SV – etter landskonferansen

Av K.J.

1974-03

Det har vore landskonferanse i Sosialistisk Valforbund. Partane i forbundet vart samde om ein tidsplan forsamling i eitt parti. SV har dermed kome over dei største organisatoriske problema sine. Men kva med politikken? Har dei løyst nokre problem der?


20.–21. april held Sosialistisk Valforbund landskonferanse for å gjera vedtak om når dei skal samla SV til eit parti.
I tida like før konferansen kunne det sjå ut som NKP og SF køyrde i kollisjonskurs her. Orientering kravde partisamling før kommunevalet 1975 og gav store
oppslag til intervju med partilause som kravde det same.

Friheten svara på dette, venleg men fast, og kravde tolsemd. Dei hadde landsmøtemeldinga til Reidar T. Larsen å stø seg på. Der sa han:

Vi bør unngå faste tidsrammer, fordi de i stedet for å fremme en hurtig sammensmelting, kan komme til å fremme en hurtig utvikling til avskallinger
og ny splittelse.
(Sjå NKP-bladet Verden og Vi 1/74.)

Dei unngjekk kollisjon ved at den minste veik for den største. NKP nøydde seg med ein «angrefrist» med «formell returrett», som det heitte i leiaren i Orientering etterpå (nr. 16/74). SV-partiet ska1 skipast innan 15. mars neste år. Men dei gamle partia skal få tid heilt fram til ein gong i 1976 til å pakka saman for godt.

Om «angrefristen» og kva den har å seia, fortel leiaren i Orientering dette:

Det er særlig NKP som har villet ha en slik angrefrist. Men ingen innenfor SV tror i dag at den får noen praktisk betydning.

I praksis vil ingen hverken ønske eller ha råd til å bryte ut av det partiet som da er i full virksomhet. Det ville i så fall bare få negative virkninger for utbryteren selv i form av isolasjon og politisk selvmord. (Orientering 16/74.)

PLAN I TRE FASAR

Landskonferansen sette opp tre fasar i samlingsplanen. Den første går frå konferansen og fram til nyåret 1975. Her skal dei velja landsstyre, og dei som vil vera både i SV og i partia må betala medlemspengar dobbelt opp. Når landsstyret er valt, skal dei einskilde partia ikkje lenger ha vetorett, slik dei no har. Dei må nøya seg med å klaga saker til landsstyret.

Førebuinga til kommunevalet byrjar også i lokallaga i denne fasen. Nominasjonane tar til – i SV-laga – i andre fasen, som går frå 1. januar til 15. mars 1975: skipingskongressen. Valkampen (som kjem i siste fasen) skal «brukes til organisasjonsutbygging for partiet. De valgte representantene danner grupper som representerer det nye partiet», heiter det i punkt 19 i vedtaket. Vil dette seia at SV alt no utelukkar samarbeid ved valet med andre parti i kommunane, og at dei ikkje har tanke for å ta del i valfrontar på konkrete saker der slikt skulle trengst.

I denne fasen skal utkast til arbeidsprogram og aksjonsprogram og ut til førehaving i laga.

Samlingskongressen skal vedta program og vedtekter for partiet, velja leiande organ slik landsstyret kjem fram til, og freista å få til ei ordning med sams
SV-avis føre kommunevalet.

Den tredje fasen går frå kongressen og ut 1976. Då har det nye SV-partiet teke over alle oppgåver som høyrer til eit parti. For dei gamle partia står det berre att å leggja arbeidet ned innan fristen, og gje det som måtte vera att av midlar og eigedom over til det nye partiet. Det skal ha første landsmøtet sitt same året.

KVAR GÅR SV?

Med det som hende på kongressen, er det så visst det kan verta at partisamlinga går i hamn. Det skal så pass mykje til no at nokon bryt ut, at SF-arane endeleg kan sleppe det dobbeltarbeidet dei har hatt med å få i gang verksemda i SV-laga og samstundes halde SF-laga vernebudde i tilfelle brot sentralt,. Dei som har arbeidd for eitt parti har vunne ein siger, og det må vera rett å seia at SV har styrkt seg organisatorisk gjennom det som hende på landskonferansen.

