane vart ei fersk påminning om dét kulturelle fenomenet. Om lag på same vis som den velkjente observasjonen til Susan George om at svoltkatastrofar er det siste steget i ein prosess mot meir sårbare og oppsplitta samfunnsmessige reproduksjonsmekanismar, så representerer mat«krisa» ei forstørring av ei langvarig krise i den samfunnsmessige reproduksjonen som skriv seg frå kolonialismen, og som vart utløyst av den nyliberale utviklinga i kapitalismen.(1)

 

Kolonitida var starten på eit utbyttingstilhøve mellom Europa og resten av verda, der imperiesystem erstatta ikkje-europeiske forsyningssystem då koloniane vart omdanna til soner som skulle forsyne den europeiske kapitalismen med mat og råvarer.

 

I nyare historie har liberaliseringspolitikken forsterka omdanninga av Sør til ein «verdsfarm » for eit mindretal av globale konsumentar, konsentrerte i nord og i strategiske statar og byenklavar i sør. Den kombinerte tileigninga og omflyttinga av matproduksjon og -sirkulasjon ligg under den samfunnsmessig konstruerte knappe matforsyninga og permanente svolten som konservativt rekna rammar nær ein millard menneske (nær 14 prosent av menneska i verda).

 

«Agflasjonen» som gjorde verda merksam på denne krisa ved inngangen til 2008, dobla prisen på mais, kveiteprisen steig med 50 prosent og ris auka så mykje som 70 prosent, og førte verda inn i ei tid med underskot på mat.(2) I ein artikkel i The Economist kalla «Slutt på billig mat» merka redaktøren seg at matprisindeksen i bladet hadde nådd sitt høgaste nivå sidan starten i 1845. Matprisane hadde stige 75 prosent sidan 2005, og kornreservane i verda var på sitt lågaste, bare 54 dagar.(3) Ifølge International Food Policy Research Institute (IFPRI) ville agflasjonen pga veksande produksjon av biodrivstoff «føre til nedgang i tilgjengeleg mat og kalorikonsum i alle delar av verda, med det sub-sahariske Afrika hardast ramma».(4)

 

Dagens problem er knytt til intensivert energi- og matetterspørsel i ei tid der oljeproduksjonen har nådd toppen. Ein veksande klasse på ein milliard nye konsumentar dukkar opp i tjue «mellom-inntekts»-land «med samla forbruksevne, rekna i kjøpekraft, lik den i USA».(5) Gruppa omfattar nye medlemmer av OECD – Sør-Korea, Mexico, Tyrkia og Polen, i tillegg til Kina og India (40 prosent av denne totalen) – og velstandsymbolet deira er bileigarskap og forbruk av kjøtt. Desse to varane – saman ved aukande etterspørsel etter biodrivstoff og fôrproduksjon – forverrar inflasjonen på matvarer, ettersom deira gjensidige konkurranse om jord får den perverse effekten at alle avlingar blir meire verd, på same tid som dei tar over land brukt til matproduksjon.

 

Samtidig har finansspekulasjon forverra problemet. Til dømes steig prisen på ris med 31 prosent 27. mars 2008, og kveite med 29 prosent 25. februar 2008. New York Times meldte 22. april 2008 at«prisboomen har trekt til seg ein straum av nye investeringar frå Wall Street, rekna til så mykje som 130 milliardar dollar».

 

Ifølge same artikkel har Commodity Futures Trading Comission peika på at

«Wall Street-fond kontrollerer mellom ein femtedel og halvparten av framtidige kontraktar på varer som mais, kveite og storfe på børsane i Chicago, Kansas City og New York. På børsen i Chicago … sit fonda på 47 prosent av langsiktige kontraktar på levande svin, 40 prosent av kveite, 36 prosent av storfe og 21 prosent av mais.»(6)

 

Vanlege forklaringar viser til kombinasjonen av ekstremt vêrmønster og økologisk stress som årsak til presset på matjord. Som oppsummert av John Vidal i The Guardian i november 2007:

 

FNs miljøprogram sa planetens vatn, luft, dyre- og fiskebestand alle gjekk «ubønnhørleg attende». I følge FNs matprogram for verda (WFP) er femtisju land ramma av katastrofale flommar; 29 i Afrika, 19 i Asia, og 9 i Latin-Amerika. Avlingane er ramma av tørke og varmebølger i sør-Asia, Europa, Kina, Mozambik og Uruguay. (7)

 

Når det gjeld biodrivstoff kjem det i tillegg ein følgeeffekt, skissert av OECD-FAOs Agricultural Outlook 2007–2016, der ekspanderande produksjon av mais til etanol i USA reduserer arealet til matoljeproduksjon, slik at «matoljeprisen au stig som resultat av strammare forsyningar og prisauken vart forsterka av stigande etterspørsel etter maismjøl til fôr, og stigande etterspørsel etter vegetabilske oljer til biodiesel».(8) Slik sett er «stormen perfekt».

 

Men metaforen «perfekt storm» peikar på samanfall av tilsynelatande ukontrollerbare krefter, med endringar i etterspørsel som truar og blir trua av svinnande forsyningar.(9) Til dømes gir leiaren i Financial Times 9. april 2008 eit forenkla økonomisk syn på problem og løysing:

 

På litt lengre sikt må kravet vere å auke forsyningane, her ligg mykje av ansvaret på utviklingslanda – forbetra infrastruktur, medrekna naudsynt lagring av reservelager, få fleire land med i produksjonen og oppmuntre til forsikring av avlingane, eller fremme marknader der dei ikkje finst. Dei landa som gjør motstand mot å ta i bruk genmodifisert mat, må sjå ein gong til på produktivitetsvinsten det kan utløyse. Sikring av og stabilitet i matforsyningane blir forbetra når marknaden får lov til å virke gjennom klare og varige prissignal, og der regjeringane syt for naudsynt samfunnsmessig og fysisk infrastruktur.(10)

