Ukategorisert

Ved trettiårsdagen for bortgangen til Walter Ulbricht

Av

AKP

av Jan Myrdal

Om den uunngåelege klassekampen som utviklar seg i Kina skreiv eg ganske utførleg i Ein fest i Liu Lin i 1994. At klassekampen formar Kina au, er ei sak, men det blir ein skeiv diskusjon, ein teologisk ein, når venstreorienterte ofte diskuterer abstrakt om ein kan definere Kina som sosialistisk.

Ein europeisk kommunist som vil ha ei meir teoretisk belysning av KKPs nåverande perspektiv og samfunnssystemet i Kina, ut frå historia til dei sosialistiske statane, bør sjå nærare på NEP-perioden i Sovjetunionen, men framfor alt undersøke Walter Ulbrichts «Nye økonomiske system for planlegging og styring» (NÖSPL) etter 1963.

Skilnadene mellom Kina og DDR er svært store. Det avgjørande var at DDR aldri kunne bli sjølvstendig; den nye herskande klassen i Moskva heldt landet i eit jerngrep. Men likt Deng Xiaoping var Walter Ulbricht ein kommunist med lang erfaring. Etter at kampen mellom to linjer i Kina vart avgjort for lang tid ved partiets kursomlegging til Deng Xiaopings linje i desember 1978, svarer Kina til det perspektivet Walter Ulbricht formulerte åpent, i kjettersk strid med Moskva i 1967:

«Sosialismen er ikkje ein kortvarig overgangsfase, men ein relativt sjølvstendig samfunnsøkonomisk formasjon i den historiske epoken då kapitalismen går over til kommunisme i verdsmålestokk.»

Detta perspektivet gjør mauleg – naudsynt – ein annan økonomisk politikk enn den som kjenneteikna sovjetstaten. Som Walter Ulbricht formulerte det ved 150-årsfeiringa av fødselen til Karl Marx i mai 1968:

«Sosialismens økonomiske system i DDR er, historisk sett, den fullstendige tilpassinga eit høgindustrialisert samfunn gjør til fordelane og drivkreftene i den vitskaplege og tekniske revolusjonen.»

Dermed får au den nye tekniske og vitskaplege eliten, intelligentsiaen, ei ny rolle. Strukturen og klassebasisen til partiet blir endra. Om Kina kan ein seie, slik eg på pervers måte let Zweiling seie om DDR i romanen Karriere i 1975, at «den vitskapleg-tekniske revolusjonen blir bore fram av personar innan vitskap og teknikk og organisasjon, kjenneteikna av at dei er evnerike, og at sosialismen som sjølvstendig samfunnsøkonomisk formasjon inneber frigjøringa av evnerikdommen».

I kampen mellom to linjer i Kina – som eigentleg ikkje var det mange (deriblant eg) den gongen oppfatta som ein direkte kamp mellom sosialismen og kapitalismen – blei det den linja som sigra med Deng Xiaopings politikk i desember 1978, og som hadde massiv støtte i kadrane i partiet, staten og økonomien på mellomnivå.

Det styrer ikkje bare Kinas åpning mot vest, men det styrte au Walter Ulbrichts freistnader på å åpne så vel dei kulturelle som politiske sambanda med vest. Det var Bonn som nekta gå med på Walter Ulbrichts framlegg om at vesttysk presse kunne seljast i DDR om DDRs presse kunne seljast i forbundsrepublikken. Det var Moskva som hand i hanske med dei mest reaksjonære kreftene i forbundsrepublikken Tyskland heile tida stengte for DDRs freistnader på å åpne mot Bonn.

På same vis som den herskande klassen i Moskva blokkerte all naudsynt ny økonomisk politikk i DDR, gjennom militær og økonomisk dominans, bremsa og avgrensa han DDRs høve til å åpne samfunnet for slikt økonomisk og politisk utbytte med vest som ville fremme den vitskaplege og tekniske revolusjonen.

Den 21. august 1970 var Walter Ulbricht i Moskva og snakka åpent med Bresjnev. Han gjorde framlegg om økonomisk samarbeid, men sa au:

«Gjennom samarbeidet ønsker me utvikle oss til ein ekte tysk stat. Me er ikkje Kviterussland, me er ingen sovjetrepublikk. Altså eit ekte samarbeid.»

Bresjnev svarte på den uhørte utfordringa med å inspirere den Moskva-tru fraksjonen i SED til handling, til å be Bresjnev om at Walter Ulbricht blei fjerna. Det skjedde. DDR tapte med det sitt eige eksistensgrunnlag.

At Deng Xiaoping lykkast der Walter Ulbricht mislykkast, er svært enkelt forklart. DDRs geopolitiske situasjon var umauleg. Moskvas dominans altfor stor. Kina kunne ikkje – som DDR – beherskast frå Moskva då den nye klassen tok makta der som klasse for seg. Kina var altfor sterkt og Mao Zedong altfor medviten.

At Kina nå tar tilbake sin plass i verda, er bra. Det retter opp ubalansen som kolonialismen og imperialismen har skapt. Korleis klassekampen seinare vil utvikle seg i Kina, er ei anna sak. Noen motsats til den nye klassen i den gamle sovjetstaten – som kom fram som resultat av partiposisjonar, utan å representere gaverikdommen og den teknisk vitskaplege revolusjonen, som blei ein klasse for seg og seinare grenselaust griske og korrupte stal sovjetfolkets rikdommar og styrta landet i elende – har eg ikkje sett i Kina. Partiet har vist seg på vakt mot slike tendensar; talsmenn for slikt blir skotne. Eit reinhald i folkets interesse som opprører vestlege humanistar langt meir enn den fattigdommen og den synkande livslengda som er resultatet av at dei gamle partifunksjonærane frå Sovjetunionen har forandra seg til ein ny klasse av oligarkar.

Sjølv meiner eg at Mao Zedong såg au den framtidige utviklinga klart.