Ukategorisert

Svalbardisering av nordområdet

Av

AKP

av Jon Arne Jørstad

Nord-Noreg (såvel som Nord-Russland, Nord-Finland og Nord-Sverige) er spesiell på mange måtar, og vi må aldri gløyme at landsdelen har sterke islett av andre nasjonar, kulturar og ei særeigen historie oppetter århundra.

Sett utifrå hovudstadssynspunkt har alt dette alltid vore sett på med stor mistru. I mellomkrigstida blei det frå militært hald snakka om den nord-norske «dobbelt-lojaliteta». Då tenkte ein på det sterke samiske og kvenske folkeelementet og også på det lille islettet av russisk på norsk grunn. Det blei insinuert at i ein krigssituasjon var desse menneska suspekte. Krigen viste kva folk her oppe var gode for, men det er først dei siste åra at delar av motstandsfolka i nord (dei som samarbeida med og dels fekk opplæring i Sovet under krigen) har fått (ikvertfall delvis) oppreistnad etter den forfølgjinga og mistenkeleggjeringa dei blei utsatt for etter krigen (heilt fram til idag)

Framleis, med siste EU-kampen i friskt minne, blir det frå den øvste politiske leiinga i landet stilt spørsmålsteikn ved folkementaliteten i nord. Det er ikkje for ingenting at folk heri nord har lufta tanken om å skilje seg ut som eigen stat gong på gong opp igjennom tida. Det er litt meir enn kuriøse tankar, for hendingar i fortida og i notida gjer det svært så forståeleg at sånne tankar oppstår. Også spørsmålet om Sápmi/Sameland må sjåast i dette perspektivet.

Med opprettinga av Den euro-arktiske Barentsregionen, gjorde den norske herskarklassen – saman med sine imperialistiske storebrødre USA og EU – førebuingar til ei tvangsbinding av nordområda til den omforminga som går føre seg i Europa. Trass i at NEI-et ved folkerøystinga om EU blei eit forsinkande historisk element, maktar herskarklassen å nytte EØS-avtalen til stendig nye undergravingstiltak for å sikre betre kontroll i nord. Dei undergrev det borgarlege demokratiet både lokalt og nasjonalt og legg tilhøva tilrette for at økonomisk aktivitet på alle områda skal kunne bindast opp til det byråkratiet som er i ferd med å bli bygd opp etter etableringa av Barentsregionen i 1993.

Etableringa av regionen som ein signat-traktat (kor alle som underteiknar traktaten kan delta på lik line i det økonomiske livet i regionen) saman med EØS-avtalen og EU-tilpassinga, gjer at det er grunnlag for å kalle politikken for ei «svalbardisering av nord-områda».

I Nord-Noreg blei Barentssamarbeidet aktivt og offensivt brukt av JA-sida i EU-kampen. For borgarskapet trudde at denne imperialistiske framstøyten skulle gje god drahjelp i arbeidet med å overtyde dei mistruiske «nordlendingane». Det gjekk ikkje, men i stor grad har dei makta å hindre ein kritisk debatt om dette Barentsprosjektet. I intelligensian i nord har borgarskapet om ikkje skaffa seg aktive allierte, så i kvert fall nyttige medløparar som stort sett ukritisk kolporterer det ideologiske glansbilete om grenseoverskridande samarbeid som eit klasselaust og udelt positivt trekk ved Barentssamarbeidet.

Foran etableringa av Barentsregionen

11. januar 1993 blei Den euro-arktiske Barentsregionen formelt etablert på eit møte i Kirkenes. Initiativet kom frå Utanriksdepartementet i Noreg. EU-kommisjonen og den amerikanske ambassaden var tidleg inne i planlegginga.

Den 16. november 1992 blei det halde eit møte i Oslo der: «deltakerne fra de nordiske land, Russland, USA og EF-kommisjonen drøftet et norsk utkast til erklæring fra Kirkenes-møtet. Det syntes å være enighet om skissen til organisatorisk oppsett og samarbeidets retning» (Thorvald Stoltenberg sin tale til Landsdelsutvalget for Nord-Norge 17.11.1992).