 

Mens marknaden kan gi signal om ressursbegrensingar, så er strukturen og politikken i marknaden i siste instans ansvarleg for denne situasjonen, og for tolkinga om at det trengst betre marknadstilpassing. Og av den grunn var det ikkje overraskande at selskapa og internasjonale finansinstitusjonar nytta høvet til å forsterke kontrollen over det globale matsystemet under krisa. I mellomtida har regjeringar med varierande ressurstilgang gripe til liberalisering av matimporten, pris- og/eller eksportkontroll på eigen produksjon for å dempe uro. Tvangsovertaking av jord er blitt konsekvensen av panikktiltaka styresmaktene grip til for å sikre seg mat utanlands.(11) Men til sjuande og sist signaliserer stigande matpriser at meir grunnleggande prosessar er i arbeid, tydelege både i svoltkatastrofar og matopprør – fenomen med lange røtter.

 

Matopprør og svolt i imperiet

 

Frå «etisk økonomi» til borgarrettar – matopprør viser at sosiale normer har blitt krenka.(12) Utanfor Europa der kolonialismen førte til økologisk og kulturell kata-strofe, tok matopprør karakteristiske former. Sjå til dømes det Mike Davis omtaler som eit sakte viktoriansk holocaust som strekte seg frå India gjennom nordlege Kina til Brasil. Det Davis kalte synkroniserte El Niño-svoltkatastrofar – tilsynelatande pga øydeleggande tørke tvers over tropene den siste fjerdeparten av attenhundretallet, som førte til store dødstall pga svolt (overslaga varierer mellom tretti og seksti millionar menneske) – vart faktisk forsterka av imperiet. Det imperiet fullførte i India td, var avviklinga av den landsbybaserte nødlagringa av korn, ettersom korn blei ein vare og gjort om til eksportprodukt. Før det britiske styret, «før opprettinga av ein jernbanebasert nasjonal kornmarknad, var reservelagra av korn i landsbyane større, eit slektbasert velferdssystem meir utbreidd, og kornprisane i overskotsområde betre verna mot spekulasjon».(13) Davis påpeikar at transportsystemet – medrekna telegrafen og samordninga av prisvandringar han førte til, uavhengig av lokale tilhøve – sette oppkjøparane langs linja i stand til å overføre kornreservar frå det tørkeramma baklandet til hamstrande sentra. Med hjelp av det vart India «tvunge inn i verdsmarknaden» og mellom 1875 og 1900, dei verste svoltåra i hungersperioden, auka korneksporten frå tri til ti millionar tonn per år, ei mengd tilsvarande det årlege ernæringsbehovet til tjuefem millionar menneske, samtidig med at mellom tolv og tjueni millionar menneske døde i perioden, etter grove overslag. Som Davis seier: «Londonarane åt faktisk brødet til indarane», og siterer ein observatør som skreiv: «Det ser ut som ein anomali, det at India med sine svoltkatastrofar er i stand til å forsyne andre delar av verda med mat.»(14) Neppe ein anomali, slike perversitetar viser marknaden over alt, det skjedde til dømes under den irske potetsvolten på 1840-tallet, eit hundreår seinare i 1943 i Bengalen, og i seinare svoltkatastrofar, der mat har blitt omdirigert av kommersielle grunnar.

 

I ei talande avsløring av den nærsynte økonomiske liberalismen, legg Davis vekt på at «den perverse konsekvensen av ein felles marknad var eksport av svolt, gjennom inflasjon, til dei fattige på landsbygda i distrikt med kornoverskot.»(15) Svaret frå det som kom til å bli kalla tredje verda, var eit antiimperialistisk credo som la grunnlaget for avkoloniseringsrørslene i det tjuande hundreåret. Mens Polanyis «doble rørsle» med sosialt vern mot marknadsprivatiseringa beskreiv den framveksande europeiske moderniteten, fullførte Davis fortellinga ved å avsløre det han kalla «den hemmelege historia om det nittande hundreåret» – ved å dokumentere den djupe verknaden gullstandarden hadde på den ikkje-europeiske verda. Modernitet betydde for ikkje-europearar at det materielle livet deira vart objekt for prismekanismar, som vart ei brekkstang for at basis- og nye ressursar på lik linje kunne fjernast utan umiddelbart synlege krefter, og frakta av profittskapande kjøpmenn til betalande konsumentar i Europa. Kort sagt var modernitet tviegga, og mathandelen byr på eit av dei mest dramatiske bileta på det paradokset.

 

Eit tidleg matopprør tok kampen opp mot den berykta «tempellønna» som vart innført i 1877 av viseguvernøren i Bengal under det militære styret til den sentrale guvernøren Lord Lytton. Formålet var å redusere kostnadene ved hjelpearbeidet sett i verk av regjeringane i Bombay og Madras. Denne risrasjonen, utan tillegg av proteinrik mat som fisk eller kjøtt, «gav mindre næringsgrunnlag for hardt arbeid enn dietten i den illgjetne konsentrasjonsleiren Buchenwald, og mindre enn halvparten av det den indiske regjeringa i dag set som kaloristandard for vaksne menneske.» Resultatet var at det ble en streik til støtte, der svoltramma bønder «organiserte svære Gandhi-liknande protestar mot risreduksjonen »,(16) dei dro frå arbeidsleirane en masse, og laga ei kortliva proto-nasjonalistisk rørsle blant kjøpmenn på lokalnivå, jordeigarar som budde utanfor området og handverkarar. Det førte til at visekongen auka rasjonane og sette ned arbeidsmengda i leirane.

