Små fiskerisamfunn er liv laga

Av Line Brendberg

2000-05

Line Brendberg er lærar og jobbar med fiskeripolitikk i AKP.


Norsk fiske og oppal er milliardbutikk, og den viktigaste eksportnæringa vår etter olje og gass. Næringa er peikt ut som hjørnestolpen i norsk økonomi i framtida. Motsett oljen er fisken ein fornybar ressurs. Tilliks med oljen er han etterspurd vare, og det er framleis store utviklingshøve i alle delar av næringa. Denne artikkelen vil røra seg om den delen av fiskeria som er villfiskfangst. Oppal har utvikla seg til ein viktig hjørnestein for mange kystbygder, men dei grunnleggjande problemstillingane der er gjerne litt annleis enn innan den tradisjonelle fangsten, og fortener sin eigen spalteplass.

Det er ein tankekross for meg i den store samanhengen at så lite av dei store rikdomane i havet vårt blir brukt beinveges til menneskeføde. Ein del går til mindreverdig utnytting til fôr, olje og gjødsel. Årsakene er sjølvsagt her som i industrijordbruket at dei som treng mat ikkje kan betala for han, og at eksportlanda må pleia marknaden sin for godt betalte delikatessevarar. At tanketvangstrøya ligg i det økonomiske systemet som herskar, gjer ikkje tankekrossen mindre, men det gjer at mangt aldri blir diskutert.

Interesseløysa for fiskerispørsmål, som blir dyrka på mange plan, er sjølvsagt bra for dei som nyt godt av business as usual. I fylgje Erik Falch er desse mellom anna ei gruppe reiaradel som sit på ein noko nær hemmelegstempla ressurskontroll, og som i fellesskap kontrollerer 70% av den fiskeverdien Noreg tek opp.

Etter mitt syn er det retten til å fiska, og eigarskapen til naturressursane, som er kjernepunktet i alt som har med fiskeripolitikk å gjera. Finnest det ingen politisk kontroll og politisk vilje med dette rammeverket, risikerer vi at både rikdomane i havet og samfunna som er bygde på dei blæs bort med vinden. Kanskje ser vi teikn til at det er det som er i ferd med å skje?

Den største allmenningen vår

Tradisjonelt har fisken i havet vore landets største allmenning. Ingen åtte havet, alle hadde rett til å skaffa seg eit utkome frå det. Mang ein har slege seg opp frå å berre ha arbeidslyst, ein båt, ein kniv og eit snøre, til å bli alminneleg velberga kar. Nokre gode lofotsesongar kunne gjera draumen om større fiskebåt eller eit sjølveigd småbruk oppnåeleg. Fiskeriallmenningen har òg vore eit sosialt tryggingsnett, ein eksistensgaranti for dei som er busette i marginale område for anna næring. Det er ikkje det same kven som set opp reglar for allmenningen og kva dei tek seg rett til å gjera.

Overstyringa av allmenningen har ført til at fiskaryrket har vorte meir profesjonalisert og stengt. Når allmenningsretten bukkar under, står dei kapitalsterke klare til å leggja inn bod på dødsbuet.

Tiltak i allmenningen er så klart naudsynt. Fiskefartya er vortne så effektive dei siste tiåra at flåta har kapasitet til å fiska langt meir enn bestandane toler. Trongen for å verna naturressursar og arbeidsplassar har fødd høvesvis nye konstruksjonar som fiskerigrensor, kvotor og detaljerte fangstreguleringar. Fiskarane blir tvungne inn eit nullsum-spel der det er vinn eller forsvinn for deltakarane.

Moderne effektivitet eller tilpassing?

I denne stoda vil mykje ha meir, fordi det er store verdiar som går over frå å vera folkeeige til å bli verdipapir på reiarhender. Den verkelege drivkrafta bak at kvotor blir samla i massevis på digre farty som igjen blir samla hjå same reiar, finn vi nett der. Direkte stordriftsfordelar i form av stigande skalautbytte er det nemleg ikkje snakk om i fiskeria. Det er heller motsett, for kapitalutgifter og driftsutgifter stig bratt med større farty.

Hovudskiljet i fiskeflåta går mellom to ytterpunkt i beskatningsstrategi. Dei to er kystflåta og havfiskeflåta, men då som typisk strategi og ikkje som tekniske definisjonar. I dag har vi svære havgåande farty som satsar på vidareutviklingar av tradisjonell reiskap og hamnar i konflikt med mindre båtar inne i fjordane, og vi har såkalla kystfiskefarty som fiskar heile kvota si ved Grønland, så det er glidande overgang mellom fartygruppone.

