Ukategorisert

Trafficking og prostitusjon – vårt tids slaveri

Av

AKP

av Marit Kvamme

«Uten etterspørsel, ingen handel. … Ekte mannfolk kjøper ikke sex. Sex for penger er umandig! Ekte mannfolk misbruker ikke kvinner og barn. Derfor har Ekte mannfolk et kollektivt ansvar som rollemodeller. Rollemodeller som tar avstand fra kjøp og salg av seksuelle tjenester og fra alt misbruk av kvinner og barn.»

Dette uttalte Thomas Alslev Christensen, avdelingssjef i Nordisk ministerråd. Anledninga var det avsluttande seminaret i den nordisk/baltiske kampanjen mot handel med kvinner og barn som fann stad i Riga i november 2002. Norge og sju andre land har teke del i dette samarbeidet i regi av Nordisk ministerråd. Målsettinga var å sette søkelys på den stadig aukande handelen med kvinner og barn frå dei baltiske landa til dei nordiske. Forebygging og hjelp til ofra var eitt tema, etterspørselen i dei nordiske landa eit anna, og tiltak for å bekjempe bakmennene, dei som rekrutterer, fraktar og organiserer handelen eit tredje tema.

Palermo-protokollen

Trafficking er handel med mennesker, og for å motarbeide denne handelen har FN utarbeidd «Protokoll for å forebygge, bekjempe og straffe handel med mennesker, særlig kvinner og barn, som supplerer De forente nasjoners konvensjon mot grenseoverskridende organisert kriminalitet» (2002). Protokollen er også kalla Palermo-protokollen.

Palermo-protokollens artikkel 3a definerer kva som skal reknast for handel med mennesker: «Rekruttering, transport, overføring, husing eller mottak av personer, ved hjelp av trusler om bruk av vold eller bruk av vold eller andre former for tvang, bortføring, bedrageri, forledelse, misbruk av myndighet eller av sårbar stilling, eller å gi eller motta betaling eller fordeler for å oppnå samtykke, fra en person som har kontroll over en annen person, med sikte på utnytting. Utnytting skal som et minimum omfatte utnytting av andres prostitusjon eller andre former for seksuell utnytting, …» I artikkel 3b heiter det at «samtykke fra et offer for handel med mennesker til den tilsikta utnyttingen nevnt i bokstav a) i denne artikkel skal være uten betydning der noen av midlene nevnt i bokstav a i denne artikkel er brukt».

I det offentlege ordskiftet høyrer vi fleire, både representantar frå politiet og frå Pro-senteret uttale at mange av dei utanlandske jentene er her friviljug, at dei veit kva dei går til. Men dette er slett ikkje noko viktig argument. Å utnytte desse jentene si sårbare stilling er altså nok til at det er definert som trafficking, og er straffbart i høve til denne protokollen. Og samtykke frå ofre for slik handel skal vere utan betydning. Landa som har underteikna og ratifisert protokollen pliktar å tilpasse nasjonale lover og nasjonal politikk til denne og andre internasjonale avtalar.

Det er viktig å merke seg at FNs protokoll av 2000 bygger på FN-konvensjon av 1949. Dette er ein konvensjon for å fjerne handel med mennesker og utnyttelse av andres prostitusjon. Kvinnekonvensjonen CEDAW ratifiserte Norge i 1981. Kvinnekonvensjonen har som mål å avskaffe alle former for diskriminering av kvinner.

«Konvensjonspartene skal treffe alle tjenlige tiltak, herunder i lovs form, for å gjøre slutt på enhver handel med kvinner og utnyttelse av kvinneprostitusjon.» (CEDAW, 1979)

Dei 8 deltakarlanda i det nordisk/baltiske samarbeidet har sett i verk ulike tiltak for å bekjempe trafficking. Dei fleste landa har utarbeidd, eller er i ferd med å utarbeide nasjonale handlingsplaner. Den danske handlingsplanen kom i desember 2002. Danmark skal bevilge 10 millionar danske kroner per år i tre år til arbeidet mot handel med kvinner. Utenlandske kvinner som er handla med til Danmark, skal få opphalde seg 15 dager i Danmark før dei vert sende ut av landet. Denne tida skal dei kunne få rådgiving og hjelp slik at tilbakeføring til heimlandet kan skje på best mogleg måte, og slik at kvinna unngår å verte handla med igjen. Samarbeid med institusjonar og organisasjonar i heimlandet skal lette heimsendinga. 15 dagar i Danmark skal altså hindre kvinna i å verte handla med igjen!

