Vegen til helvete er brulagt med «humanitære intervensjonar»

Av Tom Reifer

2011-03

Spørsmålet er: Kven har rett til å intervenere? Det går til kjerna i den politiske og moralske strukturen i det moderne verdssystemet. Intervensjon er i praksis ein rett dei sterke har.
Tom Reifer skriv om vestleg vald, den hippokratiske eiden, og det andre arabiske opprøret.

Tom Reifer er professor i sosiologi ved University of San Diego.

–Det ville vore ein tjenestefeil om befolkninga vart offer for anarkiet – fråtatt alt som høyrer sivilisert liv til. Derfor … har militæret med store offer brukt mykje tid på å trygge menneska … Dette er eit ansvar som hendingane kasta på dei, og eit ansvar dei ønska like lite som dei ønska å unngå det.

–Dei frigjorte folka ser … ikkje ein aggressiv stat, men den krafta som hadde retten og kapasiteten til å gi … trygt vern.

–Fylt med ærleg ønske om å tjene dei sanne interessene til folka som bur i dette området, for å sikre … menneska, og fremme fred og velferd for alle …

Sitata ovanfor kan lett bli oppfatta som erklæringar frå den USA-leia vestlege alliansen for å rettferdiggjøre tilsynelatande humanitære motiv for krigen mot Libya, gjennomført etter vedtak om ein flyforbudssone i Tryggingsrådet i FN.1 Men: Alle tri er faktisk frå 1930-tallet – frå Japan, Italia og Tyskland – for å rettferdiggjøre den japanske invasjonen i Mandsjuria i september 1931, den italienske invasjonen av delar av Afrika på 1930-tallet, og Tysklands invasjon av Tsjekkoslovakia i mars 1939. Alle kalla humanitære intervensjonar, styrt av dei høgaste ideal – å forsvare menneskeliv. (Murphy, 1996: 60–62.) Sean Murphy (1996), leiande ekspert på området, peikar ut tri såkalla «humanitære intervensjonar» i perioden mellom Kellogg-Briand-pakta og FN-charteret, medrekna folkemordet til den italienske diktatoren Mussolini i Aust- Libya, det første folkemordet etter første verdskrigen (sjå Simon, 1993: 136).

Som Michael Mann (2005: 309) skriv:

Fascistiske skribentar … hadde ein rasehygienisk visjon om at det italienske folket skulle ekspandere gjennom kolonisering. Om mange italienarar skulle gjøre landnåm i Afrika, kravde det at landområda vart reinska for innfødde, og Mussolinis libyske og etiopiske eventyr førte til massedrap. I åra 1928–32 drap pasifiseringa i Libya nesten ein fjerdedel av dei 225 000 innbyggarane i Cyrenica.

Då er det ikkje overraskande at stormaktene i dag gjennomfører bombing frå lufta på grunnlag av påståtte humanitære ideal, med åtaket på Libya ironisk nok rundt same tid som årsdagen for den USA-leia invasjonen av Irak i 2003. Napoli i Italia er for tida samordningsstad for åtaket (mars 2011, red.), og får fram ubehagelege minne om Italias invasjon og erobring av Libya som starta i 1911, der italienske troppar gjekk i land i ulike libyske byar medrekna Tripoli og Benghazi, og okkuperte landet i tri tiår etterpå.