Havfiskefarty er store og kan fiska mykje. Dei toler mykje vêr og kan gå ut på ope hav og føra fangst over lange avstandar. Fisken blir leita opp der han står og aktivt fanga med reiskap som trål. Desse båtane kan tilby mannskapet heilårs arbeidsplass og komfort ombord. Dei kan levera større fangstar til ventande industri kor som helst, og det er mogleg å ha fryseri eller ein heil fiskeindustri ombord.

Medaljen har ei bakside

For å forsvara kapitalinvesteringa og gjeldsrentone på ein stor båt må eigaren vera sikker på å få fiska mykje, og å få fiska mykje heile tida.

Diverre er det jo ikkje slik at det er mykje fisk i havet heile tida. Då blir den store fangstkapasiteten ein fiende. Fisken får ikkje fred nokon stad for dei oppsøkjande og aktivt fangande fartya. Båtane treng avansert utstyr for å gjetta kva som står i havet under seg, men når trålen går, hamnar stort og smått, likt og ulikt i trålposen.

Skuggesida av den heilårs arbeidsplassen om bord i fjerneigde båtar er at fiskarane sjølve ikkje lenger har ansvar og avgjerdsrett når det gjeld det arbeidet dei gjer, og dei må vera med på opne havet i allslags vêr og fiska for banklånet med livet som innsats. Med andre ord: Fiskaren blir proletarisert og makta forskyv seg.

For strukturen i land har det òg store konsekvensar om store delar av fisken blir teken av store havgåande båtar.

Slike båtar kan gå dit pris eller eigarinteresser styrer dei og levera fangst, bunkre opp eller byta mannskap. For dei er det nok om det finnest ei hamn i kvar landsdel, og det er klart at det verkar sterkt sentraliserande på mottaksstruktur og industri, arbeidstilbodet og kystbusettinga. Til no er det vorte prøvd å påleggja trålarar å levera heile eller delar av fangsten sin på utpeikte stader når båtane skifter eigar og geografisk tilknyting. Ei undersøking som enno går føre seg, har avdekt at eigarane blæs i heile pålegget i fleirtalet av tilfella, og departementet gjer inkje for å setja makt bak krava. Haldninga er fullt forståeleg. Det går ikkje å samstundes ha som mål å satsa på eit mangfald av fiskerisamfunn med desentralisert mottaksstruktur og på store, mobile båtar med eigarskap lausrive frå næringa som grunnstamme i fiskeflåta. Her ligg det ein logisk mangel på samsvar som ender opp i at dei sterkaste bryt reglane for å få utnytta dei føremunane dei har.

Logikken bak dei små

Ser vi så nærare på fartya som ligg i motsett ende av skalaen, den ekte kystflåta, vil vi finna at dette er små båtar som er eigde av fiskarane sjølv. Oftast er det berre 1-2 arbeidsplassar om bord, på litt større båtar kanskje nokre fleire i sesongane. Dei har avgrensa rekkevidde på grunn av vêr og transporttid, og fiskar det meste av året i same området. Somme går til Lofoten eller Finnmark og ligg borte på sesong ein månad eller to.

Dei må tola variasjonane i fiskeinnsig, bestandsstorleik og vêr der dei er, men dei har òg slingringsmonn i inntektstrongen. Båten er sjeldan eit botnlaust kapitalsluk, og drifta er rimeleg.

Kystfiskarar kjenner heimesjøen godt og har økonomisk interesse av å verna om fisken i området sitt, så dei reagerer når dei ser endringar og ubalanse som uroar dei. Kunnskap om setjestadene kombinert med bruken av passive reiskap, slike som fisken sjølv må gå på, gjer det mogleg for dei med eit meir selektivt fiske. Dei kan i viss grad sortera ut kva artar og storleikar dei vil fiska etter. Om fangsthandteringa om bord er god, kan kvart fiska individ takast hand om og bli glimrande råstoff, og det er mogleg å ta vare på biprodukt som hovud, slog, lever og rogn.

Kystfiskarane utnyttar dei småe bestandane av godt betalte artar i nærområdet sitt og skiftar etter marknad og lønsemd. Krabbefiske blir aldri noka næring for 120-fotingar. For mange av kystfiskarane på mine kantar (rundt Hitra, red. anm.) kan krabben utgjera ein tredel av årsinntekta.

Kort aksjonsradius gjer at kystfiskaren må bu i nærleiken av fiskeplassane sine og ha eit allsidig og omstillingsdyktig fiskemottak like ved. Difor er det berre kystflåta som kan garantera for busetnaden på kysten og for mengda av arbeidsplassar på havet og i land. Det fører vidare i at eg meiner alle tenkjelege framtidsstrategiar for norsk fiskeri må ha i botnen at ein sterk kystflåte skal vera grunnstammen i fangstflåta, og at det er viktig å rekruttera til han med alle middel vi har.