Mange medlemer gler seg til at den byråkratiske og tungrodde organisasjonsformen skal bli avløyst av ein meir einfelt og demokratisk organisasjon. Dei meiner at veikskapane til SV har hatt rot i slike feil. Dei ventar at arbeidet no skal bli meir effektivt og at ein skal byrja å sjå resultata av den nye krafta i arbeidarrørsla som stortingsvalet varsla om.

Men er det no visst at det er her veikskapen ligg? Kva med politikken SV vil følgja? Kva veg vil det nye partiet velja i den daglege kampen, og i kampen for å frigjera arbeidarklassen og folket i Norge? Det må vera det avgjerande. Og her må vi seia dette: Om SV har hatt framgang med å løysa dei organisatoriske problema sine, har dei mindre å kyta av her. I tida etter stortingsvalet har SV som heilskap i sak etter sak valt ein taktikk som ligg til høgre for den politikken vi trudde var mest sjølvsagt for heile venstresida for kort tid sidan. Denne  høgredreidde taktikken samlar seg i to hovudsaker. Den eine er ei line for taktiske alliansar og våpenkvile med høgresosialdemokratiet, på Stortinget, i fagrørsla og i solidaritetsarbeidet. Det andre er ein blanding av nøytralitet og forsvar andsynes den indre og ytre politikken til dei nye tsarane i Kreml.

Framtida til SV vert avgjort av om denne taktikken får utvikla seg og blir til strategi, eller om partiet vel å stø arbeidarane og kjempa sjølvstendig for dei.

BRATTELI OG ASPENGREN – PÅ VILLSTIG I EEC-STRIDEN?
For knapt to år sidan vann det norske folket den største striden det har kjempa i alle fall i etterkrigstida. Det hindra at Noreg vart selt ut til EEC. I denne tida hopa det seg opp prov på prov om at leiinga i DNA og toppen i LO stod fullt ut og utan reservasjon på fienden si side. Dei stod aleine saman med Høgre og Seip mot folket for å tena imperialismen si sak.

Dei var ikkje eit etterslep til monopolkapitalen ein gong, dei gjekk i brodden med lygner og trugsmål for å få den viktigaste krafta i striden, arbeidarklassen, til å følgja pipene til imperialismen.

Dei gjekk på med omframkongress i LO, betalte korttidssekretærar, forbod mot neifolk som innleiarar på fagforenings- og samorgmøte, Bratteli sitt «Stem ja, elles går eg», reknestykke frå Kleppe om at kvar huslyd ville tapa 2000 kroner året om Noreg ikkje kom med, skremsler om tapte arbeidsplassar for titusenvis av arbeidarar osb. Vi har vel ikkje gløymt dette?

I staden for å vinna på det, tende dei ein harme i arbeidarklassen som fekk mange av dei som hadde hatt den største trunad til DNA i årevis.

Kvifor valde DNA-leiarane denne kursen? Var det fordi dei var byråkratar som gløymde å sjå etter kva arbeidarane meinte om saka? Var det slik at dei
slumpa til å velja feil kurs?

Då hadde det vore god tid til å snu dei to åra. Det er vanvet å tru dei er arbeidarleiarar som har kome på villstig. Dei var på same faste kursen i denne
striden som dei har vore heilt sidan god tid føre krigen. Dei losa Noreg inn i NATO i 1949. Dei har gjort alt dei kunne for å ta frå arbeidarklassen streikeretten. Kvar gong det har kome opp streikar likevel, har dei trådd fram som streikebrytarar. Dei er ein pest i fagrørsla, som år for år har truga med å køyva all kampvilje og alt demokrati. Dei ser på bønder og fiskarar som ein reservearme som må vekk frå garden og båten snøggare enn monopola kan setja dei på lønsarbeid.