Vi veit at halliken/det kriminelle nettverket oppsøker kvinnene og deira familier, truar med vald og utfører vald, ikkje berre for å hindre kvinna i å vitne, men fordi dei faktisk tjener enorme summar på kvar jente dei klarer å lure, lokke, true til prostitusjon. (FN reknar omfanget av handelen til 5-7 billionar US dollar årleg.)

Dansk usynleggjering

Det mest augnefallande med den danske handlingsplanen er usynleggjeringa av den viktigaste aktøren i denne handelen, den danske mannen som kjøper kvinnene. Rett nok skal ei annonsekampanje freiste gjere mennene medvitne på om jenta dei kjøper er handla med over landegrensene, men er ho ikkje det, er handelen grei. For prostitusjonen i seg sjøl stiller ein ikkje spørsmål ved. Danske menn skal fortsatt ha rett til å kjøpe kvinner, berre dei ikkje er utanlandske og har teke seg inn i landet på ulovleg måte. Den norske handlingsplanen kjem i februar. Vert den lik danskane sin, har norske horekundar heller ingenting å frykte.

Dei nasjonale handlingsplanane skal gjenspegle ratifiseringa av Palermo-protokollen og andre underteikna protokollar. Å sjå til at dette skjer er eit ansvar både for politiske parti, kvinnerørsle og fagrørsle. Å kjenne innhaldet i protokollane er også viktig for å hindre medvetne eller umedvetne feiltolkningar av protokollane.

Kvinner og barn som er handla med er ofre for ei kriminell handling og skal handsamast deretter. Å handsame jentene som ulovlege immigrantar som skal skyssast ut av landet fortast mogleg, har vore norsk praksis til no. Dette er brot på FNs konvensjon av 2000!

Artikkel 6 i protokollen handlar om bistand og beskyttelse av ofre for slik handel. Tiltak som er lista opp er: hensiktsmessig husvære, rådgjeving og opplysning, medisinsk, psykologisk og materiell bistand, muligheter for sysselsetting, utdanning og opplæring, mulighet til å få erstatning for lidd skade.

Dette vil koste både tid og pengar, og kreve kompetanse. Dersom ein verkeleg meiner at ein vil gi kvinnene eit alternativ til, og hjelp til å kome seg ut av prostitusjon er tiltak nevnt i artikkel 6 naudsynte. Det må byggast opp kompetanse i det offentlege hjelpeapparatet lokalt og regionalt. Hjelpetiltaka må vere retta mot kvinner som lever i prostitusjon uavhengig av om dei er handla med over landegrenser eller rekruttert lokalt. Kvinner som lever i prostitusjon må sjølve vere sentrale aktørar i utforminga av hjelpetiltaka.

Artikkel 7 i FN-protokollen seier at kvar statspart skal vurdere å treffe lovmessige eller andre hensiktsmessige tiltak som gir ofre for handel med mennesker fortsatt opphald i landet, midlertidig eller varig, og at ein her skal ta humanitære og menneskelege hensyn.

Handel med kvinner med formål prostitusjon er ein del av den systematiske uretten som vert begått mot kvinner verda over fordi dei er kvinner. Handel med kvinner er dermed del av den kjønnsbaserte forfølginga. Kvinner som er handla med burde søke politisk asyl på grunnlag av kjønnsbasert forfølging. Rådgjevinga styresmaktene er forplikta til å gi, bør innehalde å opplyse om retten til å søke asyl.

Artikkel 9, punkt 4 nevner forebyggande tiltak. «Statspartene skal treffe tiltak, blant annet gjennom bilateralt eller multilateralt samarbeid, for å lindre forholdene som gjør personer, særlig kvinner og barn, sårbare for handel med mennesker, for eksempel fattigdom, underutvikling og mangel på like muligheter.»

