Verda sett frå Sør (intervju med Samir Amin)

Av Irene León

Nr 4a 2012

Irene León har intervjua Samir Amin, og konsenterer seg om tri beslekta spørsmål:

  • Ditt syn på verda og sjansane for å endre ho.
  • Korleis du definerer samanbrotet i kapitalismen begrepsmessig og politisk, og sjansen for frikopling frå kapitalismen.
  • Di analyse av samanhengen i stoda globalt,sett frå Afrika og Midtausten.

Kva er ditt syn på verda, sett frå Sør og i perspektiv frå Sør?

Samir Amin er fødd i Kairo i 1931, med fransk mor og egyptisk far. Han studerte statsvitskap, statistikk og økonomi i Paris. Han var ei stund medlem av det franske kommunistpartiet PCF, men tok seinare avstand frå sovjetsystemet. Han har jobba ei rekke stader rundt i verda, men sidan 1980 har han vore leiar for Third World Forum i Dakar i Senegal.
Artikkelen her stod i septembernummeret av Monthly Review si nettside, MRzine 20. juni i år. Se http://mrzine.monthlyreview.org/2012/amin200612.html.
Artikkelen er omsett av Gunnar Danielsen.

For å svare på spørsmålet som slett ikkje er enkelt, er det nødvendig å dele det i tri delar. Først, la oss undersøke: Kva er dei viktige, avgjørande draga ved kapitalismen i dag – ikkje ved kapitalismen generelt, men vår tids kapitalisme? Kva er verkeleg nytt? Kva kjenneteiknar den? For det andre, må me konsentrere oss om typen krise i dag, som er meir enn bare ei krise – eg definerer ho som eit samanbrot i dagens kapitalistiske system. For det tredje, innanfor same ramme, la oss analysere: Kva for strategi har dei dominerande reaksjonære kreftene, det vil seie den dominerande kapitalen, den imperialistiske triaden med USA–Europa– Japan og deira allierte verda over? Bare når me har forstått det, kan me innsjå kor stor utfordring folka i Sør står framfor, i dei oppstigande landa så vel som resten av landa i Sør.

Min tese om naturen til vår tids kapitalisme – som eg meir smålåtent vil kalle ein «hypotese» som er open for diskusjon – er at me er inne i ein ny fase i monopolkapitalismen. Det er eit kvalitativt nytt stadium gitt graden av kapitalkonsentrasjon, som no er komme til eit punkt der monopolkapitalen kontrollerer alt.

Sant nok er ikkje omgrepet «monopolkapital » nytt. Det vart skapt på slutten av 1800-talet, og utvikla gjennom tydelege fasar på 1900-talet. Men frå 1970–1980-talet byrja eit nytt stadium. Monopolkapitalen eksisterte før det, men kontrollerte ikkje alt. I røynda er det no ingen kapitalistisk aktivitet som er sjølvstendig eller uavhengig av monopolkapitalismen – han kontrollerer kvar og ein av dei kapitalistiske økonomiane, til og med dei som ser ut til å vere autonome. Eit eksempel blant mange er landbruk i utvikla kapitalistiske land, som er kontrollert av monopol som leverer innsatsmiddel, utvalte frø, plantegift, kredittar og sals- og marknadsføringskjeder.

Det er avgjørande – det er ei kvalitativ endring som eg kallar «altomfattande monopol», det vil seie monopol som er utvida til alle område. Det inneber faktiske og store konsekvensar. Først av alt er det borgarlege demokratiet fullstendig oppheva: Om det ein gong var basert på ein venstre-høgre-posisjon – som samsvarte med sosiale alliansar, meir eller mindre proletariske, meir eller mindre borgarlege, men skilte i synet på politisk økonomi – i dag, er dei like eller nesten like, til dømes republikanarar og demokratar i USA, eller Hollande-typen sosialistar og Sarkozy-høgre i Frankrike. Med andre ord er dei alle sameinte i ei oppfatning styrt av monopolkapitalen.

Den første konsekvensen av det er ei endring i det politiske livet. Demokratiet som er oppheva, er gjort til farse, slik ein kan sjå i

Foto: Jokke Fjeldstad

Foto: Jokke Fjeldstad

primærvala i USA. Altomfattande monopolkapital har svært alvorlege konsekvensar. Det har gjort USA til ein nasjon av «idiotar». Det er alvorleg fordi demokrati ikkje har nokon måte å komme til uttrykk på lenger.

