Rødt! slår gnister!

Av Ingrid Baltzersen

2017-01

Bladet du held i handa, er første utgåve etter navnebyttet frå Rødt! til Gnist. Tidsskriftet blei starta av AKP som Røde Fane i 1972. I 2005 bytta me navn til Rødt!, for å favna vidare. To år etter blei partiet Rødt stifta, berre et utropsteikn skilte.

Me vil vera ein av dei små gnistane som tenner flammer, sånn som me har sett det i det førre hundreåret.

Temabolken i dette nummeret handlar om korleis det har gått i Latin-Amerika der venstrerørslene fekk makt, tente håp og fortset å slåss mot reaksjonen.

Me ønskjer å spre trua på at folk kan slåss og forandra i ei verd som for tida verkar å se ganske mørk ut, der krig og åtak på fattige og undertrykte, dominerer. Me vil visa fram solidaritet og kampkraft rundt om i Noreg og verda. At sosialisme er mogeleg. At det nyttar.

Gnist, som forgjengarane, har ein uavhengig og sjølvstendig redaksjon, sjølv om redaktøren blir vald av Rødt sitt landsstyre. Men me spring ut av – ikkje vekk frå – det partiet og den sosialistiske bevegelsen me er en del av. Og: Det er typisk marxistisk å være kritisk – også til seg sjølv og våre eigne røtter.

Me synst, litt ubeskjedent, at tidsskriftet berre har blitt betre dei siste åra. Me som lager bladet, lærer mykje av skribentane, anten det gjelder artiklar eller bokomtaler. Me er spente på kva lesarane vil synst om vårt nye namn og drakt. Gi lyd!

Røde Fane/Rødt! har i 24 år blitt leia av Erik Ness, som no har gått av som redaktør. Me vil takka han for arbeidet han har lagt ned, og for at han vil fortsetta og bidra som redaksjonsmedlem.

Ingrid Baltzersen