Tron Øgrim i heilfigur

Av Brigt Kristensen

2015-03 Bokomtaler

Bo Brekke:
Tron Øgrim. Det revolusjonære fyrverkeriet
Aschehoug, 2015, 360 s.

Av eit omfattande og sikkert sprikande materiale har Bo Brekke greid å forme ein velskriven biografi om Tron Øgrims liv, i fargar og med lyd, lukt og smak. Øgrim står fram i heilfigur, i suksess og nederlag, med store talentar og kvalitetar, men og overmodig og arrogant – og sårbar og noen gonger sjølmedlidande ved tap i politikk og privatliv. Nødvendig plass er gitt også for den «private» Øgrims lykke og ulykke på heimefronten. På same tid er dette Bo Brekke sin versjon av vel 40 års politisk og ideologisk norgeshistorie i hælane på ein kvilelaus Tron Øgrim, med Brekkes eigne dommar undervegs. Det gjør ikkje boka mindre interessant som grunnlag for diskusjon.

Av reaksjonen på boka har vi alt sett at meldarar og smaksdommarar i førande medier (av)skyr debatt om emnet. Historikar og biograf Ivo de Figueiredo forsøkte i Morgenbladet å vende denne vreden over ml-rørsla til analyse og kritikk av boka. John Olav Egelands kontante svar i Dagbladet tyder på at forsøket var som å skvette vatn på gåsa. Her gjeld det å fordømme djupt og forstå grunt. Så når Brekke forsøker å forstå, har han følgelig feila grovt i utgangspunktet. Til tider sympati for objektet? Utilgivelig!

Øgrims vrede opplevde denne meldaren med 17 års mellomrom: Først på landsmøtet i SUF i 1967 da han bidrog til at Sigurd Allern, som også var SF-leiinga sin kandidat, blei valt til leiar. Så mindre forståelig på landsmøtet i AKP i 1984, da Øgrim trua med å melde seg ut viss det blei slakka på vedtektskravet om at Rød Ungdom i alle ledd skulle vere «underordna partiet». Dette landsmøtet kjem eg tilbake til.

Øgrims mangfald opplevde eg i 1969 på den første gruppereisa til Albania, etter at eg som alliert i striden i SF som «maoist» til slutt hadde opna heile «pakken» inkludert kritisk forsvar for Stalins historiske rolle. (Den første «delegasjonen», som er noe anna, var der samtidig leia av Sigmund Grønmo). Gruppa, som var ute etter å finne det beste, som arbeidarkontroll av leiinga i industrien og velfungerande kollektiv på landsbygda, var neppe veldig vanskelig å leie. I minnet står den sikre og ledige reiseleiaren med miniforedrag om norske forhold etter omvising der vi var gjestar. Men tydeligare hugsar eg den Øgrim som oppglødd «på si» plukka opp Bryllupet av Ismail Kadare, som blei første roman på Forlaget Oktober. Og muntrasjonsrådet på bussen, med gjengiving av innhaldet i science fiction-romanar så også ein som aldri har hatt sans for sjangeren, måtte følge med. Og reiseleiaren som på ferja over til Norden da turen nærma seg slutten, samla studentar frå tre universitet for å førebu kamp ved semesterstart mot Ottosen-komitéens rasjonaliseringsframstøyt. Ein slik sjanse kunne han ikkje la gå frå seg. Øgrim var knapt student, men politisk strateg var han utvilsamt!

Historia om den første ml-kjerna av skoleungdom på Teisen gymnas under Vietnamkrigens første fase fram til striden og kløyvinga av SF har vi hørt før, særlig i Steigans to bøker. Ho er ikkje mindre fascinerande med Bo Brekkes unge Trond i sentrum. Forfattaren har gjort eit grundig arbeid, og intervjua mange i miljøet. Han skriv at Øgrim tok «sin første og eneste lederrolle» for å bygge basisen i Oslo og Akershus SUF frå 1966 til 1968.*

Men var no Øgrim så gjennomført upraktisk som påstått? Han kunne når han måtte, skriv Brekke om hans leiarverv i Oslo og Akershus SUF. Seinare gir framstillinga av tryggingsarbeidet mot bombenazistar på 1. mai som leiar i «Sikkerhetsutvalget» på 70-talet knapt inntrykk av ein fomlete organisator. Spelte Øgrim i noen grad på sine upraktiske sider for å sleppe ansvar? Ka ville ha skjedd om han hadde blitt tvinga inn i leiarrollen? Ville ansvaret ha dempa han, og dermed AKPs politiske utslag både i positiv og negativ retning? Eller kunne det ha trua det kollektive leiarskapen, som Brekke er inne på?