Alle kan sjølvsagt sympatisere med opprørarane i Libya som vil kaste eit korrupt og skruppellaust diktatur, som tidlegare har fått sterk støtte frå vestlege makter, medrekna Italia og USA. Men det er noko langt anna enn å krevje deltaking i det som eigentleg er ein borgarkrig. Ein borgarkrig som ganske visst er ein del av det Immanuel Wallerstein har kalla Den andre arabiske revolten, ein av dei mest inspirerande eksempel i det 21. hundreåret på ei i hovudsak ikkje-valdeleg revolusjonær samfunnsendring (sjå også Kaufman-Lacusta, 2011). For dei som hugsar historia, er det lett å avvise vestmaktene og retorikken deira om humanitær intervensjon. Lista over vestleg- støtta diktatorar som går brutalt fram mot forsvarslause sivile i Egypt, Bahrain, Jemen og Saudi-Arabia, gjør påstandane om humanitære mål i Libya til latter. Likevel er det tilfelle at mange fredselskande personar med dei beste intensjonar enkelte gonger blir overtydde om å støtte slik vald på grunnlag av ekte humanitær uro. Men som munnhellet seier: vegen til helvetet er brulagt med gode intensjonar. Sympatien som mange progressive har for den vestlege intervensjonen, er tydeleg motivert av ønsket om å hindre ein svært reell sjanse for at dei libyske regjeringsstyrkane massakrerer innbyggarane i Benghazi. Som New York Times skreiv i ein artikkel 29. april i år om Obamas tale om Libya dagen før, hevda Det Kvite Hus at dei handla for å unngå eit «truande folkemord» i Benghazi. Vestlege leiarar slenger utvungent rundt seg med ordet folkemord, alltid utført av andre, men aldri om sine eigne handlingar. På eit eller anna vis ser det ut til at det bare er ikkjekvite som er ansvarlege for folkemord, aldri vestlege makter. (Sjå Herman og Petersen; Mamdani, 2007, 2009)

Problemet med å støtte vestlege militære intervensjonar i tredje verda er at i den faktisk eksisterande verda har støtte til humanitære intervensjonar typisk nok – men ikkje alltid – ført til meir vald, forverra konflikt, og meir skade for sivilbefolkninga. Og i dei tilfella der ikkje-vestlege intervensjonar kan ha hatt positiv effekt for å verne uskyldige, har slike intervensjonar blitt hardt fordømte av dei same vestlege maktene som no freistar å skjule seg bak humanitær intervensjon i sin bruk av militær makt.

I European Universalism: The Rhetoric of Power sporar Immanuel Wallerstein (2006) debatten om humanitære intervensjonar tilbake til starten på europeisk erobring og kolonisering. Men som Noam Chomsky konstaterer, vil me utan tvil finne tidlegare eksempel, om me til dømes hadde hatt arkiva til Djengis Khan. Som Wallerstein (2006: xiii) slår fast, blir humanitære intervensjonar i dag utført i namnet til menneskerettar og demokrati. Ser me attende i historia kan me sjå korleis desse oppfatningane har utvikla seg over tid.

Blant dei første som tok opp spørsmåla om humanitære intervensjonar, var legendariske Bartolome de Las Casas, den første presten som blei ordinert i Amerika i 1510. Las Casas er viktig fordi den åndelege forvandlinga hans førte til at han fordømte uretten den spanske erobringa betydde for urfolka i Amerika, og han freista å sikre dei vern. Las Casas fekk motstand i arbeidet sitt av Juan Gines Sepulveda (1545). I boka About the Just Causes of the War Against the Indians heldt han fram fire argument som Wallerstein reknar opp. Indianarane vart skulda for barbarisme, som skulle rettferdiggjøre spansk styre fordi dei då var skyldige i brot på guddommeleg lov og naturlovene, medrekna praksisen med menneskeofring. Vidare hevda Sepulveda at spanjolane hadde plikt til å verne dei uskyldige som blei påført skade av handlingane til indianarane, særleg av menneskeofringa. I tillegg var spansk styre nødvendig for å bringe Kristi bodskap til folka i Amerika. Wallerstein (2006: 6) merkar seg vidare:

Som ein kan sjå, er dette dei fire grunnargumenta som har blitt brukt for å rettferdiggjøre alle seinare «intervensjonar» utført av «siviliserte » i den moderne verda i «ikkje-siviliserte» område: dei barbariske andre, få slutt på praksis som bryt universelle verdiar, forsvar av dei uskyldige blant dei grusomme andre, og gjøre det mauleg å spreie universelle verdiar …. Same kor sterke desse argumenta var som moralske insentiv for dei som stod for erobringa, er det klart at dei blei kraftig forsterka av dei umiddelbare materielle fordelane erobrarane fekk.

