Statleg arbeidsmarknadspolitikk og regulert arbeidskraftinnvandring – Den svenske modellen 1947-1972

Av Rose Maiken Flatmo

2020-02

På alle nivå i fagrørsla veks det i dag fram krav om ein ny politikk som erstattar bemanningsbransjen og dagens marknadsstyrte arbeidsmarknadspolitikk. Historia om den verdskjente svenske modellen og dei utanlandske arbeidarane si viktige rolle gir innsikt og nyttig erfaring for fagrørslas kampar i dag. Den reformistiske fagrørsla ivaretok dei nasjonaløkonomiske interessene saman med Sveriges socialdemokratiske arbetareparti (SAP), men dei bidrog ikkje til å mobiliserte maktgrunnlaget dei utanlandske arbeidarane utgjorde på arbeidsplassane. Men dei lykkast med å styre arbeidsmarknadspoltikken, og dei utanlandske arbeidarane fekk faste stillingar og busatte seg i Sverige. Kva skjedde og kva kan vi lære av dette?

Rose Maiken Flatmo er Cand.polit., Universitetet i Bergen og organisasjonsarbeidar i Fellesforbundet Hardanger Sunnhordland, Sentralstyremedlem i Rødt
Foto: Jonathan Brinkhorst

 Tilbud til nye abonnenter: ETT ÅRS ABONNEMENT TIL 100 KR! Send kodeord gnist + e-postadresse til 2090. Obs! Husk e-postadresse!
I 1945 hadde det sosialdemokratiske partiet fleirtal i Riksdagen, og fagrørsla var sterk og godt organisert. Den reformistiske delen av arbeidarrørsla var full av framtidsoptimisme. Medan resten av Europa låg i ruiner, hadde Sverige auka sin industrielle kapasitet, m.a. gjennom å produsere varer for Tyskland. Heile Europa trengte varer, og Sverige kunne produsere.

Arbeidarrørslas målsetting var full sysselsetting, ein solidarisk lønnspolitikk, rasjonalisering og ekspansjon i eksportindustrien, nødvendig strukturrasjonalisering mellom bransjar og mellom geografiske område, og ei storstilt utbygging av velferdsstaten. Det viste seg fort at landet hadde alt for lite arbeidskraft til å innfri dei store ambisjonane.

Statleg styring av arbeidsmarknadspolitikken

Politisk styring over arbeidsmarknadspolitikken var heilt avgjerande for å gjennomføre målsettingane som den sosialdemokratiske regjeringa hadde sett seg. Det måtte opprettast ein ny statsetat. Det som vert rekna som kronjuvelen i den svenske modellen, Arbetsmarknadsstyrelsen (AMS) vart oppretta i 1948.

AMS representerte eit brot med det som vart namngitt som «den borgelege majoriteten i embetsverket». Arbeidarrørsla ville sikre seg at den arbeidarfiendtlege praksisen som vart ført i Arbetslöshetskommissionen, oppretta i 1914 og nedlagt ved opprettinga av AMS, ikkje lenger skulle vere mogeleg. Då Arbetslöshetskommissionen vart oppretta, skulle den vere nøytral i forhold til arbeid-kapital konflikten, men embetsmennene støtta i praksis kapitalistklassen sine interesser i ein periode med skjerpa klassekonflikt. Arbetslöshetskommissionen stoppa arbeidsløysebidraget til arbeidarar som nekta å arbeide ved streikeramma bedrifter, samt svartelista dei som var aktive i streikane og hindra dei i realiteten frå å få både arbeid og trygd. Arbeidsløysa var høg, men arbeidsgivarane oppfatta dei svenske arbeidarane for kravstore. I tiåret frå 1880 – 1890 vart det registrert 840 streikar. Arbeidsgivarane henta arbeidskraft til ordinært arbeid og streikebrytarar frå utlandet i stort omfang. Arbetslöshetskommissionen er den dag i dag rekna for å vere den mest hata statsinstitusjonen i svensk historie.

