Bokomtaler

Romanar om det norske

Av

Ingrid Baltzersen

Vigdis Hjorth:
Et norsk hus, 2014
Leve Posthornet, 2012
Oslo: Cappelen Damm

Dei siste to åra har Vigdis Hjort kome med to romanar som handlar om dei store spørsmåla i Norge i dag: kampen om den norske velferdsstaten og forholdet vårt til «dei andre».

Den nyaste boka, Et norsk hus, handlar om tekstilkunstnaren Alma som kjem tett innpå polske arbeidsinnvandrarar. Alma blir framstilt som ganske kald, fordi forfattaren lar oss få innsyn i kva ho tenkjer om menneskeleg samhandling. Men det er nok ein ganske norsk måte å tenkja på. Alma må av økonomiske grunnar leiga ut ein del av huset sitt, og ho vil helst ha leigetakarar som såg på det som ein midlertidig bustad, sånn at ho slepp å bli kjent med dei. Ho vil ikkje ha nokon innpå seg over lang tid, og vil «ikke ha en hund eller små barn i nærheten som kanskje ville begynne å leke med henne, gå ut og inn av hennes hus og gjøre forholdet til leieboeren mer komplisert enn strengt forretningsmessig». Ein dag har ho dårlig råd og tid, og bryt sin eigen regel. Ho tar inn eit polsk ektepar, som snart blir ein liten familie. Den nyfødte dottera deira veks opp i den lille leilegheiten, mens forholdet mellom foreldra hennar og huseigaren går sin skeive gang. Alma er på venstresida, og ho likar å framstå som fordomsfri. Men i møtet med «de polske», som er måten ho omtalar dei i tankane sine, så blir ho irritert og småleg. Ho likar ikkje at dei brukar for mykje strøm og varmtvatn, dei tar seg til rette med å måka oppgangen sin, og dei kan sjå at ho drikk seg full og ikkje klarer å låsa seg inn si eiga dør. Samtidig sliter ho også med å levera oppdragsverket ho har tatt på seg i samband med stemmerettsjubileet for kvinner og grunnlovsjubileet.

Romanen har ei gjennomgåande ubehagelig stemning fordi Alma ikkje kjenner seg heime i sitt eige hus. Og stemninga blir ikkje betre når Alma og lesaren får innsikt i korleis «de polske» opplever ho som huseigar, ho som eigentleg var så velmeinande. Vigdis Hjorth har med denne romanen både skapt ei spanande historie, men også eit godt bilde på det norske i møte med dei andre.

Leve Posthornet tok anmeldarane med storm, og blei til og med sett opp som teaterstykke av Riksteatret. Det er imponerande for ei bok som handlar om noko så tørt som EU sitt tredje postdirektiv. Men også her maktar forfattaren å gjera dei store spørsmåla om kor Norge går, til ei personleg historie. Boka handlar om Ellinor som jobbar som kommunikasjonsrådgjevar i Oslo. I starten av boka opplever ho at livet hennar er tomt. Ho føler at ho gjer det same som ho har gjort i ti år, utan at det skjer noko viktig. Ho har dårlig samvit fordi ho ikkje klarer å føla dei rektige tinga, verken for kjærasten sin eller andre som står ho nær. Så forsvinner den eine kollegaen hennar, og ho må overta oppdraget han har for Postkom. Ho har aldri høyrd om fagforeninga, og kan ingenting om postdirektivet. Men i arbeidet for å få Arbeidarpartiet til å stemma for å bruka reservasjonsretten, så møter ho plutseleg noko med meining. Ho finn også vanlege folk, postbud og posttilsette, som ikkje passar inn i den glatte kommunikasjonsrådgjevarsjargongen.

Dei fleste lesarane av tidsskriftet Rødt! veit at oppdraget til romanfiguren Ellinor og kollegaene hennar blei krona med eit overraskande vedtak på AP-landsmøtet. Og ikkje overraskande får også leitinga etter meininga med livet si utløysing i løpet av boka.

 

Dette grepet med å knytta romanfigurane sine liv saman med store utviklingstrekk i Norge fungerer bra i begge romanane. Alma og Ellinor i seg sjølv er ikkje symbol på «det norske», eller si samfunnsgruppe. Dei er spesielle personar på sin eigen måte, og dei har ei interessant historie. Men Vigdis Hjort får også den større historia med i romanen på ein god måte. Då ho vann kritikerprisen for Leve posthornet blei det trekt fram at ho blåser liv i den politiske romanen. Det er eit sjeldan og bra prosjekt.

Ingrid Baltzersen