I den norske regjeringa sin retorikk i tida fram mot Kirkenesmøtet i januar 1993 var pomorhandelen og den kalde krigen viktige hendingar i argumentasjonen.

La oss sjå på nokre glimt av historia i denne samanhangen.

Pomorhandel

At pomorhandelen av den dansk-norske og seinare den svensk-norske regjeringa blei oppfatta som eit problem som måtte avgrensast og kontrollerast, trekkest ikkje fram. Historia om pomorhandelen er neppe ferdigdebattert enno på lang tid.

Røtene til denne handelen er håløygane sine handelsferder austover i sagatida. På 1200-talet stogga desse rutene, men i seinmiddelalderen blei nye ruter etablert knytta til lappemarknadene. Nokre av desse låg ved kysten mellom Noreg og Russland, som Karlebotn i Varanger, Kjørvåg (Aiddegoppe, Vaidaguba) på Fiskarhalvøya og Kildin litt aust for Kolafjorden. Etter at engelskmennene hadde nyåpna sjøvegen til Dvina-munninga i 1550-åra, og især etter grunnlegginga av Arkangelsk i 1584, blei handelskontakten mellom Vest-Europa og Russland sterkt utvikla. Dei lokale norske handelsaktørane syntest ikkje på denne tida å ha reist lengre enn til dei næraste marknadene på russisk side (på denne tida utan statspolitiske grenser og befolka av samar i hovudsak).

Det var først på 1700-talet at utviklinga skaut fart og fekk styresmaktene si merksemnd. På 1600- og 1700-talet var handelen sterkt regulert. Frå 1681 blei all handel monopolisert, først under Bergen seinare København. Russe-(pomor-)handelen var i prinsippet ulovleg, men behovet og etterkvert sterkare og sterkare krav frå lokale embetsmenn og andre samfunnstoppar gjorde at denne handelen blei legalisert på slutten av 1700-talet, men etterkvert med mange restriksjonar for å hindre uønska konkurranse. I ufredsår blei restriksjonane endå strengare. Handelssamkvemet hadde sannsynlegvis ein topp kring 1850, sank litt og varierte litt opp og ned til 1928. Frå krigsutbrotet i 1914 til då var omfanget synkande – i 1928 berre nokre få skipsanløp.

Den folkelege delen av russe-(pomor-)handelen var tuskhandel, bytte av vare mot vare, og gjorde at folk i nord kunne halde på ein hushaldsøkonomi og den uavhengigheta og fleksibiliteta denne økonomien kunne gi. Tapet av denne typen handel og overgang til meir pengeøkonomi fekk særleg mykje å seie for sjøsamane og deira næringstilpassing.

Russehandelen har alltid vore politisert og russefrykten har vore brukt lenge før revolusjonen i 1917. Og den folkelege kontakten over grensane har vore sett på med mistru både frå vestleg (inklusive norske) og austleg side i like lang tid. Som kuriositet kan nemnast at hetsen mot «russehandelen» idag – især frå handelsstanden i nord, er merkverdig lik det som var av reaksjonar frå handelsstanden under pomortida.

Grenser og konfliktar

I regjeringa sin argumentasjon foran stiftinga av Barentsregionen nemnast heller ikkje grensestridane i nord; ein strid om kven som skulle kontrollere noverande Troms og Finnmark og som stendig skapte konfliktar mellom Danmark-Noreg, Sverige og Russland (Sverige-Noreg og Russland seinare).

Det gjaldt både sjølve grensedraginga og retten til å skattelegge samane. Inntil grensereguleringa med Sverige i 1751 høyrte dei noverande samedistrikta Kautokeino og Karasjok under svensk geistlig og verdslig «øvrighet», sjølv om samane skatta både til Sverige og Noreg. I den austlege delen av Varanger blei grensa mellom Noreg og Russland først regulert i 1821.

Før grensereguleringa hadde samane rett til å ferdast fritt i heile området. Også etter grensereguleringa med Sverige hadde samane framleis denne retten. Samstundes som dei «svenske» samane kunne ha sommarbeitet sitt i Troms og Nordland, hadde dei «norske» rett til vinterbeite på svensk-finsk område.

Etter at Finland i 1809 kom under Russland i staden for Sverige blei det ingen endringar før Russland i 1852 sperra grensa mellom Finland og Noreg.

