Ukategorisert

Reformisten Derrida

Av

Terje Valen


I Klassekampen og andre stader har forskjellige personar skrive om, rost eller harselert over den franske filosofen Jacques Derrida. Men ingen har forklart kva mannen står for. Eg vil prøve det no.

Derrida (f. 1930) er ein viktig filosof fordi han har blitt ein slags kultfigur for ein del kulturpersonar som framstiller seg sjølv som relativt radikale. Synsmåtane hans blir spreidd vidt og breitt på indirekte vis gjennom desse kulturpersonane og påvirkar tankemåtane våre utan at vi kjenner heilskapen i dei.

Konklusjonen min er at Derrida politisk sett er svært enkel. Han er ikkje revolusjonær. Han er reformist. Men denne enkle reformismen har eit spissfindig, og etter mi meinig, livsfjernt filosofisk grunnlag. Eg vil forsøke å vise korleis denne typen filosofi heng saman med det eg kallar «den store utsettingsepoka». Eg vil argumentere for at denne epoka no er på hell og at det krev oppgjør reformfilosofane og renessanse for dei store radikale, revolusjonære og reformistiske tenkarane.

Dekonstruksjon

Når eg gjennomgår Derrida sin filosofi, så må eg følge han gjennom argumenta hans. Bare då er forståing mulig, og det er denne forståinga som opnar for haldbar fornuftskritikk.

Men denne framstillingsmåten min gjør at mange vil kjenne at det er motstand i teksten når Derrida slepp til med resonnementa sine. Eg vonar at mange vil overvinne denne motstanden og fullføre vegen til konklusjonane.

Den filosofihistoriske bakgrunnen til Derrida er utbildning ved den kjende École normale supérieure i Paris. I skriftene sine syslar han med tankane til Platon (427-347 f.Kr.), Hegel (1770-1831) og Husserl (1859-1938), Freud (1856-1939), Saussure (1857-1913), Levi-Strauss (1908-?) og Lacan (1906-?). Det han vil gjøre, er å plukke frå kvarandre, plukke ned eller dekonstruere det som er blitt kalt den «vestlige metafysiske tradisjonen» frå Platon over Hegel fram til den såkalla strukturalismen (Saussure og Levi-Strauss). Strukturalismen på si side var motefilosofien i Frankrike etter eksistensialismen til opp på 1960-talet. Gjennom denne dekonstruksjonen vil Derrida oppdage ein ny grunnvoll for ein ny filosofi.

Kva meiner han så er innhaldet i den metafysiske tradisjonen som han vil plukke ned? Kjerna i den metafysiske tradisjonen er ei teoretisk haldning som søker orden og system bak ei virkeligheit som stadig forandrar seg, med det mål å kontrollera og meistra ho.

Strukturalismen

På sin måte nådde denne teoretiske haldninga eit høgdepunkt i strukturalismen. Denne retninga bygde jo på leiting nett etter orden og system, eller altså struktur som styrte all historisk utvikling.

På 1960-talet gjekk denne retninga i oppløysing innafrå, til dømes gjennom arbeida til Michel Foucault. Han gjekk vekk frå ideen om den store strukturen som styrte alt (panstrukturen), og tok til å gå inn i mindre strukturar for å studere korleis makta over menneska vart organisert. Slik vart panstrukturen splintra i ei mengd småstrukturar som ikkje var innordna under nokon heilskap med sine lovmessigheiter. Denne retninga er blitt kalla poststrukturalisme.

Seinare har dei sett merkelappen postmoderne på denne haldninga. Dette omgrepet kom på moten etter at Jean Francois Lyotard gav ut boka La condition postmoderne (Den ettermoderne tilstanden) i 1979.