Las Casas gjekk mot Sepulveda på alle punkt, som del av ein motstandstradisjon – det Noam Chomsky refererer til som «dei intellektuelles ansvar» – som omfatta Vitoria og Fray Antonio Montesinos (som pregar filmen Even the Rain med tankane sine) som alle «argumenterte for at alle folk har ein sjølvsagt rett til sjølvstyre». (Coady, 2002: 23; sjå også Seed, 1993)

Først det vanskelege spørsmålet om kven som var barbarar. Om praksis spelte inn, var det sanneleg eksempel på barbarisk oppførsel av dei såkalla berarane av universelle verdiar, nemleg det spanske imperiet og den katolske kjerka, dei to institusjonane som gjekk i spissen for humanitære intervensjonar i si tid. I tillegg kom spørsmålet om jurisdiksjon, og her hevda Las Casas at det spanske kravet om å styre ikkje-kristne som hadde sine eigne tradisjonar, som jødar og muslimar, var problematisk. Endå meir tvilsamt blei det når ein snakka om folk som ikkje kjente til kjerka og doktrinene i det heile tatt, som indianarane i Amerika. Men som Wallerstein (2006: 8) konstaterer, kunne det argumentet frå Las Casas skuldast for moralsk eller juridisk relativisme:

Det var utsett då, og i dag, for åtak fordi det synet viste likesæle for lidingane til uskyldige …

Her svarte Las Casas at bare fordi ei rettferdig sak eksisterte – som vern av uskyldige – betydde det ikkje at det fantest ei høveleg makt som kunne verne dei uskyldige, eller jamvel at det kunne skje med eit minimum av skade. Og om kuren var verre enn sjukdommen, kor stod då ideologien bak humannitære intervensjonar, for ikkje å snakke om den påståtte moralen? Slik blir den apokalyptiske vestlege valden avslørt, freistnaden på heilaggjøring av valden vart avslørt som profan, frårøva legitimitet og rettferd. Dessutan, som Las Casas argumenterte:

Spanjolane trengte inn i denne nye delen av verda, svært uforskamma… og… utførte uhyrlege og uhøyrte brotsverk… Kan slike blodtørstige, rovgriske, grufulle og opprørske menn verkeleg kjenne Gud, som dei formanar indianarane å tilbe? (Wallerstein, 2006: 10)

Med andre verdskrigen med alle sine redslar, og danninga av FN, endra retorikken til dei store imperialistmaktene seg frå sivilisasjonsoppgave og oppfatningar om å vere rasemessig og kulturelt overlegne til menneskerettar. Menneskerettane vart slått fast i den universelle erklæringa om menneskerettane frå 1948, i ei tid med avkolonisering. Men sivilisasjonsargumentet stod sterkt, i tida frå tidleg og heilt fram til midten av det tjuande hundreåret. Til dømes konstaterte president William McKinley då han diskuterte annekteringa av Filippinane etter den spansk-amerikanske krigen og den brutale undertrykkinga av den filippinske sjølvstenderørsla:

… dei var ueigna til sjølvstyre. Derfor kunne me ikkje gjøre anna enn å ta vare på dei og utdanne dei og kristne dei…

noko det tydeleg tok femti år å fullføre. (Coady, 2002: 8)

Desse oppfatningane om at barbarane var ueigna til å styre seg sjølve, hadde dei fleste progressive og liberale vestlege tenkarar, som John Stuart Mill. Seinare førte slutten på kampen mellom supermaktene og den kalde krigen til ny vekt på såkalla humanitære intervensjonar og påståtte edle intensjonar frå vestlege makter. Men her har Vesten ei pinleg historie, frå Vietnamkrigen til den såkalla krigen mot terror, for ikkje å snakke om heile historia med vestlege erobringar og kolonisering. Men dei påståtte humanitære intervensjonane avslører klart det vestlege hykleriet.