Eit dilemma i flåtesamansettinga

Dilemmaet forvaltarane står i, er at det aldri er ei fast mengd fisk som skal delast frå år til år. Det er snakk om hausting av naturressursar som står i komplekse samanhengar innan økologi, meteorologi, økonomi og forvaltningsregime.

Sjølv utan våre inngrep med overfiske og feilkalkulasjonar, varierer bestandane enormt. Korleis kan ein tilpassa fangstkapasiteten slik at det blir mogleg å ta ut toppane i fisket effektivt, samstundes som fiskarane ikkje må forsvinna ut av næringa når det står dårleg til?

Sjølvsagt må ein utnytta kystflåta sin fleksibilitet, og allmenningen burde vera open for alle smådriftarar når åtgjenget er godt, men dette kan berre løysa ein liten del av problemet. Vi treng ein del av havfiskeflåta for å få teke ressurstoppane til rett tid, og til å fanga fisk som lever på frie havet og ikkje trekk inn til kysten. Kva gjer ein dei åra og årstidene desse fartya utgjer ein reell overkapasitet?

Dette er utfordringa vi må finna ei løysing på for å laga eit berekraftig system som utnyttar fisken i havet best mogleg.

Men korfor denne omprioriteringa med favorisering av små båtar og eit stort nettverk av mottak og foredlingsverksemder på kysten? Det finnest mange innfallsvinklar til svaret, og eg vil no freista skissera kva vi vinn med ei slik haldning til fiskeristrukturen.

Kystfiskarens kapital

Fiske frå små einingar, plassert nær ressursane i havet, skaper mange arbeidsplassar. Ringverknadene for alle andre næringar oppetter kysten blir difor stor. Mange etableringar av moderne verksemder i distrikts-Noreg er eit direkte resultat av at vi har eit maritimt miljø veldig mange stader. Det sikrar ein stor kunnskapsbase og utprøvinga av mange løysingar på små og store problem næringa møter i kvardagen. Utan eit sterkt maritimt miljø langs heile norskekysten, kunne det store oppalseventyret vi har opplevd knappast ha skjedd, og i alle fall ikkje med ei så rivande utvikling.

Den sjølveigande fiskaren har kontroll over sin eigen arbeidsplass og kan gjera sine eigne vurderingar. Nærleiken han har til fisken han lever av, saman med det faktumet at han er avhengig av ei langsiktig styring av sjøområda der han bur, gjer at næringsutøvaren sjølv får eit naturleg forvaltningsansvar. Kystfisket kan vera miljøriktig og fleksibelt, så lenge vi ikkje gjer den bommerten at vi gjer det kapitalintensivt og legg det under den systemtvangen som knekker dei små.

Kystbygdene er utprøvande og opne samfunn. Biletet mange har av norske bygder som stilleståande, ultrakonservative og innelukka er totalt skivebom i høve til den vanlegaste norske bygdetypen, som ligg på kysten og har fisken som viktig næringsveg. Havet er eit stenge for kommunikasjonen for privatbilismen, men tradisjonelt er sjøvegen ein ferdselsveg for kontakt med heile verda, og nye idèar kjem ofte fortast der behovet er stort og døra open. Som døme kan eg nemna at fyrste vasskraftverket i Noreg kom på ytter-Senja, og landets fyrste traktor vart heist i land på øya Dønna på Helgeland.

Alt er omskifteleg på kysten, og kystfiskaren veit alt om kor viktig det er å vera omstillingsdyktig og tilpassa seg forholda. Han går kanskje vel langt av og til i å prøva ut fikse idèar og riva ned all «gamal skit».

Fisken har i all tid vore eksportartikkel, og ingen veit som fiskaren at marknaden skiftar. Difor har bygdene utvikla ei betre tilpassing til marknaden enn det dei spesialiserte bysamfunna står for.

Mangsysleriet

Mangsyslarkulturen er kjernen i den økonomiske og kulturelle utviklinga i bygdenoreg, og ei ovring det er vel verdt å tenkje nærare over.