Postmodernismen

Postmodernistane tar oppgjør med sjølve leitinga etter heilskapsperspektiv på og meining med historia og virkeligligheita. Dei meiner at det ligg eit ønske om å dominere og herske over menneske og natur hos alle som leitar etter heilskap meining. Konklusjonen deira blir då at denne forma for tenkning og den praksisen som heng saman med han, er sjølve til elendet til menneska i dag. Vi kan følge denne tenkemåten frå Lukrets (96-55 f. Kr.) over Nietzsche (1844-1900) til eit sentralt straumdrag i den tysk-franske filosofien i dette hundreåret. Men meir om det ein annan gong.

Den moderne økologismen og feminismen har tatt til seg mykje av denne postmoderne tenkemåten som også fører til forkasting av marxismen gjennom ei forkasting av både filosofisk materialisme, dialektikk og den materielle framandgjøringa slik han trer fram i kapitalen.

Derrida er ein av dei som har arbeidd mest med eit slikt «postmoderne prosjekt». Det er filosofen Hegel som blir den framste motspelaren hans. Han meiner nemlig at Hegel, med sin kritikk av den metafysiske tradisjon også fullendte han og tok vare på kjerna i han.

Nietzsche gir derimot, i følge Derrida, eit foredøme på kritikk av metafysikken.

To verder

Frå Platon har vi fått ideen om at verda er delt i to: ein del som vi lever og sansar i (sanseverda), og ein annan del som vi ikkje kan sanse direkte (ideverda), men som er sannare og gir meining til den første delen. Nietzsche seier at ein slik måte å sjå det på, tømmer den første verda (sanseverda) for meining. Dette er typisk både for platonismen, kristendommen og sosialismen eller kommunismen. Nietzsche meiner at vi må forkaste ideen om den andre verda som gir meining til den første. Vi må bare dømme livet ut frå livet sjølv.

Når Derrida vurderer tidligare kritikk mot metafysikken, så finner han at nissen alltid følger med på lasset. Dei som kritiserer, er tvungne til å bruke dei grunnleggande omgrepa i metafysikken når dei kritiserer han. Det er omgrep som «vesen», «grunnlag», «det opprinnelige». Fordi dei må bruke slike omgrep, blir dei også lett fanga i tradisjonen att.

Likevel konkluderer Derrida med at oppgjøret med metafysikken må skje innanfrå og ikkje utanfrå. Han vil bruke ein metode med å lese seg nøye inn i den metafysiske tradisjonen og finne fram til dei skjulte føresetnadene og kva mulig vilkår som ligg i han til å skiple grunnlaget i tradisjonen. Han er særlig opptatt av stilen i tradisjonen sine viktige tekstar, altså ikkje bare kva dei seier, men måten dei seier det på. Gjennom slike analyser vil han skissere muligheita for ein annan tenkemåte.

Væren

Det første steget er å finne det felles i dei ymse metafysiske tydingane av omgrepet «væren», det å vere. Han meiner at det avgjørande trekket er at tradisjonen bestemmer «væren» som tilstadeverande, som nærver. Hos Platon er ideen tilstade i tingen. Hos Descartes («eg tenkjer, altså er eg») er subjektet tilstade for seg sjølv. I fenomenologien ligg det som er tilstade, i oppfatninga eller persepsjonen.

Dette knyter han til den sentrale tanken i strukturalismen, nemlig at strukturen har eit slags sentrum eller eit prinsipp som held han saman eller gir han meining. Paradokset i den metafysiske tradisjonen er at han hevdar at dette prinsippet både er kjerna i strukturen og at det er utanfor strukturen.

Så kjem han på tanken at det kan vere ein struktur utan sentrum, utan prinsipp. Det er inga meining bak eller utanfor denne strukturen. Han er bare eit spel av meiningsskilnader. Eit spel av noe som er tilstade («væren») og noe som ikkje er tilstade («fraværen»).

