Spania er EFs jumbo

Av Johannes Nymark

1992 Nr 1 1992


– I det som blir kalla kommunikasjonssamfunnet eller det etter-industrielle samfunnet er Spania i ferd med å havna i det europeiske jumbosjiktet, mykje takk vera den rolla landet er tiltenkt i EFs indre marknad.

«Europa vil ikkje ha oss.» «Skal vi få demokrati i dette landet, må vi bli ein del av Europa.» Slike utsegner var vanlege i Spania på 1970-talet og i starten på 1980-åra. Som om Spania ikkje skulle vera ein del av Europa. Rett nok har landet ei fortid med kamp mot arabarar og islam og med ekspansjon vestover – på det amerikanske kontinentet og andre stader. Og rett nok har dette lete etter seg spor (spesielt kulturelle) som det ennå er råd å få auga på. Og rett nok var Spania i Franco-tida (1939-75) lenge politisk isolert som følgje av eit avlegs totalitært regime og hard undertrykking av all opposisjon.

«Spania er Europas rompe,» sa dei største optimistane og hadde i alle fall klart å plassera landet fysisk i geografien, sjølv om dei samstundes uttrykte ei kjensle av mindreverd overfor dei rikare og økonomisk meir utvikla folka nord for Pyreneane. Det var i dei tidene då spanske menn med lengt i blikket snakka om svenskesynda og valfarta til Perpignan i Sør-Frankrike for å sjå Siste tango i Paris. Det var og omlag i dei tidene at den aldrande diktatoren Franco døydde (20. november 1975), og den politiske overgangen til demokrati tok til.

Både politisk og seksuelt skulle spanjolen no europeiserast.

Frå Noreg til Spania

For ein nordmann som gjesta Spania på 70-talet kunne det vera mykje å undrast over.

Den politisk interesserte kunne ikkje unngå å bli slått av det stort sett totalt ukritiske Europa-biletet som blei vist fram, spesielt frå dei demokratiske antifrankistanes side. Ja, i media var det for det meste ihuga og kjente frankistar som gjekk imot «Europa» og sidan Spanias EF-søknad. Tilmed kommunistane i PCE gjekk heilhjarta inn for å få Spania med i EF. Men så hadde dei då og heilt sidan 1970 karakterisert seg sjølve som eurokommunistar.

Ein stakkars nordmann kunne bli forvirra av mindre, der han stod som observatør til dette spanske Europa-strevet med den norske EF-kampen frå 1972 friskt i minne.

Ein kan ikkje nett seia at skillelinene var samanfallande. Det var i særleg grad på motstandarsida skilnadene var merkbare, ja nærmast som natt og dag. I Spania var motstandarleiren i hovudsak rekruttert frå eit erkekonservativt sjikt med høgare militære offiserar, storgodseigarar og det kyrkjelege hierarkiet i spissen. Her til lands hadde – og har – motstandssida eit klart folkeleg tilsnitt og kan rekna med aktiv støtte frå organiserte grupper av bønder, fiskarar, arbeidarar, kristne og oppegåande sektorar mellom dei intellektuelle og på venstresida.

Dei norske EF-motstandarane representerer i første rekke motkulturar til makta, dei omtala spanske motstandarane er representantar for maktgrupper som er i ferd med å bli heilt detroniserte og klamrar seg som best dei kan til det som er att.

Dei nasjonalt orienterte gruppene slik dei presenterer seg i EF-debatten er så ulike som dei kan få blitt det i Spania og i Noreg. Grunnane til dette er delvis historiske, og i den grad dei er det, er dei openberre:

Den kastiljansk-spanske nasjonalismen (med sentrum i Madrid) har tradisjonelt sett tatt aggressive, ekspansjonistiske former, medan den norske nasjonalrørsla har vore retta innover og har lagt ned mykje arbeid i å streka opp grensene mot det utanlandske. Dette gjeld både politisk, økonomisk og kulturelt. Men Europa-politikarane er til forveksling like i Spania og her heime. Og det er jo heller ikkje så merkverdig: Orienteringa mot Europa er nettopp det som skaper identiteten deira. Om dei ikkje alltid kjem frå dei same politiske partia, så kan det somme gonger verka slik. Og dei læt mistenkeleg likt. Dei er alle fostra opp med Europa-teknokratens lite elegante tale. Dei snakkar om å øva innverknad, om ikkje å bli isolerte, om tilgang til marknader, om vekst og konkurranseevne, om behovet for eit samla Europa og om kor viktig det er å ha ein sams strategi mot Japan og USA, mot terroristar, mot uro i den tidlegare austblokka og mot innvandrarar frå sør. Og mykje anna. Men på eitt område finst det motsette syn i EF-strateganes leir:

Sosialdemokratane vil ha eit sterkt EF for å gjera alle europeiske folk til sine læresveinar. Dei konservative går inn for eit sterkt EF for å hindra at sosialdemokratanes politikk skal spreia seg. Etter at sosialdemokratiske parti i Europa (Frankrike, Spania, Noreg o.a.) tok til å føra god høgrepolitikk på 1980-talet er det vanskeleg å sjå kva som er den store prinsipielle skilnaden. Eit slåande døme på sams europeistisk talemåte i Noreg og Spania er måten ein omtalar Europa på, som om ein ikkje alt skulle vera ein del av det europeiske kontinentet. Frå to ytterkantar hikar ein etter eit Europa som ein meiner ein står utanfor. Kan henda er det nettopp dette som er utkantanes lodd?

Men om såvel Spania som Noreg ligg i kvar sin utkant av Europa, så kan ein knapt seia at dei har vore utkantar i samkvemet mellom landa opp gjennom historia. Som sjøfarande folk har ein i begge desse endane av Europa visst å komma ut, både til andre europeiske land og til andre delar av verda.

På den iberiske halvøya finn ein tilmed imperieplanar som går tilbake til midten av 1200-talet, meir enn 200 år før Spania blei samla til eitt rike.

Spansk ekspansjon

Alfons X, som var konge over Castilla 1252-84, blei kalla Alfons den vise for sitt kulturelle virke. Hans etterlatne skrifter omfattar ei stor samling dikt og arbeid innan så varierande felt som jus, astronomi, historiografi og spel (sjakk, terningspel o.a.).

Alfons den vises hoff var som eit fleirkulturelt akademi der kristne, jødar og muhammedanarar forska, omsette og resymerte. Men sjølv om det, som her, fanst døme på fredeleg og skapande sameksistens mellom dei tre religionane, så var hovudtendensen i tida ein annan.

I tiåra før Alfons kom på trona, hadde det kristne og stadig meir aggressive Castilla ekspandert sterkt i tidlegare maurarkontrollerte område. Då «imperiebyen» Sevilla blei erobra i 1248, var kongen av Castilla, som då var Ferdinand III, inne på tanken om å ta tittelen keisar. Sonen, den vise Alfons, gjekk vidare i farens politiske fotefar, og då keisar Wilhelm av Holland døydde i 1256, tok han sikte på å bli keisar over «det heilage tysk-romerske riket». Alfons vann ikkje vidare støtte for sitt prosjekt mellom eigne undersåttar, men trass i dette klarte han å skaffa seg eit ekstraordinært løyve for å reisa til paven i Roma og ta saka opp med han. Det var først etter at pave Aleksander IV hadde sendt eit bod om at han ikkje tykte særleg om planen, at Alfons gav den opp. Men då hadde han alt tatt til å titulera seg som «romaranes konge av Guds nåde og vald keisar».

Om ikkje Alfons den vise fekk gjennomført sine imperieplanar, så heldt den kastiljanske og sidan den spanske ekspansjonen fram. Til dei grader at ein ofte omtalar det 16. hundreåret som den spanske ekspansjonens hundreår.

«Ein moderne europear»

Den 24. februar 1530, på sin 30-årsdag, klarte Karl V det Alfons den vise hadde måtta gi opp. Den dagen blei han krona til tysk-romersk keisar av pave Clemens VII.

Karl V hadde klare idear om kva han ville bruka keisartittelen til, og i åra etter kroninga gjorde han det han kunne for å setta ideane ut i livet. Keisaren gav seg sjølv i oppdrag å sørga for ein «rettferdig verdsorden» gjennom mekling, diplomati og forhandlingar. Meklarkeisaren kunne vera ein passande karakteristikk av Karl V den første tida etter kroninga. Den «rettferdige verdsorden» Karl V var ute etter skulle vera tufta på den kristne sivilisasjonens prinsipp. Men dette var urolege tider med kyrkjeleg reformasjon og sterk uvilje frå fransk side mot å bli inneklemt mellom keisarens land i både nord, sør og aust. Keisaren var difor nøydd til å tilpassa seg del nye tidene og omvurderte delvis si meklarrolle.