AMS hadde ei sterk korporativ oppbygging. For det første ved at representantar frå fagrørsla og arbeidsgjevarane sine organisasjonar sat i AMS sitt styrande organ, dette gjaldt både Metallforbundet og Svensk Industri. AMS sin mektige direktør Bertil Olsson kom frå arbeidsrørsla. Etaten hadde svært vide mandat og ei sjølvstendig rolle når det gjaldt både utforminga og iverksettinga av politikken. Vektlegginga av fagrørsla sine interesser kjem også til uttrykk i rekrutteringspolitikken; fagrørsla sine representantar utgjorde fleirtal i styret. I dei tilfella der det var konflikt, ville fagrørsla sikre seg mot ein allianse mellom statens representantar og arbeidsgjevarane. For å hindre at embetsverkets borgarlege ideologi skulle få for stor innverknad, hadde AMS eigne aspirantkurs for nytilsette, der alle fekk same opplæring. Erfaring frå fagrørsla var viktigare enn formell utdanning ved tilsetting i AMS.

AMS sin fremste politiske funksjon var å skape den nødvendige stabiliteten for økonomisk vekst innan ramma av den gitte interesse­motsetninga mellom arbeid og kapital. 1 Dette var ein høgt prioritert politikk, og det vart ikkje spart på ressursar til etaten. Arbeidsmarknadspolitikken bind saman og uttrykker alle dei ulike delane av den svenske modellen. Det var mogeleg fordi AMS sørga for full sysselsetting og nok arbeidskraft med dei rette kvalifikasjonane til den viktige eksportindustrien. I ein situasjon med mangel på arbeidskraft kunne alternativa vere streik for betre løns- og arbeidsvilkår, eller krav om større makt over produksjonen. I februar 1945 gjekk 125 000 metallarbeidarar ut i ein streik som varte i 5 månader, noko som synte den store misnøya med løn- og arbeidsforhold. Aktiviteten frå AMS sørga for å tilpasse den svenske arbeidskrafta til dei store omskiftingane på arbeidsmarknaden. Gjennom ein målretta og aktiv arbeidsmarknadspolitikk vart konjunktursvingingane dempa, og ein regulert og vel planlagt arbeidskraftinnvandring vart gjennomført. AMS-direktøren kalla dette for den aktive innvandringspolitikken. Utan den store tilføringa av utanlandsk arbeidskraft til eksportindustrien hadde ikkje den solidariske lønnspolitikken vore mogeleg. Dette reduserte lønnspresset, og dei svenske arbeidarane avanserte yrkesmessig og kunne ta anna og betre lønna arbeid.

Det er ei allmenn oppfatning at AMS fungerte som eit sosialdemokratisk reformorgan og hadde ei avgjerande rolle i samfunnsutviklinga på 50, 60 og 70 talet. Den aktive innvandringspolitikken inngjekk som ein del av ein heilskapleg regulert og strategisk arbeidsmarknadspolitikk. Det var dei verdskjente LO-økonomane Gustav Rehn og Rudolf Meidner som utforma det meste av den politikken som i ettertida vart verdskjent som «den svenske modellen». For å ivareta klassekompromisset var det avgjerande at arbeidsmarknadspolitikken skulle vere ein sosialpolitisk forankra del av den økonomiske politikken. Kapitalistklassen skulle ikkje lenger ha kontroll over sysselsettingspolitikken og innvandringspolitikken, slik resultatet vert når marknadskreftene ikkje vert bremsa gjennom statleg regulering og kontroll. Dette hadde perioden med Arbetslöshetskommissionen og borgarleg styre vist.

Den korporative oppbygginga av AMS var svært viktig. Den klassiske oppfatninga av korporativisme er:

Eit sett av institusjonelle ordningar, der dei organiserte partane i arbeidslivet og staten samarbeider på ein måte som inneheld gjensidig avhengigheit. Det vanlegaste fellestrekket for korporativistiske land er den veksande integrasjonen av dei organiserte økonomiske interessene i policy-making. Korporativisme er knytt til staten si aukande involvering i økonomien og til styrking av den iverksetjande og administrative delen av statsapparatet på kostnad av dei parlamentariske institusjonane. Korporativismen er tvitydig. Organisasjonane kan vere med på å leggje premissar for statleg politikk, men då er dei også bundne til masta, dei er medansvarlege for resultatet. Dette har mange problematiske sider, men dette er ikkje tema her.