Boka viser at Tron Øgrim representerte det beste og det verste ved den norske ml-rørsla. Målet er heile tida å bygge ein bevegelse for å erstatte menneskefiendtlig kapitalisme og imperialisme med eit frigjørande, kommunistisk samfunn – «sammenisme» som Øgrim kallar det i sine siste år. Men dogmatisme og sekterisme i ein undertrykkande tradisjon står i vegen, avbroten av meir opne periodar før Øgrim i sine siste år distanserer seg frå «marxismen-leninismen» i alle variantar, men er framleis kjempande, revolusjonær kommunist. Etter mitt syn går det ein tråd frå Øgrims usekteriske taktikk mellom SUF-landsmøtet hausten 1967 og kløyvingslandsmøtet i SF tidlig i 1969 over boka Den vestlige maoismens sammenbrudd i 1982 og til nettdebattar mot smågrupper om revolusjonær strategi og partiteori på 2000-talet. I desse fasane ser han faren ved revolusjonært frasemakeri. Partiet må ha oppslutning av ein kritisk masse, vere det «verkelige» partiet for interessegrupper, slik han formulerte det i boka i 1982. Brekke har noen gode og kanskje noen misvisande kommentarar til desse fasane i Øgrims utvikling, og trekker ikkje tråden tilbake til SUF-tida.

I same linja ligg også einskapsfronten mot EEC i 1971/72 og den «sakte» partibygginga fram til partistiftinga. Øgrim fikk ut Dimitrovs klassiske Enhetsfrontens og folkefrontens problemer som første bok på forlaget Oktober. Som Brekke viser, var den til god støtte for å korrigere den første sekterismen i EEC-kampen. Det kompliserte spellet med Per Bangsund som mellommann for samarbeid og arbeidsdeling mellom Arbeidarkomitéen og Folkebevegelsen er nok nytt for dei fleste. Som medlem av sentralkomitéen i partibyggingsorganisasjonen kjente eg til at det etter kvart blei opna ein kanal til Ragnar Kalheim, knapt særlig meir. Men det fungerte!

Eit par supplement frå same periode, før partistiftinga: Spørsmålet om fri abort var blitt tema for første gong på tiår, før Kvinnefronten var stifta. Da ei viss usikkerheit var merkbar i sentralkomitéen, var det Øgrim som sette skapet på plass: No måtte sentralkomitéen ta eit klart standpunkt for sjølbestemt abort, så han kunne tørre å komme heim til mora! (Å vere fødd inn i ein radikal familie kunne gi ballast). Etter mitt minne var det også Tron som klarast peikte ut linja da spørsmålet om å stille til val kom opp etter valboikott i 1969 og 1971. Ikkje uventa hadde også meir prinsipielle argument mot å delta i val fått feste. Det marxistiske anegalleriet ga ikkje noe klart svar, sjøl om Lenin etter kvart blei gravd fram. Øgrim var den som vågde å tenke sjøl, først.

Men korfor var det nødvendig å gjøre opp med sekterisme i 1971? Hadde også Øgrim eit hovedansvar for den første fasen av sekterisme etter kløyvinga i SF, for eksempel parolen om at SF og NKP var «taktiske hovedfiendar»? Iallfall er det etter Steigans Ein folkefiende og no Brekkes bok ingen tvil om at Øgrim var heilt avgjørande for den ulykksalige «ultravenstrelinja» etter at hans «høgretesar» kom tidlig i 1975. Eg våger påstanden om at det meste av verkelig dårlige erfaringar med ml-arar mellom andre venstreinnstilte skriv seg frå dei tre åra 1975, 1976 og 1977. Samtidig er paradokset at det eindimensjonale synet på partiet og motseiingar utløyste ein intens aktivisme – for streikestøtte og barnehagar, mot nynazisme og imperialisme – og førte til at Klassekampen blei dagsavis.

