Om kampen i samfunnets overbygning

Av Jan Myrdal

2015-03

Jan Myrdals tale ved utdelinga av Leninprisen til Mikael Wiehe og Robespierreprisen til Sara Beischer i Teatern i Varberg under årsstemnet til Jan Myrdalsällskapet 18. april 2015.

Jan Myrdal er mangeårig debattant og skribent fra Sverige og var med å starte Folket i BIld. Har utgitt mange bøker, blant annet Den onødiga samtiden, som kan kjøpes i www.marxisme.no. Artikkelen er omsett frå svensk av Gunnar Danielsen

Når me no skal hylle Mikael Wiehe og Sara Beischer for deira innsats, er det sjuande gongen me er samla til prisutdeling her i Varberg. Det er på høg tid å snakke prinsipielt, fordi arbeidet deira og det dei betyr, er delar av eit stort heile.

Det var ikkje ei nyoppdaging då den unge Karl Marx skreiv at dei herskande tankane, tenkinga som me seier no, er tankane til dei herskande. Det har ein alltid visst. Men han formulerte det tydeleg: Den som har den økonomiske makta, har den ideologiske makta. Den aldrande August Strindberg kvessa formuleringa då han skreiv at overklassen kunne herske i kraft av makta han hadde over sjølve tankelovene. Det som streid mot interessene deira, vart gjort utenkeleg.

Men det rører på seg. Ikkje bare jorda rundt sola, men dei herskande tankane brytast og bytast om heile tida, og så tumlar jamvel dei som nettopp herska, ut og bort. Også det veit me.

Det er dette også denne sjuande prisutdelinga handlar om. Personar som i sitt skapande arbeid har påverka utviklinga i Sverige, dei som utgjør det nødvendige saltet for å tale med Matteus 5:13. At det ikkje dreier seg om ei avgrensa og ideologisk samstemt gruppe går fram straks namna fram til i dag blir nemnde:

Mattias Gardell, Roy Andersson og Kajsa Ekis Ekman, Maj Wechselmann og Martin Schibbye, Sven Lindqvist og Jenny Wrangborg, Maj Sjöwall og Gabriella Pichler, Jan Guillou og Eija Hetekivi Olsson, Mikael Wiehe og Sara Beischer.

Ikkje heller kan ein kalle dei nokon slags Jan Myrdal-falanks. Om prismottakarane er samde med meg og arbeidet mitt, er uinteressant. Enkelte av dei har polemisert direkte mot meg. Det avgjørande er at dei alle på ulikt vis går inn i ein lang tradisjon med kunstnarleg nyskaping og intellektuelt frigjørande arbeid.

Dermed tar eg to steg tilbake for å gi overblikk og perspektiv. No er det nøyaktig seks månader sidan eg heldt foredrag på Université de Caen Basse-Normandie, på emnet universitetet hadde formulert i invitasjonen: «Den intellektuelle og makta. Sverige og den offentlege løgna.» Ein kan høyre det på fransk på selskapets heimeside. Det blir trykt på svensk i aprilnummeret av det finske Nya Argus, og kan lesast på deira og selskapets heimesider.

At det blir trykt i Finland kjem av at det ikkje finst rom her for ein så lang og intellektuell tekst som ikkje samsvarer med det offisielt korrekte, det universitetet i Caen kallar «den svenske løgna». Det var også poenget mitt i teksten, og derfor har den blitt diskutert i Frankrike.

I Finland kan teksten trykkast. Det har ofte rådd eit hardare politisk klima der, som samtidig tradisjonelt har vore intellektuelt meir opent enn i Sverige. Tenk kva Finland har betydd for den kunstnarlege modernismen på det svenske språket.

For å arbeide medvite med ord, bilete, musikk og film innom det ein kan kalle overbygninga, må ein som eg i fleire år har minna om, stadig hugse det Paracelsus påpeika i 1527: Då alt er i stadig forandring, er det nødvendig å kjenne tida.