Språkteori

Ettersom strukturalismen sprang ut av arbeida til språkforskaren Ferdinand de Saussure, knyter Derrida desse ideane sine til ein kritikk av Saussure sin strukturalistiske språkteori. I denne teorien har nemlig det tilstadeverande forrang på den måten at det talte språket har forrang for det skrivne. Det talte ordet er direkte tilstade i situasjonen medan det skrivne ordet er merka av fråver fordi det er skrive på eit ytre materiale. Samstundes seier strukturalismen at språket konstituerer tanken. Det er ikkje slik som vi er vant til å tenke, nemlig at tanken får uttrykket sitt i språket.

Derrida sitt angrep på metafysikken tar utgangspunktet sitt her, i kritikk av den strukturalistiske språkteorien. Han snur opp ned på forholdet mellom tale og skrift og han generaliserer skriftomgrepet. Dette gjør han gjennom ei «nylesing» av Saussure sitt hovedverk Cours de linguistique générale (Kurs i generell lingvistikk) frå 1916.

Derrida vil bryte opp denne teksten innanfrå. På den eine sida har teksten, i følge Derrida, ei side som er kritisk til metafysikken. Han reduserer nemlig ikkje det sansa uttrykket (språket) til ei avspegling av eit ikkje-sansa innhald (tanken). Tvert om er det uttrykket (språket) som får ein bestemmande eller strukturerande funksjon på tanken.

Språket og skrifta

Men på den andre sida skjuler teksten det tvetydige som er grunnleggande for den metafysiske tradisjonen si nedvurdering av skrifta. Skrifta blir sett på som noe avleia av det talte ordet. Språket er uavhengig av skrifta. Samstundes blir skrifta framstilt som noe trugande og akkurat noe som truger det «opprinnelige», dvs. tilstadeveret i det talte ordet, det «levande ordet» om du vil.

Språket er på den eine sida uavhengig av skrifta. På den andre sida prøver skrifta å trenge inn på, eller ta makta over det talte språket. Skrifta er noe ytre. Det katastrofale er at dette ytre trenger seg inn i det «indre». Det utover vald på det som er tilstade ved å føre inn ein avstand. Derfor er det noe farlig som vi taper oss sjølv i. Men korleis kan noe som bare er avleida, som bare er ein ytre teknikk, ha denne makta?

Derrida meiner at han her finn ei sprekke i Saussure sin språkteori. Derfor hevdar han at det opprinnelige språket som ikkje er påvirka av valden frå det skrivne ordet, aldri har eksistert. Det har alltid vore skrift.

Derrida argumenterer omlag slik: Det finst inga rein tilstadevering. Tvert imot høyrer fråveret med til nærværet. Det nærverande oppstår bare som ein skilnad i høve til det som har vore i fortida og som vil komme i framtida. Det er både seg sjølv og ikkje seg sjølv, både notid, fortid og framtid. Noe kan bare bli nærverande gjennom ein avstand, gjennom å skape ein skilnad.

Différance

Det andre som er fråverande, må bli halde fast i det nærverande som noe anna der. Det må sette spor etter seg. Sporet har det kjenneteiknet at det held fast noe fråverande i noe nærverande. Først gjennom dette sporet etter noe anna finst det noe nærverande. Det nærverande føreset eit spor som kjem frå det fråverande, altså ein skilnad. Skilnaden i sporet er vilkåret for at det nærverande er mulig. Det som den metafysiske tradisjonen set som den ytterste grunn, væren som nærver, har sjølv eit grunnlag. Dette grunnlaget, som er danna av skilnad, kallar Derrida for différance. Dette omgrepet skal dekke både tydinga «skilnad» (å vere ulike) og tydinga utsetting. Altså ein skilnad som både skapar avstand og utsetting. Det er gjennom denne «différance» at livet blir virkelig.

Samstundes er det slik at denne utsettande forskjellen samsvarer med forholdet mellom tale og skrift. Det er eit generalisert grunntrekk ved skrifta som nett er ein avstand i nærveret. Derfor kan Derrida kalle «prosjektet» sitt for grammatologi, ei lære om skrifta.