I motsetning til Brekke, Kolmanskog (hovedoppgåva «Ideologisk leiarskap i den norske ml-rørsla. Det umogleges kunst 1965-1980»), Steigan – og Øgrim sjøl! – oppfattar eg ikkje denne svingen i retning det som har vore kalla «krigskommunisme» som først og fremst diktert av analysen om krigsfare. Grøftene mot SV og NKP skulle graves djupare, for å sikre vår karakter som kommunistparti. Steinhard aktivisme og proletarisering skulle frelse oss frå borgarliggjøring og revisjonisme på permanent basis (og ga på lengre sikt partiet sterke posisjonar i fagrørsla). I oppgjøret med «høgreavviket» var krigsfaren og trugsmålet frå Sovjet meir tilleggsargument, særlig for å halde avstand til SV og NKP.

Så blei krigsfaren i mi (berre mi?) periodisering hovedsaka frå 1978 og 3–4 år framover, med ein ny militærpolitikk for «eit fritt og uavhengig forsvar» – og å «grave ned» ein betydelig del av medlemmene for å kunne fungere som undergrunnsapparat ved ein (sovjetisk) okkupasjon. Både Øgrim og Steigan har kalt dette det dummaste dei var med på, fordi delar av partiet i realiteten blei lagt ned, med radikale frasar. Samtidig var dette år med frigjøring frå sekterisme i alliansepoltikken, stimulert nettopp av behovet for brei front mot supermaktene og særlig Sovjet.

I motsetning til Øgrim avviser Brekke at det var noen krigsfare i desse åra, fordi det ikkje blei storkrig mellom supermaktene. Men både situasjonen i Polen med unntakstilstand mot Solidaritet, Sovjets innmarsj i Afghanistan og ein ny spiral i atomopprusting i Europa skapte ein svært farlig situasjon. Derfor oppsto også ei svær fredsrørsle i Europa, som var meir lik anti-atomrørsla som fødde SF i 1961 enn dei anti-imperialistiske solidaritetsrørslene som kom etterpå. AKP blei i stor grad isolert frå den nye fredsrørsla trass i ein utvikla forsvarspolitikk fritt frå Nato og atomvåpen, og avansert solidaritetsarbeid for Polen og Afghanistan, og i noen grad Latin-Amerika.

Brekke er inne på at Øgrim ikkje var sentral i krigsfareanalysen frå starten. Men kan det tenkes at han har eit stort ansvar for at AKP aldri lanserte ein offensiv, antiimperialistisk fredspolitikk for å hindre krigen? I tråd med marxistisk metode – og Kominterntradisjonen frå mellomkrigstida! – skulle det ha vore det mest nærliggande? Øgrim hadde starta det teoretiske oppryddingsarbeidet med Marxisme, vitenskap eller åpenbaringsreligion i 1979. I Maoismens sammenbrudd frå 1982 er han smertelig klar over at det ideologioske byggverket som skulle gi meining til det daglige politiske strevet, var brote i hop med kløyvinga mellom Albania og Kina, Dengs tilbakekomst i Kina og Vietnams angrep på Kambodsja – med stor tvil om ka som gikk føre seg i dette landet under Pol Pot. Argumenta om at sosialisme er mulig fordi land i den verkelige verda, riktig nok fattige og under store vanskar, har valt ein annan veg enn kapitalismen – og i tillegg bevist at det ikkje treng å gå som i Sovjet – var ikkje lenger gangbare.

I AKPs politikk ser det ut til at ein fatalistisk syn på krigsfaren no blir enda viktigare enn før, for å gi meining til det daglige strevet. Krigen kjem – nesten sikkert – og da skal AKP leie folket fram til siger og sosialisme. I kor stor grad var denne «himmelen» – eller «helvetet» – over dagskampen Øgrims verk?