Som mange analytikarar har konstatert, er det tilfellet som kjem nærast humanitær intervensjon etter andre verdskrigen, Indias invasjon i Aust-Pakistan i 1971 – den indo-pakistanske krigen – og Vietnams invasjon av Kambodsja. Merk at ingen av desse er vestlege intervensjonar. Då India intervenerte i 1971, viste dei primært til sjølvforsvar. Men dei prøvde også å ikle han humanitære bekymringar: stans i massakrar med vilkårlege drap, tortur og valdtekt av uskyldige sivile frå den vest-pakistanske hæren si side vart sett i samanheng med intervensjonen. Massakrane førte til over ein million drepne bengalarar og 9 til 10 millionar flyktningar til India, og fødselen av den nye staten Bangladesh. Indias åtak på Pakistan vart kalla «reinspikka aggresjon » av dåverande USA-ambassadør til FN, George Bush (senior), i motsetning til Sovjetunionen og deira allierte i Warszawapakten Polen som støtta sin indiske allierte. (Wheeler, 2002: 65–66) Dessutan kravde ein resolusjon i generalforsamlinga umiddelbar våpenkvile med 104 mot 11 røyster og 10 avholdande, trass i motstanden frå India og deira allierte. Leo Kuper konstaterte at FN-resolusjonen demonstrerte ei

avvising av humanitær intervensjon og (ei) overgripande plikt til forsvar av statleg suverenitet og territoriell integritet og ikkjeinnblanding i indre affærar i medlemsstatane. (Wheeler, 2002: 69)

Nicolas Wheeler (2002: 74) konstaterer vidare:

Den internasjonale responsen på Indias intervensjon demonstrerer at det ikkje var noka støtte for ein doktrine om at statar einsidig kunne gå til humanitær intervensjon.

I det indo-pakistanske tilfellet stilte store delar av det internasjonale samfunnet seg bak Pakistans rett til suverenitet, medrekna dei mektigaste vestlege statane. Dei fordømde Indias intervensjon skarpt, og USA heldt fram å forsyne Pakistan med våpen.

Det andre tilfellet av militærbruk ein kan hevde kjem nær humanitær intervensjon, er Vietnams invasjon av Kambodsja i 1978 der Pol Pot vart styrta, eit brutalt regime som hadde drepe ein til to millionar menneske i valdelege åtak som auka i styrke då. Trass i at Vietnam hevda aksjonen rettferdigjort som sjølvforsvar etter FN-charteret – ikkje utan ein viss rett kan ein konstatere – vart intervensjonen nok ein gong skarpt fordømt av USA og allierte. Dette var på ei tid då USA og allierte i røynda støtta Pol Pot.

Trass i tiår med USA-støtta krigar i Sentral- Amerika etter den tid, med tusenvis av døde, hevda USA retten til humanitær intervensjon igjen i 1999, denne gongen i Kosovo. Det skjedde samtidig med pågåande USA-støtte til storstilte massakrar og undertrykking frå NATO-landet Tyrkia, i Colombia, og viktigast av alle Aust-Timor (Chomsky, 1999b, 2000; Nevins, 2005, Robinson, 2006, 2010; Kiernan, 2008). Jamvel ein som støtta krigen i Kosovo, rettsetikaren David Luban, gav uttrykk for alvorleg uro på grunn av resultata. Han konstaterte at han hadde offentleggjort ein artikkel tjue år før som støtta humanitære intervensjonar, men rundt Kosovo-intervensjonen som han framleis støtta, såg han likevel ideen som problematisk: «Ver varsam med kva du ønsker deg».

Som Luban (2002: 80–83) skreiv:

Det amerikansk-leia Nato-åtaket på Kosovo starta 24. mars 1999. Før to dagar var gått, viste det seg at resultatet vart ein humanitær katastrofe av ufattelege proporsjonar. Som om luftåtaket var signalet, gjekk serbisk politi og militære saman med kosovo-serbisk militia og opportunistiske bandittar for å drive kosovo-albanarane bort frå heimane sine (noko som hadde skjedd før, men i mykje mindre målestokk). Fortellingar om redslar følgte dei hundretusenvis av fortvilte flyktningar som strøymde mot grensene … eit ukjent antall menn (mange tusen viste det seg) vart myrda. Unge kvinner utsette for gruppevaldtekt … Nato-styrkane viste seg ute av stand til å stanse katastrofen … det såg ut som Nato-inngrepet vart omgjort til ein reindyrka katastrofe for nettopp dei menneska dei skulle hjelpe. Det var vanskeleg å vere usamd med Noam Chomsky som sendte ut ein lang e-post den første bombeveka der han angreip Nato for å bryte det grunnleggande hippokratiske prinsippet som må styre alle humanistar: «Først, gjør ikkje skade!» … Nato baserte seg forsiktig bare på luftåtak, som skulle gi liten risiko for skader men kan godt ha forlenga krigen, påført unødige lidingar på sivile i Serbia, ført til ekstra ugjerningar mot kosovo-albanarane, og dermed provosert dei til ugjerningar som revansj og etnisk reinsing andre vegen då dei kom attende … Intervensjonen sendte også ein bodskap verda neppe kunne misforstå: at USA såg eit amerikansk liv verdt tusenvis av jugoslavar – neppe i samsvar med doktrinen om universelle menneskerettar. (Sjå også Kuperman, 2001).