 

Kina hadde på same vis som India komplekse før-koloniale system, der «både mogular og maratar tilpassa reglane sine på fleksibelt vis for å ta høgde for viktige økologiske samanhengar og uføreseielege klimasvingingar i dei tørketilbøyelege regionane på subkontinentet». Her hadde ein kombinasjon av tørke og monsunflom midt på 1870-tallet avslørt eit korrupt system i kornreservane «takk vere fantastisk svindel frå hundrevis av korrupte tjenestemenn og medsvorne handelsmenn, pluss at Grand Canal ikkje kunne seglast på grunn av årstida. »

 

I tillegg til å ete seg frå heimane sine pakka svoltramma bønder seg saman i underjordiske holer då hjelpetiltaka minka, og i Shandong «organiserte bondekvinner svært teatralske demonstrasjonar, ulikt tidlegare hendingar, mot grådige folk frå lågadelen og uærlege tjenestemenn.»(17) Davis hevdar denne typen ritualiserte protestar var uttrykk for ein uttalt «etisk økonomi», og seier at slik «militant sjølvorganisering generelt bare var mauleg i den tidlege fasen av svoltperioden, før svolten byrja øydelegge den sosiale veven i landsbyen, og til slutt den utvida familien sjølv.»

 

Ulikt det kastedelte India, peikar Davis på «ei oppblomstring av ikkje-ortodokse religiøse sekter og undergrunnsgrupper som var motstandarar av Qing-tradisjonane, og som baud kinesiske bønder eit kulturelt mønster å organisere etter og legitimerte bondeopprør.» I Lushan Hsien som hadde tradisjonar med bandittvesen og opprør, gjorde bøndene og vatningsarbeidarane opprør, opna små kornlager for dei fattige og starta opprør blant titusenvis som til slutt vart slått ned av regjerningssoldatar.

 

På 1870-tallet førte tørke og monokultur i sukkerproduksjonen i nordaustlege Brasil, saman med eit lukka system for kornhandel, til at bøndene måtte rømme til kystområdet, noko som igjen førte til at ein sveltande mobb plyndra marknaden i Fortaleza. Det førte til arbeidsleirar med eit rasjoneringssystem som «var ein bankett samanlikna med tempellønna» sjølv om levekåra var «like elendige som i Deccan.»(18)

 

I alle tilfella fekk raseriet til sveltande bønder uttrykk i matopprør. Slike opprør fødde av desperat naud gav næring til millenaristrørslene som knytta «umoralen» til kompradorar og kolonistar. Tvers over austlege og søraustlege Asia og Afrika vart religion blanda med antikolonial kamp, og førte til diskusjonar om den samfunnsmessige krafta til det ein kunne kalle «halvproletariatet » sett frå ein synsvinkel, eller frå ein annan synsvinkel: bonderevolusjon av Mao Zedongs type (Yanan-modellen).(19) Det overordna er sjølvsagt at mens tilgangen på mat kunne bli redusert gjennom oppblåsing av marknaden eller handelsstans eller rasjonering til fordrivne bønder, så var matopprør i koloniale eller postkoloniale område uunngåeleg knytt til klagar på det politisk-økonomiske systemet og som tente kamp mot koloniseringa tvers gjennom alle dei gjenverande europeiske imperia.

 

Nyliberalismen

 

Nyliberalismen har sitt opphav i gjenoppbygginga av økonomien i etterkrigstida, då avkoloniseringa førte med seg eit tilnærma komplett statssystem prega av den kalde krigens politikk, og USA og Sovjetunionen utvikla hjelpeprogram for å sikre seg innverknad og for å styrke eigen kapasitet industrielt og militært.(20) Tvillingarven med tydeleg (og relativ) utarming saman med veksande utviklingskrav frå antikoloniale rørsler førte på femtitallet til eit «utviklingsprosjekt », utarbeidd i Washington, London og Paris, og på Bretton Woods-konferansen i 1944, som skapte Verdsbanken og søsterorganisasjonen, Det internasjonale pengefondet.(21)

 

Bilateral økonomisk makt overskygga multilateralisme i verdssystemet. USAs mathjelpprogram som vart formalisert gjennom Public Law 480 i 1954, dominerte handelen med mat dei neste to tiåra. USA-styrte matforsyningar vart gitt som konsesjonar til statar som geopolitisk stod i fronten, og/eller dei som vart sett som framtidige kundar etter at hjelp vart endra til handel. Dette eksportregimet for mat omforma vestleggjorde, faktisk, kosthaldet til dei nye bybefolkningane i industrialiserte område i tredje verda, på same tid som det undergravde bøndene med lågt prisa basismat.(22)

 

Postkoloniale statar som var vestlegdominerte gjennom (teknisk og militær) hjelp og handel tok til seg utviklingsmodellen, kommersialiserte offentleg eigedom (jord, skog, vatn, genetiske ressursar, kunnskapen til urfolka), og utvida handelsbasert matproduksjon for å betale for teknologiimport og luksuriøse forbruksvarer. Eksisterande kulturar opplevde vedvarande åtak frå billeg matimport og utvida marknadsgjøring. Fordriving av bønder blei intensivert med styrkinga av primitive koloniale akkumulasjonsmetodar i dei postkoloniale statane. Frå 1950 til 1997 gjekk landsbygdbefolkninga i verda ned med rundt 25 prosent, og no bur 63 prosent av bybefolkninga i verda i, og i utkantane av storbyane som breier seg ut i Sør.(23)

 