Når dei ikkje vann å få lagt Noreg ned med D-mark, vil dei no gjera det med oljemilliardar. Dei stør imperialistisk kapitaleksport frå norske monopol, og sel
norsk statseigedom til imperialismen.

Kan det vera nokon tvil: Dei er borgarlege politikarar av dei fremste og har knytt lagnaden sin til monopolkapitalen sitt diktatur i eitt og alt. Skal arbeidsfolk
vinna fram med nokon av krava sine i dag, må det vera i kamp mot dei. Skal arbeidarklassen vinna kampen for sosialismen, må desse feiast ut or arbeidarrørsla.

KAMP MOT DNA/LO-TOPPEN – EIN PEIKELEIK?

«Det er i dag en betydelig radikalisme i fagbevegelsen som må meisles ut i konkret politikk. Det nytter ikke i denne situasjonen å peke på sosialdemokratiet
og rope skjellsord om at de er hoved-fienden.» Slik verjar Finn Gustavsen taktikken SV har valt å følgja på Stortinget i eit intervju i Orientering (nr. 16). «Særlig er presset fra arbeidsplassene viktig når vi skal påvirke Arbeiderpartiet,» sier han. Og på arbeidsplassene har han høyrt kravet: «Samarbeid – ikke ri kjepphester! Skaff de fagorganiserte resultater.»

På talarstolen 1. mai talte Ragnar Kalheim etter Tor Aspengren og oppmoda alle om å halda i minnet «at fienden står til høyre, nasjonalt og internasjonalt». Det kunne berre tolkast i ei lei: Det skulle vera ei oppmoding til Aspengren og hans menn om å la vera å gå på SV. Det var ein lovnad til dei om at SV ikkje ville ropa «skjellsord» og peika ut LO- og DNA-leiinga som «hovedfiende».

Det er demagogi av Gustavsen å hevda at ein politikk mot DNA/LO-leiinga er det same å driva peikeleik og ropa tome skjellsord. I dei aller fleste sakene er det
berre om å gjera å halda fast på dei krava frå arbeidarklassen og folket elles som SV har plikta seg til å stø: Momsen vekk frå maten, Sjølvbestemt abort no, Nei til gymnaslova, Godta den førebels revolusjonsregjeringa i Sør-Vietnam, NATO ut av Noreg. Verj reallønna i tariffoppgjeret, Bruk oljemilliardane til framsteg i Noreg.

DNA/LO-toppen går mot desse krava, og alle andre viktige arbeidarkrav. Det skulle vera ei glede og ein plikt for han og andre i SV å peika på dette og føra kamp mot dei for det.

Det finst utan tvil folk på arbeidsplassane – og andre stader – som meiner at det går å vinna resultat for dei fagorganiserte ved å samarbeida med DNA
og ikkje ri «kjepphestar». Kva anna er det valresultata dei seinaste 50 åra har synt om ikkje det? Folk røystar tilmed på DNA i hundretusental fordi dei meiner
det kan vera til hjelp. Det vert ikkje rettare om fleirtalet gjer det. Og parolen «samarbeid med DNA» vert ikkje rett den heller, om mange fremjer han.

Det finst ingen røynsler for at noko parti har vunne framgang for arbeidarklassen ved denne kursen. Det fører tvert om som ei lov til at partia gjev etter i kampen for arbeidarkrava. Dei vert meir og meir halvhjarta i arbeidet for å reisa massane til strid og å organisera striden. Og dei tek til å reisa kampen mot dei som vil skapa einskap i folket for klasseinteressene, i staden for å spikra klassesvikarar til skampælen. Dette kallar vi opportunisme.

Det er ikkje omsynet til nivået i massane som tvingar fram denne snunaden. Ingen parti har noko å tapa på å gå mot straumen ei tid om dei samstundes syner
gjennomført vilje til å kjempa for klassekrava. Snunaden kjem som ein følgje av at dei må stri for å halda våpenkvile med høgresosialdemokratiet. Praksis syner at dette er våpenkvile med borgarskapet mot arbeidarklassen. Det kallar vi klassesvik.

