Show, don’t tell

Av Lone Lunemann Jørgensen

2000-03 Bokomtaler

Heike Geissler:
Midlertidig ansatt
Fanfare, 2020, 184 s.

Lone Lunemann Jørgensen er masterstudent i retorikk og språkleg kommunikasjon ved UiO. Ho har ti år bak seg med engasjement i ulike LO-forbund, seinast som leiar av Norsk Tenestemannslag Ung (NTL Ung).

Eg-personen i Heike Geisslers roman Midlertidig ansatt er eigentleg forfattar, og det å jobbe på Amazon-lageret er eigentleg ikkje det ho driv med eller den ho er. Gjennom elleve korte kapittel får vi levert ein essayistisk tilstandsrapport frå innsida av Amazon-muren, som ein flow av samtidskritikk, gryande klassebevisstheit og utførlege skildringar av den kroppslege erfaringa det er å jobbe ved eit samleband. Denne flyten passar bra til innhaldet og rammar inn døsen eg-personen tilsynelatande kjenner på i arbeidet ho gjer, ein døs vi heller kan kalle framandgjering i full bløming. For eg-personen er framandgjort frå det fysiske arbeidet ho skal til med når ho ikkje ser nokon annan utveg enn å ta jobben, ho er framandgjort frå kollegaene sine, og ho er framandgjort frå produkta ho jobbar med. Denne flyten rammar inn forteljinga godt og gjer at ein kan kjenne korleis arbeidet og dagane er. Som litterær oppleving er boka i beste fall litt seig og på ingen måte nokon pageturnar – som dagane på lageret jo heller ikkje er.

Boka handlar både om den klassebevisstheita hovudpersonen dagdraumar om at kollegaene hennar har, men óg om hennar eigen ibuande klassetilhøyrsle: Ho gjer jo ikkje denne typen arbeid. Ho kjenner ingen som har ein fysisk jobb, og dei einaste gongane livet utanfor minner ho om det er når sambuaren får ein pakke frå Amazon. Arbeidet er tungt og hardt, det er repetitivt og keisamt, og dei overordna kjem med audmjukande kommentarar.

Midlertidig ansatt er ei bra bok, fordi ho gjev oss som ikkje har harde fysiske jobbar eit innblikk i korleis det er. Og Amazon-konsernet driv verksemda si slik med overlegg, slik at dei som jobbar der ikkje tek til motmæle utan konsekvensar.

Men så kjem det potensielt vanskelege spørsmålet som eg opplever at ikkje blir belyst nok i boka. Nokon må jo gjere jobben med å pakke og sende varar i all den tid vi lever på ulike stadar på kloden. Nokon må gjere det som med rette opplevast som ein drittjobb, sjølv om det er lett å sitte i redaksjonane våre og tankesmiene våre og tenke at huff, kor trasig det må vere å ha ein fysisk jobb. Men dei fleste har jo ei jobb kor dei nyttar kroppen: i helsevesenet, i industrien, i anleggsbransjen eller som pedagogar i barnehage. Det er berre at dei fleste som har fysiske jobbar ikkje skriv om dei. Eg trur det lett gjer at dei som tenkjer og snakkar høgt på vegne av venstresida er framandgjort frå ideen om det fysiske arbeidet, uansett kva for ein økonomisk modell det skjer i.

Det er ikkje nødvendigvis slik at Heike Geissler meiner eller kjenner akkurat det. Men eg trur det er viktig å snakke om når vi diskuterer politisk litteratur om og med arbeidarklassen. Innsida av Amazon-lageret synar ein realitet som er ein grovare og hardare kapitalisme enn den vi stort sett kjenner i Noreg, fordi vi har avtalt strenge spelereglar i arbeidslivet vårt. På den måten kan Geisslers bok lesast som ein trasig framtidsdystopi kor maktbalansen er forskjøve og arbeidaren igjen er ei maur som aldri når opp og fram. Men det er den jo ikkje, den er frå 2014 og beskriv røynda slik ho er. Det er lett å sjå kva som manglar: kameratskap og fellesskap i arbeidet, medbestemmelse, tillitsvalte og innflytelse over eige arbeid.