Annet

Piler kan stilna eit hjarte

Av

Abonnent, Oslo

Den stolte vonbrotne hane, har verdas høgaste kam
ser ut over tilhengerskare, bak skranke
høgt over sin stand –
Mellom det høge og låge, mutast ein terning i spel
der ter seg i frekkheit ei gåve, eit nådelaust
pengemaktsepel –
Gravene eldast med groe, soger vert grusa ned
over dei eingong så gode, som kom
med ei helsing for fred –
Makta kan trumfa ei sanning, rettferda bomba ein fred
piler kan stilna eit hjarte, att står eit
uthola tre –
På berget sit nyfødde kalvar, veivar med våpen i hand
hissar til kamp for å gløyma, dei menn som
vart sette i brann –
Du må ikkje gløyma dei falne, som kom ifrå austerled
som reddande englar er lagde; ved foten
dei kviler i fred