SKAL SAMARBEIDSTAKTIKKEN BLI STRATEGI FOR SV?

Den debattboka Oktober forlag har gjeve ut i vår – Hvor går SV? Reform eller revolusjon? – dokumenterer at SV har gjeve seg ut på ein slik veg. Vi
oppmodar folk til å studera og diskutera det som står der. Boka seier at det ikkje er for visst at dette vert hovudlina SV vil følgja i all framtid. Ho peikar på at det
finnst fleire straumar i SV, også ein venstrestraum. Men veikskapen ved den straumen er at han ikkje syner nokon vilje til strid. Dei tar alt høgrefløyen gjer med stor tolsemd, som dei gjorde då Fagleg Utal i SV kuppa gjennom samarbeid med DNA i Oslo 1. mai.

Sume av dei slår seg til tols med resultat «på det teoretiske feltet», og kyter av at dei har fått einskap om ei «marxistisk plattform» for partiet. Denne plattforma vart godkjend av landskonferansen, og skal sendast ut til førehaving i laga om ikkje så lenge. Det står nok mykje om imperialisme, kapitalisme, klassar og sosialisme der, men på dei avgjerande punkta som set skilje mellom ein revolusjonær politikk og hardbarka opportunisme er det opportunismen som går av med sigeren.

Om Arbeiderpartiet heiter det:
I dag er det sosialdemokratiske apparatet et stabiliserende og bærende element for kapitalismen i Norge. Men DNA er fortsatt et arbeiderparti med oppslutning fra arbeidsfolk i by og bygd med interesser som står i motstrid til monopolkapitalens og borgerskapets interesser. Derfor går det også inn for enkelte tiltak som tjener det arbeidende folket og strider mot kapitalens erklærte ønsker.» (Kap II, pkt. 22–23)

Det heiter vidare at ein politikk som vil avskaffa kapitalismen må bryte med den sosialdemokratiske politikken. Like fullt opnar dette for ei hovudline andsynes
DNA som frå topp til botn reknar folka der som ein del av fronten som kan samlast mot monopolkapitalen.

INN I REGJERING MED DNA?

Såleis reknast dei og til dei kraftene som kan danne grunnlaget for den «antimonopolistiske demokratiske folkeregjeringa» som er steget på vegen til
sosialismen for NKP (sjå Hvor går SV, s. 52–56).

Om ei slik folkeregjering heiter det i plattformframlegget:
«Denne makten (som skal til for at SV vil «ta regjeringsansvar») «forutsetter at kapitalismens makt svekkes gjennom et målbevisst og handlekraftig folkeflertall.» «En slik regjering kan bli et viktig redskap for å bryte kapitalistklassens makt og i stedet erstatte den med et sosialistisk demokrati.» (Kap. III. pkt. 13.).

Dette dukar for regjeringssamarbeid med DNA berre SV får noko meir framgang, og DNA går noko meir attende. Kan henda vil dei og krevja at DNA skal ta fram litt av det gamle sosialistiske munnsværet for å få hjelp til å halda seg oppe. Sjå på det danske revisjonistpartiet no, sjå på revisjonistane i Frankrike. Det er nett slik dei set denne lina ut i livet. Det er ikkje ein målmedveten og handlekraftig arbeidarklasse dei set opp som vilkår for å gå med i regjering. Det er ikkje noko anna enn eit høgresosialdemokrati som er villig til samarbeid. (Ta fram att Klassekampen nr. 18 i år, eller sjå artikkelen i Røde Fane 3/73 om venstre-unionen i Frankrike.)

REVOLUSJONÆR REFORMISME?

