Miljørørsla på nye vegar

Av Siri Helle

2012-01

Miljørørsla er ute og går. Ho har gått frå islendarlenkegjengar til hollywoodrallykøyrarar på eit par tiår. Men er det fram eller attende?

Siri Helle går på Sogn Jord- og hagebruksskule i Aurland, som underviser i økologisk landbruk.

Det er tidleg vinter, eg sit og syr om ei snekkerbukse til ei venninne som heller ville ha eit skjørt. Samtidig høyrer eg på opptak frå Zero-konferansen 2011; på Arnold «Climanator» Schwarzenegger, Zero-leiar Einar Håndlykken og EU-toppen Connie Hedegaard. Gler meg over at det går an å gjere to ting på ein gong. Men skjønar ikkje kvifor den eine kjennest så langt vekke.

Eg var ein del av miljørørsla ein gong. Kampen mot Snøhvit, mot gasskraftverk, for bybane i Bergen. For ei berekraftig utvikling. Folka på Clarion Hotel på Gardermoen snakkar om industriutvikling, børs og katedral, og at «det som er moralsk riktig og det som er bra for pengene må dra i samme retning» (Sitat Einar Håndlykken). Det er rart, men plutseleg kjennest det meir matnyttig, meir miljøvenleg, å omskape klede enn å engasjere seg i miljørørsla. Korleis vart det slik? Er det eg som har blitt gamal og bakstreversk, har eg ramla av lasset? Blitt sybordsradikal? Eller har Zero lasta på eit lass eg ikkje er interessert i å fylgje?

Zero

Zero Emission Resource Organisation har fått ni år på baken sidan starten i 2002, og har rukke å få heile 33 lønna tilsette. Av desse kjem 12 frå sentrale verv i Natur og Ungdom (NU), medan resten kjem frå akademia, næringsliv, media, eller har tidlegare jobba i andre NGOar. Zero mottar ikkje statleg stønad til drift, men er i hovudsak privat finansiert. Stønaden kjem frå eit breidt spekter av store og små bedrifter, lokale og internasjonale, samt offentlege etatar, fylkeskommunar og kommunar. Dei hevdar sjølv at den store mengda bidragsytarar bidrar til å halde dei uavhengige – gjennom at ingen bidrar med så store delar at dei får noka makt over stiftinga. Ei oversikt over alle som støttar Zero er tilgjengeleg på nettsidene deira.

Zero si store læresetning er «ei utsleppsfri løysing for all energibruk». For Zero er ikkje dette ein utopi, det er eit mål. Det er fullt muleg. For å nå dette målet jobbar dei sektor for sektor – på dei veldig informative nettsidene deira dukkar overskriftene Klima, Fornybar energi, Bygninger, CO2- fangst, Transport og Landbruk stadig opp. Nettsidene hevdar vidare: en sektorvis tilnærming gir godt grunnlag for en grundig faglig tilnærming til klimaproblematikken, og det gir også et godt utgangspunkt for å se sektoroverskridende løsninger.

Ved sidan av å sy om selebukser studerer eg økologisk landbruk ved Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland. Ein av dei fyrste og viktigaste tinga vi lærer her er at alt heng saman. Dette gav umiddelbart meining ikkje berre i mitt hovud, men i min kropp. Det gjev meining å måke stinkande kumøk når ein veit at den same møka vil tilføre jord og planter essensiell næring til våren – tek ein vekk proteinrike vekstar frå jorda må ein tilføre jorda ny næring for å få ny vekst der neste år. Vi har berre ei avgrensa mengd protein å jobbe med. Desse har eit krinslaup, og for å nytte det på best muleg måte må vi forvalte det rett på alle nivå i denne sirkelen.

Vi kan ikkje bestemme oss for at vi berre vil sjå på korleis vi best kan nytte oss av protein i jorda, fordi det gjer det mest oversiktleg og løysingsorientert. Sjølv om eg skulle synast det er meir spennande med urteproduksjon enn mjølkekyr, kan eg ikkje berre ta kyrne ut av likninga – då har eg ikkje noko å gjødsle urtejorda med. Difor slit eg litt med sektorane til Zero. Økologi er «læra om interaksjonar mellom individet og miljøet». Det var ikkje tenkt berre som eit landbruksomgrep, økologi var ein gong eit utgangspunkt for heile miljørørsla. Ut av økologi vaks omgrep som berekraftig utvikling, miljøverndepartement, forbrukaransvar og energiøkonomisering.

Jodå, det luktar av anorakkar, våt ull og urtete på termos. Men har det eigentleg nokon gong skada nokon? Eg kjem ikkje lenger enn at eg syns det luktar meir miljøvern av urtehagen enn av månelandingsprosjektet på Mongstad. Men ein skal kanskje ikkje alltid fylgje nasa? Det er vel og bra at Stavanger fekk si fyrste elektriske drosje i desember 2011. At 2/3 av alle ferjene i Noreg kan gå på batteri er så og sei utelukkande ein bra ting. Men verken ferjer eller drosjer er noko anna enn symptom. Dersom eg har vondt i hovudet og tar ein Paracet eller Ibux, forsvinn kanskje smerta, men hovudverken er ikkje borte. Eg har berre sløva kjensleevna mi, og dempa symptoma. Sjukdomen, eller ubalansen i kroppen, er der framleis. Overforbruk, utviklingsjag, økonomisk vekst. Sjukdomen vi har påført miljøet vårt. Klimaendringar er eit symptom på denne sjukdomen. Fattigdom eit anna, framandog umyndiggjering eit tredje, og slik kan eg fortsette.

