Afrikas tsunamiar: Svolt, hungersnaud og mathjelp

Av Ndey Jobarteh

2009-02

Matkrisa i dag feier over verda som ein tsunami.

 

For første gong er matkrisa demokratisert på det viset at det ikkje lenger er eit afrikansk fenomen. I årevis voks krisa høglytt i Afrika og kravde bare auge til å sjå og øyrer til å høyre.

 

Når millionar av afrikanarar har gått svoltne til sengs kvar dag i fleire tiår, er det tilgang til mat, ikkje først og fremst matmangel, som er problemet.

 

 

Ndey Jobarteh er grunnlegger og executive director, Africa Center for Information and Development (ACID).

 


 

 

Tørke og andre naturkatastrofar i mange delar av Afrika har intensivert svolten, men fattigdommen er den verkelege årsaka til matmangelen. Det er bare dei kronisk fattige som døyr som resultat av tørke, og utarminga av Afrika har hatt fleire hundre år på å vekse seg kraftig. Då dei europeiske landa koloniserte Afrika, reiv dei opp jordbruksog husdyrssystem som afrikanarane hadde tilpassa seg gjennom hundrevis av år trass i skiftande naturtilhøve. Økologisk balanserte matsystem vart undergravde. Det beste jordbrukslandet vart tatt til kaffidyrking, sukkerrøyr, kakao og andre eksportvekster som ein såg som middel til økonomisk utvikling i samsvar med nyklassisk teori om komparative fordelar. Private og offentlege pengar vart investerte for å utvikle desse salsavlingane, mens matproduksjon til det fattige fleirtallet vart neglisjert. Lite regn og andre risikofaktorar er eit problem for bønder over heile verda. Dei påfører folk svolt, særleg i Afrika der bønder og kvegfolk er gjort sårbare av økonomiske og politiske strukturar som gjør dei mange fattige og nokre få rike.

 

Er frie marknader løysinga på Afrikas matproblem?

 

Mest alle afrikanske land er avhengige av å eksportere mineral og matvarer. Mens realprisane på verdsmarknaden for desse varene har gått ned i tida etter andre verdskrigen, har prisane på importerte industriprodukt frå industrialiserte land auka jamt. I det sub-sahariske Afrika har låge prisar påverka marknadene og lokalsamfunna som er avhengige av eit smalt spekter eksportprodukt. Dei fleste afrikanarar havnar i det Oxfam kallar ei «handelsfelle»(1) der dei er tvinga til å produsere eksportavlingar til prisar som er så låge at dei held fram med å leve i elendig fattigdom. Utarminga av handelsvilkåra til Afrika betyr at dei fleste afrikanske regjeringar er tvinga til å bruke meir på verdsmarknaden enn dei tjener. Dei har fylt gapet med lån.

 

Det som gjorde stoda verkeleg ille for Afrika var innføringa av Structural Adjustment Policy (SAP). Med andre ord var SAP eit øydeleggande nykolonialt verktøy. Øydelegginga av lokale matproduksjonssystem ved å nekte innsatsmiddel og støtte til jordbruket, så vel som urettvis konkurranse med importerte varer, gjorde kontinentet gradvis prega av svolt og avhengig av mathjelp.

 

Eksempel på korleis politikken har påverka afrikansk jordbruk kan ein sjå i Ghana og Kamerun. Risimporten blei dobla i Ghana då landet reduserte ristolla frå 100 % til 20 % som resultat av strukturtilpassingspolitikken Verdsbanken tvinga på dei. Senka tollvern til 25 % i Kamerun omkring seksdobla fjørfeimporten. I tillegg har 70 % av fjørfeproduksjonen i Senegal blitt utradert dei siste åra pga EUs støtte til sine fjørfeprodusentar.( 2)

 

Ghana er dramatisk påverka på to område. Innanlandsprodusert ris stod for 43 % av heimemarknaden i 2000, men klarte bare å sikre seg 29 % i 2003. Risimporten auka frå 250 000 tonn i 1998 til 415 150 tonn i 2003. Det er au meldt at 66 % av risprodusentane gjekk med underskot, noko som førte til tap av arbeidsplassar. Når det gjeld tomatpuré, auka importen frå EU med 650 % frå 3 300 tonn i 1998 til 24 740 tonn i 2003, og bøndene tapte 40 % av heimemarknaden i tillegg til at prisane gjekk ned.