Eit tilskuv til å følgja ei slik line finn ein og i avsnittet om reformar. (Kap. III, pkt. 17.) Både her og i stykket om sosialdemokratiet heiter det at det ikkje går å avskaffa kapitalismen med reformar steg for steg. Revolusjonære sosialistar er ikkje imot reformar, det er ikkje der skiljet går mellom dei og sosialdemokratane, seier dei. Dei innser «at det før eller seinere vil finne sted en endelig styrkeprøve mellom klassene» – «en revolusjon». Men reformar har som mål» å styrke arbeiderklassens makt og posisjon og avsvekke kapitalistklassen», dvs. å leia «til en situasjon da overgangen til sosialismen blir mulig».

Det er rett at revolusjonære ikkje er imot reformar. Det er til ein viss grad og rett som det heiter at reformane ikkje berre skal «avhjelpe umiddelbar nød for å
gjøre det mer levelig for arbeidarklassen under sosialismen». Det er viktig nok. Ein sunn og sterk arbeidarklasse er betre rusta til striden for sosialismen enn ein som er utarma og fysisk nedbroten. Vi vil kjempa for alle slike reformar.

Vi ser på sjølve kampen klassen fører for slike og andre betringar som ein god ting, fordi han styrkjer sjølvmedvetet i klassen og gjev han røynsler han må ha
foi å kunna føra kampen for å frigjera seg heilt.

Plattformframlegget gjev rom for dette synet. Men det set og fram dei stegvise reformane som strateg i. Det får det til å sjå ut som dei kan svekkja makta til
herskarklassen bit for bit og skapa ei slag veksande arbeidarmakt ved sida av diktaturet borgarskapen har over det økonomiske livet og staten.

Dette er pensla meir ut i prinsipprogrammet til NKP og er blind ønskjetenking kokt ihop av revisjonistar som Togliatti, Gorz – og Bresjnev. Ingen stad kan
ein visa til at noko slikt har hendt. Ingenting ved dei måla desse revisjonistane har stilt fram tyder på at dei vil få noko slikt til. Dei framstøyta Togliatti i
Italia og venstreunionen i Frankrike har å syna for seg, viser at reformkrava dei stiller fram til overmål anten er på sida av dei krava arbeidarklassen fremjer, eller så langt etter at dei berre tener til å avleida kampkrafta i klassen.

Revolusjonære skal reisa arbeidarklassen til strid mot versning av levekår og politiske tilhøve, og for betringar der det går. Men dei må heile tida halda fram dei røynslene som ligg i heile kampsoga til klassen: at staten er borgarskapet sin stat så lenge kapitalismen ikkje er knust, og at denne staten når som helst kan setjast inn med fullt velde mot dei og når som helst kan nyttast til å kaste om alle dei vinningane dei har stridd seg fram til.

Om programmet skal kunna verta marxistisk og det nye partiet skal verta trygt mot opportunisme må desse punkta ut, eller skrivast om slik at dei ikkje vert
reiskapar i hendene på folk som vil gjera SV til eit gjennom sosialdemokratisk parti. Det må mellom mykje anna og inn noko om kvifor det trengst ein einskapsfront. Omgrepet er ikkje ein gong nemnt.

Punktet om Sovjet skal vi denne gongen nøya oss med å herma. I neste nummer skal vi ta opp vårt syn på den indre og ytre politikken til leiarane i Sovjet-staten
som hovudtema. Kritikken av SV på dette punktet får stå ut til då. – Plattformframlegget (Kap. IV, pkt. 4) seier dette:

»Men de vanskelige forhold som det nye samfunnet (Sovjetstaten) ble skapt og utviklet under, muliggjorde den såkalte Stalin-perioden, med alvorlige brudd på grunnleggende sosialistiske prinsipper.

Den senere utvikling i Sovjetunionen og de andre land som har gjennomført en sosialistisk revolusjon representerer store forandringer i forhold til denne perioden. Men byråkratiet har fortsatt stor makt og selv om folkene i disse land er sikret rettigheter som bare er mulig å oppnå etter en sosialistisk revolusjon, mangler det fortsatt etter vår oppfatning rettigheter som sosialister i Norge alltid har kjempet for og vil bygge videre på i arbeidet for sosialismen her i landet.»