Progressiv kapitalisme – ei sjølvmotseiing

Av Michael Roberts

2019-02A

Joseph Stiglitz har vunne økonomiprisen til minne om Nobel frå den svenske riksbanken, og er tidlegare sjeføkonom i Verdsbanken, og rådgivar for den venstreorienterte leiinga i Labour i Storbritannia. Han står til venstre i flokken av tonegivande økonomar.
Foto: Wei Ding
Av Michael Roberts,
økonom og arbeider i The i City i London. Han har bloggen Michael Roberts Blog, blogging from a marxist economist, https://thenextrecession.wordpress.com
Artikkelen er omsett av Gunnar Danielsen.

Han har nettopp gitt ut ei ny bok med tittelen People, Power, and Profits: Progressive Capitalism for an age of Discontent (Folk, makt og profitt: Progressiv kapitalisme for ei tid med misnøye). Her forkynner han at «me kan redde det øydelagde økonomiske systemet vårt frå seg sjølv.» Han er svært uroa for aukande forskjellar i inntekt og formue i dei store økonomiane, særleg i USA.

Rundt nitti prosent har sett inntekta stagnere eller gå ned dei siste tretti åra. Det er ikkje overraskande når USA har dei største forskjellane blant utvikla land, og samtidig er blant landa der folk har færrast alternativ – der livsvilkåra til ungdommen er meir avhengig av foreldras inntekt og utdanning enn andre stader.

Du skjønner, kapitalismen brukte vere meir «progressiv» då han utvikla økonomien og betra levekåra for menneska, med vitskap og innovasjon; det fungerte godt, med rettsstat og demokratisk kontroll av «utskeiingar». Men så kom Ronald Reagan og Margaret Thatcher på 1980-talet og endra reglane og deregulerte økonomien – og no bryt Trump ned kontrolltiltak og maktfordeling. Den progressive kapitalismen frå 1960-talet er øydelagd. Med ukontrollerte marknader har utbyttinga og forskjellane løpe løpsk.

Resultatet er ein økonomi med meir utbytting, enten det er lyssky handlingar i finanssektoren, eller teknologisektoren som invaderer individa og skor seg på privatlivet vårt. Svekka antitrust-lover, og eit lov- og regelverk som ikkje held tritt med endringar i økonomien, og innovasjonar som skaper og utnyttar marknadsmakt, førte til at marknadene blei meir konsentrerte og mindre utsette for konkurranse. (Stiglitz.)

Kva er løysinga til Stiglitz? «Det treng ikkje vere slik. Det er eit alternativ: progressiv kapitalisme. Progressiv kapitalisme er ikkje ei sjølvmotseiing; me kan faktisk styre marknadsmakt til å tene samfunnet.» Du skjønner, det er ikkje kapitalismen som er problemet, men kapital­eigarane, særleg monopolistar og bankfolk. Svaret er å vende tilbake til den styrte kapitalismen Stiglitz trur eksisterte i dei gylne åra på 1950- og 1960-talet.

Korleis skal me gå tilbake til den gylne progressive kapitalismen? På Democracy Now, nett-radioen, fekk Stiglitz spørsmålet: «skal det vere progressiv kapitalisme eller arbeidarmakt?» Han svarte «marknaden må spele ei viktig rolle. Derfor vil eg bruke ordet «kapitalisme». Men eg ville signalisere at den kapitalismen me har hatt dei siste førti åra, ikkje har vore til fordel for folk flest. Derfor snakkar eg om folk. Me må ha progressiv kapitalisme. Me må temme kapitalismen, og styre han så han tener samfunnet vårt. Du veit, folk skal ikkje tene økonomien; økonomien skal tene folket.» På spørsmålet «Har ikkje kapitalismen alltid gjort det (altså tent dei rike og monopola framfor fattigfolk og arbeidarar)?» svarte han: «ikkje slik han gjør i dag.»

Oppfatningane til Stiglitz er enten rein naivitet eller dyktig ordkløyveri – eller kanskje begge delar. Trur han verkeleg det var ei tid der kapitalismen var til fordel både arbeidarar og selskap; fattige og rike? Dei «gylne åra» etter 1945 opp til seint 1960-tal var unntaket i avanserte kapitalistiske økonomiar, og bare for desse, ikkje for Latin-Amerika, Asia, Midtausten og Afrika. For størstedelen av kloden var desse åra prega av djup fattigdom og kamp mot imperialistisk utbytting.