Bo Brekke peiker ut devisen «hensikten helliger middelet» som det mørke punktet hos Øgrim – og i ml-rørsla. I Maoismens sammenbrudd stiller Øgrim just dette som eit spørsmål ved heile den kommunistiske Kominterntradisjonen, uten å konkludere. Etter mitt syn er eit særtrekk ved Øgrim, som er i slekt med dette, at prinsippa hos han kunne vere taktisk bestemt. Det som fungerte, var han for. Praksis var kriteriet, og pragmatikaren Øgrim vekker stort sett sympati. Men ka om støtte til Kina mest var for å få «superkrefter» i Norge, som Kolmanskog har kalt det i si hovedoppgåve? Brekke fortel om Øgrims motpart i debatten om Kambodsja i AKP først på 80-talet, Eirik Rossen, at han reagerte mest på Øgrims utsagn om at aktivstane ville miste motivasjonen om dei hadde kjent sanninga om f.eks. forholda i Vietnam under frigjøringskampen. Øgrim var derimot i klassen som tålte å vite det som måtte haldes skjult for andre!

For eigen del: Korfor ga Oktober (Øgrim!) ut Hoxhas tale på det albanske partiets kongress i 1976 – og polemikken mot Khrustjov i Moskva i 1960 – etter at det var klart at det gikk mot brott mellom det kinesiske partiet og det albanske – og partileiinga i AKP støtta kineserane? Som ein kostbar dekkoperasjon, for å skjule sanninga? Eller var det eit utslag av det tilløpet til stormannsgalskap som Brekke er inne på: AKP skulle vinne tillit i Tirana for å kunne bidra til å føre det albanske partiet inn på riktig spor? I allfall må opplag på to gonger tre tusen av Enver Hoxha på dette tidspunktet ha bidratt sitt til konkursen i Oktober!

I Studentersamfunnet i Oslo midt på 70-talet var det konkurranse i radikalisme. Store ord om «væpna revolusjon» kunne gi uttelling i dette miljøet. Men i det store samfunnet, ikkje minst i arbeidarklassen, skapte sånt prat uoverstigelige hindre for oppslutning. Det folk trudde dei hørte, var militærkupp av eit mindretal. Altså blei «prinsippa» og «den langsiktige strategien» brukt til å vinne kortsiktige, taktiske sigrar i ei begrensa gruppe, til ubotelig skade for just den langsiktige strategien. Øgrim var nok den fremste representanten for denne forma for «venstre»opportunisme i 70-talets AKP uten at Brekke heilt får tak på denne sida ved Øgrim.

Dei ulykksalige «høgretesane» blei forma av Øgrim i einerom, på eit tidspunkt da han ikkje var ute i arbeidslivet. I eit interessant debattinnlegg om «hoggestabben» Øgrim i Dagsavisen skriv Aslak Sira Myhre pent om Øgrims som logikar, med argumentasjon bygd stein på stein. Kanskje var nettopp denne evna også eit stort problem når han mista bakkekontakten, men greide å framstille alle ibuande farar ved «høgreavviket» så levande at iallfall sentralkomiteens medlemmar – eg var ein av dei – både fraus på ryggen og måtte seie seg enig i logikken?

Alt i alt er gjennomgangen av 60- og 70-talet, der eg i størst grad kan kike Brekke i korta, svært god. Mi viktigaste innvending er at den internasjonale dimensjonen er tona for mykje ned. Inspirasjon frå dei svenske Vietnam-gruppene (DFFG) og ml-organisasjonen Kfml var uten tvil svært viktige ikkje minst for Øgrim på 60-talet. Og om linjeskifta på 70-talet før partikrisa i stor grad kan forklares ut frå den indre dynamikken og norsk politikk, er det ikkje til å komme forbi at liknande tendensar gjorde seg gjeldande i KKP og APA både i 1973 (høgre) og i 1975 (venstre), særlig i Kina.

Mykje om Øgrims aktive rolle overfor det radikale oppsvinget blant ungdom frå 90-talet er nytt for meg. For første gong blir hans initiativ for å få Aslak Sira Myhre som leiar i RV, og samarbeidet mellom dei to framstilt i detalj. Vi får også nye korrektiv til den populære historia om «AKP-kuppet» i Klassekampen i 1997, ei historie som er fordomsfritt fortalt i Alf Skjeseths bok om Klassekampen.