Kva tyder det då at vi lever under ein slik «grunnleggande» tekst? Den metafysiske tradisjonen forstår skrifta som ein farefylt omveg til livet. Vi har nærveret, livet er nærvere, og utsettinga kjem som eit tillegg. Det kan vere nødvendig å ta ein omveg – for eksempel gjennom skrifta – men omvegen er bare eit tillegg.

Til dette seier Derrida at vegen (livet) er ein omveg heilt frå byrjinga. Det er utsettinga og forseinkinga som er det grunnleggande. Vi kan aldri få fullbyrda livet, dvs. fullbyrda det vi strever etter. All fullbyrding er merkt av fråveret, altså mangelen.

Derrida sin kritikk treff sjølve tanken på at det fins noe opprinnelig eller grunnleggande. Det fins ikkje noen ytterste instans som du kan måle alt med. Du kan ikkje finne eit absolutt reint nærvere som kan fungere som avsluttande instans. Dermed treff kritikken sjølve den metafysiske leitinga etter det grunnleggande, dvs. leitinga etter ein meiningsgjevande grunnvoll og dermed etter samlande meining. Der er ikkje noen meining utover sjølve spelet av skilnader. Ei slik meining må vere bestemd innanfor spelet. Sjølve spelet av skilnader kan ikkje peika fram mot eit mål som vi skal virkeliggjøre. Spelet er i seg sjølv ope, umulig å kontrollere.

Forverrer Hegel

Eg meiner at Derrida tar utgangspunkt i dei dårlige sidene i Hegel sin filosofi og forverrar dei ytterligare. Han viderefører idealismen, dvs. den læra at tankane bestemmer utviklinga i verda. Det gjør han ved å sette det skrivne språket i staden for ideen. Ved å gjøre det erstattar han Hegel sitt tenkande menneske med eit lesande og skrivande mennesket. Det er første innskrenkinga.

Men dermed har han også redusert det virksomme, produserande, tenkande og kommuniserande mennesket til Marx, som både blir skapt av verda rundt seg og som sjølv skaper verda rundt seg, med noe meir einsidig, nemlig med det lesande og forfattande mennesket. Dette mennesket er faktisk meir innskrenka enn Descartes sitt tenkanda menneske. Og det kan ikkje endre verda på noen måte. Det kan bare fortolke verda på ymse måtar.

Dersom vi ser på heile filosofihistoria, så ser vi også at filosofane i dette århundret har funne ein sprekk som dei kan bruke til å forlate materialismen og føre inn att idealismen. Sprekken er språket, den materielle kommunikasjonen mellom menneske i form av lydbølgjer og teikn. Gjennom denne sprekken har fleire generasjonar av akademiske filosofar innan både den anglosaksiske, den tyske og den franske tradisjonen, forsvunne inn i ei bakevje der dei har gått i ring i heile dette århundret. Derrida er ein av dei.

Kjemp mot bokdyrkinga!

Dei grunnleggande trekka i denne tenkemåten var svært utbreidd tidlig på 1800-talet i Tyskland. Marx tok eit teoretisk oppgjør med tenkemåten gjennom fleire skrifter som i første omgang ender opp med den såkalla «Tyske ideologi».

Med dette grunnsynet er det ikkje rart at Derrida kjem fram til at menneska ikkje kan nå måla sine og at det virkelige livet er utsettinga. Bokdyrkarane har aldri vore istand til å endre verda for å nå noe mål.

Politisk framstår Derrida derfor som reformist. Kjerna i reformismen er nett att menneska ikkje kan nå dei store måla sine gjennom konsentrerte aksjonar, gjennom revolusjonar. Istaden må dei konsentrere seg om dei små endringane, som så vil føre til noe som vi eigentlig ikkje veit kva er. Kommunismen som mål opphøyrer å vere rettesnora for dagspolitikken og dei små kvardagslige endringane for å halde ut elendet, blir opphøgd til politisk prinsipp.