Denne konflikten om landområda i nord blei ikkje endeleg «løyst» før den siste grensesettinga for vel 50 år sia. «Løyst», av di dei ulike grensereguleringane skapte problema og til dels katastrofa for folk i området, nemleg samane.

Rivaliseringa mellom dei inntrengande maktane i nord for å etablere statleg kontroll, skjedde gjennom militære ekspedisjonar, men ikkje minst gjenom bruk av kirka. Svenske, dansk-norske og russiske kirker var spreid utover om kverandre. Det sameinte tiltaket som la grunnlaget for statsmaktene sin kontroll med «sine» nordområde, var bruk av kirka kombinert med kolonisering i etterhand – så først politi- og militæroppbod i området.

Denne politikken og grensedraging/grensesperring blei ein katastrofe for dei samiske samfunna i heile området.

Grensesperringa i 1852 og Kautokeino-opprøret

Framstillinga av Kautokeino-opprøret i 1852 har i stor grad vore farga av dei «kvite» sine ønskemål om å ufarleggjere oppstanden. Det skjer ved å avgrense analysa geografisk og gjere opprøret til ei sosiokulturell hending basert på samisk reaksjon på ålmen audmjuking og nyvakt religiøsitet. Innebygd ligg ei haldning om at samane var eit primitivt, underutvikla folk som ikkje kunne reagere på anna enn den personlege direkte audmjukinga misleia av fanatiske religiøse leiarar.

Det faktum at opprøret bygde seg opp frå 1840-talet, at grensetvisten mellom Noreg, Russland og Sverige spissa seg til frå rundt 1830 og opebert ville ha store konsekvensar for den samiske nasjonen, at det i heile Europa var opprør og opprørstendensar (mellom anna thranitter-rørsla i Sør- Noreg), og at mange av dei som tok del i opprøret alt frå 1840-talet var svært aktive med å freiste å organisere protestar mot «øvrigheten»; det blir dempa ned eller i det store utelatt.

Med knusinga av Kautokeino-opprøret og grensestenginga mot Finland (Russland) i 1852, blei samane splitta. Og som amtmannen i Finnmarken skreiv i 1874, hadde «fjellsamenes stilling blitt et liv i trengsel og tilbakegang».

Statsmaktene greide å knuse grunnlaget for ein samla opptreden frå folk i Sápmi, og enno slit ein med å reise ein felles kamp.

Det europeiske perspektivet

Heller ikkje nemnast hanseatane si utplyndring av Nord-Noreg gjenom sin kontroll med fiskeeksport og tildels monopol på importsal av varer som korn. Dette passar sjølvsagt ikkje inn når det europeiske perspektivet skal gjevast eit ubetinga positivt innhald idag.

(Hansa-dagane i Bergen må vel seiast å vere noko av det mest pro-imperialistiske og reaksjonære forsøket på å skrive om historia.)

Kvalros- og kvalslakteriet til dei store sjømaktane på 1600-talet og utover (England, Nederland, Spania og Portugal) blir heller ikkje nemnt i regjeringa sine historiske utgreiingar foran etableringa av Barentsregionen.

Heller ikkje dei utanlandske (særleg engelske) konserna som skaffa seg kontroll over mesteparten av gruveindustrien i nord (inkludert Svalbard) blir nemnt, naturlegvis.

Det var nettopp i strid mot desse selskapa sin koloniale stil i utplyndringa og utbyttinga, at den nordlege arbeidar- og fagrørsla blei skapt. Rørsla blei internasjonal og henta sine inspirasjonar meir frå dei revolusjonære tendensane i aust (politisk, for geografisk ligg jo til dømes Kirkenes like langt aust som Aleksandria i Egypt, lengre aust enn Istanbul og omtrent like langt aust som St. Petersburg i Russland) enn frå den meir byråkratpåverka tyske rørsla som i sør.

Den kalde krigen

Regjeringa ser no på den kalde krigen som ein parantes i historia, som starta ved revolusjonen i Russland i 1917, same året som arbeidarane på Svalbard blei frakta til Tromsø med militær eskorte etter ein streik mot det engelske selskapet som dreiv gruvane då.