 

Vidare: då fjørfeimporten auka med 650 % på Elfenbeinskysten mellom 2001 og 2003, fall innanlandsproduksjonen med 23 %, prisane fall og tusenvis av jobbar gjekk tapt. Importen av matolje til Mozambik vart femdobla mellom 2000 og 2004, og som følge av det fall innanlands produksjon frå 21 000 tonn i 1981 til 3 500 tonn i 2002.(3)

 

Finanssystemet i verda er ein viktigare årsak til svolt i Afrika enn dårleg vêr. Tvinga til å produsere avlingar dei kan bytte i utanlandsk valuta for å betale gjeld som ikkje lar seg betale, importerer dei afrikanske landa meir og meir mat. Marknaden tildelar mat etter rikdom, ikkje næringsbehov. Dei få store selskapa som kontrollerer 85 til 90 % av kornet i verda, er opptatt av profitt og ikkje svolt som me no er vitne til. Politikarane hevdar at ein vil oppnå økonomisk framsteg om marknaden får styre. Det har den noverande finanskrisa vist er feil. Problemet er ikkje marknadsinngrep i seg sjølv, men måten institusjonar og regjeringar intervenerer mot interessene til det fattige fleirtallet til fordel for dei rike og mektige. Marknaden kan bli temma til å tjene interessene til majoriteten, men bare om regjeringar og institusjonar står støtt på dei fattiges side. Me har sett korleis regjeringane i Vesten har reagert på finanskrisa med å gi redningspakker til eigne nasjonar, slikt ansvar og patriotisme er mangelvare hos dei afrikanske regjeringane.

 

Er folket i Afrika årsak til svolt og matkriser?

 

Eit anna populært syn er at det er overbefolkning som er årsak til svolten i Afrika. Det er sterkt omdiskutert fordi svolt ikkje heng saman med ekstremt tett befolka område. Om det var sant, kunne ein vente å finne omfattande svolt i tett befolka land som Japan og Nederland, og lite eller ingen svolt i land som Senegal og Kongo der svolt og feilernæring er omfattande. Afrika er ikkje tett befolka. Samanlikn Afrikas 25 menneske per kvkm med Europa – 52 menneske per kvkm og Asia – 78 menneske per kvkm.(4)

 

Men av alle kontinenta ligg Afrika på botn i bruk av vatning, gjødsel og traktorar. Problemet er ikkje mangel på jord, men mangel på politisk vilje. Eg trur fullt ut at ein kan finne pengar, opplæring og høveleg teknologi for å utvikle jorda om det er politisk vilje til det. Det er tydeleg i dag når ein ser korleis vestlege regjeringar er i stand til å finne milliardar av dollar til redningsplanar for eigne land. Afrikanarane manglar aldri pengar eller ressursar når det gjeld å kjøpe våpen, når det dreier seg om å gå til krig. Det er bare når det dreier seg om utviklingsspørsmål, at det manglar pengar og ressursar.

 

Det er sant at befolkningsveksten i Afrika (2,5 % per år)(5) er høgare enn på alle andre kontinent. Men det er viktig å forstå det reelle sambandet mellom høg befolkningsvekst og svolt. Høg befolkningsvekst skaper ikkje svolt. Dei er begge heller konsekvensen av sosial ulikskap som fråtar den fattige majoriteten – særleg kvinner – nødvendig økonomisk rom til å velje å få færre barn. Å ha store familiar er eit logisk svar på fattigdommen dei fleste afrikanarar lever under. På dei små familiebruka som produserer det meste av maten i Afrika, er arbeidskrafta til familien den viktigaste innsatsen. Den høge fødselsraten er delvis foreldra sitt svar på dette behovet for arbeidskraft.

