Sekstimarsdagen: Vil mannfolk ha den?

Av Magnhild Folkvord

1994-02


Er det ein provokasjon for fleirtalet av fagorganiserte menn når kravet om sekstimarsdagen blir reist som eit kvinnekrav?

«På tide med sekstimersdag» heiter artikkelen til Johan Petter Andresen (JPA) i Røde Fane nr 1, 1994. Han er sikkert ikkje usamd i at det i grunnen har vori «på tide» i lang tid. Artikkelen gir meg eit påskot til å lufta noko eg i grunnen har lurt på lenge: Er det ein provokasjon for fleirtalet av fagorganiserte menn når kravet om sekstimarsdagen blir reist som eit kvinnekrav?

JPA refererer i artikkelen sin til at det er «bare i Norge at arbeidstidsforkortinga blir stilt som et krav om forkorting av den daglige arbeidstida» – medan det elles i Europa blir stilt krav om kortare arbeidsveke på ymse vis. Stort sett er det arbeidsløysa eller fare for oppseiingar som er bakgrunn for konkrete krav om kortare arbeidsveke. Så er det eg må spørja meg om det er slik at kravet om arbeidstidsforkorting blir stilt som forkorting av den daglege arbeidstida her til lands. Heismontørane har kjempa sin kamp for å få gjennomføra rullerande permitteringar, dvs firedagarsveke. Heismontørane er kjent for å vera ein av dei «tøffaste» fagforeiningane når det gjeld å forsvara faglege rettar, dei har også på eit tidleg tidspunkt markert seg som aktive forsvararar av sekstimarsdagen. Men i den konkrete situasjonen valde dei å slåst for retten til fire dagars veke (eg har ingen grunn til å seia at dei «burde» gjort noko anna).

Når det gjeld kampen for sekstimarsdagen, er prøveordninga som det er gjort avtale om i Oslo, eit viktig eksempel som JPA nemner i artikkelen sin. Men her er det ikkje snakk om tiltak mot arbeidsløysa, her er det kvinnefagforeiningar som går i spissen for å få prøveordningar i kvinneyrke der det tradisjonelt er tungt arbeid og høgt sjukefråver.

Prøveordningane er viktige fordi dei vil gi erfaringar med korleis det er å ha ein full jobb som er på seks timar per dag, og det vil dessutan gi praktiske erfaringar i korleis arbeidet kan organiserast med kortare dagleg arbeidstid. – Det er ikkje merkeleg at makta er redd for smittefaren!

Det seier noko om kor grunnleggjande eit krav seks timars normalarbeidsdag er, at Karl Glad «raste» over heile framsida i Arbeiderbladet da diskusjonen gjekk om Oslo-prosjektet. Han hadde beint fram skjønt poenget – kortare normalarbeidsdag betyr at prisen på arbeidskrafta går opp, og eit sterkare forsvar av normalarbeidsdagen set grenser for «fleksibiliseringa». Han makta ikkje å stansa Oslo-prosjektet, men han bør vera godt nøgd med at Arbeiderpartiet saman med Høyre sørga for å røysta ned framlegget om landsomfattande prøveprosjekt i Stortinget.

Når JPA forklarer kvifor det heller blir stilt krav om kortare veke enn om kortare normalarbeidsdag i andre europeiske land, seier han at «Hovedgrunnen til dette er den manglende innflytelsen til kvinnene i denne kampen». På eit vis har han sikkert rett i det. Det er tydeleg at kvardagserfaringane gjer at kvinner kjenner meir på kroppen at den daglege arbeidstida er avgjerande. Men når det gjeld kva normalarbeidsdagen betyr, må vi vel kunna venta at også den mannlege delen av fagrørsla skulle vera i stand til å skjønna det. Har dei alt gitt opp kampen for å forsvara normalarbeidsdagen når dei forhandlar om tre eller fire dagars veke? – Eller er kampen for normalarbeidsdagen utsett til betre tider? Kven vil i så fall tru at den let seg ta opp att dersom arbeidsgivarane får herja fritt med fleksibilisering over tid?

Tilbake til dei strålande tilstandar her heime. Eg ser at arbeidsløysa gir høve til å ta opp spørsmål om arbeidstidsforkorting, men eg lurer på kvifor ikkje fleire mannsdominerte fagforeiningar nyttar høvet til å reisa offensive krav for å forsvara seks timars normalarbeidsdag med det same. Karl Glad sitt «raseri» skulle vera eit godt hint om at det er eit viktig krav. Eg er altså ikkje imponert over dei faglege menn så langt, og vågar å ta opp att spørsmålet: blir det for vanskeleg å vera på parti med eit «kvinnekrav» – eller er det slik at fleirtalet av menn eigentleg ikkje ønsker kortare dagleg arbeidstid, sjølv om dei i teorien veit at normalarbeidsdagen er viktig? Er det meir freistande å få lenger helg eller ei friveke innimellom heller enn å vera nøydd til å komma tidleg heim frå jobb kvar einaste dag? Ville sekstimarsdag for alle bety at ein del menn faktisk måtte gi frå seg nokre privilegium dei ikkje vil misse? Eg spør ikkje for å provosera meir enn det som må til, eg trur berre at vi treng ærlege svar om det skal vera mogleg å byggja den einskapsfronten som trengst for å forsvara oss mot skadeverknadene av arbeidsløysa og kapitalen sine ymse åtak mot våre faglege rettar. – Og for å vera heilt sikker på ikkje å bli misforstått: eg er fullt klar over at mange menn stiller seg vilkårslaust på parti med sekstimarsdagen, spørsmålet gjeld det store fleirtalet som må med om vi skal få verda på rett kjøl!