I svensk historie finst det avgjørande hendingar som forklarer korfor me som svenskar kunne vere vitskapleg – mest teknisk – leiande, men samtidig med eit par viktige unntak mest ute av stand til humanvitskapleg nytenking som har allmenn interesse. I dag er samfunn med vanskelegare sosiale konfliktar leiande her, som Frankrike eller India, men framfor alt USA.

Trass i at landet er leiande imperialistmakt, at det politiske styringssystemet er gjennomkorrupt, med ei falsk medieverd, ein stor del av befolkninga brukar narkotika, trur på spøkelse, er overtydde om at jorda er flat som ei pannekake og besette av raseidear – så finst det mange, rett nok små, vitskaplege institusjonar, som presterer betre og viktigare forsking for oss på vår kant enn noko her i Sverige.

Dette svenske intellektuelle etterslepet lagar problem for oss. Det er jo ikkje noko slags sjølvros når me som har budd «ute» som det heiter på svensk, eller som har vakse opp i land med djupare kulturmedvit, ofte opplever det som å vere tvinga tilbake til småskolen når me freistar diskutere.

Tenk bare på det offentlege gnålet i media om namna på dei prisane me deler ut i dag. Dei skrikande kan pryde seg med titlar som redaktør eller professor eller riksdagsrepresentant. Dei er bare kunnskapslause, utan utdanning, og i tillegg utan normal sjølvinnsikt.

Sjå kor opprørte dei er over at me viser til Robespierre og Lenin. Utanfor Sverige er det råd å diskutere sak om dei og deira historiske og aktuelle betydning sjølv med ideologiske motstandarar.

Dei veit at Robespierres formuleringar om samfunnets plikt til å sørge for alle sine borgarar (med skattar) bar bod om det som sosialdemokratiske og venstreborgarlege prøvde gjennomføre med bølgja av «velferdspolitikk» i etterkrigstida i Storbritannia, Frankrike og jamvel dei skandinaviske landa. Men endå viktigare er at jamvel ideologiske motstandarar innser at deira bitre kamp for «menneskerettane» frå 1789 i media, FN og verda – mot land som har frigjort eller frigjør seg frå imperialismen – går tilbake til den bitre kampen mot Robespierres «menneskerettar» frå 1793.

Robespierre er aktuell fordi han der tar opp både demokratiske krav som enno ikkje er gjennomførte i våre utvikla kapitalistiske statar. Som at han varsla frigjøringa av den koloniserte og undertrykte verda, som formulerte i Sun Yatsens «Folkets tri prinsipp». I dag er Robespierres ord eit våpen mot dei klasseundertrykkande «menneskerettane» til dei falske marknadsliberalistane.

For å gjøre det tydeleg siterer eg frå Robespierres menneskerettar av 1793 noko av det som skil og går lenger enn erklæringa frå 1789:

Artikkel II. Dei grunnleggande menneskerettane er retten til å bevare sin eigen eksistens, samt fridommen.

Artikkel X. Samfunnet har plikt til å sørge for eksistensen til alle sine medlemmer, enten ved å skaffe dei arbeid eller ved å garantere eksistensmidlar til dei som ikkje kan arbeide.

Artikkel XIV. Folket er suverent: Regjeringa er deira verk og deira eigedom, dei offentlege tenestemennene er deira hjelparar. Folket kan når som helst dei måtte ønske bytte ut regjeringa si og avsette representantane sine.

Artikkel XXII. Alle borgarar har lik rett til å delta i valet på folkets utsendingar og i utforminga av lovene.

Lenins gjerning og historiske betydning er heller ikkje ukjent blant kunnskapsrike motstandarar i USA, eller misoppfatta som av svenske dusinprofessorar. Eg tar opp fem grunnleggande eksempel:

Dei organisasjonsprinsippa han formulerte for meir enn hundre år sidan, gjorde det mauleg for det russiske sosialdemokratiske partiet å bli handlekraftig, i motsetning til offisielt sterke parti som det tyske. I sin historiske epoke danna dermed bolsjevikpartiet skole.