Monokulturar omforma landsbygda ettersom den amerikanske modellen for kapital-energi-intensivt landbruk blei universell gjennom den europeiske Marshallplanen, spreiing av landbruksindustrien med støtte frå tilsvarande fond på mathjelpprogram, og teknologi knytt til den grønne revolusjonen. Då urbaniseringa spreidde seg raskt i Sør, eksploderte veksten av supermarknader, og inkorporerte små eller uavhengige produsentar i sine kontraktnett, og vidare inn på verdsmarknaden på mat. (24) (Men store supermarknader har ofte bidradd til å eliminere tradisjonelle marknader for småprodusentar, og sett mange ut av produksjon.) Knytt til det er oppblomstringa av konserneigd industrilandbruk – i dag retta mot Argentina, Brasil, Kina, India, Mexico, Pakistan, Filippinane, Sør-Afrika, Taiwan og Thailand. Asia er hovudområdet for den verdsomspennande prosessen, og står for to tredjedelar av kjøttforbruket, som i hovudsak er produsert på brasilianske soyabønner.(25) Med framveksten av den kinesiske middelklassen har Kina endra seg frå å vere netto eksportør av soyabønner til verdas største importør av soyabønner og -olje, og omformar brasiliansk beiteland til soyamarker ettersom kvegflokkar invaderer Amazonas.(26) Frå eit materielt og finansielt perspektiv er den globale integrasjonen av matforsyning, kosthald og produksjonsforhold grunnen til at auka matprisar kan spreie seg som virus i det tjueførste hundreåret, og viser krisa til den nyliberale utviklingsmodellen.

 

Frå eit institusjonelt perspektiv vart den nyliberale utviklinga samanfatta i danninga av World Trade Organization (WTO) i 1995 – liberaliserings- og privatiseringsregimet fremma samordninga av jordbruksnæringa og matmarknader på verdsbasis. WTO-avtalen Agreement on Agriculture (AoA) gjør det ulovleg med kunstig prisstøtte gjennom handelsrestriksjonar, produksjonskontroll eller statlege handelsråd. Ved å tvinge landa i Sør til å opne landbrukssektoren, mens USA og EU hadde store subsidiar, blei det skapt det som misleiande er oppfatta som «komparative fordelar», ved å skape dei historisk lågaste prisane på korn, kjøtt og mjølkeprodukt i desse landa. Ved å kople subsidiane frå prisane fjernar ein lågaste pris, og etablerer på effektivt vis «verdsprisar» på landbruksvarer – som har falle 30 prosent eller meir sidan 1994. Gjennom AoAs reglar for «minsteimport» er land nekta å følge ein sjølvforsyningsstrategi, og jamvel med ein slik relativt låg marknadstilgang har det å bli utsett for den kunstige verdsprisen øydelagt småprodusentar over alt, flytta dei til urban slum eller som arbeidskraft på plantasjar og jordbruksgods innretta på eksport av mat til relativt rike konsumentar på verdsbasis. Den resulterande styrkinga av dei store matselskapa under WTO-regimet har gjort det mauleg å privatisere «matsikring» hos dei store selskapa.(27)

 

Den opprinnelege senkinga av matprisane som førte til at småprodusentane vart øydelagte, har no ført til agflasjonen med auka monopolkontroll på matforsyningane i verda. Under slike tilhøve med «liberalisering » gjekk faktisk overføringa av inflasjonen på matprisane automatisk. Raj Patel merka seg at mens prisen på ris steig over heile Asia i 2008:

Men Aust-Asia har ikkje blitt påverka. I Kina har prisen knapt gått opp i det heile, og er lågare enn i fjor. Samanlikn det med 200 prosent auke på Filippinane i same periode. Sør-Korea opnar kornreservane sine for å halde prisen nede. Japan er ikkje ramma i det heile tatt, tydelegvis. Kva skil desse tri landa frå dei andre i Asia? For det første har dei sin eigen innanlandske produksjon. For det andre supplerer dei eigen produksjon med eigne kornreservar. For det tredje kan dei bare gjøre dette fordi dei er aggressive og mektige forhandlarar i internasjonale handelsforhandlingar. Japan har lenge sagt at ris ikkje bare er ein vare, men ein måte å leve på.(28)

 

Ut over prisendringar er krisa innebygd i grunnleggande strukturendringar i matsystemet i verda. Det me kan kalle «mat frå ingenstad»-regimet(29) vaks fram gjennom den faste endringa frå produksjon av basismatvarer til produksjon av eksportmatvarer – enten ved at Nord dumpa sine landbruksvarer, eller ved at Sør slutta seg til ein kapitalistisk eksportstrategi for å betale gjeld. Chile, den største leverandøren av frukt og grønt til Europa og Nord-Amerika, hadde nedgang på meir enn ein tredjedel på bønner, kveite og andre basisvarer då plantasjane gjorde småprodusentane til midlertidig arbeidskraft. På slutten av det tjuande hundreåret er overslaget at mellom tjue og tretti millionar menneske verda over har mista jorda si som resultat av handelsliberalisering og eksportjordbruk. (30) Dei fortrengte utgjør ein midlertidig arbeidsstyrke i utkanten av byane, og pressar sjølvsagt lønningane ned på verdsbasis då næringslivet drar fordel av dei lågtlønna, og set ut arbeid. Konsekvensen er reduksjon av matproduksjon på småbruk for dei fattige og dei fattige blir meir sårbare med stigande matprisar. Desse trendane er bare forverra med intensivert «globalt jordran» som har understreka fordrivinga med privat tileigning og offentleg pålagt omlegging frå jordbruksland til sikring av energitilgang (biodrivstoff ) utan matsikring, i etterdønningane etter «matkrisa» nyleg. Det ironiske er at regjeringane viser lita tru på marknaden og på «matsikring», og investerer i jord utanlands for å sikre seg matforsyningar i tilfelle mangel i framtida.(31)

 

Sporen til slike initiativ utanfor marknaden er den alltid eksisterande trusselen om matopptøyar som regjeringane evig og alltid er sårbare for. Matopprøra som skylte over verda i 2007 og 2008 (Italia, Usbekistan, Marokko, Guinea, Mauritania, Senegal, Vest-Bengal, Indonesia, Zimbabwe, Burkina Faso, Kamerun, Jemen, Jordan, Saudi-Arabia, Egypt, Mexico, Argentina og Haiti) vitna om stigande prisar på basismatvarer, som tvinga president Préval på Haiti til å gå av. Matopptøyar i byane uttrykker i dag misnøye med nyliberal politikk, som har bygd ned offentleg sektor (særleg matreservar), og gjort landa i sør meir avhengige av mat utanfrå. Som svar har regjeringane sett i verk moratorium på mateksport, og i 2008 stengte forbod mot kveiteeksport frå Kasakhstan, Russland, Ukraina og Argentina ein tredjedel av verdsmarknaden, Når det gjeld ris, har eksportforbod eller restriksjonar i Kina, Indonesia, Vietnam, Egypt, India og Kambodsja ført til at i hovudsak Thailand og USA framleis eksporterer og gir næring til agflasjonen. (32) I følge ein rapport:

Land som Bangladesh kan ikkje kjøpe risen dei treng, fordi prisane er så høge. I årevis har Verdsbanken og IMF sagt at liberalisering av marknaden vil gi det mest effektive systemet for produksjon og distribusjon av mat, likevel er verdas fattigaste land i dag tvungne til overbodskrig mot spekulantar og kjøpmenn som har store dagar. Hedgefond og andre kjelder til raske pengar pøser milliardar av dollar inn i varer for å komme unna sviktande børsmarknader og kredittkrise, og gjør matvarer endå mindre tilgjengelege for fattigfolk. Etter enkelte overslag kontrollerer investeringsfond no 50–60 prosent av kveitehandelen på dei største matvarebørsane i verda. (33)

 

Som resultat avslørte krisa at det nyliberale matregimet er sårbart, der mat i stor skala blir omgjort til varer og spekulasjonsmål. Kontrollert enten av finansmarknaden eller jordbruksnæringa, gir det inflasjon (sjølv med rekordavlingar på basisvarer).(34) Matlagra er svært sentraliserte – fem selskap kontrollerer 90 prosent av den internasjonale kornhandelen, tri land produserer 70 prosent av eksportert mais, og dei tretti største detaljhandlane for mat kontroller ein tredjedel av matvarehandelen.(35) Slik konsentrasjon av selskapsmakt blei mauleg gjennom synet som blei uttrykt av leiaren for Cargill:

«Det er ei misoppfatning at det viktigaste behovet i landbrukspolitikken i utviklingslanda er å utvikle matprodukjson til eigen bruk. Det er misvisande. Land må produsere det dei produserer best – og handle.»(36)

 

Liberalisert handel etter WTOs reglar har omstrukturert matproduksjon og -handel, gjort land meir avhengige av matvarehjelp som starta då prisane var låge. Kveiteimporten til Afrika auka «med 35 prosent mellom 1996 og 2000, mens totalverdien av den stadig billigare importen faktisk fall med 13 prosent i snitt»(37). Omkring 70 prosent av landa i Sør er netto matimportørar (38), og i 2007 «steig rekninga på matimporten til utviklingslanda med 25 prosent då prisane steig.»(39) Slik matavhengighet kjem ofte som resultat av importvekst på produkt med lågpris til skade for eigne produsentar. FAO merka seg 669 tilfelle av stigande kyllingimport mellom 1983 og 2003, 50 prosent av dei i Afrika som bare står for 5 prosent av kyllinghandelen på verdsbasis. I dette tidsrommet blei 70 prosent av kyllingproduksjonen i Senegal og 90 prosent av Ghanas feid over ende av kyllingimport frå USA, EU og Brasil.(40) I mellomtida førte gjeldskrisa til nedbygging av strategiske kornreservar i Sør. Internasjonale organ som IMF gjorde framlegg om at regjeringane (til dømes i Malawi)(41) måtte redusere strategiske kornlager for å betale gjeld (42), og regjeringar som i India selde kornreservar på verdsmarknaden(43). Den internasjonale bonderørsla Via Campesina peika på:

Nasjonale matreservar er privatiserte og blir no drive som multinasjonale selskap. Dei ter seg som spekulantar i staden for å forsvare bønder og forbrukarar. På same vis blir garanterte prisar fjerna over heile verda som del av den nyliberale pakka, og bøndene og forbrukarane blir utsette for ekstremt ustabile prisar. (44)

 

Paul Krugman tok opp problemet i ein kommentar i New York Times, «Det løpske kornet»:

Regjeringar og private kornhandlarar hadde store lager i normale tider, i tilfelle dårlege avlingar skapte brå manglar. Men i åras løp har desse lagra fått lov til å minke, i hovudsak fordi alle byrja tru at dei som fekk dårlege avlingar, alltids kunne importere maten dei trengte. (45)

 

Ikkje ulikt avviklinga eller øydelegginga av vanlege kornreservar i koloniale bakland, så erstattar matregimet til storkonserna offentleg styring av matforsyninga med prismekanismen. Konsekvensen har blitt rask fjerning av hindringar saman med prisauke for basismatvarer. Men spreiinga av stigande matprisar er ikkje bare eit spørsmål om marknadsintegrasjon, heller eit resultat av maktkonsolidering i landbruks- og næringsmiddelsektoren. Eit eksempel her er den meksikanske maismarknaden. Mens maisprisane fall samanhengande etter at NAFTA hadde liberalisert maisimporten frå USA, så vart tortillaprisane tridobla på 1990-tallet. Og i 2006 då verdsprisen på mais steig svært raskt, blei tortillaprisen dobla igjen, slik at «folk med låg inntekt vart prisa ut av tortillamarknaden, og tvunge over på mindre næringsrike alternativ som kvitt brød og japanske nudlar».(46) Med bare to næringsmiddelprodusentar som har kontroll over 97 prosent av maismjølmarknaden til industrien, og reduserte statlege matsubsidiar, så har tortillaopprør blitt ein del av det politiske landskapet – stimulert av 10 prosent reduksjon i lønnene som resultat av migrasjon frå landsbygda pga maisimport. (47)

 

Typisk for matkrisa er det meksikanske underforbruket knytt til korleis profitten blir skapt. Mens reallønna har gått ned og tortillaprisen har stige, så har produksjonskostnadene på tortilla blitt skåre ned – slik industrielle metodar har forsemra matvarene for den fattige arbeidarklassen. Dvs at kapitalen med statleg støtte har klart å redusere kostnadene og heve prisane – eit resultat avhengig av nyliberale handelsvilkår saman med kameraderi og privatisering av den meksikanske staten.