Aktiv versus passiv arbeidsmarknadspolitikk

Før opprettinga av AMS var Arbeidsformidlinga kjenneteikna av å vera ei passiv verksemd. Den heldt seg til tilbod og etterspørsel etter arbeidskraft, slik desse faktorane faktisk låg føre. Hjelpetiltaka kom etter at problema hadde dukka opp, hensikta var å lindre arbeidsløyse som dessverre var eit faktum.

AMS skulle føre ein aktiv arbeidsmarknadspolitikk. «Arbeidsmarknadens aktivering» gjekk ut på at ein no ikkje lenger nøyer seg med å vente på utviklinga. AMS skulle gjennomføre analyser og freiste påverke utviklinga i ei bestemt retning. Gjennom kartlegging av den økonomiske og demografiske strukturen i regionar ville ein danne seg eit bilete av utviklingsmoglegheitene i kvart område når det gjaldt tilbod og etterspørsel etter arbeidskraft. Kor stor er arbeidsstyrken og kva kvalifikasjonar har dei, vart det sentrale spørsmålet.

Kunnskapen opparbeida gjennom analysane, på nasjonalt, regionalt og kommunalt nivå, skulle danne grunnlaget for AMS sine tiltak. Dette var tiltak på kortare og lengre sikt, som kvalifiseringstiltak, såkalla yrkesmessig mobilitet , flyttebidrag, såkalla geografisk mobilitet og ei storstilt arbeidskraftinnvandring. Tiltaka vart vedtekne og styrt av AMS, dei kunne vere både vedtekne og gjennomført regionalt gjennom Arbeidskontora på kommune- og fylkesnivå, alt etter kva opplysningar ein sat inne med og kva utvikling ein ønska å fremme.

Arbeidskraftinnvandring gjennom bilaterale avtalar i 1947

I samsvar med den gjeldande lovgjevinga i 1947 måtte utanlandske arbeidarar ha arbeidsløyve før dei kom til Sverige. Den individuelle innvandringa var langt i frå tilstrekkeleg i høve til arbeidskraftsbehova. AMS starta derfor opp arbeidet med aktiv rekruttering i statleg regi og gjennom bilaterale avtalar.

Den første avtalen var med Italia. Den vart signert i 1947 og kalla «Svensk-Italiensk avtale beträffande utvandring av italienske arbetarar til Sverige». Avtalen innebar at AMS oppretta rekrutteringskontor i Milano og i Torino for å rekruttere verftsarbeidarar. I første omgang vart det rekruttert 2000 faglærte sveisarar til ASEA, Astahammar, K.B.Berg og LM Eriksson. I løpet av eit lite tiår var talet oppe i til saman 4000 fagarbeidarar rekruttert berre til ASEA. Avtalen mellom Sverige og Italia varte under heile 50-talet. Dei som vart rekrutterte i den første gruppa i 1947 i Italia, var unge menn som kom utan ektefellar.

Dei andre bilaterale avtalane var med Austerrike og Ungarn og omfatta andre yrker, som innan tekstilindustrien, jordbruk, skogbruk m.m. I denne gruppa var det vanleg at arbeidarane kom saman med familiane, også ektefellane skaffa seg lett arbeid gjennom AMS. Avtalen med Ungarn omfatta berre 800 personar og gjaldt berre for 2 år. Då reiste dei fleste heim igjen, og den kommunistiske regjeringa sa opp avtalen.

Framgangsmåten

Arbeidsgjevarane la fram arbeidskraftbehovet sitt for AMS. Det kunne vere 200 sveisar, 150 industrirøyrleggarar, 80 platearbeidarar, 3000 til samlebandet osv. AMS vurderte om rekruttering var ønskeleg etter samråd med den aktuelle Länsarbetsnemnden eller Arbetsförmedlingen i kommunen og dei aktuelle fagforeiningane. I dei fleste tilfella var dette Metallforbundet som hadde god kontakt med klubbane som måtte gje sitt samtykke for at forbundet skulle akseptere rekrutteringa. Dersom AMS gjekk inn for rekruttering, vart det gitt aksept frå Utlendingsdirektoratet. Og AMS tok kontakt med arbeidsmarknadsetaten i det aktuelle landet og det vart inngått samarbeidsavtale mellom landa. Arbeidarane fekk arbeidsløyve for to år, med moglegheit for forlenging, noko som vart gitt i nesten 100 % av tilfella. Dersom dei skulle verte arbeidslause før dei to åra var omme, mista dei ikkje arbeidsløyve. Dei fekk då hjelp ­gjennom AMS til å finne nytt arbeid.