Blant dei framståande sosialistiske politikarane var det Lenin som innsåg vekta av og kompleksiteten i det nasjonale spørsmålet. I motsetning til Rosa Luxemburg heldt han derfor fram svenske sosialisters haldning til Norges sjølvstende i 1905 som eit forbilde. Sommaren 1917 var det han som dreiv gjennom at programmet til bolsjevikpartiet gav dei nasjonane tsarismen hadde undertrykt full rett til å bli frie statar. Han viste det i praksis då Finland frigjorde seg heilt frå det revolusjonære Russland.

Før første verdskrigen var han ikkje den einaste sosialisten som såg krigen komme. Men han høyrde til den svært lille gruppa sosialistleiarar som ikkje sveik, ikkje blei sjåvinist, ikkje feiga ut og tilpassa seg då massemordkrigen starta.

Einsam var han ikkje. Det fanst ei handfull andre som Eugene Debs i USA og Dimitar Blagoev i Bulgaria. Men Lenin var den som i teori og praksis evna dra dei mest verknadsfulle slutningane av kampen mot krigen.

Ulikt andre leiarar av sosialistparti den gongen innsåg Lenin den revolusjonære krafta til fattigbøndene, og evna dermed å stille dei politiske krava som først gjorde revolusjonen mauleg, og seinare forsvaret av han i den blodige kampen mot innanlandsk reaksjon og intervensjon frå fjorten utanlandske statar. Slik kom Lenin til å leie den andre sigerrike bonderevolusjonen i det tjuande hundreåret; den meksikanske var den første, og den kinesiske den tredje.

I sosialistpartia i den andre internasjonalen var det ingen felles kamp mot kolonialismen. Mange av leiarane var talsmenn for imperiepolitikk og kolonial undertrykking. Rasismen sat i ryggmargen deira når dei formulerte teori.

Lenin var ikkje bare antikolonialist og antiimperialist, som når det gjaldt bonde-rørsla evna han au å innsjå at dei breie antikoloniale masserørslene var strategiske allierte i kampen mot verdsimperialismen. Dermed blei standpunkta og formuleringane hans utgangspunkt for dei framgangsrike antikoloniale og antiimperialistiske rørslene etter at han var død.

Men i akademia i Sverige er det no som før få som forstår dette. Likevel har det etter måten akademiske intellektuelle elendet i landet ikkje fått noko direkte motsvar i kunsten. Her er forholdet meir mangetydig. Eg skal vise og forklare.

Sjå attende til det me etter Georg Brandes kallar «gjennombrotet for det moderne». Då for 150 år sidan vart litteraturen i våre utkantsland kasta opp i europeisk verdsnivå. Men ikkje nok med at det kom frå eit utkantsmiljø som på kontinentet vart framstilt som langt hengande etter. Forfattarane sjølve som Bjørnstjerne Bjørnson, Henrik Ibsen og August Strindberg høyrde i form og problemformulering til ein tidlegare generasjon, men vart kasta opp og forbi det som då var det litterære, utvikla og moderne.

Tilsvarande i den store samtidige russiske litteraturen. Frå den tsaristiske misera steig dei fram, dei kritiske demokratane, dei store satirikarane, dei realistiske fortellarane, og tok over den europeiske scenen.

Men dette er typisk. Det er nok å sjå til det den latinamerikanske eller nigerianske litteraturen har betydd for oss her og no.

I vår eigen nyare litteratur kan me sjå noko anna spesielt. Det me litt upresist kallar proletarlitteratur tok leiinga og lesarane frå ein blodfattig akademisk kunstlitteratur, trass manglande interesse, og i visse tilfelle direkte motstand frå leiande folk i den store rørsla.

Denne store gruppa frå Martin Koch og Moa Martinson til Ivar Lo Johanson, og på eit parallellspor Vilhelm Moberg, nådde fram til og skapte eit folkeleg massepublikum. Utan overgripande ideologisk styring dreiv dette folkelege publikumet gjennom unike og store demokratiske framsteg i den såkalla reformperioden frå trettitalet til og med syttitalet.