 

Med den høgaste dødsraten i verda for barn mellom 0 og 4 år, fører det til enno høgare fødselstall ettersom foreldra freistar kompensere. For enkelte mødrer er byrden med å oppdra endå eit barn oppveid av fordelane med ein ny arbeidar i familien seinare. Data frå verda rundt syner tett samband mellom aukande levestandard og fallande fødselsrate. Om afrikanske foreldre vart forsikra om at barna ville overleve, ville dei ikkje trenge ha så mange. Om foreldra kunne tjene nok på arbeidet sitt, og vart sikra støtte i alderdommen, ville dei sjå det som eigeninteresse å begrense tallet på barn. Og om kvinner vart likeverdige medlemmer av samfunnet, ville dei vere i stand til drive familieplanlegging betre. Nøkkelproblemet er ikkje for mange menneske, det er for mykje ulikskap.

 

Og ulikskapen som har institusjonalisert svolt i Afrika er skapt av multinasjonale selskap, vestlege regjeringar, internasjonale organisasjonar og afrikansk elite og afrikanske regjeringar. Saman utgjør dei ein koalisjon med eit levesett og interesser svært annleis enn den afrikanske landsbygdmajoriteten. Gjennom tiår har denne koalisjonen sett ut i livet politikk som har undergravd matproduksjonen. Korleis kan me forklare svolt og underernæring på eit kontinent der 90 % av folket er bønder, det har inga betydning kva slags bønder dei er, men desse 90 %a skulle i det minste sjølve fått rett støtte og prioriteringar.

 

Av den grunn står eg sterkt på at folk er svoltne fordi det manglar politisk vilje frå våre regjeringar og institusjonar. Tørke skjer andre stader; krigar skjer andre stader og mange land har miljøutfordringar. Det som gjør tørke og andre naturlege og unaturlege katastrofar til hungersnaud, kronisk svolt. massedød osv, er den politiske viljen til politikarane som har ansvaret for liva til fleirtallet, som kontrollerer, regjererer, styrer eller vanstyrer dei. Utan at me er i stand til å snu dette, vil kontinentet framleis stå med tiggarbollen for å få mathjelp og givarpengar.

 

Er mathjelp ei løysing på svolten i Afrika?

 

Mathjelp er vanskeleg å oppsummere kort pga mange tilknytta spørsmål, men allmennt dreier det seg om å sørge for mat og liknande hjelp til å takle svolt, enten i nødssituasjonar, eller som hjelp ved djupare, meir langsiktig matmangel, og for å oppnå trygg tilgang på mat (der folk ikkje treng leve med eller frykte svolt). Men mens det er viktig å hjelpe folk i naud, må me huske at mathjelp på sitt beste bare behandlar symptoma på svolt og fattigdom, ikkje årsakene.

 

Mathjelp som resultat av vestleg matoverskott

 

Mathjelp vart sett i verk på ei tid då prisstøtte til landbruksvarer skapte store overskott av korn. Å kvitte seg med overskottet gjennom mathjelp er eit viktig instrument for å støtte vestlege bønder fordi hjelpa reduserte lagringskostnadene og opna tilgang til nye oversjøiske marknader.

 

Mathjelp som utanrikspolitisk instrument

 

Mathjelp vart au raskt eit instrument i utanrikspolitikken i den kalde krigen, der mat blei brukt til å støtte vennlegsinna eller strategisk viktige land. På 1950-tallet var USA opne på at mathjelp var ein god måte å slåst mot kommunismen på, og gjennom tiår har mathjelp for det meste gått til land ut frå strategiske interesser. USAs mathjelp blir framleis brukt som politisk verktøy, men ulikt under den kalde krigen då det vart brukt til å støtte vennlegsinna regime blir det no brukt mot røvarstatar i krigen mot terror.