Vi veit no også meir om tida da «magien glapp og diamanten sprakk» rundt 1980. Steigan og Øgrim dreiv kvart sitt spell for å hindre kløyving i den inste partileiinga, og dermed av partiet i 1982, etter strid om Klassekampen som dagsavis og usemje om utviklinga i Kina. Men om Øgrims teoretiske nyorientering på 80-talet, kanskje også forholdet til AKP, er Brekke svært omtrentlig. Kanskje er noe direkte misvisande.

Fleire stader kan det sjå ut som om Brekke meiner Øgrim alt i 1982 braut med «den svarte arven fra Stalin» – kanskje også med maoismen. Og eigentlig hadde han visst alt da mista trua på AKP, der han iallfall var utmeldt formelt i 1987. Er eit sidemotiv hos Brekke å rehabilitere Øgrim som god demokrat etter offisielle norske mål, frå 1982 om lag? Det kan bygge opp under eit lite dekkande bilde av Øgrim som villfaren Stalin-dyrkar frå 1965 til han endelig blir den «heimkomne sonen» som den – dessverre litt for kranglevorne – norske demokraten etter 1982.

For å ta forholdet til AKP: i samband med formannsskiftet i 1975 fortel Brekke at Øgrims grunnorganisasjon klagde på at han verken betalte kontingent eller deltok på avdelingsmøta. Altså to klare brott på vedtektene. Når det same er tilfelle 12 år etter, kan det altså vere reprise på historia om «rotehuet» Øgrim som meiner andre reglar gjeld for han enn for andre. I allfall gir ikkje Brekke belegg for ka tid Øgrim sjøl oppfatta seg som utmeldt i 1987, som er det interessante i samanhengen. Og Øgrims kommentar om den svarte arven frå Stalin kjem først i 1989, etter massakrane ved Den himmelske freds plass i Beijing.

For øvrig bruker Brekke omgrepet «stalinisme» like omtrentlig som andre i norsk debatt. Om det for eksempel er tale om undertrykkande organisasjonspraksis eller meir generelt om tilslutning til Kominterntradisjonen, er sjeldan tydelig. Men Brekke skal ha skryt for at han grundig går gjennom Øgrims foredrag om Proletariatets demokratiske diktatur i Studentersamfunnet i Oslo i 1970. Her er det dagklart at målet for ml-prosjektet frå starten var eit meir ekte og djupare demokrati enn det borgarlige under kapitalens herredømme. Trass i forsvaret for Stalin, er det systemet Øgrim går inn for her, himmelvidt forskjellig frå Stalins partidiktatur og terrorvelde. Når Øgrim på slutten av livet erklærer seg som revolusjonær marxist, men forkastar teorien om proletariatets diktatur som «full av forfalskninger av virkeligheta, byråkratisk svindel, antimarxistisk og forkasta av historia», er det neppe eit oppgjør med kjernepunkta i dette foredraget eller med det Marx skreiv om styresettet under Pariskommunen eller Lenin om rådsdemokratiet i Staten og revolusjonen. Det er eit oppgjør med ein teori som gjennom historia har vist seg tenlig til å snu frigjøring til å legitimere hard undertrykking og overgrep i masseomfang. Øgrims høgretesar berre fem år etter foredraget viser kor øydeleggande det var å skrive seg inn i denne tradisjonen og ta fanden på ryggen.

Øgrims mislykte forsøk på å få Steigan med på å gå ut offentlig med at Dengs Kina først på 80-talet ikkje var sosialistisk, var neppe først og fremst motivert av behovet for å distansere seg frå Kinas eitpartisystem, slik Brekke skriv. Meir trulig er det at Øgrims sette fram ein kritikk på maoistisk grunnlag. Deng oppløyste folkekommunane og satsa på profittmotivet og kapitalisme.

(I 2004 var dette ifølge Øgrim blitt til kinesisk imperialisme i eit omfang som ville føre til at Kina i løpet av 20–30 år kom til å gå forbi USA, med stor fare for krig i rivaliseringa, eit synspunkt som ikkje er refererer i boka). Iallfall manglar Brekke kjelde for sitt syn, sjøl om Øgrim i 1982 er inne på at systema i Kina og Albania er meir like det undertrykkande systemet i Sovjet enn ein ville innsjå da rørsla slutta seg til KKPs og APAs kritikk av den moderne revisjonismen og sosialimperialismen med senter i Moskva.