Jamvel Nicholas Wheeler (2002, 284) som var positivt innstilt til humanitær intervensjon, sluttar seg til Luban om at i Kosovo

gav valet av bombing som humanitært intervensjonstiltak … resultat i strid med dei humanitære motiva for operasjonen … intervensjonen påskynda nettopp den katastrofa han skulle hindre. (Sjå også Mertus, 2001: 146–148).

Dåverande Nato-general Wesley Clark informerte faktisk både Det Kvite Hus og pressa i god tid før bombinga starta om at resultatet ville bli massive ugjerningar (Chomsky, 2008, 2008: 43). I lys av Kosovo-katastrofen og utsiktene til nye ikkje-autoriserte USA-leia vestlege militæraksjonar var det ikkje overraskande at G77-toppmøtet i Havana sommaren 2000 – som representerte rundt 80 prosent av innbyggarane i verda, og no 133 land – vedtok Erklæringa frå Sør-toppmøtet: «Me avviser den såkalla «retten» til humanitær intervensjon». (Chomsky, 2000: 4). Avvising av humanitær intervensjon og støtte til FN-charteret vart stadfesta på nytt både i 2004 av generalsekretærens ekspertpanel på truslar, utfordringar og forandringar (High Level Panel on Threats, Challenges & Change) og så i 2005 av Generalforsamlinga i FN etter toppmøtet same år.

Den påfølgande anglo-amerikanske invasjonen og okkupasjonen av Irak, i strid med internasjonal lov, og den USA-støtta israelske invasjonen og åtaket på Libanon og Gaza dei seinare åra førte i begge tilfelle til massive åtak på sivile og tilsvarande øydeleggingar. Vestlege statar snakka sjølvsagt ikkje då om å bruke militærmakt for å verne sivile, då militærstyrkar vart brukt mot sivile som dei no hevdar å beskytte i Libya. Og gitt vestleg støtte siste tiåret og tidlegare til omfattande tortur og fengsling på ubestemt tid av mistenkte i den såkalla krigen mot terror – medrekna sivile – er det vanskeleg å tru at desse maktene vågar snakke om støtte til menneskerettar eller det såkalla ansvaret for å beskytte.

Som Immanuel Wallerstein (2006) konstaterer i European Universalism:

Spørsmålet – kven har rett til å intervenere? – går til kjerna i den politiske og moralske strukturen i det moderne verdssystemet. Intervensjon er i praksis ein rett dei sterke har. Men det er ein rett som er vanskeleg å legitimere, og derfor alltid utsett for politiske og moralske utfordringar. Intervensjonistane tyr alltid til moralske grunnar når dei blir utfordra – naturrett og kristendom på 1500-tallet, sivilisasjonsoppgave på 1800-tallet, og menneskerettar og demokrati på slutten av 1900-tallet og først på 2000-tallet … (For tida) vil Las Casas’ skepsis til vår impulsive moralske arroganse truleg vere oss til betre hjelp enn dei eigennyttige moralske forsikringane frå alle Sepulvedaer i denne verda. Det er lite hjelp i å lage juridiske grenser mot brotsverk mot menneska om ikkje desse grensene gjeld for dei mektige i same grad som for dei som blir erobra …

Alle Las Casas i denne verda blir fordømde som naive, for å legge til rette for vondskapen, som makteslause. Men dei har likevel noko å lære oss – om å vere mindre sjølvrettferdige, om å gi konkret støtte til dei undertrykte og forfølgte, om å søke allmenngyldige reglar som er verkeleg kollektive og verkeleg globale.

