Trugar innvandringa velferdsstaten, slik Fjermeros hevdar, i Rødt! nr 2/2016?
Mi oppfatning er, i likskap med Maria Wasvik i Rødt! 1-2016 og truleg til skilnad frå Halvor Fjermeros i neste nummer, at Ali og mange av hans jamlikar bør få opphaldsløyve i Norge.
Olav Randen er geitebonde og driv forlaget Boksmia.
Ali frå Somalia er 20 år og innvandrar til Norge. Far hans og bestefar hans og alle onklane var kystfiskarar med opne båtar i Adenbukta. Dei siste tiåra har europeiske fabrikktrålarar nærast støvsuga havet. Mange svelt, arbeid finst ikkje, og politiske opponentar blir møtte med ei kule eller eit knivstikk. Ali ser inga anna råd enn å gjere avtale med menneskesmuglarar og gi seg ut på den farefulle kryssinga av Sahara og den endå meir risikable overfarten over Middelhavet i eit fortvilt håp om å få seg arbeid i Europa og sende pengar til familien. Men i Norge blir han sett på som lykke-jeger og returnert.
Polske Mica er også 20 år og arbeidsledig i heimlandet. Han kjem i ly av EØS-avtalen, får godkjent si yrkesutdanning som tømrar, kan søkje arbeid i Norge og få del i norske velferdsordningar.
Mi oppfatning er, i likskap med Maria Wasvik i Rødt! 1-2016 og truleg til skilnad frå Halvor Fjermeros i nummer 2-2016, at Ali og mange av hans jamlikar bør få opphaldsløyve i Norge. Om me må ta inn somme og avvise andre, bør me stengje grensene for Mica.
Migrasjon som politisk endringskraft
Kapitalismen produserer sin eigen bane, skreiv Marx med vekt på industriveksten og arbeidarklassen. På dei meir enn halvtanna hundre åra etterpå har det ikkje gått slik. Den herskande klassen er den same som på Marx si tid, like kynisk og endå mektigare. Med statens hjelp importerer dei arbeidskraft til våre land når dei treng det og støyter ut denne arbeidskrafta når ho ikkje trengst.
Også i migrasjonen ligg ein kime til kapitalismens sjølvdestruksjon. Dersom plyndringa av fattige land og verdas natur går for langt, vil utvandringa bli til folkevandring, frå land som blir frårana eller får øydelagd sine naturressursar og til land som ranar og øydelegg. Fjernsyn, mobiltelefonar og internett gjer at folk verda over veit at andre vassar i luksus. Dei skjøner at når livsgrunnlaget for dei små blir øydelagt, er det fordi dei store og rike øydelegg og korkje på grunn av gudars motvilje eller vrang natur.
Me bør ikkje ønskje ei framtid med masse-migrasjon velkommen, heller ikkje me som meiner dagens Europa høyrer heime på historias skraphaug. Men viss me i det rike vest held fram med global plyndring og naturøydelegging og murar oss inne med våre privileg, legg me opp til ei slik framtid.
Innvandring, arbeidsplassar og velferdsordningar
Trugar innvandringa velferdsstaten, slik Fjermeros hevdar? Eit hovudprinsipp bak dei norske velferdsordningane, at dei skal vere generelle eller universelle, vart innført av Nygardsvold-regjeringa i 1936 med alderstrygda. Etter kvart kom sjuketrygd, uføretrygd, arbeidsløysetrygd, barnetrygd og enke- og morstrygd, alt i eit fattig land samanlikna med dagens Norge. No står tanken om universelle ordningar veikare enn nokosinne etter 1936. Ikkje på grunn av økonomi, me har uendeleg mykje betre økonomi no enn då, men fordi ei anna tenking er i ferd med å vinne, tanken om at felles ansvar er moralisme og naivitet. Om me aksepterer at éi gruppe innan Norges grenser skal behandlast på måtar som avskrekkar andre, er steget stutt til liknande politikk for andre utsette grupper, fattige, arbeidsledige, sjuke, eldre, etniske minoritetar.