-When it comes to the environment we shouldn’t be talking about is it to the left or is it to the right, because there is only one direction to go and that is forward sa the Climanator på Clarion Hotell i november. Eg kunne ikkje vore meir ueinig. Visst skal vi løyse klimaproblema. Men vi gjer det ikkje aleine, vi gjer det ikkje utan å kurere sjukdomen som forårsaka elendet. Vi gjer det kanskje ikkje framover i det heile.

For å hoppe over mange gode mellomstasjonar og gå rett til Arne Næss sin djupøkologi: Ikke en eneste er reddet før alle er reddet, der termen «en eneste» ikke bare inkluderer meg som individuelt menneske, men alle mennesker, hvaler, grizzlybjørner, hele regnskogens økosystem, fjell og elver, den minste mikroben i jorda osv. Visst er det ekstremt, men ikkje meir ekstremt enn å påstå vi kan løyse klimaproblema ved hjelp av teknologi. At vi kan redde verda utan å endre systemet. At vi skal kunne fortsette å vekse, utnytte og forbruke energi, utan at det skal påvirke balansen i økosystemet. Ei utsleppsfri løysing for all energibruk. Sektorvise tiltak. Det er konkret. Det er enkelt. Men har Rema 1000 alltid rett?

Eg hugsar ein gong, eg hadde fått nokre år på meg i NU, nok år til at eg trudde eg kunne uttale meg om ting. Det var ein uformell omgjevnad, eg uttalte meg om kollektivtransport. Kor fint det var i ein eller annan av alle byane i Belgia, kor både bussar og bane var gratis. Gratis å reise kollektivt – det var fint det! Sindre, 16 år frå Orkanger, var ikkje einig. «Det skal ikkje vere gratis å forbruke energi, det må alltid koste pengar å bruke ressursar!» fekk eg raskt kasta attende. Eg vart stum. Så klart. Ei utsleppsfri løysing for all energibruk. Skal det verkeleg vere målet?

Mange ting er fint med Zero. Det er fint at miljørørsla kan lønne tilsette skikkeleg, slik Zero gjer. Det har dei fortent. Dei har fantastisk flinke folk som jobbar med verdas viktigaste spørsmål. Det er og skummelt å sitje her – uorganisert ved sybordet – og meine ting om dei som gjer noko. Hamnar fort i glashus. Men. Eg har kanskje blitt sybordsradikal, men Zero er ikkje radikal i det heile. Og dei tar det nok ikkje ein gong så ille opp at eg seier det. For Zero har i venlegaste tolkning forlate venstre-høgreaksen. Ei meir reell vurdering er kanskje at dei har plassert seg godt inn på den lyseblå sida.

På nettsidene sine skriv dei: Klimapolitikken trenger klare stemmer som sier fra og som er villig til å ta de tøffe debattene. ZERO skygger aldri unna en debatt som vi mener er nødvendig å ta, selv når det betyr at vi må fronte vanskelige og kontroversielle standpunkter.

Eg skal ikkje påstå at ZERO ikkje er tøffe i debattar. Motbøra dei møtte til dømes i debatten kring biodrivstoff (då dei fekk store delar av miljørørsla, regjeringspolitikarar og opinionen i mot seg), var sikkert ikkje enkel. Men. Den vanskelegaste debatten i miljøproblematikken er jo debatten kring vekst. Det einaste spørsmålet Zero ikkje stiller er: Kor langt kan vi gå? Er det i orden å køyre 1500 meter til butikken kvar dag dersom bilen går på hydrogen? Eller dersom den er elektrisk og kan ladast opp på straum frå vasskraft? På gasskraft med CO2- deponering? Kva om familien min treng to bilar for å rekke over all denne køyringa? Zero vil snakke meir om det dei er for enn det dei er mot. Greitt nok. Men er vi så for elbilar at vi treng å arrangere eit rallybilløp for dei? (Zero Rally vert arrangert kvart år for å «demonstrere at fremtidens fossilfrie teknologi allerede er kommet et langt steg i retning av å erstatte gårsdagens forurensende teknologi».)

Eller bør vi rett og slett legge om til eit samfunn som køyrer mindre bil? Eg ser det er ein skilnad her – elbilar kan vi køyre i dag, medan samfunnet kan vi i beste fall gå i gang med å skape. Men eg kan ikkje la vere å spørje: Når skal det slutte? Når må vi slutte? Kor mykje kan ein økonomi vekse? Kor mykje kan eit menneske eige? Eller eventuelt: Er det muleg å spørje om kor mykje som er nok? Eg er òg ein slave av teknologien. Av detaljane.

Mi mest spennande oppdaging i 2011 var utan tvil læra om nitrogenkrinslaupet. Det vere seg reisa nitrogenet gjer gjennom fordøyinga til ein drøvtyggar eller vegen det tar ned frå lufta kring dei aurlandske fjelltoppar via kløverrøter til jorda på enga vår. Men eg prøver hardt å ikkje gløyme fyrste gongen eg skulle mure ein steinmur. Det verka så lett; stein på stein med litt sement i mellom. Av og til tok det riktignok litt tid å finne den riktige steinen, sidan dei var sjølvplukka og ikkje nett firkanta alltid, men det gjekk. Det tok ikkje til å bli vanskeleg før loddesnora kom inn i biletet. Plutseleg skulle ikkje berre steinane passe til kvarandre, dei skulle og passe inn i det store biletet: ein rett mur. Fleire steinar måtte forkastast, størkna sement måtte skrapast av, kanskje fall det til og med ei lita tåre. Og ja, det tok si tid. Men resultatet stod, resultatet står der enno og best av alt: Muren har grunnlag for å bli ståande. Eg skal ikkje ta på meg å måle kven som er mest i lodd. Men kanskje har nokon kvar godt av å kaste eit blikk på snora no og då?

Kjelder:

  • www.zero.no
  • www.wikipedia.no