Uansett er det ein myte at alle tente på ein «progressiv kapitalisme» i Vesten på 1950- og 1960-talet. Og vinningane i offentlege tenester, velferdsstaten, relativ full sysselsetting og stigande inntekter var i hovudsak resultatet av kamp og press frå arbeidarrørsla som tvinga kapitaleigarane til konsesjonar.

Og Stiglitz forklarer aldri korfor det blei slutt på denne påståtte regulerte, demokratiske progressive kapitalismen på 1970-talet, bortsett frå at det skuldast den skammelege politikken til Reagan, Thatcher o.a. Men lesarar av bloggen­­­­ min veit at dei objektive vilkåra endra seg frå midten av 1960-talet, det kom eit skarpt fall i profitten globalt.

Det innebar at kapitalen ikkje lenger kunne gå med på aukande realinntekt, fleire offentlege tenester og gratis utdanning og helsestell o.a. Åra med høge profittar som tillét konsesjonar var over. Profitt er drivkrafta i kapitalismen, så politikarane (både til høgre og venstre) blei valde på og forplikta til å redusere velferdsstaten og arbeidarmakta, til privatisering og deregulering. Framfor alt hadde den «progressive» kapitalismen ei rekke større konjunkturnedgangar, som svekka arbeidarrørsla og fekk opp profitten (til ein viss grad).

Stiglitz nemner faktisk ikkje årsakene til tilbakeslaga i det heile tatt, bortsett frå å meine at dei kjem av stigande forskjellar: «Om me hadde lagt band på profitten i alle former og stimulert velstand, hadde me hatt ein meir dynamisk økonomi med mindre forskjellar. Me kunne dempa opiumskrisa og unngått finanskrisa i 2008.» Og likevel kom dei internasjonale tilbakeslaga i 1974–75 og 1980–82, på ei tid då forskjellane var som minst sidan industrikapitalismen starta (ifølgje Thomas Piketty – sjå grafen). Så større forskjellar var ikkje årsak til 2008-krisa, men resultatet av tiltak for å auke profitten etter 1980-talet.

Og korleis skal me elles komme tilbake til denne «progressive» kapitalismen? Stiglitz gjør framlegg om regulering, bryte opp «monopola», progressiv skattlegging, få slutt på korrupsjonen og handheve handelslovverket. «Resepten følgjer av diagnosen: Det startar med å sjå den avgjørande rolla staten speler for å få marknaden til å tene samfunnet. Me treng reguleringar som sikrar sterk konkurranse utan ulovleg utbytting, som gjør om forholdet mellom selskapa og dei tilsette og kundane dei skulle tene. Me må kjempe like hardt mot marknadsmakta som selskapa slåst for å auke ho.» Denne resepten er verktøyet til den reformistiske venstresida i USA og elles. USAs senator Elizabeth Warren, venstre-demokraten, har reist eit liknande forslag med sin plan for ein «ansvarleg kapitalisme».

Kva i all verda skulle få den eine prosenten på toppen og dei svært rike kapitaleigarane med på å redusere sine inntekter for å få ein meir likeverdig og framgangsrik økonomi? Og korleis skulle regulering og meir likskap handtere den truande katastrofen global oppvarming utgjør når den rovgriske kapitalismen akkumulerer utan omsyn til ressursar og liv på planeten?

Omfordelingsprogram bidrar lite til det. Og om det blir mindre økonomiske forskjellar, vil det stanse framtidige konjunkturnedgangar eller store kriser? Tidlegare økonomiar med mindre forskjellar unngjekk ikkje tilbakeslaga.

Ulikt 1949, i 2019 er ikkje nokon av dei «progressive» tiltaka maulege. Radikale endringar er truleg bare mauleg med «arbeidarmakt». Og blei det ein realitet, kunne me gå lenger enn slike «progressive» tiltak – til verkeleg demokratisk kontroll over økonomien, ved å erstatte kapitalismen framfor å «redde han frå seg sjølv».