Mangsysleriet er det motsette av den uttalte målsetjinga i dag om at alle skal satsa stort og skaffa seg heiltidsarbeid i èi næring – yrkesfiskaren, heiltidsbonden handtverkaren eller anna spesialisering. Mangsyslaren legg ikkje mykje pengar i å byggja seg opp i eitt yrke. Grunnen er at mange stader langs kysten og på fjellet har mange og rike ressursar å utnytta, men ingen enkelt ting som produserer overflod heile tida. Vintersesongen på sjøen har gjeve pengeinntekter til mang ein familie som elles dreiv eit bruk med ein skogteig, hage og nokre sauer, eit handtverk «for artig» og i våre dagar gjerne ein deltidsjobb i tenesteyting eller industri.

Mangsysleriet er utbreidd enno på bygdene trass i systemtvangen, og det er med på å danna allsidige menneske som nyttar ut det som er av verdi rundt seg. For samfunnet tyder det høg sjølvforsyningsgrad av viktige varar og tenester, det utgjer uvurderleg beredskap for krisesituasjonar, og det limer lokalsamfunnet saman gjennom bytte av arbeid og ting.

For det einskilde mennesket tyder det nøysemd og travle dagar, men også at du får bruka mange sidor av deg sjølv. Du får fleire føter å stå på, og eit ubunde liv der du har ein viss grad av valfridom og torer ha eigne meiningar.

I oljetidas Noreg er det allsidige og sjølvstendige mangsyslarmennesket ein draum vi berre kjenner litt på før vi legg oss om kvelden. Elles avviser vi det gjerne som gamaldags tenking og nostalgi. I global samanheng er det derimot ein framtidsdraum for millionar, ei ekte revolusjonær parole som skaper konfliktar og krigar når ho blir reist. Etter den amerikanske borgarkrigen var det fleire som målbar at dei burde gje dei frigjevne svarte slavane jordstykke som eit grunnlag for å skapa seg eit nytt liv, under parolen » forty acres and a mule». Om dei hadde gjort dette, kunne kanskje USA ha sett annleis ut enn det gjer i dag.

I den norske tradisjonen må vi kanskje skriva om kampropet til «twenty acres and a boat»? Åtgjenget til å driva sjøen har historisk tydd mykje for den norske underklassen. Det har gjeve fridom til å takka nei til uverdige tilbod frå urimelege arbeidsgjevarar, og garantert eit utkome som vel kunne vera lite, men der sjølvvyrdnaden ikkje vart knekt.

Kva dette har hatt å seia for folkelege rørslor og den politiske dagsordenen i Noreg, kan vi berre spekulera i. Det vi kan seia som sikkert, er at mangsysleriet på bygdene har gjeve grunnlag for ein levemåte og ein kunnskapsbase som har vore med å forma ut økonomi, politikk, kultur og landskap her i landet, og det vil vera rart om vi ikkje får bruk for noko av dette i framtida. Då må vi innsjå dette no, for mangsysleriet kan ikkje leggjast i arkiv for påkomande tilfelle, det må levast i eit samfunn.

Bygdelivet: Tradisjonsmedvit og berekraft

Bygda som økonomisk eining har vi alt vore ein del innom. Mangsysleri og dugnadsånd er stikkord som er del av den økonomiske basen for velfungerande lokalsamfunn overalt. Det særskilte for kysten er den fleksible haldninga til yrket, fiskaren har alltid vore nøydd til å vera omstillingsdyktig og marknadsretta. Då silda kom inn i fjorden var alle sildefiskarar på minuttet, også kjerringar og ungar.

Då Lofoten spurde etter skjel til lineagn, vart skjelfiske det mest attraktive å driva med mange stader langs kysten. I våre dagar er det ferskfiskmarknadene og reguleringssystemet som tvinger fiskaren til å vera oppdatert og førebudd på endringar. Til alle tider har vêret spelt same rolla; ein gløtt ut av vindauga på morgonkvisten gjev svaret på kva du skal arbeida med i dag.

Du skal ikkje vera lenge i ei fiskarbygd før du ser baksida av same haldninga. Sjåer står til nedfalls, det er ikkje verdt å leggja mykje pengar i dei, i fall det kjem ein orkan i vinter. Utanfor ligg haugar av rot som du kanskje får bruk for i morgon eller til hausten, og planløysa med sine mange «vi får sjå» kan terga på seg velordna sjeler.

Einsemda i yrket og dei plutselege omskifta gjer fiskarstanden vanskeleg å organisera, og dei vaksne som er kjenslevare for trendane i samfunnet rår ungane sine frå å satsa på eit liv på sjøen.

Det å vera avhengig av skiftande vilkår i nærmiljøet og så knytt til stad som det ein er i ei tradisjonell fiskarbygd, legg band på den einskilde, utan tvil. Men det er det same som er gull verdt når det kjem til det langsiktige perspektivet. Skal du overleva på staden og ha det godt, må du ta økologisk ansvar i yrket ditt, og vera ein aktiv deltakar i samfunnet du bur i. Det gjev både fisken og samfunnet ein sjanse på sikt.