Sant nok er folk usamde om rett framgangsmåte i Libya (sjå Cole, 2011; sjå The Nation, 29.04.11; sjå Bennis, 29.04.11a, b). Men lærdommen frå historia er klar. Med dei beste intensjonar må ein som minimum vere ekstremt forsiktige med å støtte mektige vestlege statar i militære aksjonar i tredje verda. Vestmaktene brukte ein mauleg massakre frå dei libyske styresmaktene til å samle støtte til åtaket på Libya. Men den USA-leia vestlege intervensjonen gjekk straks ut over det avgrensa målet, til velje side i ein borgarkrig, med bombing av libyske regjeringsstyrkar og sivile område, i strid med FN-resolusjon 1973 som dei lova, og var forplikta til å følge. Nok ein gong var menneskerettar agnet vestmaktene brukte til å samle støtte til ein militær intervensjon som har ganske andre mål enn vern av uskyldige. (Sjå Mertus, 2008; Cohn, 2011) Hovudmålet for USA i den arabiske delen av Midtausten har alltid vore dei enorme oljeressursane i regionen, og kontrollen over olja har lenge vore ein hovudreiskap for verdsmakt. Olja er stadig førstepremien i kappløpet mellom stormaktene i regionen. (Sjå Chomsky, ikkje publisert per skrivande dato, mars 2011.)

Det som trengst, er ikkje fleire krigar, men demilitarisering av kloden og folkeleg deltaking, demokrati, konfliktløysing og ei likare verd som sikrar alle folk i verda retten til fred og rettferd, ikkje bare utvalte få. Tidleg i det 21. hundreåret viser det seg at keisaren ikkje hadde klede. Etter månader med vestleg støtte til dei meste brutale diktatorane i arabiske Midtausten, så har vestmaktene endeleg funne ein diktator dei ikkje lenger støttar, som med Saddam Hussein tidlegare. På same tid som verda er vitne til USA-leia vestleg støtte til brutale valdelege åtak på fredelege demonstrantar i Bahrain, Jemen og Saudi-Arabia, freistar vestmaktene å framstille det som dei støttar menneskerettar og demokrati, lett nok mot offisielle fiendar i Iran, Syria og no Libya. Men som i Irak kjem alltid denne støtta i form av bomber og kuler (sjå Gowan, 1991).

Til sjuande og sist er det sannsynleg at dei me finn som døde og såra av vestlege og spesielt USAs luftvåpen, er sivile – som det var i Indokina og i dag i Afghanistan, Pakistan, Irak og no Libya. Dessutan har kontinuerleg bombing gitt opphav til folkemordregime som Pol Pot – som vaks frå ein liten styrke på nokre titusen til over 200 000 frå 1969 til 1973 – og Taliban i dag, og stimulerer dermed dei same opprøra dei skulle forhindre. (Kiernan & Owen, 2010) Som konstatert ovanfor, samla forsida av New York Times 29.03.11 opp retorikken: «Forsvarer Libya-aksjonen, Obama ‘avviser å vente’» – Viser til ‘truande folkemord’ – Avviser at USA-styrkar skal kaste Gaddafi». Så, i eit liknande oppslag i Financial Times (29.04.11) – «Russarane spør om alliansen vil halde seg til FN-mandatet» – avslører reportarane James Blitz og Danield Dombey at vestmaktene vurderer å «væpne mostandarane hans (Gaddafis) og det vil vere i samsvar med FN-resolusjonen, seier Washington.» Slik har me gått frå tilsynelatande vern av sivile, til å stoppe folkemord, og no til å væpne dei libyske opprørarane i ein borgarkrig, men på eit eller anna vis seier USA framleis at dei ikkje har regimeendring som mål.