Bernstein

Den store reformisten Bernstein (1850-1932) var ein mykje meir original tenkjar enn Derrida. I boka Sosialismens forutsetninger gjekk han grundig inn på prinsippa bak reformismen. Han samanfatta det heilt enkelt slik: «Det som en vanligvis kaller sosialismens endelige mål, er ikke noe for meg – bevegelsen er alt.» (Eduard Bernstein: Sosialismens forutsetninger, Pax 1973.)

Det filosofiske grunnlaget for Bernstein sin reformisme var oppgjøret med ei spesiell tolking av Hegel og Marx sin dialektikk: «Ut fra den materialistiske lære skjer materiens bevegelse med nødvendighet i likhet med en mekanisk prosess.» (Bernstein 1973 (1899 og 1920), side 114).

Det er nett denne vindmølla, nemlig at marxismen ser på utviklinga i verda som em mekanisk prosess, Derrida også angrip når han går laus på strukturalismen utan å ville fornye dialektikken. Det han havnar i, er reformismen. Dermed kan vi slå fast at postmodernismen i Derrida si utgåve er ei filosofisk overbygning over ein reformistisk politikk.

Vincent Descombes definerer målet med den nyare franske filosofien slik: «… Oppgava er no å bane veg for fram-stillinga av ein ikkje-motseiande, ikkje-dialektisk skilnad …» (Descombes 1988 (1980), side 151.) Han meiner også at det nett er det Derrida prøver å gjøre.

Dette er ein type stilleståande skilnad som ligg i alt og som gjør at alt kan bli fortolka på skilde måtar. Med ein slik skilnad er indre drivkrefter eller tendensar i materien definert vekk, prosessar og nydanning blir ikkje lenger bestemt av indre utviklingstendensar, men blir ei ubegripelig kverning om ei kjerne som ikkje eksisterer. Meininga med alt forsvinn. Det blir umulig for menneska å endre samfunnet grunnleggande og dermed er det heller ikkje noe poeng i å sette seg som mål å gjøre det.

Idag kan vi seie at Bernstein hadde rett på eit plan. Menneska har ikkje nådd målet kommunisme. Historia har blitt ei utsetting. I denne perioden har reformisnien vore dominerande.

Men denne perioden har no vart lenge. Først no har kapitalismen erobra verda i den grad at over femti prosent av folka i verda bur i byar. (Prognosen seier 60 % for årtusenskiftet.) Det tyder at graden av industrialisering i heile verda no er på nivå med det han var i England på Marx si tid.

Utsettingsepoken avslutta?

Alle dei motseiingane i kapitalismen som Marx påviste, utfaldar seg no på ein meir bestemt måte. Dermed er det mykje meir sannsynlig at vi står på tersklen til det århundret då menneska vil bli tvinga til å oppheve kapitalismen i verdsmålestokk eller gå under. Det kan altså sjå ut som om utsettingsepoka nærmar seg ei avslutting, og da blir utsettingsfilosofiane sin klassekarakter særdeles påtrengande.

Gjennom 1980- og 90-åra tar vi, med andre ord, steget inn i ei ny epoke der sjølve den materielle utviklinga i verda skrik etter marxistisk analyse og kommunistisk medvit og revolusjonar både i dei lågare og høgare økonomisk utvikla kapitalistiske landa.

I denne situasjonen blir det viktigare enn før å gå opp grensene mot innflytinga til Bernstein, Derrida og andre reformistar som gjennomsyrer heile det politiske livet vart. Det blir viktigare å studere marxismen og lansere kommunismen som løysinga på kapitalen sine problem.

Kjelder

  • Ein artikkel i Vår tids filosofi, red Poul Lübcke (Bokförlaget Forum 1987, dansk utgåve i 1982)
  • Nomadfilsofi av Esbern Krause-Jensen (Bokförlaget Daidalos 1985)
  • Modern fransk filosofi 1933-1978 av Vincent Descombes (Röda Bokförlaget 1988, førsteutgåve frå 1980)
  • I tillegg har eg som franskfilolog smuglese litt i dei viktigaste verka til Derrida sjølv