 

Mathjelp som forretningsverksemd

 

No har den pågåande matkrisa i verda skaka scenariomakarar som ser Afrika som ein stor marknad for mathjelp-business. Unekteleg har mathjelp sin plass på møter og i nødssituasjonar, og vil halde fram med det. Men det ein må innsjå, er at mathjelp knapt er for den gode gjerninga si skyld. Ho har i stor utstrekning blitt big business og profittbasert. Det viste seg klart på ein velgjerdsmiddag i USA då Charles Worledge som arbeider for Sealift, eit større fraktselskap som fører mat frå USA til dei svoltne, kom med ei fråsegn som gir innsikt til å forstå politikken bak mathjelpa: «Eg trudde det var velgjerd … Det er det ikkje. Det er forretning.»(6) Fraktselskap i USA, til dømes, drar fordelar av Farm Bill frå 1985 som krev at minst 75 % av mathjelpa frå USA skal fraktast på skip frå USA. I tillegg er det bare fire speditørar som handterer 84 % av sendingane med mathjelp frå USA, og nokre få fraktselskap er svært avhengige av mathjelpa for å eksistere. Kostnaden med å sende mat over store avstandar kan innimellom vere tilstrekkeleg til å kjøpe mat regionalt der hjelpa trengst. Av desse grunnene skaper mathjelp problem som overgår fordelane.

 

Problem som at hjelpa:

  • fremmar interessene til givarlanda
  • er eit instrument i utanrikspolitikken og til å manipulere med
  • er eit givarstyrt system
  • ikkje nødvendigvis har utvikling som mål
  • er ein stor forretningsmarknad
  • gir høve til å pumpe genmodifisert mat inn i marknad og miljø
  • fører til matforureinsing
  • undergraver lokal matproduksjon ved å oversvømme marknaden og presse matprisane
  • gjør mottakarane avhengig av hjelp utan frå
  • blir brukt av mottakarregjeringar til å manipulere dei fattige

Mathjelp og genmodifisert mat

 

Enkelte ser den noverande matkrisa som eit høve til å pumpe genmodifisert mat inn i marknader og miljø. Tanken er at når folk er lamslått av ulykkeshendingar, er dei mindre i stand til å forsvare seg, og opne for å tillate motbydeleg politikk og handlingar. Ei slik haldning kan ein sjå i den talande overskrifta på ei melding i New York Times nyleg: «I magre tider er genmodifisert korn mindre tabu».(7) Mathjelp har vore brukt til å snike genmodifiserte organismar (GMO-ar) inn i uvitande land. Stoda i Afrika fekk stor merksemd då det var matkrise i mange land i sørlege Afrika, nemleg Angola, Malawi, Zambia, Zimbabwe, Lesotho, Mozambik og Swaziland i 2002. Svoltpolitikken nådde eit høgt nivå i 2002 då Zambia avslo GMO i mathjelp sendt dei. Mens enkelte land var villige til å akseptere malt GMO-mathjep, avviste Zambia både heile korn og mjøl. Som venta vart regjeringa i Zambia sett under hardt press for å godta GMO i mathjelpa. Regjeringa svarte med å seie at matmangelen som i hovudsak var i den sørlege delen av landet, kunne avhjelpast med mat frå den nordlege regionen. På den måten var ikkje bare maten fri frå GMO, han ville au fremme nasjonal produksjon og inntekter. (8) Zambia overvann til slutt krisa og fører framleis ein politikk med å ikkje godta GMO i hjelpesendingar.

 

I 2004 vart Angola og Sudan sett under press på instruktivt vis. Dei to landa hadde særlege vanskar pga konfliktane der. Likevel avslo begge GMO-korn om det ikkje var malt. Som ein del av kampen for å holde mathjelp fri frå forureinsing samarbeidde Friends of the Earth (FoE) Nigeria og FoEstøttespelarar, Earthlife i Sør-Afrika med mange afrikanske grupper som African Centre for Biosafety for å stoppe presset frå World Food Programme og US Agency for International Development (USAID) for å tvinge Angola og Sudan til å godta genmodifisert mat mot sin vilje.(9) Det positive resultatet av denne kampen for ei verdig mathjelp er at USAID og andre GMOleverandørar ikkje opent har pressa suverene nasjonar til å akseptere mathjelp i former dei finn betenkelege.