Dei siste dagane har diplomatar og tjenestemenn vore samla i London for å teikne opp framtida til Libya, men som Los Angeles Times (30.04.11) og andre har meldt, «ingen libyar var med på gjestelista». Og i dag (30.04.11) melder New York Times at CIA-agentar har arbeidd saman med opprørarane i vekevis, etter eit hemmeleg vedtak signert av president Obama for fleire veker sidan, der CIA får lov til å støtte opprørarane, også med våpen. CIA-agentane har arbeidd saman med fleire titalls britiske spesialstyrkar og etterretningsoffiserar frå MI6, der anglo-amerikanske etterretning har styrt luftåtak og samordna seg med opprørarane. Etter som krigen blir trappa opp, kan ingen vite det endelege resultatet. ( Cordesman, 2011; sjå Chomsky, 30.04.11)

Kanskje ein dag, når maktstrukturane til vestmaktene er feid bort, kan Vesten endeleg få bukt med sitt eige underskot på demokrati og menneskerettar, og byrje reell støtte til menneskerettar, demokrati og sjølvstyre. Men i dag er støtte til vestleg vald, kor freistande det må vere for dei som stør opprørarane og dei sivile i Libya, ein pakt med Djevelen, med skadar regionen og verda kan bruke lang tid på å lege.

(Artikkelen ble trykt første gang på Transnational Institutes nettside 29. mars 2011, http://www.tni.org. Den trykkes med forfatterens tillatelse, og er oversatt til norsk av Gunnar Danielsen.)

Takk til Noam Chomsky, Tom Dobrzeniecki og Rodney Peffer for nyttige kommentarar. Synspunkta som er uttrykt i artikkelen, er likevel bare mine. T.R.

Note:

1. Både Phyllis Bennis (2011a) og magasinet the Nation (2011) har nyleg skrive vektige og overtydande artiklar der dei jamvel går mot ein flyforbudssone. Sjå også Bennis, 2011b.

Kilder:

Bennis, Phyllis, «Against a No-Fly Zone in Libya,» mars 2011a http://www.tni.org/article/against-no-flyzone- libya Bennis, Phyllis, «UN Resolution Goes Far Beyond No-Fly Zone,» mars 2011b http://www.tni.org/article/ un-resolutiongoes-far-beyond-no-fly-zone Bennis, Phyllis, «Libya Intervention Threatens the Arab Spring,» mars 2011c http://english.aljazeera. net/indepth/opinion/2011/03/20113227 357222118. html# Bennis, Phyllis, «A Response to Juan Cole, 29. mars 2011a http://www.zcommunications.org/on-libya-aresponse- to-juancole- by-phyllis-bennis Bennis, Phyllis, «Obama’s Speech on Libya Leaves Too Many Questions Unanswered,» 29. mars 2011b http://www.ipsdc. org/articles/obamas_speech_on_ libya_leaving_too_many_ questions_unanswered# Chomsky, Noam, «The Current Bombings: Behind the Rhetoric,» 1999a http://www.chomsky.info/ articles/199903–.htm Chomsky, Noam, The New Military Humanism: Lessons from Kosovo, Common Courage, 1999b. Chomsky, Noam, A New Generation Draws the Line: Kosovo, East Timor & the Standards of the West, New York: Verso, 2000. Chomsky, Noam, «Humanitarian Imperialism,» Monthly Review, Volume 60, #4, september 2008, pp. 22-50. Chomsky, Noam, «On Libya & the Unfolding Crises,» 30. mars 2011 http://www.zcommunications.org/ noam-chomsky-onlibya-and-the-unfolding-crises-bynoam- chomsky Chomsky, Noam, «The Arab Spring,» upublisert utkast, mars 2011, kjem. Coady, C.A., The Ethics of Armed Humanitarian Intervention, US Institute of Peace, 2002 http://permanent.access.gpo.gov/websites/usip/www. usip.org/pubs/peaceworks/pwks45.pdf Cohn, Marjorie, «Stop Bombing Libya,» Huffington Post, 21. mars 2011 http://www.huffingtonpost.com/ marjoriecohn/stop-bombing-libya_b_838827.html Cole, Juan, «An Open Letter to the Left on Libya,» 28. mars 2011 http://www.thenation.com/ audio/159532/juan-cole-andkatrina-vanden-heuveldo- we-belong-libya Cordesman, Anthony, Libya: Three Possible Outcomes & the Role of Governance, Money, Gas & Oil, 22. mars 2011 http://csis.org/files/ publication/110322_Libya_ThreeOptions_ cordesman.pdf Gowan, Peter, «The Gulf War, Iraq & Western Liberalism,» New Left Review, nummer 187, mai/juni 1991, pp. 29-71 http://newleftreview.org/?view=1636 Herman, Edward S., & David Petersen, The Politics of Genocide, med forord av Noam Chomsky, Monthly Review Press, 2010. Kaufman-Lacusta, Maxine, Refusing to be Enemies: Palestinian & Israeli Nonviolent Resistance to the Israeli Occupation, Ithaca Press, 2011. Kiernan, Ben, Genocide & Resistance in Southeast Asia: Documentation, Denial & Justice in Cambodia & East Timor, Transaction Publishers, 2008. Kiernan, Ben & Taylor Owen, «Roots of US Troubles in Afghanistan: Civilian Bombings & the Cambodian Precedent,» The Asia Pacific Journal, 26-4-10, 28. juni 2010 http://www.japanfocus.org/articles/ print_article/3380 Kuperman, Alan J., The Limits of Humanitarian Intervention, Brookings, 2001. Luban, David, «Intervention & Civilization: Some Unhappy Lessons of the Kosovo War,» i Pablo de Geoff & Ciaran Cronin, red., Global Justice and Transnational Politics, Cambridge: MIT, 2002, pp. 79-115 http://www.faculty.umb.edu/lisa_rivera/courses/2006/ Luban Intervention and Civilization.pdf Los Angeles Times, «Summit Aims to Plot a Libya Course,» 30. mars 2011, pp. A1, 6. Mamdani, Mahmood, «The Politics of Naming,» London Review of Books, 8. mars 2007. Mamdani, Mahmood, Saviors & Survivors, New York: Pantheon, 2009. Mann, Michael, The Dark Side of Democracy: Explaining Ethnic Cleansing, Cambridge University Press, 2005. Mertus, Julie A., «Legitimizing the Use of Force in Kosovo,» Ethics & International Affairs, Volume 15, #1, 2001, pp. 133-150 http://onlinelibrary.wiley.com/ doi/10.1111/j.1747-7093.2001.tb00348.x/pdf Mertus, Julie A., Bait & Switch: Human Rights & U.S. Foreign Policy, 2nd edition, Routledge, 2008. Murphy, Sean, Humanitarian Intervention: The United Nations in an Evolving World Order, Philadelphia: University of Pennsylvania Press, 1996. Nation, «No to a No-Fly Zone,» 4. april 2011, pp. 4-5. Nation, «A Debate Between Juan Cole & Katrina vanden Huevel: Do We Belong in Libya?» 29. mars 2011 http://www.thenation.com/audio/159532/juancole- andkatrina-vanden-heuvel-do-we-belong-libya Nevins, Joseph, A Not-So-Distant Horror: Mass Violence Against East Timor, Cornell University Press, 2005. New York Times, «Obama Cites Limits of US Role in Libya,» 29. mars 2011 http://www.nytimes. com/2011/03/29/world/africa/29prexy.html?ref=toda yspaper&pagewanted=print New York Times, «CIA Agents in Libya Aid Airstrikes & Meet Rebels,» Mark Mazzetti & Eric Schmitt, 30. mars 2011 http://www.nytimes. com/2011/03/31/world/africa/31intel.html?_ r=1&hp=&pagewanted=print Robinson, Geoffrey, East Timor, 1999: Crimes Against Humanity, A Report Commissioned by the United Nations Office of the High Commissioner for Human Rights, 2006 http://www.history.ucla.edu/ people/Robinson East Timor 1999 English.pdf Robinson, Geoffrey, «If You Leave Us Here, We Will Die»: How Genocide Was Stopped in East Timor, Princeton University Press, 2010. Seed, Patricia, «‘Are These Not Also Men?’: The Indians’ Humanity & Capacity for Spanish Civilisation,» Journal of Latin American Studies 25, 1993, pp. 629-652. Simon, Geoff, Libya: The Struggle for Survival, St. Martin’s Press, 1993. Wallestein, Immanuel, European Universalism: The Rhetoric of Power, New York: New Press, 2006. Wheeler, Nicholas J., Saving Strangers: Humanitarian Intervention in International Society, Oxford University Press, 2002.