Polen – aske og diamanter

Av Ingrid Baltzersen

2020-01 Bokomtaler

Ingrid Brekke:
Polen – Aske og diamanter
Humanist forlag 2019, 324 s.

Av Ingrid Baltzersen,
redaktør i Gnist.

For oss som ikkje har vore i Polen, og ikkje møter polakkar gjennom jobb, er bildet av Polen og polakkar lett prega av stereotypiar. Det er arbeidsinnvandrarar som tar dårleg betalte jobbar og som bur i brannfarlege brakker og har familie i heimlandet, går i den katolske kyrkja på sundagar og er rasistiske. Det er det landet norske familiar rømmer til på flukt frå barnevernet. Nokre har kanskje fått med seg litt oppdatert kunnskap, at mange polakkar har busett seg meir permanent som familiar i Noreg, mange driver eigne firma eller jobbar i andre bransjar enn bygg- og anlegg, og at Polen no går så godt at dei sjølv tar imot mange arbeidsinnvandrarar austfrå.
Ingrid Brekke har laga ei bok for at me skal forstå meir av dette landet, som både ligger ganske nært oss geografisk, og som er heimlandet til den desidert største innvandrargruppa i Noreg. Ho har ei tematisk tilnærming til dette, og knyter liner mellom notid og fortid i kvart kapittel. For meg som kunne lite om Polen, var det spesielt spanande å lesa om den fleirkulturelle og tolerante historia landet hadde. Det undergrev bruken av historia for å nøra opp under konflikt mellom «islam» og «kristendom». Eit eksempel ho nemner frå historikaren Adam Zamoyski, er at i renessansen såg den polske adelen, szlachtaen, på seg sjølv som etterkommarar av sarmatane, eit forbund av iranske ryttarfolk. Dette resulterte i at dei sette pris på persisk og tyrkisk utsmykking, klesstil og hårfrisyrar. I slaget om Wien i 1683 var polakkane så like tyrkarane, at kong Jan III Sobieski ga ordre om at dei måtte ha på seg ein strårosett for å unngå forveksling. Dette stemmer ikkje heilt med bildet som nettsida Gates of Vienna prøver å skapa. Polen var eit land med stort kulturelt mangfald fram til andre verdskrig.

Også sinnet den polske regjeringa har vist over koplinga mellom Polen og jødeutryddinga, blei meir forståeleg av denne boka. Brekke skildrar korleis slavarane, til forskjell frå oss i Noreg, blei sett på som undermenneske av nazistane. Det å fordriva og utrydda dei var eit eksplisitt mål, til forskjell frå i Noreg der nazistane ønska å skapa alliansar. Det var ein aktiv polsk motstandskamp mot okkupasjonen, som blei brutalt slått ned. Det er rekna at 17 prosent av befolkninga i Polen døydde under krigen. Og mange hjelpte den jødiske befolkninga. Så det er lett å forstå at den polske regjeringa synst det er djupt fornærmande når det blir snakka om «polske» dødsleirar. Det er mindre forståeleg at dei har laga ei lov som gir ei strafferamme med 3 års fengsel å sei dette.
Polsk politikk i dag er vanskelegare å få grep om, sjølv om Brekke forklarer det godt. Begge dei største partia hadde opphav i fagrørsla Solidaritet og ligger langt ute på høgresida. Abort er nær sagt ulovleg. Media blir manipulert. Likevel er det viktige forskjellar mellom det liberalkonservative partiet Borgarplattforma og det nasjonalkonservative Lov- og rettferdspartiet (PiS). I følgje Brekke var ikkje forskjellane så klare for veljarane heller før valet i 2015, då PiS framstilte seg som ein slags betre utgåve av Borgarplattforma. I ettertid ser ein at dei prøver å endra det polske statssystemet, blant anna gjennom å overkjøra grunnlovsdomstolen og velje nye dommarar, og å gi justisministeren og parlamentet meir makt.


På 70- og 80-talet var polsk politikk godt kjent her i Noreg, og det var stor støtte til den opposisjonelle fagrørsla Solidaritet. Sjølv om etter følgjarane har blitt reaksjonære parti, så er det likevel verdt å setta seg inn i korleis landet har blitt nokre tiår etter at rørsla vann og regimet blei avvikla, og denne boka er ei god hjelp til større innsikt.