Klarer ein slik å få eit samfunn til å leva, utan at det må kjempa kvar dag for å unngå at botnen fell ut av det, er plassen ein verdfull arena for opplæring og forteljing. Der mange openbert at nyttige funksjonar er samla på same stad, at ungane lærer om samanhengane i samfunnsdrifta, og kan ta del i ulike typar arbeid der det blir sett pris på at dei er til stades. Allsidige røynslor er naudsynt for å kunna rå seg sjølv som mangsyslar og uavhengig arbeidar, og du får det gjennom å vera med dei som høyrer til andre aldersgruppor enn deg og driv med andre ting enn du gjer til vanleg. Kravet om «ein stad å vera» blir reist av born og unge som er i vegen, nyttelause og skilde frå det dei reknar som fornuftig aktivitet ikring seg. Vi er i ferd med å få ein generasjon der stordelen ikkje kan bruka hendene sine til praktisk arbeid til eigen nytte, og som difor heller ikkje sit med spørsmål om korfor, korleis, når og kor, dei spørsmåla som vekkjer ungane si interesse for forteljinga, kunnskapen, røynsla og soga. Vi held på å gløyma at hender og hovud, tradisjon og haldningar bur i same mennesket og byggjer same personlegdomen.

Dei ressurssterke oppdagar no etter kvart denne mangelen, og lagar nye trendar i marknaden. Det billige, lettvinte og oppstykka hadde topptida si i den moderne tida. Dei postmoderne vil ha det som no er vorte eksotisk og knappe gode: Historie, tradisjon, samanhengar og god tid. Sjølv om dei gode bygdesamfunna (og for den sak skuld lokalsamfunn i bygder og tettstader som fungerer), opplever eit sterkt press framleis, held dei på å bli trendy og spanande att. Kulturelle nettverk og berekraftig naturbruk sett i system er kanskje det beste kortet vi har å ta vare på i kampen mot den globale systemtvangen som einsrettar livet til folk og lagar ustabile system i naturen og menneskesamfunna.

Stabil, spreidd kystbusetting har også andre verdiar som vi sjeldan tenkjer på. I framtidige konfliktar, anten dei militært eller ressursøkonomisk preg, vil landet stå langt sterkare med livskraftige samfunn i heile territoriet sitt. Dessutan har vi eit viktig ansvar for framtida til urfolket vårt. Langt fleire samiske samfunn er knytte til kyst- og fjordfiske som næringsveg enn til reindrifta. Skal vi unngå at mange samesamfunn blir rivne opp med rota og forlèt tradisjonane sine, må mangekulturelle lokalsamfunn i nord få ha eit trygt økonomisk grunnlag bygd på stadbundne ressursar.

Korleis kan vi starta å gå framtidsvegen?

Ein politikk som stør dei fornuftige strategiane i bygdene må oppmuntra næringskombinasjonar og fjerna krava om spesialisering og einsidig satsing. Skal vi byggja godt fungerande distrikt, må vi ta omsyn til at styrken til bygdene er nærleiken til naturressursane og evnen til å skapa heilskap av mangfald. Freistnader på å tevla med byane på dei områda der byane står sterkt, kan aldri bli anna enn hogg på eigen fot.

God infrastruktur hjelper mykje til å avgrensa ulempen med avstandane til dei kjøpesterke marknadene. I tillegg er det avgjerande viktig at bygdene held fram å skapa nettverk som kan samordna marknadsarbeid for varane dei sit på.

For fiskebygdene har det alt å seia at fiskeriallmenningen får vera open, og at fiskarane sjølve får vera med å styra arbeidet sitt.

Råfisklova og deltakarlova har opp til no vore viktige styringsreiskapar for å få dette til. Prinsippa i dei var at fiskarane måtte godkjenna fiskeoppkjøparane, og kunne fastsetja minsteprisar og dirigera fangster når det trongst. Eigarane av fiskefarty måtte sjølv vera aktive fiskarar. Båe lovene er endra, og det som står att av prinsippa, er under press frå ulike kantar. Forsvaret av dei er grunnleggjande for å halda rein spekulasjonskapital ute av næringa, og for å kunna gjera godt att det som synte seg å vera tabbar i verkemiddelpolitikken.

Fyrst og sist må alle som får det til, gjera sitt for at fiskerinæringa og kystsamfunna blir løfta opp frå gløymsla og kjem i politiske fokus. Dei som skal prøva å takla konfliktane som kjem på dette området, treng både politisk mot og ein hær i ryggen.