Karl V såg framfor alt på seg sjølv som den store europearen, noko som i eigne auge tydde at han skulle ta seg av og verna den vestlege kristne verda. Rundt 1550 ser ein omrissa av den nye politiske strategien, som nærmast kan samanliknast med det vi i dag kjenner under nemninga «stormaktspolitikk». I praksis innebar denne strategien at det fanst ei stormakt som hadde den reelle politiske makta, også over område som formelt og territorialt sett var uavhengige. I kraft av både moralsk og fysisk styrke skulle stormakta få dei andre statane til å respektera og lyda stormaktas ord.

Men Karl Vs europeiske draum blei verande ein draum. Tyskarane gjorde opprør mot imperieplanane og den nye franskekongen, Henrik II, gjorde sams sak med dei opprørske tyskarane (Chambord-traktaten av 1551). Då hjelpte det ikkje mykje at den spanske adelen var blitt sterkt imperiemedvitne. Deo europeiske visjonane til Karl V let seg ikkje gjennomføra og det spanske imperiet blei eit oversjøisk imperium. Ut på 1600-talet tok så nedturen til for Spania som imperiemakt, sjølv om koloniane skulle bli verande i spansk eige i over to hundreår ennå.

I dag ser mange, spesielt mellom dei spanske europeistane, på Karl V som «ein moderne europear». Somme omtalar han tilmed som «den første moderne europearen». Det er såleis ikkje utan grunn at nettopp Karl V skal pryda EFs ecu-myntar (viss då ikkje engelskmenna set seg heilt på bakbeina, slik del har truga med).

Mot Europa

Etter keisarens europeiske havari sette Spania kursen i ein heilt annan retning enn mesteparten av Europa. Frå motreformasjonens tid rundt midten av 1500-talet tok Spania på seg rolla som katolisismens store forsvarar, og kampen blei særskild retta inn mot «kjettarar» i dei kristnes eigne rekkjer. Protestantismen blei hovudfienden på den europeiske ideologisk-politiske arenaen, men fiendskapen avgrensa seg ikkje til berre dette. Då dei landa der protestantismen hadde slått sterkast rot, utvikla seg i ein ny retning økonomisk sett, gjorde spanjolane det snart klart at dei ville slåst også mot dette. Og kapitalismen hadde lenge svært tronge kår i Spania.

Sjølv om ordet «liberal» faktisk først blei brukt på spansk, var det antiliberalismen som skulle dominera det ideologiske, politiske og økonomiske Spania. Opplysningstidas idear blei sett på nærmast som djevelsk styggedom, som ville ta frå kristendommen den sentrale plassen den hadde i dei eneveldige kongedømma.

1898 skulle komma til å markera eit vatnskilje i spansk historie. Det året miste Spania sine siste oversjøiske koloniar, Cuba, Puerto Rico, Filippinane og nokre andre øygrupper i Stillehavet. Og det året går startskotet for ei nasjonal sjølvransaking som skulle gjera seg gjeldande på dei fleste område i landets liv. Krisestemninga var ikkje til å ta feil av, og Europa blei for alvor sett på dagsorden. Det økonomiske uføret ein var komme opp i, gjekk det ikkje an lenger å snakka seg vekk ifrå. Barcelona og Catalonia kom no til å stå i første rekke for dei som foreslo økonomiske reformer, for dette området var det einaste som hadde følgd opp den kapitalistiske utviklinga. I kravet om europeisering av Spania sto det katalanske borgarskapet sentralt.

Men kyrkja og storgodseigarane gav seg ikkje utan sverdslag, og dei fekk frå 1920-åra av aktiv støtte frå leiande militære grupper. Ein måtte difor venta både vel og lenge, før ein fekk sjå resultat av alt pratet og alt skriveriet om industrialisering, modernisering og europeisering.