Den andre konsekvensen er at «altomfattande kapitalisme» er det objektive grunnlaget for framveksten av det eg kallar den «kollektive imperialismen» til triaden USA–Europa–Japan. Dette punktet legg eg sterk vekt på. Det er framleis ein hypotese, men som eg kan forsvare: Det er ingen større motsetningar mellom USA, Europa og Japan. Det er litt konkurranse på det økonomiske planet, men politisk er dei straks på linje med det USA som verdspoliti strekar opp. Det me kallar «det internasjonale samfunnet» kopierer den herskande debatten i USA: på tri minutt dukkar det opp europeiske ambassadørar som legg til litt, store demokratar som emiren av Qatar og kongen av Saudi-Arabia. FN eksisterer ikkje – som verdsorganisasjon er det ein karikatur.

Det er ei grunnleggande endring, overgangen frå monopolkapitalisme til «altomfattande monopolkapitalisme» forklarer finansialiseringa, for desse allmenngjorte monopola er i stand til – ut frå måten dei kontrollerer all økonomisk aktivitet på – å suge til seg ein større og større del av meirverdien i heile verda og omgjøre han til utskytingsrampe for monopola, utskytingsrampe for imperialismen, som er årsaka til ulikskap og stagnasjon i Nord, medrekna triaden USA–Europa–Japan.

Det fører meg til det andre punktet: det er systemet som er i krise. Eller det er ikkje bare ei krise – det er eit samanbrot i den forstand at systemet ikkje er i stand til å reprodusere seg sjølv på eige grunnlag, med andre ord er det eit offer for eigne indre motsetningar.

Systemet bryt saman, ikkje fordi folket går til åtak, men på grunn av eigen suksess. Det har påtvinga seg folk, og suksessen har ført til svimlande vekst i ulikskap, som ikkje bare er ein sosial skandale, men uakseptabel og likevel blir akseptert, akseptert utan protest. Men det er ikkje grunnen til samanbrotet – det er det faktum at systemet ikkje kan reprodusere seg sjølv på eige grunnlag.

Det fører meg til det tredje aspektet, som er knytt til strategien til dei dominerande reaksjonære kreftene. Når eg seier dominerande reaksjonære krefter, meiner eg altomfattande monopolkapital i den historiske triaden USA–Europa–Japan, med tilslutning frå alle reaksjonære krefter i verda, på ein eller annan måte, som overlevande hegemoni på lokalnivå, og som del av den reaksjonære globale dominansen. Desse reaksjonære er ekstremt mange og enormt ulike frå land til land.

Den politiske strategien til dei dominerande kreftene – det vil seie altomfattande, finansialisert monopolkapital i den historiske, tradisjonelle kollektive imperialisttriaden USA–Europa–Japan – er definert av kven dei ser som fiendar. For dei er fiendane oppstigande land – med andre ord Kina. Resten, som India, Brasil og andre, er bare semi-oppstigande for dei.

Korfor Kina? Fordi den herskande klassen i Kina har eit prosjekt. Eg skal ikkje gå nærmare inn på om prosjektet er sosialistisk eller kapitalistisk. Det viktige er at dei har eit prosjekt. Det består i at dei ikkje vil godta diktat frå altomfattande, finansialisert monopolkapital i triaden, som tvingar seg fram med sine fortrinn: kontroll over teknologi, kontroll over naturressursar i verda, kontroll over massemedia, propaganda etc; kontroll over det integrerte globale pengeog finanssystemet; kontroll over masseøydeleggingsvåpen. Kina har utfordra dette systemet utan å lage støy.

Kina er ikkje bare underleverandør. Det er sektorar i Kina som fungerer som underleverandørar, som produserer og sel billig leiketøy med dårleg kvalitet, bare fordi Kina må skaffe seg utanlandsk valuta, og underleveransar er ein enkel måte å gjøre det på. Men det er ikkje alt med Kina. Det som kjenneteiknar Kina, er utviklinga og raskt opptak av høgteknologi, eiga utvikling og oppbygging. Kina er ikkje bare verdas verkstad som enkelte seier. Det er ikkje «Produsert i Kina», men «Produsert av Kina». Det er mauleg bare fordi dei gjorde revolusjon: sosialismen skapte paradoksalt nok vegen som sette dei i stand til å praktisere ein viss type kapitalisme.