1955 var det registrert 120 000 utanlandske arbeidarar i Sverige, flyktningar og familiemedlemmar er utanom.

Den Felles Nordiske Arbeidsmarknaden av 1954 kom i stand etter påtrykk frå svenske industribedrifter. Det kom svært mange finnar til Sverige etter at avtalen vart inngått. Dei kunne reise fritt og inngår ikkje i den aktive rekrutteringa frå AMS. Men det vart oppretta Arbeidskontor i Haparanda, ved grensa til Finland, for å fremme rekrutteringa. Den finske gruppa vart utover 60-talet like stor åleine som heile gruppa frå dei andre europeiske landa.

Utlendingslova vart også endra i 1954 for å gjere det mogeleg med endå større innvandring. På bakgrunn av dei svara som kom frå Metallforbundet og fagrørsla i andre bransjar og andre involverte partar, var dei godt nøgde med den nye lova fordi den tok omsyn til både regjeringa sitt behov for kontroll over innvandringa, samtidig som reglane skulle vere så smidige og liberale at dei var i samsvar med bedriftene sine behov for arbeidskraft.

Det at det no ikkje lenger var krav om arbeidsløyve før ein kom til Sverige, gjorde det mogeleg for AMS å stimulere til innvandring i eit mykje større omfang enn tidlegare. Dette skjedde m.a. gjennom å stimulere til spontan innvandring.

I dei bransjane med størst behov for arbeidskraft vart det gitt fritak for krav om arbeidsløyve. Dette var innan delar av hotell- og restaurantbransjen, og for arbeid i skogen og i jordbruket. Innanfor industrien vart det gitt arbeidsløyve i første omgang for 1 år, og så utvida til 3 år, og etter det vart det gitt generelt permanent arbeidsløyve. Det permanente generelle arbeidsløyve som vart gitt etter 3 år, vart frå regjeringa sett på som eit førstadium til statsborgarskap.

Kor stort var arbeidskraftbehovet?

I følgje Industriens Utredningsinstitutt frå 1950 vart det hevda at industrien åleine kom til å trenge mellom 100 000 – 200 000 arbeidarar dei neste 10 åra. Bertil Olsson, direktør i AMS, vart spurt om det var realistisk og mogleg. Hans svar var eit ubetinga ja . Han viste til at det på dette tidspunkt var omkring 100 000 utlendingar i arbeid berre i industrien. Bertil Olsson meinte at ei storstilt og planlagt innvandring i regi av AMS var både mogeleg og ønskeleg. Hans syn var at dette motverka dei tilpassingsvanskane som var innan næringslivet sidan tilgangen på svensk arbeidskraft stagnerte. Ungdommane ville ikkje arbeide i industrien, og det var lett å skaffe anna arbeid. Dei utanlandske arbeidarane fekk dei jobbane svenskane ikkje ville ha, men dei var topp motiverte, lønene var skyhøge i høve til kva dei fekk i heimlandet. Dei fleste kunne gå rett i produksjonen utan å ha utgifter korkje til oppvekst eller utdanning. Det var ingen tvil om at godt planlagt og regulert innvandring er bra for landet, i følgje direktør Bertil Olsson. Ein folkeauke verkar stimulerande på investeringane og på utvikling av ny kapital, som igjen fører til behov for nye bustader, nye maskiner, auka etterspurnad etter konsumvarer og endå meir etterspurnad etter arbeidskraft. Og ikkje minst, landet vart tilført unge familiar som fekk barn.2 I 1967 var talet på utanlandsk arbeidskraft i industrien kome opp i 200 000. Det fanst motkrefter til dette synet i arbeidarrørsla, mindretalet meinte at ein i staden for arbeidskraftinnvandring burde krevje høgare løner og betre arbeidsmiljø, større makt over produksjonen og styrka posisjon.

Ny lov i 1954 – meir arbeidsinnvandring, fleire rekrutteringskontor i utlandet

Endringane innebar at arbeidsmigrantane no kunne reise til Sverige utan å ha arbeidsløyve, dei kunne gå direkte til ein fabrikk, få arbeid, og enkelt og greitt vart det gitt arbeidsløyve og opphaldsløyve. Alle fekk fast tilsetting. Bemanningsbyrå eksisterte ikkje, og mellombelse tilsettingar var ikkje eit tema.