Det store spranget

Etter at Spania i siste halvdelen av 1940-åra hadde vore uønska ved det gode demokratiske bordet, blei dei tatt inn frå kulda på 50-talet. Den kalde krigen fekk først USA og sidan andre vestlege land til å feia under teppet dei siste restane av uvilje mot samkvem med det halvfascistiske Franco-regimet. Åpninga mot utlandet innebar mellom anna økonomisk liberalisering og, som følgje av det, større sosial mobilitet. Nye vindar tok til å blåsa inn over Spania. Studentar kom tilbake etter utanlandsopphald med nye idear og nye prosjekt. Frå Harvard University i USA blei det i 50-åra uteksaminert nokre spanjolar som skulle bli spydspissen i det teknokratiet som nokså snart skulle trengja seg inn i dei viktigaste delane av den spanske samfunnsveven: det såkalla Opus Dei-teknokratiet, som har fått namnet sitt frå ein katolsk organisasjon som på denne tida tok steget fullt ut frå den åndelege verda til den materielle.

Opus Dei er den organisasjonen som står bak det store spranget som Spania gjorde på 1960-talet frå agrarsamfunn til industrimakt.

Den økonomiske veksten i 60-åra førte med seg sosiale endringar. Arbeidarklassen, middelklassen og borgarskapet voks monaleg og følte seg slett ikkje vel i Francos korporativistiske stat, der Falangistrørsla hadde monopol på politisk aktivitet. På slutten av 1960-talet blei det meir og meir klart at dei klassane som her er omtala, kravde eit politisk brot med Franco-regimet. Det same gjorde regionale/nasjonalistiske rørsler i Catalonia og Baskarland. Politisk fekk desse gruppene og rørslene viktige allierte i andre europeiske land, spesielt i politiske parti på venstresida. Den sosialistiske internasjonalen hadde heilt klart ein sterk innverknad på den retninga den politiske utviklinga fekk i Spania.

Det blei eit stadig meir utbreidd krav om at Spania måtte bli eit demokrati på line med dei fleste andre landa i Vest-Europa. Det er på slutten av 60-talet at Europa blir nærmast eit dogme for politiske opposisjonelle i Franco-Spania. Rundt 1970 skulle ideane til den franske redaktøren og skribenten Jean Jacques Servan Schreiber øva stor innverknad i Spania. Boka hans om Den amerikanske utfordringa fekk ei omfattande og god mottaking i Spania, og ideen om eit økonomisk sterkt og samla Europa tente den spanske opposisjonen. Jo sterkare det demokratiske Europa blei, jo lettare ville det vera å få sendt Franco-regimet på historias gravhaug, resonnerte dei.

Inn i EF

Franco-regimet gjekk i grava med Franco. Då diktatoren døydde i november 1975, gjekk ein omgåande i gang med å leggja grunnmuren for eit demokratisk byggverk. Men ei stund såg det ut til at bygningen var nokså skjør og faren for militærkupp var heile tida til stades – i alle fall fram til sosialistpartiet PSOEs valsiger i 1982. Difor meinte somme at medlemskap i EF kunne tena som ein garanti for demokrati og ei bremse for nostalgiske og kuppkåte frankistar. Som tidlegare nemnd støtte ikkje ønsket om medlemskap i EF på særleg motstand i dei demokratisk sinna krinsane i Spania. Men vegen fram skulle bli tornefull, for Frankrike sette seg beint på bakbeina av frykt for at spanske landbruksprodukt skulle utkonkurrera franske på EF-marknaden.

Ei råd blei det likevel med det, og det var vel ikkje så rart når vi tar omsyn til at dei politiske frendane Felipe Gonzalez og Francois Mitterand var henholdsvis regjeringssjef i Spania (frå 1982) og statssjef i Frankrike (frå 1981). Løysinga var uventa og har aldri blitt heilt klar for ålmenta. Det som er heilt klart er at spansk EF-medlemskap blei knytt til Nato-medlemskap og at Ronald Reagan var far til barnet og Mitterand fødehjelp. Reagan-administrasjonen såg svært gjerne at Spania blei med i Nato (mellom anna for å gjera Vest-Europa så militært einskapleg som råd var i nedrustningsforhandlingane) og pressa Frankrike til å ta initiativ overfor Spania. Akkurat kvifor Mitterand gjekk med på å spela rolla som mellommann, er eitt av dei springande punkta i heile dette taktiske spelet. Men faktum er at det var Mitterand som i samtalar med Felipe Gonzalez kopla EF-medlemskap med Nato-medlemskap. Gonzalez og PSOE kom oppi eit dilemma, for i åra før dei kom til makta hadde dei kravd folkerøysting om Nato-medlemskap. Korleis skulle dei no samstundes halda løftet om folkerøysting og sikra at Spania kom med i EF?