Anstendig løn

Mange norske bedrifter etablerer seg i lavkostnadsland som dei baltiske statane, og den norske staten er gjerne med og hjelper til med slik etablering. Vi må kreve anstendige løns- og arbeidsforhold ved slik etablering. Norske bedrifter må ikkje bidra til at kvinner vert skyve ut av arbeidslivet, då vert dei medskuldige i å ha auka andelen fattige kvinner som i naud byrjar å selje kroppen sin.

Handel med kvinner har blitt ein industri som utnytte økonomisk krise og fattigdom i landa som kvinnene kjem frå, og vi har fått ein stadig aukande etterspørsel etter kvinner og barn i prostitusjon i dei rike mottakarlanda.

På midten av 90-talet utgjorde kvinnene i Russland og dei tidlegare sovjetrepublikkane 2/3 av dei arbeidsledige, og i enkelte regionar var 85 % av kvinnene arbeidsledige. I mange av disse landa, inkludert dei baltiske, har bruttonasjonalproduktet sunke med over 50 % på 1990-talet, og inntekta per innbygger har gått ned med 80 % (Zuckerman, 1999).

I ei gransking som Women’s issue Information center i Litauen la fram på konferanse i Vilnius i oktober, 2002, svarte 30 % av befolkninga at dei såg på seg sjølve som fattige, eller på grensa til å verte fattige.

Kombinasjonen av akutt økonomisk krise, at kvinner i stor grad har vorte arbeidsledige, og den raskt veksande sexindustrien har ført til enorm seksuell utnytting av økonomisk sårbare kvinner og barn frå dei nye uavhengige statane i Aust- og Sentral-Europa.

Globalisering av økonomien betyr også globalisering av sexindustrien, som har blitt ein industri utan grenser. Store og små nettverk opererer på tvers av grensene, rekrutterer aktivt jenter og kvinner frå landsbygda og frå gatene spesielt (som i Lilja 4-ever). Hotell, flyselskap, reiseselskap, drosjesjåførar, langtransportsjåførar og av og til korrupte styresmakter kan vere ein del av nettverket som rekrutterer. Nettverk står også klare i mottakarlanda som i Norge, bygger opp kundelister, fraktar jentene omkring, leier leiligheter. Annonsering, ofte via internett, blad, aviser og turistbrosjyrer har også stor betydning for at den seksuelle utnyttinga sprer seg over heile verda.

Det må stillast krav til nordmenn på reise i utlandet, enten det er som turistar eller i arbeid om at dei ikkje utnyttar nauden til fattige kvinner og opptrer som horekundar. Norge har innført etiske retningslinjer som forbyr kjøp av sex for statstilsette på tjenestereiser både i inn og utland. Desse retningslinjene må også gjelde for alle prosjekt/etableringar som på noko vis mottek statleg støtte. Neste tiltak bør vere å innføre lovforbud mot å kjøpe kvinner og barn for alle norske statsborgarar.

Kunden

Artikkel 9, punkt 5 omhandlar etterspørselsida, mennene som kjøper, og krev at statspartane skal vedta eller styrke lovgivingsmessige eller andre tiltak for å motvirke etterspørselen. «Det er etterspørselen som fremmer alle former for utnytting av personer, særlig kvinner og barn, som igjen fører til handel med mennesker.»

Dette er første gang ein internasjonal protokoll konkret nevner kunden, han som etterspør kvinner og barn, og faktisk også stadig yngre barn.(Det er ikkje pedofile som først og fremst etterspør småjenter, men heilt vanlege horekundar.)

Sverige er det einaste landet som til no har gjort det kriminelt å kjøpe kvinner for seksuell utnytting. Bot eller seks månaders fengsel er straffa. Kriminaliseringa kom etter lang tids debatt i det svenske samfunnet, og i dag meiner 80 % av den svenske befolkningen at prostitusjon er ein del av menns vald mot kvinner, og dei støttar derfor lova.