Det vart oppretta AMS-kontor i mange fleire europeiske byar som Aten, Torino, Beograd og i tillegg Ankara. I industrien rekrutterte alle dei store bedriftene som Saab, Volvo, Lm Eriksson, Götaverket , SKF-Sveriges Kullager Fabrikk, KB Berg, Astahammer , ASEA, Scania Vabis, Kockums, Luxor, Kockums, Eriksberg og fleire. Men også arbeidsgjevarar frå andre bransjar rekrutterte, som t.d. innan kjemisk industri, transport, helsestell, handel og kontor, næringsmiddelindustrien, gruvedrift og tekstil og konfeksjon.

AMS hadde ein fast stab med svært dyktige arbeidsformidlarar som kjente godt til bedriftene frå før, og framgangsmåten i Italia i 1947 vart vidareført. Men no var også representantar frå yrkesskulane og Industriskulen ofte på plass på for å vurdere kvalifikasjonane til dei arbeidssøkande. Arbeidsformidlarane informerte og annonserte gjennom TV, radio, aviser og oppslag, og det var enormt med folk som ville arbeide i Sverige. Det hadde gått rykte om at lønene var skyhøge, og at Sverige avviste gjestearbeidarsystemet3 som både Tyskland, Sveits og Frankrike hadde innført.

I 1960 reiste Scandia Vabis i Södertälje til Aten for å rekruttere arbeidskraft frå AMS sitt kontor. Både personalsjefen Rolf von Euler og rektoren frå Industriskulen Folke Bilberg var med i delegasjonen for å sikre seg at Scandia fekk god arbeidskraft. I ettertid hevda personalsjefen at dei var «for gode» . Ein etter ein forlèt grekarane det tunge og monotone arbeidet ved samlebandet. Til slutt var det berre fem igjen av den første gruppa som var på 30 mann. Folke Bilberg kunne fortel at grekarane «var overintelligente og at dei hadde teke til å studere ved Den tekniske kveldsskulen i byen».

Konkurransen om arbeidskrafta mellom dei vesteuropeiske landa vart etter kvart stor. Det store skipsverftet Eriksbergs Mekaniske Verkstad i Gøteborg var ei av fleire svenske bedriftene som starta yrkesopplæring av utanlandske arbeidarar i deira eige heimland. Opplæringa av sveisearbeidarar var på åtte veker, og i tillegg gav AMS opplæring i fire veker i «arbeidssvensk». Kursa vart arrangerte i Jugoslavia, i ulike byar og regionar. Det første kurset var i september 1969 i Kraljevo. 4

I Sverige vart alle tilbydde fast arbeid, og det vart lagt opp til at også ektefellane kunne skaffe seg arbeid. Mange kvinner fekk arbeid i tekstilindustrien og i helsesektoren, man også i andre bransjar. På Volvo Torslanda Verket i Gøteborg var det såkalla «maleriet» fylt opp av kvinner frå Tyrkia som i utgangspunktet kom til landet ved at ektefellane fekk arbeid. Kvinnene vart oppfordra til å verte yrkesaktive, det vart ordna med barnehageplass til gunstige prisar, varm mat i skular og barnehagar, det vart produsert elektriske hjelpemiddel til kjøkkenet og alt dette gjorde det enkelt for kvinnene å vere i full jobb.

Arbeidsløyve vart gitt for to år, men desse vart nesten utan unntak endra til permanent generelt arbeidsløyve etter tre år. Det var berre ved utvisning, dvs. grove kriminelle forhold, at arbeidarane mista arbeidsløyva. Ved arbeidsløyse eller omstillingar bidrog AMS til at dei kjapt fekk nytt arbeid. Det tok i gjennomsnitt åtte veker frå nokon melde seg arbeidsledig til dei igjen var ute i nytt arbeid.

Dei utanlandske arbeidarane organiserte seg prosentvis i same grad som dei svenske arbeidarane. I byar som Stockholm, Gøteborg, Västerås og Malmø var ca. 25–30 % av LO sine medlemmar utlendingar. Fagrørsla sine representantar fortalte til dei arbeidssøkande at «det er frivillig å arbeide i Sverige og på Volvo, men her er vi organisert». I bransjar med låg organisasjonsgrad som hotell- og restaurantbransjen var organisasjonsgraden låg for utanlandske arbeidarar óg.