Gjer innvandring at det blir overskot av arbeidskraft, at lønner difor går ned og tilkjempa arbeidarrettar tekne vekk? Det finst, som Fjermeros legg vekt på, døme på at innvandrarar har vorte underproletariat. Men det finst også vellykka fagleg kamp i land med mykje innvandring. I USA var dei første tiåra av 1900-talet år med masseinnvandring, og dei var framgangsrike år for arbeidarklassen, med medlemsvekst i fagrørsla, lønnsauke og vellykka streikar. Samtidig med at landet rundt 1920 stengde grensene, byrja tilbakegangen. I 1919 deltok meir enn 4 millionar arbeidarar i 3600 streikar, ti år etter deltok 289.000 arbeidarar i 900 streikar, skriv Howard Zinn. Då krisa slo inn for alvor hausten 1929, var fagrørsla handlingslamma.
Men Norge no har stor arbeidsløyse og nedgang i talet på arbeidsplassar? Det er arbeidsplassar me manglar, ikkje arbeidsoppgåver. Me bur i eit land med minkande industriproduksjon, uløyste helse- og omsorgsoppgåver, forsømt vedlikehald og 60 prosent importert mat, eit land utan evne til å ta tak i oppgåvene. Å godta denne tilstanden som ramme for handling er å gjere seg sjølv makteslaus.
Me kan jamføre med Sverige etter krigen. Innvandringa frå Finland kunne ha ført til politisk kamp svenskar mot finnar, til masse-arbeidsløyse og ein finskfødd lågkaste. I staden vart innvandrarane inkluderte og ei sentral gruppe i å byggje den svenske industri- og velferdsstaten.
Når den nordiske velferdsmodellen no er i faresona, som Fjermeros skriv og eg er samd i, er det altså ikkje på grunn av innvandring, men på grunn av politikk. Dette ser me om me samanliknar dagens Sverige og Finland. Sverige har hatt mykje innvandring også dei siste tiåra. 15 % av innbyggjarane har anna fødeland. Finland har berre 4 % fødde i andre land. Men arbeidsløysa har vakse meir der. Nyleg parkerte den finske Riksdagen fagrørsla og forhandlingssystemet og vedtok i lovs form mindre sjukepengar og færre fridagar.
To framtider
Når forholda blir for ille, bryt folk opp og gir seg på vandring. Norske eller europeiske vedtak om å stengje grenser vil ikkje hindre det. Grensestenging er å styre oss inn i ei framtid med murar, piggtråd, militærmakt og krigar frå dei rike og terroraksjonar frå somme av dei fattige og politisk handlingslamma.
Alternativet er å arbeide for ei framtid bygd på planøkonomi og likskapstenking. Det inneber kamp mot miljøøydeleggingar, utbytting og invasjonar, og det inneber kontrollert innvandring til land med plass og økonomi til å ta imot fleire, som Norge. Altså at me tek mot dei med størst behov, om behova er politiske, religiøse, økonomiske eller økologiske. Kjem me ikkje unna det vanskelege valet, tek me imot Ali frå Somalia framfor Mica frå Polen.
Eg tek altså ikkje til orde for fri innvandring. Økologi og naturressursar gjer at land må kunne ha kvotar. Om alle rike europeiske pensjonistar skulle ønskje å flytte til Spania eller Hawaii, bør styresmaktene der kunne seie at nok er nok. Det eg tek til orde for, er at Norge og andre europeiske land må føre ein langt rausare innvandringspolitikk enn i dag.
Samtidig har dei rett, dei som seier at det beste oftast er å hjelpe folk der dei er. Det gjeld å bremse og avvikle den rike verdas utplyndring og naturøydelegging, og det gjeld å gi gjennomtenkt bistand til fattige folk og land. Men no er me i den paradoksale situasjonen at dei som seier dei vil hjelpe folk der dei er, såleis regjeringspartia og deira støttespelarar, samtidig skjer ned på bistand og aukar norsk utbytting av fattige land.
For oss til venstre – og for europeisk arbeidarklasse – handlar innvandringspolitikk ikkje om naiv moralisme, slik Fjermeros hevdar. Det handlar om at viss arbeidet med å byte ut dagens brutale samfunn med gode livsvilkår for alle skal lykkast, må tanken om solidaritet småkårsfolk imellom vere ein universell tanke. Frå einkvar etter evne og til einkvar etter behov, som Marx og Engels formulerte det.