 

Konsolideringa av jordbruksnæringa under det nyliberale matregimet skaper slik grunnlaget for matkrisa i verda. Liberalisering og privatisering verkar saman til å aksellerere sirkulasjonen av mat globalt, og restrukturerer matproduksjonen og matvarehandelen på storselskapas vilkår. Det set selskapa i stand til å skape profitt ved å bestemme prisane, i tillegg til spreiing av stigande prisar gjennom integrasjon av marknader på landbruks- og matprodukt. Monopolstrukturen i den tungt subsidierte jordbruksnæringa betyr ikkje bare at produsentane får lågare prisar for produkta sine, men au at oppkjøparar, næringsmiddelindustrien og salsledda er i posisjon til å heve matprisane. Profittraten i jordbruksnæringa har stige høgt; til dømes steig Cargills profitt med 36 prosent i 2007, AMDs 67 prosent, og Bunges 49 prosent, mens Cargills nettoinntjening steig med 86 prosent første kvartal 2008, AMDs bruttoprofitt gjekk opp 55 prosent og bruttoprofitten til Bunge auka med 189 prosent. Gjødselselskap profitterte au – til dømes steig profitten til Potash Corporation med 72 prosent i 2007, og profitten til Mosaic steig med 141 prosent, mens nettoinntekta til Potash steig 186 prosent første kvartal 2008 og Mosaics nettoinntekt steig meir enn 1200 prosent. I mellomtida har produsentar av såkorn og landsbrukskjemikaliar meldt om uvanlege profittar i 2007: Monsanto 44 prosent, DuPont 19 prosent og Syngenta 28 prosent.(48) Stigande prisar på innsatsmiddel som gjødsel, såkorn og sprøytemiddel forklarer korfor dei fleste småbrukarane ikkje har tjent på stigande matprisar. GRAIN skriv:

Nært knytt til utforminga av handelsreglar som styrer dagens matsystem, og med tett kontroll av marknader og det stadig meir komplekse finanssystemet som den globale handelen opererer i, er desse selskapa perfekt posisjonert for å gjøre knappe matressursar til umåtelege profittar. Folk treng mat, uansett kva det kostar.(49)

 

Konklusjon

 

Selskapskontroll gjennom eit matregime basert på liberaliserte marknader er ein naturleg følge av globaliseringa av eit system som oppmuntrar til auka matprisar, og spreier dei raskt verda over. Men røttene ligg i industrilandbruket, og at det er tungt avhengig av fossilt brensel. Som ein rapport frå Chatham House nyleg hevdar, å produsere «eitt tonn mais i USA krev 160 liter olje, samanlikna med bare 4,8 liter i Mexico der bøndene brukar meir tradisjonelle metodar. I 2005 stod energikostnadene for så mykje som 16 prosent av dei totale produksjonskostnadene i landbruket i USA, ein tredjedel til drivstoff medrekna elektrisistet, og to tredjedelar indirekte, til produksjon av gjødsel og kjemikaliar.»(50) Det siste er sjølvsagt ansvarleg for «peak soil»-krisa – utarminga av jordsmonnet – ettersom uorganisk gjødsel og monokulturar (med opphav i plantasjesystemet i koloniane) har intensivert brotet i stoffskiftet (metabolic rift) der organiseringa av samfunnet bryt karbon- og næringssyklane i naturen og utarmar jordsmonnet. Det betyr at mens det framleis er dyrkbar jord tilgjengeleg i verda, så viser jorda som er i bruk, teikn på utmatting og erosjon som peikar mot at verda står framfor jamt nedgåande avkasting under det noverande regimet som er avhengig av og basert på petroleumsbasert gjødsel og plantemiddel.

 

Tvillingkrisa med topp i oljeproduksjon og jordsmonn legitimerer eit globalt agrodrivstoffprosjekt, for å supplere (i hovudsak) drivstoffbehov i Nord med billigare (i hovudsak frå Sør) typer etanol og biodiesel, men utan vesentleg effekt på dei totale utsleppa av drivhusgassar.(51) Ironisk nok har industrilandbruket som er avhengig av fossilt drivstoff, bidradd til jakt på alternative, fornybare energikjelder, som biodrivstoff. Men biodrivstoff gjør problemet meir samansett, ikkje bare fordi dei snaut dekkar opp for utsleppa, men au ved å legge press på dyrkbar jord. Eit selskap som eit tiår tilbake hevda dei skulle «gi mat til verda» med ny bioteknologi, legg seg no på ei industrilandbrukslinje som er avhengig av å erstatte matdyrking med dyrking av planter til biodrivstoff. Vanlege oppfatningar om den underliggande årsaka til inflasjon på mat legg stor skyld på biodrivstoffrevolusjonen, der ein forfattar merkar seg at den ikkje bærekraftige politikken for agrokultur og agrodrivstoff i USA og EU har ført til «stort handelsunderskott på mat i begge område», «i sentrum for dagens priseksplosjon på landbruksvarer».(52) Her er resonnementet at matlagra i Nord blei kjørt ned av svulmande handelsunderskott, i tillegg til tungt subsidierte tiltak for biodrivstoff, særleg til maisetanol i USA, kjenneteikna av internasjonale institusjonar som hovudskyldig i priseksplosjonen på mat:

 