Delen arbeidsmigranter ved viktige bedrifter:

  • Ca. 40 % ved Scania Vabis i Södertälje

  • Ca. 50 % ved VOLVO Torslanda Verket i Gøteborg

  • Ca. 35 % ved LM Eriksson, Stockholm

Dette var typisk for dei aller fleste bedriftene i eksportindustrien i Sør- og Vest-Sverige. Den utanlandske arbeidskrafta fekk dei tyngste jobbane. På Volvo var det så godt som 100 % utanlandsk arbeidskraft ved samlebandet, og dette var typisk.5

Kurs i AMS-regi

Omstillingane på arbeidsmarknaden i dei første etterkrigsåra og utover på 50- og 60 talet førte til store behov for omskulering og ulike former for yrkesopplæring, etterutdanning og kursverksemd. AMS tilsette massevis av yrkesrettleiarar som ofte hadde bakgrunn som fagarbeidarar. Yrkesskulane hadde gjennom mange år vorte nedprioriterte. Trua på at strukturrasjonaliseringane både mellom bransjar og mellom geografiske område førte til folkefråflytting frå nord til industrien i sør. AMS vart på folkemunne kalla «Alla Måste Söder». I industrien trudde ein at samlebandproduksjon og robotisering ville føre til mindre behov for yrkesopplæring. Og når det i tillegg var lett å skaffe topp kvalifiserte fagarbeidarar i utlandet, vart yrkesskulane ikkje prioriterte. AMS fekk store budsjett til å ta seg av denne oppgåva. Det var kurs for arbeidslause ungdommar som ikkje ville arbeide i industrien og for 50-åringar som ikkje klarte arbeidspresset i industrien. Og for kvinner som ennå ikkje var ute i arbeidslivet, eller som ikkje hadde full stilling. Industrien trengte arbeidskraft, og velferdssamfunnet skulle byggjast.

AMS sine arbeidsformidlarar hadde god kontakt med bedrifter i ulike bransjar og fekk informasjon om kva slags opplæring som trengtest for å få arbeid ved den og den bedrifta, så mange sveisarar, røyrleggarar, samlebandarbeidarar osv. Når dei arbeidssøkande var ferdige med kursinga, vart dei formidla til bedrifter der det var behov for arbeidskraft. Det gjekk i gjennomsnitt 8 veker frå dei melde seg til AMS til dei var ferdig med omskuleringa og fekk nytt arbeid. Men mange fekk arbeid på dagen.

På slutten av 60-talet fekk AMS eit nytt problem å løyse. Gruppa arbeidstakarar som gjekk under nemninga «vanskeleg plasserbar arbeidskraft» hadde auka enormt som følgje av effektivitetskravet. Dette var både arbeidsmigrantar og svenskar som hadde ulike arbeidskader og var slitne etter mange år med effektivitetspress i industrien. Denne gruppa var på heile 400 000 i 1970, i følgje LO-kjelder var då den totale arbeidsstyrken på 3,5 – 4 millionar.

Det var oppretta massevis av verna arbeidsplassar, m.a. utanfor Gøteborg. Det vart lagt vekt på at desse arbeidsplassane skulle utføre reelt produksjonsarbeid som det var bruk for, men at tempo og arbeidsinnsats skulle tilpassast arbeidsevne. Dei vart lønna etter gjeldande tariff. Folk visste at dette var arbeidarar som hadde jobba hardt lenge, og neste gong er det kanskje din tur å få helseplager. Auken i AMS sin aktivitet fremma både geografisk og yrkesmessig mobilitet. Det vart gitt flyttebidrag for at folk skulle vere villig til å reise dit jobbane var. Og det vart gitt kurs slik at folk kunne skifte yrke. Det vart gjort ein stor innsats for å hindre at det var mange arbeidslause i eitt område, t.d. i Norrland, og mangel på arbeidskraft, t.d. i Gøteborg, såkalla strukturell arbeidsløyse. Gjennom å sjå på auken i budsjettet og talet på personar som gjekk på kurs får ein inntrykk av kor omfattande denne verksemda var. I 1960 var det meir enn 10 000 personar som gjennomførte yrkesutdanningskurs. I 1970 var det heile 100 000 som deltok på arbeidsmarknadsutdanning, av ein arbeidsstyrke på ca. 4 millionar.