Den norske justisministeren har signalisert at Norge ikkje har tenkt å ta kundane. Han vil ta «dei store», hallikane og bakmennene. Det er nok mykje tøffare, det. Å få sperra inne ein ekte forbrytar, som tjener mange millionar på å lure og utnytte kvinner i nød. Politi og rettsvesen synes nok også at det ligg meir prestisje i dette enn å jakte på ein liten horekunde, ein vanleg mann som berre tilfredsstiller eit naturleg behov som han ellers ikkje kan få tilfredstilt. For at mannen har rett til å få tilfredsstilt sine såkalla seksuelle behov er nok ein rotfesta del av mannskulturen i alle land. Når Norge ikkje har så mange fattige, når våre eigne kvinner har andre valgmuligheiter, er det i tråd med same «kulturen» greit å importere fattige kvinner frå andre land, eller reise som sexturist til eit fattig land.

Debatten om trafficking og prostitusjon

Palermo-protokollen handlar om trafficking. Einskilde debattantar, med Pro-senteret i spissen, den danske handlingsplanen, den internasjonale pro-prostitusjonslobbyen, freistar sette eit skarpt skilje mellom trafficking og lokal prostitusjon. Alle er samde om at trafficking, handel med kvinner og barn over landegrensene, bør bekjempast. Men den lokale prostitusjonen er noko kvalitativt anna. Når det gjeld denne prostitusjonen gjeld det å sikre kvinnene best moglege vilkår, ordna arbeidsforhold, respekt og ikkje fordøming frå samfunnet, og ikkje legge hindringar i vegen for møtet mellom kvinna i prostitusjon og horekunden. Ut frå dette synet er kvinna som livnærer seg av prostitusjon på grunn av fattigdom i Latvia, og som ikkje har eit organisert nettverk bak seg, ikkje utsett for vald eller overgrep, og er heller ikkje offer for ei kriminell handling. Men dersom nokon fraktar henne til Norge eller eit anna land, er ho offer for kriminalitet. Og dersom den norske kunden reiser til Latvia og kjøper kroppen eller deler av kroppen til same kvinna, er det også greit, så lenge vi ikkje har ei lov som forbyr nettopp kjøpet.

Motstandarane av den svenske lova hevdar at kvinnene får det verre ved kriminalisering. Prostitusjonen vil gå under jorda. Kvinnene vil verte meir utsette for vald ved at det er dei værste kundane som blir igjen, medan «dei snille» kundane sluttar å kjøpe kvinner. Hjelpeorganisasjonar vil ikkje nå fram til jentene. Jentene vil verte delaktige i ei kriminell handling.

At prostitusjon går under jorda betyr at den vert meir usynleg, at den skjer innendørs. Men dette kan neppe vere noko viktig argument mot kriminalisering av kundar, så lenge mesteparten av prostitusjonen i dag skjer innandørs. 2/3 av prostitusjonen i Norge skjer innandørs, hevdar Liv Jessen (Dagbladet 14. desember 2002). I Danmark skjer 9/10 av prostitusjonen innandørs, hevdar Hanne Helth, nestleiar i REDEN, Danmark. Kontakt vert formidla gjennom aviser, internett og mobiltelefon. Dette skuldast den teknologiske utviklinga og skjer uavhengig av om kunden er kriminalisert eller ikkje.

Amerikanske undersøkingar viser at 80 % av kvinnene i prostitusjon opplever vald, og at kvinner i lokal prostitusjon opplever like mykje vald som kvinner som er handla med over landegrenser. (Janice Raymond, CATW, foredrag Stockholm, 5. november 2002). At så mange prostituerte opplever vald frå kundar og hallikar er eit alvorleg helseproblem og enda eit argument for forbod av kjøp.

Dersom kunde og prostituert kan gjere avtalar via annonser, telefon og internett kan vel også hjelpeorganisasjonar og styresmakter nå fram til jentene ved hjelp av denne teknologien? Dersom jentene vert borte frå gata er det vel ingen vits i at Pro-senteret eller andre fortsetter å tråle gatene?