Ifølge FAO står maisetanol i USA for ein tredjedel av auken i verdsprisane på mais, og 70 prosent ifølge IMF. Overslag frå Verdsbanken seier at USAs politikk er ansvarleg for 65 prosent av veksten i landbruksprisane, og for … den tidlegare sjefs-økonomen i USDA forklarer det 60 prosent av prisauken. Verdsbanken slår fast at «Prisane for desse avlingane som blir brukt til biodrivstoff, har stige raskare enn andre matprisar dei siste to åra, der kornprisane har gått opp med 144 prosent, oljevekstar med 157 prosent, og andre matprisar bare opp 11 prosent.» USA er, som resultat av at dei produserer etanol av mais, klart ansvarleg for priseksplosjonen på matvarer i verda. Den nest største maiseksportøren i verda, Brasil, produserer etanol av sukkerrøyr og har slik sett ikkje påverka verdsprisane på mais. I tillegg til USAs etanolprogram på mais, har programmet deira for biodiesel (soyabønner) au bidradd til himmelhøge prisar.(53)

 

Marknadsfetisjismen som er tydeleg der industrilandbruket omformar mest alle landbruksprodukt til udifferensierte varer (naturlegvis med store subsidiar til drivstoffavlingar så vel som andre subsidiar), gjør liberaliseringa av landbruket til ei fleirtydig sak. Liberaliseringa har skapt eit handelsregime som med stø kurs har bygd ned vern av innanlands jordbruk i Sør, mens Nord har fått halde fram med å subsidiere industrilandbruket. Nye subsidiar til agrodrivstoff har gitt gjenklang i verdsmarknaden for mat i form av inflasjon. På same tid har liberalisering og strukturtilpassing forsterka eksporten av nokre matvarer frå Sør, no blir eksport av produkt til agrodrivstoff oppmuntra av European Emissions Trading Scheme. Enten i form av kaloriar eller energivekstar held Sør fram med å forsyne det nordlege forbruksmønsteret. På same tid har mange land som Mexico og Jamaica senka produksjonen av basisvarer til innanlands forbruk kraftig.

 

Eit viktig korrektiv til det nykoloniale mønsteret er innblandinga frå rørsla for matsuverenitet, som vaks fram på 1990-tallet som ei utfordring til privatiseringa av matsikring, og som hevdar at «svolt ikkje er eit spørsmål om midlar, men om rettar».(54) Med andre ord må statar så vel som lokalsamfunn, særleg produsentar, ha rett til å utvikle sin eigne politiske instrument, medrekna vernetiltak slik at innbyggarane kan få passande og næringsrik mat dei har behov for, og på kulturelt og økologisk høveleg vis. Det betyr ein slutt på eller drastisk beskjæring av matregima – og av selskapa som kontrollerer dei – som er innretta på produksjon for dei (overalt) med kjøpekraft til å skaffe seg maten dei ønskar.

 

Me står i starten på ein æra der industrilandbruket møter aukande problem og minkande støtte, og der visjonen om matsuverenitet har ein sjanse til gradvis å bli realisert. Matkrisa i 2007–2008 tjener som ei påminning om langvarig ulikskap i matregimet i verda, og korleis det sosialt og økologisk manglar bærekraft.

 

 

(Artikkelen sto i Monthly Review sitt juli-augustnummer, og trykkes med tidsskriftets tillatelse. Gunnar Danielsen har oversatt artikkelen fra engelsk.)

 

Notar:

  1. Susan George, How The Other Half Dies: The Real Reasons for World Hunger (Montclair, NJ: Allenheld, Osmun and Co, 1977)
  2. John Vidal, «Climate change and shortages of fuel signal global food crisis,» Guardian Weekly, 9. november 2007.
  3. Eric Holt-Giménez og Isabella Kenfield, «When ‘Renewable Isn’t Sustainable,’ Agrofuels and the Inconvenient Truths Behind the 2007 U.S. Energy Independence and Security Act,» Policy Brief No 13, (Oakland: Institute for Food and Development Policy, 2008), 3.
  4. Same stad.
  5. N. Myers og J. Kent, «New consumers: The influence of affluence on the environment,» Proceedings of the National Academy of Sciences of the USA (PNAS) 100, 8 (2003), 4963-8; men sjå Daryll Ray, «Data show that China’s more meat-based diet is NOT the cause of ballooned international corn prices?» Agricultural Policy Analysis Center, 2008.
  6. Sitert i Jacques Berthelot, «Sorting the truth out from the lies about the explosion of world agricultural prices,» Solidarité, (solidarite.asso.fr) 18. mai 2008.
  7. Sitert i John Vidal, «Climate change and shortages of fuel signal global food crisis,» Guardian Weekly, 9. november 2007, 3.
  8. Sitert same stad.
  9. På leiarplass i The New York Times: «Veksten i matprisane skuldast dels ukontrollerbare krefter – medrekna veksande energikostnader og veksande middelklasse i Kina og India. Det har ført til veksande etterspørsel etter animalsk protein, som krev store mengder korn. Men den rike verda forverrar denne effekten ved å støtte produksjonen av biodrivstoff.» (9. april 2008.)
  10. Leiar, Finacial Times, (www.ft.com) 9. april 2008. 
  11. The Wall Street Journal skreiv at i januar «sa Kina dei ville pålegge produsentar av gris, egg og andre landbruksvarer å søke løyve før dei auka prisane…. Thailand tar liknande steg for hurtigkokte nudlar og matolje, mens Russland freistar legge lokk på prisane på visse typar brød, egg og mjølk. Andre som Mexico prøver kontrollere prisen på tortillas, og Venezuela set tak på prisen på basisvarer som mjølk og sukker. Malaysia opprettar eit nasjonalt prisråd for å overvake matprisar og legg planar for naudlagring av basisvarer,» P. Barta, «The Unsavory Cost of Capping Food Prices,» Wall Street Journal, (www.wsj.com) 4. februar 2008.
  12. Raj Patel, «Food riots,» i Immanuel Ness, (red.), The International Encyclopedia of Revolution and Protest (New York: Blackwell, 2009).
  13. Mike Davis, Late Victorian Holocausts, El Niño Famines and the Making of the Third World (New York: Verso, 2001), 285.
  14. Som ovanfor, 7, 26, 299.
  15. Som ovanfor, 285.
  16. Som ovanfor, 38, 41.
  17. Som ovanfor, 287, 65, 67.
  18. Som ovanfor, 68, 70,71, 87-88.
  19. Som ovanfor, 207-08; Mark Selden, Yenan Way in Revolutionary China. (Cambridge: Harvard University Press, 1971).
  20. Harry Magdoff, The Age of Imperialism (New York: Monthly Review Press, 1969).
  21. Philip McMichael, Development and Social Change: A Global Perspective (Thousand Oaks: Pine Forge Press, 2008).
  22. Harriet Friedmann, «The political economy of food: the rise and fall of the postwar international food order,» American Journal of Sociology, 88S (1982): 248-86.
  23. Farshad Araghi, «Global De-Peasantization, 1945-1990.» The Sociological Quarterly 36, 2 (1995), 337-68; og Farshad Araghi, «The Invisible Hand and the Visible Foot: Peasants, Dispossession And Globalization,» i A H Akram-Lodhi og C. Kay, red. Peasants and Globalization: Political Economy, Rural Transformation and the Agrarian Question, (London & New York: Routledge, 2008), 111-47.
  24. Reardon, T., C. P. Timmer, C. B. Barrett, J. Berdegue, «The Rise of Supermarkets in Africa, Asia and Latin America,» American Journal of Agricultural Economics 85, no. 5 (2003):1140-46.
  25. Howard French, «Linking Globalization, Consumption, and Governance,» i Linda Starke (red.) State Of the World, 2004: The Consumer Society (Washington, DC: The WorldWatch Institute, 2004).
  26. Larry Rohter, «Relentless Foe of the Amazon Jungle: Soybeans,» The New York Times, 17. september 2003.
  27. Philip McMichael, «Food security and social reproduction: Issues and contradictions,» i Isabella Bakker og Stephen Gill, (red.) Power, Production and Social Reproduction, (London: Palgrave MacMillan, 2008), 169-89.
  28. Raj Patel, «The story of rice,» Raj’s Blog, (www.stuffedandstarved.org ) 5. april 2008.
  29. Jose Bové og Francois Dufour, The World is Not For Sale (London: Verso, 2001); Philip McMichael, «La Restructuration Globale des Systems Agro- Alimentaires,» Mondes en Developpment, 30, 117 (2002), 45-54.
  30. John Madeley, Hungry for Trade (London & New York: Zed Books, 2000), 54-55, 75.
  31. GRAIN, «Seized: The 2008 Land Grab for Food and Financial Security,» Seedling (www.grain.org) (2008).
  32. Som ovanfor, 2.
  33. Same stad.
  34. Susan Ambler-Edwards, et al., Food Futures: Rethinking UK Strategy (A Chatham House Report, 2009), 12. (www.chathamhouse.org.uk/files/13248_r0109foodfutures.pdf )
  35. John Madeley, Big Business: Poor Peoples (London & New York: Zed, 2008), 43; og I. Angus, «Food Crisis: ‘The Greatest Demonstration of the Historical Failure of the Capitalist Model,’» Global Research (28. april 2008).
  36. Sitert i M. Lynas, «Selling starvation,» Corporate Watch 7, våren 2001.
  37. Peter Rosset, Food is Different: Why We Must Get the WTO Out of Agriculture (London: Zed Books, 2006), 65.
  38. GRAIN, som ovanfor, 2.
  39. Leiar i The New York Times 10. april 2008.
  40. Aileen Kwa, «The Doha Round – If Truth be Told», Focus on the Global South (2007). (http://focusweb.org/the-doha-round-if-truth-be-told.html)
  41. Legg merke til at Malawi seinare snudde opp ned på dette ved å innføre subsidiar på gjødsel igjen, mot rådet frå Storbritannia og USA, «og bidro til ei brei omvurdering av landbrukets avgjørande rolle i å lindre fattigdommen i Afrika, og nøkkelrolla offentlege investeringar har i den grunnleggande landbruksøkonomien.» C. W. Dugger, «Ending Famine, Simply by Ignoring the Experts,» The New York Times, 2. desember 2007.
  42. Raj Patel, Stuffed and Starved: Markets, Power and the Hidden Battle for the World’s Food System (London: Portobello, 2007,) 150.
  43. A. Waldman, «Poor in India Starve as Surplus Wheat Rots.» New York Times, 2. desember 2002.
  44. Vía Campesina. (2008). «A Response to the Global Food Prices Crisis.» www.viacampesina.org/main_en/index.php?option=com_content&task=com_content&task=view&id=483&It emid=1)
  45. Paul Krugman, «Grains Gone Wild,» The New York Times, 7. april 2008.
  46. Tom Philpott, «Bad Wrap,» Grist, 22. februar 2007.
  47. Patel, same stad, 53.
  48. GRAIN, same stad, 4.
  49. Som ovanfor.
  50. GRAIN, same stad, 16.
  51. Produksjon av agrodrivstoff brukar meir fossilt drivstoff, gjødsel, sprøytemiddel og vatn, og utarmar jordsmonnet, på verdsbasis, så kravet frå president Bush om 136 milliardar liter i året i 2022 kan ikkje oppfyllast utan import frå Søraustasia og Latin-Amerika, ifølge Eric Holt-Giménez. S. Leahy, «Biofuels and food prices.» Inter-Press Service News Agency, 2008 (www.ipsnews.net/news. asp?idnews=40929)
  52. Jacques Berthelot, «The food crisis explosion: root causes and how to regulate them,» Kurswechsel 3 (2008): 26.
  53. Same stad, 27.
  54. Sitert i Amory Starr, Global Revolt: A Guide to the Movements Against Globalization (London: Zed Books, 2005), 57.