Sett frå kapitalistklassens ståstad var arbeidskraftinnvandringa svært lønsam. Scandia Vabis hadde ein produksjonsauke på heile 200 % frå 1960 – 1966. Ein kan trygt seie at 70 – 90 % av dei som sto ved samlebandet var utanlandsk arbeidskraft.6 Samla for heile verftsindustrien var produksjonsauken oppe i 20 % i 1966.7

Det er også eit faktum8 at det i all hovudsak var dei utanlandske arbeidarane som sto bak dei «ville» steikane som starta ved gruvene i Kiruna, og som spreidde seg til heile eksportindustrien i resten av landet på slutten av 60-talet. Metallforbundet nekta å godkjenne fleire arbeidsløyve i 1972, og LO kravde innvandringsstopp, noko SAP-regjeringa godkjente. Det var fleire grunnar til dette som arbeidsmiljøproblem og helseplager, at ein tok til å få bustadproblem og ungkarsgettoar, og at det var misnøye på arbeidsplassane. Ein årsak var også at leiinga i LO oppfatta den utanlandske arbeidskrafta som ein trussel mot det sosialdemokratiske hegemoniet på arbeidsplassane i den viktige eksportindustrien. Den svenske modellen var trua gjennom at arbeidsfreden ikkje lenger vart akseptert av dei utanlandske arbeidarane.

Den svenske modellen – oppsummering

Den svenske modellen var eit klassekompromiss og viser at statleg styring og kontroll over arbeidsmarknadspolitikken, inkludert arbeidskraftinnvandringa, er mogleg. I den svenske modellen inngjekk fagrørsla saman med SAP som ivaretakar av dei nasjonaløkonomiske interessene. Dette medførte manglande vilje til og interesse av å mobilisere og skape sterke arbeidarkollektiv på arbeidsplassnivå.

Tryggleiken dei utanlandske arbeidarane hadde gjennom generelt permanent arbeidsløyve og lett tilgang til statsborgarskap, gjorde det mogeleg å verte i fagforeiningsaktivistar og ta posisjonar i klubbar og fagforeiningar etter nokre år i Sverige.9

Det vi kan lære av dei svenske erfaringane er for det første: Fagrørsla må igjen krevje styring over arbeidsmarknadspolitikken, og det må etablerast ein ny statsetat som har dette ansvaret. For det andre må det førast ein politikk der ein krev at dei utanlandske arbeidarane skal ha faste stillingar, og at det vert lagt til rette for at dei busett seg her med familiane sine. Dei lukkast med mykje i den svenske modellen, men det er ikkje mykje igjen av klassekompromisset i dag. Det er berre gjennom å sikre makta på arbeidsplassane at arbeidarklassen kan klare å ivareta sine interesser på sikt. Dette må utviklinga av ny politikk ha som erkjenning.

Sluttnoter:

 

1 Jamfør den svenske Hovudavtalen, Saltsjöbadavtalen i 1938, er eit uttrykk for klassekompromisset.
2 Intervju med Bertil Olsson i hans heim i Bromma 1991.
3 Gjestearbeidarsystemet medførte at arbeidarane vart utviste dersom dei vart arbeidslause og dei hadde ikkje trygderettigheiter.
4 Intervju med Iris Sjögren som var ansvarleg for AMS sitt kontor i Jugoslavia under 60 talet.
5 Hovudoppgåve i Sam.Pol.1993 av Rose Maiken Flatmo, intervju med representantar frå klubbstyret ved Volvo Torslandaverket saman med historikar Henrik Glimstedt frå universitetet i Gøteborg.
6 Metallarbetaren 1966, Nr.1-2, s.32
7 Metallarbetaren 1976 Nr.21, s.32
8 Yngve Lind, fortalte i intervju at då Metallforbundet sine leiarar reiste ut for å snakke dei streikande «til rette», var det ingen som kunne snakke svensk. Og at dette var situasjonen overalt der dei kom.
9 På dei største arbeidsplassane vart det etter kvart vanleg med tospråklege tillitsvalde, t.d. grekarar eller finnar som hadde lært seg svensk.