Løysinga var eit kunstgrep av ei folkerøysting, som mellom anna knytte Nato-medlemskap til ei avvikling av dei fire og mildt sagt nokså upopulære militærbasane som USA hadde hatt i Spania sidan 1950-talet. Sjølve folkerøystinga om Nato utvikla seg til å bli eit oppkok av tre ulike spørsmål som folket skulle svara ja eller nei på under eitt. Den vanlege spanjolen var frustrert og oppgitt, noko som kom klart fram i fleire meiningsmålingar, men det heile endte med eit fleirtal for ja-sida, og eit schizofrent folk såg Spania gå inn i EF og Nato i 1986.

«Det europeiske Spania»

Heilt sidan 1960-70-åra har målet for PSOE vore eit sosialdemokratisk Spania a la Skandinavia. Sverige er den modellen det oftast er blitt vist til opp gjennom åra, og det ein har hatt i tankane er sjølvsagt det svenske sosialdemokratiske «folkhemmet», eit velferdssamfunn med vekst og utjamningspolitikk. Men også det svenske sosialdemokratiet gjekk langt til høgre i 1980-åra, nett som deira åndsbrødre i Spania, som er blitt pressa meir og meir i kne i dei åra dei har vore i regjeringsposisjon.

Spania blei lenge sett på som ein økonomisk bakgard i Europa, spesielt på grunn av at landet var komme så lite langt i den industrielle utviklinga. Det store spranget på 1960-talet gjorde slutt på dette forholdet, og landet er i dag rekna som eit av verdas ti mest industrialiserte land. Men nett som resten av Europa er landet i ein vanskeleg omstillingsperiode. I det som blir kalla kommunikasjonssamfunnet eller det etterindustrielle samfunnet, er Spania i ferd med å havna i det europeiske jumbosjiktet, mykje takk vera den rolla landet er tiltenkt i EFs indre marknad. Spania strir i dag med ei rad problem. Arbeidsløyse, strukturomstilling og framandhat er viktige stikkord i denne samanhengen, ikkje berre for Spania, men for heile EF og Europa. Arbeidsløysa voks i kjølvatnet av dei strukturendringane som litt etter litt trengte seg på som følgje spesielt av oljekrisa i 1973. Rundt midten av 1980-talet var arbeidsløysa i Spania oppe i så mykje som 22-23 % av arbeidsstokken (omlag 3 millionar personar), men har sidan gått noko ned. Det offisielle talet på arbeidslause ligg i dag på rundt 15 %.

Men offisielle statistikkar i Spania skal ein ikkje alltid lita på. Mange arbeidsledige let seg ikkje registrera. Dette er i særskild grad tilfellet med kvinner. Dessutan er det mange som har gitt opp og finn det fullstendig fånyttes å melda seg ledig på arbeidsmarknaden. På den andre sida finst det dei som har registrert seg som arbeidsledige og som jobbar svart. Den såkalla uformelle sektoren har hatt ein til dels eksplosiv vekst dei seinaste åra. Spanjolane sjølve snakkar i denne samanhengen om «oversvømma økonomi» (economa sumergida), dit fenomen dei så langt ikkje har klart å finna effektive mottiltak mot og som sjølvsagt er med på å undergrava basisen for all økonomisk planlegging.

Den økonomiske liberalismen som har fått lov til å verka dei seinaste åra har mykje av skulda for den «alles kamp mot alle»-mentaliteten som er så framherskande i våre dagar. Sjølve systemet legg opp til splitt og hersk, og går i første rekkje ut over dei som alt er svake frå før. Mellom anna er utanlandsk arbeidskraft komme svært ille ut å kjøra. Her skjuler i alle fall ein av grunnane seg til det framandhatet og den rasismen som meir og meir gjer seg gjeldande på det europeiske kontinentet.