Etter revolusjonen i Russland og ikkje minst på grunn av borgarkrigen og den utanlandske intervensjonen på dei kvite (dei kontrarevolusjonære) si side, blei Sovjetunionen forsøkt isolert, gjenom handelsboikott og andre hindringer. Den unge rebellstaten skulle knusast for å hindre smitte. Men trass i dette var Sovjetunionen eit populært førdøme for arbeidsfolk verda over. I Noreg, Sverige og Finland sto dei «raude» særleg sterkt nord i landa. Krigen frå 1940 til 1945 og Sovjetunionen sin krigsinnsats (og ikkje minst deira frigjering av Finnmark i 1944) gjorde at landet hadde ei svært høg stjerne i Nord-Noreg.

Det er ikkje unaturleg at det er DNA-bossane som no utbasunerar lovord om endringane i Russland og kva Barentssamarbeidet kan føre til. Deira innsats for å legge alle moglege hinder i vegen for samarbeid mellom folk på Nordkalotten har vore stor. Deira innsats for å ta frå folk i nord kontrollen over sin eigen landsdel og eigne liv har vore stor. Og deira innsats for å innynde seg til dei førande imperialistmaktene har alltid vore upåklageleg.

Dømet Svalbard

Noreg fekk i 1920 suvereniteten over Svalbard. Svalbardtraktaten var nok først og fremst eit utrykk forendringar i dei internasjonale makttilhøva. Russland, som før 1914 konsekvent hadde satt seg imot norsk suverenitet, var satt utafor. Tyskland likeeins. Dei sigrande vestlege stormaktene hadde ingen ønsker om sjølve å overta Spitsbergen. Dei var likevel samde om at det kunne vere ønskeleg å nytte den store fredskonferansen til å rydde av vegen eit brysomt diplomatisk spørsmål. Ei praktisk løysing var å la Noreg overta øygruppa på vilkår at konsesjonslovane ikkje skulle gjelde der, men at øyene skulle vere «terra cummunis».

Heilt fram til idag har øygruppa vore i ei politisk særstilling. Det har vore den til einkver tid eigar av gruvedrifta som har rådd. Styresmaktene har hatt sine embetsmenn(-kvinner) med politimyndigheit, medan arbeidsfolk i gruvesamfunna har mangla noko som helst politisk demokrati. Dei siste åra har dei fått velje representantar til eit rådgjevande organ, Svalbardrådet. Området har vore styrt som staten sin eigedom for norske og utanlandske kapitaleigarar utan påtrengande lokalpoilitisk innblanding.

Tilhøvet til Russland/Sovjet, som har hatt større busetting og aktivitet på øygruppa enn Noreg, har variert. I februar 1924 leverte Aleksandra Kollontai (sovjetisk handelsrepresentant i Kristiania) ei note til utanriksministar Michelet om at «Unionens Regjering fra nå av vil anerkjenne Norges suverenitet over Spitsbergen, inkludert Bjørnøya».

Dette var del av ein bytehandel kor den norske regjeringa formelt anerkjente den sovjetiske regjeringa mot at sovjetregjeringa utan atterhald godtok Svalbardtraktaten. Av dette fulgte at Sovjetunionen ikkje ville vere i ei anna og meir priviligert stilling enn dei andre signatmaktene til traktaten.

Sovjetunionen hadde imidlertid i praksis ei særstilling avdi det var det einaste landet ved sia av Noreg som hadde fast busetting på øygruppa. Gnisningar fantes og dei gamle russiske krava skulle dukke opp att.

Dagfin Juel, tidlegare sentral Arbeidarparti-byråkrat, seinare tilsett i Verdensbanken, skriv i boka Folkestyre og byåkrati (1984):

«Sovjetunionen gjorde forsøk på ytterligere ervervelser både i sør og i nord. Stalin ønsket et felles sovjetisk-tyrkisk forsvar av stredene mellom Svartehavet og Middelhavet. Planen ble stanset av den amerikanske president, Harry S. Truman, som kort og godt erklærte at Amerika ikke ville godta trusler eller angrep mot Tyrkia.