Desse prisane og det biblioteket me no bygger opp i Varberg, har ei bestemt oppgåve i den noverande stoda. Me kjenner dei økonomiske og organisatoriske vanskane våre offentlege bibliotek, museum og kulturinstitusjonar arbeider under.

Me er godt medvitne om korleis det som kallast mediemarknad og kulturmarknad forvandlast. Det me freistar gjøre er i praksis å utvikle det ein med litt romantisk sekstitals-uttrykk kunne kalle eit frigjort kulturområde, der det skal bli råd å nå all den kunnskapen som er vanskeleg å finne, trass i alt som seiast om internett. Det inneber at me er tvinga tilbake til tidlegare organisasjonsformer.

At me, eg og Gun Kessle, bestemte oss for å gi bort det svært store biblioteket på rundt 50 000 bind og dei samlingane me hadde skaffa oss på reiser og arbeid rundt om i verda, kom stort sett av ei tradisjonell venstreoppfatning om det mellom andre Olof Palme kalla «kulturens allmenningsrett». Han skal vere fritt tilgjengeleg.

Foreldra mine hadde også gitt bort og freista frigjøre tekstane sine frå opphavsrett. I mitt tilfelle har eg slåst mot den perverse syttiårsregelen. Etter den skal barnebarns barn som er heilt ukjende for meg, eige og styre over arbeidet mitt. Eg har klart å overtyde Prosjekt Runeberg om å legge ut tekstane mine fritt tilgjengeleg.

For å verkeleggjøre dette biblioteket har Henning Mankell og Lasse Diding mellom anna stilt eit lokale til disposisjon, mange har gitt og gir bidrag. Mange frivillige, bibliotekarar, arkivarar og universitetsfolk ikkje minst, arbeider utan lønn med å katalogisere og jamvel reparere og binde inn.

Over 20 000 bind er alt katalogiserte. Tjuesju prosent av dei finst ikkje i andre svenske bibliotek. Det gjeld både kunst og politikk. Mellom anna frå India, Kina og Mexico. Det er bare å gå til Libris [libris.kb.se] og leite i bibl:(Jm). Til hausten håper eg biblioteket opnar for alle, ungdom ikkje minst, og dei som treng lese og forske i det som elles er vanskeleg tilgjengeleg.

Om biblioteket er det eine beinet, så er desse prisane det andre. Dei skal gi betre vilkår for ein kultur eg med eit vakkert ord kallar refraktær*.

Juryen vil snakke om prisvinnarane, men eg vil likevel seie noko personleg. Til Mikael Wiehe bør det seiast at det er i songar folket har gitt uttrykk for kjensler og overtydingar i tusenvis av år.

Det veit me. Ein heil del kunstpoesi er bevart. Mykje av høg klasse. Men songane til folket er sjeldan bevarte. Nokre ord og uttrykk heng att i ordspråk og munnhell, mellom anna kan me lese om det i pavelege bulletinar som fordømte songen til folket.

Me har nok høyrt at Wat Tylers* folk spurde «Når Adam grov og Eva spann, kven var då adelsmann?». Men kva dei song i folkehæren for 634 år sidan, i det store opprøret mot makta og utsuginga då dei marsjerte mot London, veit me ikkje.

Det eg vil seie med dette er at Mikael Wiehe ikkje bare går inn i ein svært lang folkeleg tradisjon av det som makta ned-settande kalla gjøglarar, men at han som gjøglarane rundt Wat Tyler er med på å forme folkeleg medvit på tvers av interessene til den herskande klassen.

Sara Beischer skriv på tilsvarande måte tekstar om ein røyndom og ei menneskeleg erfaring der mange ser seg sjølve som i ein spegel, og slik blir dei tydelege for seg sjølve.

* Refraktær: Som motset seg visse impulsar eller utløysande faktorar. (Kunnskapsforlagets blå)

** Wat Tylers: Leiaren for bondeopprøret i England i 1381. (Oversetter)