Når Øgrim etter Tien An Men i 1989 taler om den svarte arven frå Stalin, er det neppe slik at han sidestiller Mao med Stalin. Også han meinte at kulturrevolusjonen var feil i teori og praksis, men motsett Steigans syn var det fordi han tvert i mot hensikten opna vegen for Deng og kapitalismen. Når Brekke sluttar seg til dagens «fasit» blant vestlige ekspertar om at kulturrevolusjonen kun var eit kynisk trekk frå Mao i maktkampen i partitoppen i Kina, ville Øgrim neppe ha skrive under på det. I allfall ikkje på 80-talet. Det er jo også eit faktum at den same gruppa rundt Deng som slo ned demokrati- og antikorrupsjonsrørsla i 1989, var nett den gruppa Maos kulturrevolusjon retta seg mot, også med argumentet om at denne gruppa var livredd for «stort demokrati». Kanskje var dette dei mest reinhekla stalinistane i det kinesiske partiet?

Øgrims rolle opp til hans siste landsmøte i AKP, i 1984, er ikkje tatt med i boka. Øgrim skreiv forslaget til nytt prinsipprogram, og landsmøtet vedtok for første gong at sosialismen måtte ha eit fleirpartisystem, med organisert opposisjon – og ikkje berre grasrotdemokrati og veggaviser med kritikk av leiinga. Og oppgjøret med «unntakssosialismen» i Kominterntradisjonen var såpass klar at ei betydelig gruppe meldte seg ut. Men like viktig i sosialismeprogrammet var Maos nyvinning om at klassekampen må halde fram under sosialismen, mot nye klasseskille og kvinneundertrykking. Og det kommunistiske partiet må ha sin basis i masseorganisasjonane og ikkje i statsapparatet for å kunne bidra til utvikling i retning av det klasselause samfunnet.

Sjøl om denne linja blei vedtatt, handla diskusjonen meir om det umulige ved deltakande demokrati før økonomien var tilstrekkelig utvikla! Det var ekko frå debatten om utviklinga i Kina, der produktivkreftenes utvikling ville sikre sosialismen. Men eg kan ikkje minnes at Øgrim hadde ein tydelig stemme i ordskiftet om sitt programforslag. Eg skulle gjerne ha visst meir om hans rolle i partileiinga mellom 1982 og 1984.

Forstår eg Brekke rett, var Øgrim i ei slags politisk og eksistensiell krise da han skreiv Den vestlige maoismens sammenbrudd og krisa i AKP(ml) i 1982. Mulig det, men i boka er han svært tydelig på at det var oppfatninga av sosialismen som hadde brote saman – og dei fleste andre vestlige maoistpartia. I AKP derimot var det krise, men ikkje samanbrott. Organisasjonen var i stor grad intakt. Han gir stor plass til å framstille partiet sine sterke sider, som han samanfattar i «streikepartiet» og «sørpartiet». Og han legg vekt på at den norske ml-rørsla alt frå starten i SF/SUF og i EEC-kampen fikk ein breiare basis enn i mange andre land. Han er opptatt av at berre «verkelige» parti, som representerer meir enn seg sjøl, har ei framtid. «Krisa består i at folk ikke trur på sosialismen vår, og i at vi ikke trur på han sjøl». Den brennande utfordringa er ifølge Øgrim å knyte kampen i dag til eit truverdig bilde av eit sosialistisk samfunn som kan gi svar på det folk slit med.

På meg verkar det som om Øgrim i 1982 enno har tru på AKPs potensiale, da partiet gjorde eit imponerande arbeid i streikar og solidaritetsarbeid, men også i den breie rørsla mot porno og prostitusjon og mot nedlegging av einsidige industrisamfunn. (Og året etter talte han i Bodø på tiårsmarkeringa for stiftinga av AKP). I nettdebatten 25 år seinare slår han meir resignert fast at ingen har svaret på korleis kampen i dag skal knytes i hop med framtidsmålet.