Da Trygve Lie som utanriksministar besøkte Moskva i november 1944, ble han en natt anmodet om å komme til et møte i Kreml. Molotov krevde da Bjørnøya og felles norsk-russisk styre på Svalbard. Molotov gjentok og forsterket disse ønskemål i 1946 overfor Halvard Lange som da var blitt utenriksminister. Men Norge avviste kravene.»

I følge historikaren Sven G. Holtsmark (Ottar nr 2, 1996) førte presset frå Sovjetunionen til at den norske ambasadøren i Moskva, i samråd med Trygve Lie, signaliserte at den norske regjeringa var viljuge til å slutte ein overeinskomst om felles forsvarsordningar på Svalbard. 9. april 1945 leverte ambasadøren eit utkast til ei norsk-sovjetisk felleserklæring om Svalbard. I utkastet heitte det mellom anna at dei to landa var samde i at nøytraliseringa av Svalbard «har vist seg å være ugjennomførlig» og at det å halde fast ved dette prinsippet ville være «i åpenbar strid med de to lands interesser». Då saka blei tatt oppatt av Molotov sommaren/hausten 1946, var «imidlertid den internasjonale situasjonen blitt slik at de mulige omkostninger for Moskva, i form av bl.a. anna de vestlige stormakters sannsynlige reaksjon, var blitt for høye i forhold til den temmelig begrensede betydning av et sovjetisk militært nærvær på Svalbard. I februar 1947 informerte utenriksminister Halvard Lange Molotov om at Stortinget avviste videre forhandlinger basert på opplegget fra april 1945. Til den norske regjerings store lettelse lot russerne saken ligg.»

Viseutanriksminister Pusjkin skreiv i eit internnotat at «opplysningene (som ble offentliggjort i januar/februar 1947) om våre forslag angående Spitsbergen og Bjørnøya, ble sterkt utnyttet i norsk og anglo-amerikansk presse til å styrke … anti-sovjetiske holdninger i Norge. Kampanjen som fulgte saken bidro til en viss grad til å forberede den offentlige mening i Norge for medlemsskap i den nord-atlantiske alliansen.» (SGH, Ottar nr 2, 1996)

Heilt fram til slutten av 1980-talet førte ulik tolking av Svalbardtraktaten til ei latent spenning mellom norske og sovjetiske styresmakter. Sovjetunionen si faktiske særstilling på Spitsbergen med stor aktivitet på øya og stor russisk busetting, gjorde sitt til å synleggjere og halde oppe gnisningane.

Oppløysinga av Sovjetunionen

No etter Sovjetunionen si oppløysing synest russerne å trappe ned aktiviteten. Om dette vil føre med seg rolegare tilhøve mellom Noreg og Russland om Svalbard eller om etableringa av Barentsregionen, og dei vestlege imperialistmaktene si auka interesse for nordområda, vil auke uroa, det står att å sjå. Til no har den politiske uroa i Russland gjort at leiarane i Moskva i stort har hatt ein svært så låg profil i høve til ulike stridssørsmål i nordområda. Dette gjeld både i striden om delelina i Barentshavet og 200-mils-sona rundt Svalbard.

I tida som kjem vil nok leiarane i Russland måtte ta for seg «problema» i nord, både på grunn av militærstragiske omsyn og økonomiske. Dei svoltne vestlege imperialistmaktene står i kø for å sikre seg fotfeste og utgangspunkt for vidare ekspansjon i dette enormt ressursrike området. Reaksjonane blant folk (ikkje berre i Nordvest-Russland) på marknadsliberalismen sine velsignelser», gjer også at behovet veks for å legge opp ein politikk for sikring av kontrollen i nord.

Den kalde krigen er over

No er Russland «opna» att og marknadsliberalismen introdusert i heile Barentsregionen som styrande prinsipp. På ny står arbeidsfolk her i nord i same situasjon som i 1917 – i ein bitter kamp for å kontrollere sine eigne liv mot den vestleg imperialisme (inkludert den norske) som tar meir og meir over kontrollen med ressursane.

No som før er ressursrikedomen og strategiske vurderingar som er grunnlaget for imperialistmaktane si interesse. «… en kanal mellom det ressursrike Nordvest-Russland og det ressurshungrige Vest-Europa» (Thorvald Stoltenberg: Tale til Landsdelsutvalget 17.11.1992).