Argumentet om at kvinnene vert delaktige i kriminell handling, og at vi dermed kriminaliserer kvinnene også, noko vi i utgangspunktet ikkje ynskjer, må vi ta på alvor. Men dersom utenlandske kvinner som er handla med over landegrensene utgjer ein stadig større del av dei prostituerte, er dei alt involvert i kriminell verksemd i og med at denne handelen vert rekna som del av den organiserte kriminaliteten. I Danmark er det ca. 7.000 kvinner i prostitusjonsindustrien. 2.000 av disse er utanlandske, og andelen utanlandske er aukande. (Hanne Helth, REDEN, Danmark.)

Når prostitusjon er ein føresetnad

Dersom kriminalisering av kjøp fører til at kundar forsvinn, har ein oppnådd det ein ville med lova – sjølv om det medfører at kvinner i prostitusjon i dag vil få større problem med å skaffe seg kundar. Men når kundane forsvinn, vil også fleire kvinner vere motiverte for å kome seg ut av prostitusjon. Rekrutteringa vil verte svekka. Norge vil ikkje vere noko attraktivt land for trafficking. Prostitusjon i eit land er i dag ein føresetnad for trafficking. Vil ein stanse trafficking må ein fjerne all prostitusjon. Og for oss er det målet. Ikkje å lette menns tilgang til kvinner dei kan kjøpe, men å hindre denne handelen.

Prostitusjon er skadeleg for dei kvinnene som livnærer seg av dette på kort og lang sikt. Prostitusjon er skadeleg for alle kvinner, for vår stilling i samfunnet, for noverande og komande generasjonar av kvinner. Kven av dei småjentene vi kjenner i dag, skal livnære seg av prostitusjon om 10 år? Blir det for vanskeleg å tenke seg sine eigne døtre i ein slik situajon, så er det kanskje greit å vite at i det vert stadig fleire fattige kvinner i andre land som kan forsyne våre søner, fedre og ektemenn med kroppar til salgs. Eller er det på tida å seie stopp – dette finn vi oss ikkje i! Louise Eek, forfattar av boka Spelat liv, levde som prostituert i fleire år. Ho seier i intervju med Aftonbladet 31. oktober 2002: «Prostitusjon er en våldtekt. … Klart du mår skit av att selja sex til flera okända men varenda dag … Känslan av att vara smutsig kommer från gubbarna som køper dig – inte samhället.»

Det er kunden som gjer skade – derfor er det kunden som bør verte handsama som kriminell. I tillegg må styresmaktene yte hjelp slik at kvinner kjem seg ut prostitusjon. Og straffene for hallikverksemd må verte langt strengare.

Referansar
  • Protokoll for å forebygge, bekjempe og straffe handel med mennesker, særlig kvinner og barn, som supplerer De forente nasjoners konvensjon mot grenseoverskridende organisert kriminalitet.
  • Guide on the new UN protocol on trafficking in women. European Women’s Lobby, Coalition against Trafficking in Women m fl. 2001.
  • Egen deltakelse i det nordisk/baltiske samarbeidet på vegne av Fokus og Kvinnefronten.
  • How do we Support Women and Children to Escape Trafficking? The use of International Instruments. Janice Raymond, Professor Emirata, University of Massachusetts. Co-Executive Director, Coalition Against Trafficking in Women (CATW). Oktober 2002.
  • «Den delte kropp.» Foredrag. Hanne Helth. Nestleder REDEN, Danmark, og prosjektansvarlig for trafficking, REDEN, 2002.
  • Innspill til regjeringens handlingsplan. Kvinnefronten 2002.
  • Innspill til regjeringens handlingsplan. Likestillingssenteret 2002.
  • Spelat liv. Louise Eek. Atlas, Stockholm 2001.
  • Å sette pris på kvinner. Menn som kjøper sex. Annick Prieur og Arnhild Taksdal. Pax, Oslo 1989.
  • Aftonbladet. Intervju Louise Eek, 31. oktober 2002.
  • «Kvifor kriminalisere horekunden?» Liv Jessen. Dagbladet, 14. desember 2002.