I Spania er det kan henda mest latinamerikanarar og nordafrikanarar (marokkanarar) som har fått gjennomgå. Men Spania har også andre, interne problem som med tida vil kunna undergrava den spanske statens politikk, nemleg det regionale/nasjonalistiske problemet i Baskarland og i Catalonia.

Etter at dei baltiske statane erklærte seg uavhengige frå Sovjetunionen, viste såvel den katalanske som den baskiske nasjonalismen noko av den kampviljen som var rørslenes varemerke spesielt i den første tredelen av vårt hundreår. Leiande baskiske og katalanske nasjonalistar har tilmed vist til EF for å underbyggja sin argumentasjon. Som mange andre har dei sett det slik at ein politisk union i Europa drastisk vil redusera del noverande statanes rolle og i staden gjera nasjonane (med ein vid bruk av ordet «nasjon») og regionane til berebjelkane i den europeiske bygningen. At dei ulike EF-statanes suverenitet i høve til Brussel er sterkt redusert, det nektar ikkje ein gong dei mest ihuga europeistane for. Dei nasjonalistiske strategane i Baskarland og Catalonia har sett difor sin lit til at ein politisk europeisk union skal svekka Madrid-sentralismen og meir venda seg til kapitalsterke krefter i regionane.

Felipe Gonzalez og hans regjering rei stormen av for denne gongen, men inntrykket ein sit att med er at forvirringa er stor, og at svært mykje er usikkert med omsyn til EFs politiske framtid. Og rikspolitikarane rei først av stormen etter at dei hadde truga med eksklusjonspisken. «Uavhengigheit er det same som at ein går ut av EF og Nato, og det veit såvel del katalanske som dei baskiske politikarane,» sa Spanias utanriksminister, Francisco Fernandez Ordez som svar på trugsmåla om uavhengigheit. «Den europeiske bygningen gir dei autonome områda berre ei symbolsk rolle og framlegget om politisk union i EF inneheld skipinga av ein regionskomite, som berre har rådgivande karakter og ikkje noka bindande makt,» hevda Fernandez Ordez vidare, då nasjonalismespøkelset plaga han i september 1991.

Men sentralregjeringa i Madrid er under dobbel eld, for i tillegg til «revolten» i dei rike regionane Baskarland og Catalonia, må den handtera vanskane som dei fattige områda i sør og heilt i nordvest strir med. Den sosiale utviklinga, og i særskild grad den sosiale utjamninga, er nemleg svært kort kommen i Spania. Faktisk må landet på mange måtar reknast nærmast som eit sosialt u-land. Eventyrlege rikdommar eksisterer side om side med den mest botnlause fattigdommen. Og skilnadene ser ut til berre å bli større og større. Sidan Spania gjekk inn i EF i 1986, har den marknadsmessige tilpasninga mellom anna ført med seg generell og omfattande prisauke. Lønningane, derimot, har ikkje på langt nær klart å halda tritt med prisane. Svært ufullstendige offisielle statistikkar viser ofte ikkje dette misforholdet, som er lett å observera for ein som har følgd utviklinga i Spania i eit par tiår. Som spanjolane ofte seier for spøk: «Prisane er komne opp på eit europeisk nivå, men lønningane er på afrikansk nivå.»

For Spania var det dei kalla solidaritetsprinsippet, overføringar frå dei rike til dei fattige EF- landa, uhyre viktig på Maastricht-møtet i desember i fjor. Resultatet av dette møtet såg den spanske regjeringa sjølv på som ein siger for solidariteten. For Madrid er det om å gjera å få dette prinsippet omsett i praktisk politikk snarast råd er. Viss så ikkje er tilfellet, kan det visa seg å bli komplisert å demma opp for både regional og sosial misnøye på heimebane. Men skeptikarane er mange. Og mange er dei som fryktar at Spania vil bli meir avindustrialisert i framtida. Omstillingane kan bli problematiske i industrien, dersom dei mest pessimistiske spådommane går i oppfylling: Dei som går ut på at Spania, som andre land i Sør-Europa, er tiltenkt rolla som i første rekkje leverandør av landbruksvarer som frukt, vin, olje osb. No er spanjolane velkomne i Europa. Men det spørst om dei i lengda vil føla seg særleg vel i dette «europeiske huset».