Den 3. november 1993 haldt tidlegare utanriksministar Johan Jørgen Holst eit foredrag i Det norske Vitenskaps-Akademiet sine lokale i Oslo. I løpet av dei første 30 sekunda sa han nøyaktig kva slags dimensjon denne saka har, som denne artikkelen handlar om:

«Barentssamarbeidet er en del av den nye europeiske arkitektur etter den kalde krigen. Det dreier seg om et regionalt samarbeid med et europeisk perspektiv, og en europeisk forankring. Det dreier seg om en utviklingsprosess, og ikke et ferdig produkt. Det dreier seg om en møteplass, ikke om et fasttømret samarbeide.»

Johan Jørgen Holst var presis i si gjentaking om ei sak i talen sin. Det europeiske «Barentssamarbeidet … er et politisk rammeverk som gir regjeringene bedre mulighet til å håndtere en ny situasjon i det nordlige Europa. … Vi ønsker å … knytte Barentsregionen til den bredere europeiske omformingen som foregår. … (Vi kan) slå fast at Barentssamarbeidet faller inn i et europeisk mønster. … For Norge er det viktig å få EU til å betrakte utfordringene i nord som sine påtrengende problemer. … Det regionale samarbeidet … kan bli sementen som holder det europeiske huset sammen. … Opprettelsen av EUs regionale komite bidrar til å gi regionene en sterkere posisjon. … EU-kommisjonen har satt av betydelige midler til regionalt samarbeid og da særlig til det grenseoverskridende regionale samarbeid innad i EU. Men også regionale prosjekter som krysser EUs ytre grenser kan få støtte … Jeg legger vekt på at Barentssamarbeidet er et europeisk prosjekt. … Vi kan si at vi gjennom Barentssamarbeidet forsøker å utvikle en modell for øst-vest samarbeid på regionalt nivå. … vi kan bidra til å trekke Russland inn i Europa. … Her ligger Nordens største europeiske oppgave. … EU synes rede til å møte disse utfordringene, og EU-kommisjonen deltar i Barentsrådet. … Viser denne interessen som et uttrykk for at EU … også ønsker å bidra til sammenføyingen i det høye nord. … En av utfordringene for EU i årene framover, er å utvikle også en euro-arktisk strategi, … en helhetlig politikk som et ledd i omformingen av Europa.»

Ressurskart for regionen

Den geografiske Barentsregionen

Den euro-arktiske Barentsregionen omfattar dei tre nordnorske fylka Nordland, Troms og Finnmark, Norrbotten län i Sverige, Lapplands län i Finland og Murmansk og Arkangelsk oblasti og republikken Karelen i Russland.

Regionen dekker omlag 1,2 millioner kvadratkilometer, og er eit av dei mest ressursrike områda i Europa med store utnyttbare forekomstar av tømmer, fisk, mineral, olje og gass. Busettinga er i hovudsak knytta til utnyttinga av desse ressursane og næringslivet har stort sett vore handel og eksport av desse råvarane.

I området bur det omlag 4,4 millionar folk. Det som er spesielt for nordområdet er at fleire urfolk og minoritetar bur her.

Strategisk viktig område

Den såkalla Barentsregionen er strategisk viktig, både av kommersielle og militære grunnar.

Kolahalvøya har hatt ein sterk konsentrasjon av militær verksemd. Det russiske militærapparatet er inne i ein omfattande omstillingsprosess etter oppløysinga av Sovjetunionen. Etter oppløysinga har imidlertid Kola blitt endå viktigare for den russiske militæroppbygnaden då østersjøstatane Estland, Litauen og Latvia blei sjølvstendige statar. Dei vestlege stormaktene har difor interesse av å sikre seg sterkare fotfeste i nord og treffe tiltak som kan trekke det nordvestlege Russland tettare til seg både økonomisk og politisk

Regionen skil seg ut frå dei andre perifere regionane i Europa pga sin ressursrikedom og store potensiale for næringsutvikling. Området er ein tradisjonell råvareleverandør til Europa og andre kontinent. Samstundes er importbehovet for industri- og forbrukarvarer stort. Difor er området svært interessant for «internasjonale partnarar».