 

Mathjelp og matforureinsing

 

I 2006 fann ein ikkje-godkjent Liberty Link Rice 601 (genmodifisert av Bayer CropScience for å tåle bruk av plantegifta glufosinat) i mathjelp sendt til Sierra Leone av USAID. Forureinsinga vart avslørt av eit overvakings- og testprogram gjennomført av Afrikagruppene til FoE.(10) Forureinsinga vart au funne i kommersiell import til Ghana. Ein ny testrunde i 2007 fann same type forureinsing i kommersielt importert ris i Ghana og Nigeria.(11) Likevel held forureinsinga fram.

 

Derfor er ideen om mathjelp som utviklingstiltak ganske diskutabel. For Afrika har mathjelp aldri vore del av ein utviklingsstrategi, men støtte til eksportvekst i utvikla land. Mathjelp er ein integrert del av ein politikk som fører til strukturelt matunderskott i mottakarlanda og gjør dei meir avhengige av matimport. Slike band saman med knappe ressursar som kan finansiere import, har resultert i auka fattigdom og svolt.

 

Kor går vegen framover for Afrika?

 

Afrika treng omfattande endringar for å overvinne svolt no og i framtida for å fremme matsuverenitet. Denne ideen omfattar metodar som fremmar lokale, varierte system kontrollert av folk sjølve. Når alt kjem til alt er variert småskalaproduksjon nøkkelen til langsiktig reduksjon av svolten i Afrika. Storskala monokulturar er meir sårbare enn små eigedommar, slik det blir prova i tørken i Australia og bølgeeffekten på risforsyninga i verda. Småskala jordbruk har innebygd fleksibilitet og kan stå mot sjokk der storskala bruk er avhengige av intensive jordbrukssystem, store finansielle utlegg, store mengder kjemiske middel og ikkje er økologisk bærekraftige.

 

Ein fornya intervensjonspolitikk frå afrikanske regjeringar med støtteordningar og -verktøy så vel som marknadsopningar vil kunne gi liv igjen til eit landbrukssystem som er slått ut av nyliberalismen, konfliktar og gjort avhengige av mathjelp. Der det er matmangel, må han møtast lokalt og regionalt. For å sikre at det er mauleg, og ut frå erkjenninga av at majoriteten av afrikanske bønder lever og arbeider på landsbygda, er forbetring av infrastrukturen på landsbygda avgjørande.

 

Ein må styrke ansvarlege offentlege system og strukturar i dei ulike landa, og gi den Afrikanske Unionen (AU) og andre regionale organ fullmakt til å ta ansvar for fred, stabilitet og tryggleik på kontinentet. AU kan ikkje bli sterk og effektiv utan at det er sterke regjeringssystem på plass i dei enkelte landa.

 

(Artikkelen er oversatt av Gunnar Danielsen.)

 

Notar:

 

1. The Trade Trap Poverty and Global Commodity Markets av Belinda Coote, Oxfam Publishing, 1996 andre utgave.

2. http://ipsnews.net/news.asp?idnews= 41502

3. http://ipsnews.net/news.asp?idnews= 41502

4. http://geography.about.com/od/populationgeography/a/popdensity.htm

5. http://allafrica.com/stories/200804100908.html

6. Dugger, Celia W. (april 2007): U.S. rethinks foreign food aid. I følge rapporten gav US Public Law 480 og Food for peace-programmet ein måte å kvitte seg med overskytande korn som var kostbart å lagre, og samtidig skaffe mat til verdas svoltne. Lova sa at mat til programmet måtte komme frå innanlandsk produksjon. I tillegg fell mengda skipa mat når fraktkostnadene stig.

7. In Lean Times, Biotech Grains Are Less Taboo.

8. http://www.jctr.org.zm/gmos.htm

9. http://www.eraction.org/index.php?option=com_content&task=view&id=24&Itemid=23

10. http://www.eraction.org/p1ublications/FoEAfrica_briefing01.pdf

11. http://independentngonline.com/?c=118&a=9947