Men i Kommunismen funker best (Rødt! 3A/2007) skildrar han kommunisme som noe levande midt blant oss, som bibliotek, gratis skole og sjukehusstell, gratis programvare – og dugnaden. I argumentasjonen for at «kommunisme er å gjøre, ikke å være» mot smågruppene leverer han eit offensiv forsvar for Rødt rett etter samanslåinga i 2007, som eit revolusjonært parti med mangfald, men uten svar på korleis ein revolusjon i vår type samfunn vil arte seg. På 90-talet snakka Øgrim – privat! – om det idiotiske AKP. Og trulig rota rørsla vekk mange sjansar i 15 år på å dele seg i to parti – RV og AKP – før Rødt kom i 2007. Tenk ka ein Øgrim på sitt beste kunne ha gjort med det, om han hadde stått midt oppe i rørsla!

Øgrims argumenterer for ein open, revolusjonær marxisme med klar avgrensing mot Aps klassesamarbeid og AP og SVs proimperialisme siste gong i vekene rett før han døyde. Eg kan ikkje la vere å sjå slektskapet mellom denne posisjonen og mitt eige standpunkt da eg på SUFs landsmøte i 1968 blei nesten aleine om å gå inn for å studere Mao og Lenins bidrag til marxismen i staden for «marxismen-leninismen-Mao Tse-tungs tenking». Men om ei sånn linje hadde vore mulig i 1968, får vi aldri svar på.

Øgrims blikk var neste alltid vendt framover: Artikkelen som er nemnt lenger fram om utviklinga i Kina («Imperialismen skifter hest») frå hausten 2004, avslutta han med denne helsinga til min 60-årsdag: Jeg tror at de som ser tilbake på oss om 20 og 40 år, kommer til å si om sånne som deg og meg at – de levde før nesten alt hadde skjedd!

Bo Brekkes bok har inspirert meg til å lese det vi kan kalle «Øgrims politiske testamente» ein gong til, altså Rødt! 3A/2007 og bilaget i Rødt! 4/2007 (pluss ekstranummeret frå Øgrimseminaret, Rødt! 1A 2008). I «Testamentet» har vi eit sjeldan døme på at Øgrim også ser seg tilbake og vurderer godt og dårlig i teori og praksis i ml-tida, men sjølsagt ut frå ka som er brukbart på 2000-talet.

Heller ikkje Øgrims Den vestlige maoismens sammenbrudd går det an å komme forbi. Les gjerne også Marxismen, vitenskap eller åpenbaringsreligion og heftet Proletariatets demokratiske diktatur frå 1971, det meste av dette foredraget blei nyutgitt i Rød Ungdoms studiesirkel Våg å kjempe! Våg å vinne! i 1975.

Sjøl har eg no faktisk også fått lyst til å kike på dei ulesne bøkene Det ukjente dyret og Glass.

Etter Bo Brekkes gode bok veit eg også meir om Tron Øgrims privatliv. Det er eg takknemlig for. Og eg har fått lese nydelige dikt til dattera Maja og Jorun. Samtidig er eg litt stolt over at den rørsla eg er med i er så pass lite sladrete at det meste av dette stoffet var nytt for meg.

No har vi langt på veg den indre, lange historia om ml-rørsla med forspell og ettervekst sett frå Øgrims synsvinkel. i tillegg har vi Steigans En folkefiende og På den himmelske freds plass. Pluss Sverre Knutsens versjon i antologien (ml) i 1989. Vi ventar på Sigurd Allern og Kjersti Ericsson!

Brigt Kristensen

PS

Med unntak av to a-endingar er boka på eit sirlig, konservativt bokmål. Altså om lag så langt vekk frå Øgrims skriftform som mulig. Med unntak av eit par unotar skreiv Øgrim slett ikkje lydrett som Brekke påstår, men standard radikalt bokmål.

* Eller var Øgrim leiar i Oslo og Akershus frå 1967 til 1968? Her er forfattaren uklar. Men det er fint at han plasserer den famøse filmen om den kinesiske prøvesprenginga på riktig sommarleir, den på Tromøya i 1967. I litteraturen om denne tida skriv dei fleste denne episoden til leiren året etter, den i 1968. På slutten av 60-talet var eitt år lang tid – metta av historie!