Regionen er Europa sin innfallsport til den nordlege sjøruta. Ei eventuell opning av Nordostpassasjen vil føre til ei enorm endring av det internasjonale transportmønsteret. Reiseruta frå Europa til Japan vil bli opptil 10.000 km kortare enn via Suezkanalen. Det vil gje nordområdet ei stor transportøkonomisk rolle.

Striden mellom stormaktene

Med rivaliseringa mellom USA, EU og Japan i minnet, er det ikkje vanskeleg å skjøne USA sin frykt for ei ny transportrute utafor deira direkte militære kontroll. Difor er dei svært så aktive i arbeidet med førebuinga til opning av Nordøstpassasjen for kommersiell drift. Denne ruta vil opne nye område i Nord-Russland kor det idag er liten eller ingen utnytting av enorme naturressursar. Teknologisk er det idag berre Russland og USA som har kapasitet til å sikre opninga av desse områda.

Framleis er det USA som legg premissa for den politisk-økonomiske utviklinga i verda, i hovudsak basert på si overlegne militære makt. Danninga av EU (med siktemål også å utvikle Vest-Unionen til EU si militære grein) må sjåast i samanhang med den innbitte konkurransen som utvikler seg mellom dei 3 leiande imperialistsentra i verda no – USA, Japan og EU.

Då tidlegare utanriksministar Torvald Stoltenberg lanserte Barentsregion-prosjektet, låg styrkinga av Vest-Europa si stilling klårt i premissa. Det er difor verdt å leggje merke til at sjølv om både USA og Japan stiller som deltakarar i stiftinga av Barentsregionen, så er det berre EU som er representert i Barentsrådet (og det med vetorett!). Med både Finland og Sverige som medlemmar i EU idag, står EU formelt meget sterkt i arbeidet med utforminga av det vidare arbeidet. Noreg sitt medlemsskap i EØS og utviklinga av dette, gjer at det er vedtak i EU som legg dei avgjerande ramene for korleis Barentssamarbeidet skal utviklast. Den norske regjeringa sine konsesjonar til EU i fiskeri- og energiavtalane, regjeringa si tilslutning til å inkorporere retningslinene for utviklinga av den økonomiske og monetære unionen i EU i EØS-avtalen, gjer at utviklinga i Nord-Noreg sannsynlegvis vil bli dramatisk. Krisa som Finnmark opplever no, er ikkje tilfeldig, men resultat av ei styrt omlegging av politikken for tilpassing til dei overordna europeiske retningslinene.

Kva er hovuddraga i utviklinga?

Omlegginga går i retning av å avskaffe alle restar av folkeleg innverknad på utviklinga.

Allmenningsretten, som før koloniseringa av Nordkalotten gjaldt både land og vatn, fjernast no også for kystfolket. Den gamleretten til fritt å ta del i haustinga av havet sine ressursar blir freista erstatta av reguleringer som introduserer eigedomsrett til ressursane; omsettelege kvoter.

Resultat: Ein konsentrasjon av eigedom og makt på færre hender og avfolking av småplassane og sentralisering til nokre få byar/tettstader.

Innafor reindrifta ser ein same tendens. Dei unge og dei små reineigarane blir anten tvungen ut av reindrifta av nye lovar/reglar eller kjøpt opp gjenom statlege «kondemneringsordninger» for å legge ned, samstundes som dei største reineigarane samlar enorme formuer på sine hender.

Innafor jordbruket skjer nedlegginger i stor grad også som følge av omlegginga av vilkåra for fiskeri- og reindriftspolitikken. Sjansane for å kunne drive med kombinasjonsdrift (jordbruk, fiske og reindrift) minskast avdi styresmaktene ønsker avvikling av denne formen for økonomisk livberging. Igjen er det dei sjøsamiske områda som blir ramma hardast.

I debatten kring Samerettsutvalet sitt arbeid er det i ferd med å oppstå ei avmaktskjensle. Denne kjensla grunnar seg på at dei overordna politiske og økonomiske ramene som trumfast gjennom, let etter seg dei ulike rettslege konsesjonane regjeringa har gjort ovafor det samiske folket, som tome ramer utan anna praktisk innhald enn å la samane administrere sin eigen undergang på staten og den internasjonale kapitalen sine vegne.