Foto: Jokke Fjeldstad

Foto: Jokke Fjeldstad

Foto: Jokke Fjeldstad

Eg vil seie at ved sida av Kina er dei andre oppstigande landa sekundære. Om eg måtte gradere dei, vil eg sei at Kina er 100 % oppstigande, Brasil 30 % og resten 20 %. Samanlikna med Kina er dei andre oppstigande landa underleverandørar: Dei driv store underleveransar fordi det er eit forhandlingsrom, på grunn av samsvar og tilpassing mellom altomfattande finansialisert monopolkapital i triaden og oppstigande land som India, Brasil osv. Ikkje slik med Kina.

Det er grunnen til at krig mot Kina er blitt ein del av strategien til triaden. Alt for tjue år sidan var det gale amerikanarar som gjekk inn for krig mot Kina før det var for seint.

Kinesarane har hatt suksess, det er derfor utanrikspolitikken deira er så fredeleg. No kjem Russland for å slutte seg til Kina som oppstigande. Me ser Putin gjøre framlegg om modernisering av dei russiske væpna styrkane, med planar om å bygge opp att marinen som han var i Sovjet-tida, som ein gong var ei verkeleg motvekt mot militærmakta til USA. Det er viktig. Her vurderer eg ikkje om Putin er demokrat eller ikkje, eller om han har eit sosialistisk perspektiv eller ikkje; det dreier seg ikkje om det, men om å kontre makta til triaden.

Resten av verda, resten av Sør, alle oss – de frå Ecuador, me frå Egypt og mange andre – tel ikkje. Landa våre interesserer den kollektive monopolkapitalismen av ein og bare ein grunn, tilgang til naturressursane våre, fordi denne monopolkapitalen ikkje kan reprodusere seg sjølv utan å kontrollere og sløse med naturressursane på heile planeten. Det er det einaste som interesserer monopolkapitalen.

For å garantere eksklusiv tilgang til naturressursar må imperialistane sikre seg at landa våre ikkje utviklar seg. Derfor «fille-utvikling»* slik Andre Gunder Frank definerte det. Frank drøfta det under ganske andre tilhøve, men eg låner uttrykket her for å bruke det på nye tilhøve, for å beskrive korleis det einaste prosjektet imperialismen har for oss, er ikkje-utvikling. Misutvikling – oljerikdom og utarming, falsk vekst på grunnlag av gass, tømmer, kva som helst, for å få tilgang til naturressursar – det er i ferd med å kollapse fordi det blir moralsk utoleleg. Folk godtar det ikkje lenger.

Derfor kjem samanbrota. Den første bølga starta i Latin-Amerika, og det er ikkje tilfeldig at dei kom i marginale land som Bolivia, Ecuador og Venezuela. Det er ikkje tilfeldig. Så den arabiske våren. Me vil sjå nye bølger i Nepal og andre land, det er ikkje noko som bare vil skje i spesielle regionar.

For folka som må føre denne kampen, er utfordringa enorm. Det vil seie at utfordringa ikkje kan løysast innanfor rammeverket til dette systemet, som eit forsøk på å overvinne nyliberalismen og skape kapitalisme med eit menneskeleg ansikt, skape ein logikk med godt styringsverk, redusere fattigdommen, demokratisere det politiske livet og så vidare, fordi alt er måtar å styre utarminga som er eit resultat av nettopp den logikken.

Min konklusjon – frå ein posisjon der eg i hovudsak ser på den arabiske verda – er at det ikkje bare er eit samantreff, men ein historisk augneblink, eit stort tidspunkt for folket. Eg snakkar om revolusjon. Eg vil ikkje misbruke ordet, men det er objektive forhold for å bygge breie, alternative, antikapitalistiske blokkar. Det er grunnlag for å vere dristige, for å foreslå ein radikal veg.

Ordforklaring:

* Lumpen-development: Ein parallell til lumpen-proletariat – filleproletariat – uttrykket skapt av Marx og Engels i 1845 (i Den tyske ideologi) som viser til proletarar som står utanfor produksjonsprosessen, og som dermed ikkje er ein del av det store, arbeidande proletariatet, men som i hovudsak skaffar seg et levebrød gjennom tjuveri, tigging, prostitusjon, streikebryteri, og så vidare. Andre Gunder Frank brukte fille-borgarskap (som var brukt tidlegare av andre) og fille-utvikling i 1972 for å beskrive nasjonale elitar og nasjonal «utvikling» som underordna seg nykoloniale forhold. (Kjelde: Wikipedia.)