EU si deltaking i oppbygging av regionar (Østersjøregionen og Barentsregionen) og deira opplegg for kanalisering av økonomiske støtteordninger gjennom dei oppretta organa knytta til desse regionane, har som siktemål å gjere utviklinga i desse områda avhengig av EU og knytte utviklinga til den «bredere europeiske omforminga» som går føre seg.

Apparatet som er bygd opp for å administrere Barentsregionen er lik EU-apparatet toppstyrt og utanfor direkte kontroll av folkevalte organ. Dei lokale politikarane (i fylka og Sametinget) sit i Regionrådet som er underlagt Barentsrådet (kor representantane for statsmaktene sit) med rett til innspel, men utan styringsrett.

Dette er ei anna sida av utviklinga – sentralisering av makta til regjerings- og statsapparatet. Dette vil sjølvsagt kunne effektivisere den politiske prosessen – unngå det parlamentariske demokratiet sin forsinkande rolle og lettare hindre sjansane for direkte folkeleg påverknad.

Dei politiske partia i Noreg (unntatt RV) har ingen kritikk/prinsippiell motstand mot etableringa av Barentsregionen.

Sametinget krevde at alle sametinga (Noreg, Sverige, Finland) skulle få kver sine plassar i Regionrådet. Utfallet blei at dei fekk oppnemne ein representant som skulle gå på omgang mellom dei tre sametinga.

Nordkalott-samarbeidet

Samarbeidet/utvekslinga over landegrensene var tidlegare drive gjennom Nordkalottkomiteane, for det meste støtta av venstresida og sett på med lite blide augo av styresmaktene her i landet. Økonomien avgrensa i stor denne meir folkelege kontakten over landegrensane. Det er dyrt å reise mellom dei ulike landa, og det er nettopp dette det blir lokka med – billige, sponsa reiser, planar om betre vegar og eventuell jernbaneutbygging – for at folk skal sjå positivt på Barentsregionssamarbeidet.

Særleg på kulturområdet blir det satsa for å trekke med intellektuelle av alle slag for å knytte deira aktivitet til regionsbygginga. Det er viktig at kulturpolitikken i nordområda blir diskutert. Idag blir kulturarbeidarar sendt i skytteltrafikk mellom landa og det blir snakka fint og flott om kulturutveksling. Men kven legg premissa for dette arbeidet? Og korleis blir det utnytta?

Eit val

Arbeidarar, bønder og fiskarar av alle folkeslag i området, står ovafor ei utfordring – skal dei godta ei endå sterkare utviklinga i retning stordrift på kapitalen og statsmaktene sine premissa, eller ta opp kampen for å hindre dette. Skal dei godta ei innsnevring av det borgarlege demokratiet til å bli val mellom ulike variasjonar av Fremskrittpartiet sin politikk.

Det er sterke reaksjonar blant folk. Det har vore aksjonar både blant bønder (skattestreik) og fiskarar (havneblokade). Også blant arbeidarar er forbanninga i ferd med å bygge seg opp. Men fienden er mektig og til no har motstanden mot den «europeiske» tilpassinga blitt feidd av banen.

Manglane for å kunne føre ein sigerrik kamp er opeberre:

  • Kampen er splitta opp, kver for seg kan ingen av gruppene vinne.
  • Det manglar ei felles analyse av stoda og utviklinga, kva og kvifor skjer utviklinga.
  • Og det manglar ein felles plattform for kampen.

I arbeidet med å rette på desse manglane kan AKP spele ei viktig rolle. Det trengst ein politisk organisasjon som kan drive fram diskusjonen, samanfatte og spreie debatten vidare. Og det trengst eit politisk parti som ikkje lar seg fange inn av den moderne kapitalismen si ufattelege evne til å absorbere og ufårleggjere opprørstendensar.

Det finst idag mange som har mykje å bidra med, både i, rundt den revolusjonære rørsla og langt utafor.

Men det har mangla ei politisk koordinering og prioritering av dette arbeidet.

Utviklinga går fort og kanskje hastar det meir enn vi ønsker å tru med å setje oss sjølve og andre i rørsle.