Okkupasjon og anti-imperialisme

Av Espen Løkeland-Stai

1997-03

 

 

 


Kurdistan er eit oljerikt område. Landet har nokre av dei viktigaste vannressursane i Midt-Austen, med Eufrat og Tigris som har utspring i landet. Kontrollen over vannressursane i Kurdistan vil gje kontroll over store delar av vannforsyninga til resten av Midt-Austen, og dermed mykje av produksjonen i desse landa.

Om du tek bussen gjennom den tyrkisk-okkuperte delen av Kurdistan, vil du sjå milevis med oljerøyrledningar som snor seg gjennom det kurdiske landskapet. Desse oljerøyra er lagt ned utan at det kurdiske folket som bur der, nokon gong er spurt om kva dei tykkjer om å få matjord øydelagt for at Vesten skal få frakta olje ut av Kurdistan og land lenger sør.

Dette er berre eit av uttrykka for imperialismen i Kurdistan i dag, og følgjer ein tusenårgamal tradisjon kor det kurdiske folket har blitt frarøvd ressursane i landet.

Heilt sidan den fyrste store imperialistiske omfordelingskrigen, 1. verdskrigen, har kurdarane systematisk blitt freista splitta og ofra for Vesten sine interessar. Kurdistan har alltid vore eit for viktig strategisk og økonomisk område i kampen om kontrollen med ressursane i Midt-Austen. Kurdarane har difor, gong etter gong blitt snytt for retten til eigen stat.

Kirkuk-oljefelta
For det fyrste er Kurdistan eit oljerikt område, med Kirkuk-oljefelta og andre internasjonalt viktige oljefelt. For det andre har Kurdistan nokre av dei viktigaste vannressursane i Midt-Austen, med Eufrat og Tigris som har utspring i landet. Kontroll over vannressursane i Kurdistan vil gje kontroll over store delar av vannforsyninga til resten av Midt-Austen, og med det mykje av produksjonen.

Når den nye verdsordnen skulle opprettast etter 1. verdskrigen, freista dei allierte frå krigen å skaffa seg kontroll over området mellom anna gjennom Sevrés-avtala med Tyrkia som ikkje gav Tyrkia særleg kontroll over Kurdistan. Tyrkia gjekk til krig og okkuperte store delar av Kurdistan. Starten på det nye Tyrkia som vart oppretta etter verdskrigen, hadde vore vassal for Tyskland under krigen, og England sto istaden i spissen for oppretting av eit protektorat kalla Irak, som skulle innlemma mellom anna Kirkuk-oljefelta i Kurdistan. I 1925 fikk dei som dei ville, Irak vart oppretta. Frankrike fikk sin del av kaka gjennom den franske kolonien Syria som hadde okkupert ein del av Kurdistan. Kurdarane sitt land var no delt millom Iran, Irak, Tyrkia og Syria. Sidan har Tyrkia blitt nytta av vesten som eit bolverk mot Sovjet, gjennom tonnevis med våpen som har gått frå vesten til Tyrkia og gjennom Nato-medlemsskapet.

Strategisk omfordeling
Kurdistan er framleis eit like strategisk og økonomisk viktig område i den nye fasen i den imperialistiske omfordelinga av verda. Midt-Austen, med naboar, står i dag for opp mot halvparten av oljeproduksjonen i verda. Kampen om desse ressursane vil stå sentralt i tida som kjem, og Tyrkia si rolle vera avgjerande for dei vestlege imperialistmaktene.

USA og Tyrkia
Etter at USA har freista skaffa seg kontroll over Midt-Austen med alle middel og fiendar/allierte, har USA etter kvart bygd opp ein maktallianse i området med Israel og Tyrkia. Tyrkia har blitt stadig viktigare i USA sin regionale strategi i landet.

Verkeleg viktig byrja Tyrkia bli for USA etter Khomeini si maktovertaking i Iran i 1979. Då vart Tyrkia viktig ikkje berre som bolverk mot Sovjet men og mot ei islamsk maktovertaking som kunne få store konsekvensar for USA sitt fotfeste i regionen.

Heilt sidan militærkuppet i Tyrkia i 1980 har USA hatt stor kontroll i Tyrkia gjennom generalkorpset som styrer landet. 70-talet var ei kaotisk tid for Tyrkia med militante aksjonar frå opposisjonsgrupper, og ikkje minst var det gigantiske arbeidarmobiliseringar. Mellom januar og september 1980 toppa det seg med streikar som samanlagt utgjorde 7,7 millionar arbeidsdagar.

Ei rekke observatørar gjekk på denne tida ut og sa at dei leiande høgrepolitikarane i landet ikkje var i stand til å tøyla denne oppreisten og dei økonomiske problema landet var i. Dei viktigaste av observatørane var det tyrkiske militæret og USA.

USA og generalane
Med militærkuppet i 1980 var det mulig for USA og generalane i Ankara å gjennomføra reformar som sikra dei makta. Dei tre viktigaste var:
1)Statskontrollert islamisering.
2)Oppretting av eit nasjonalt tryggingsråd som skulle ha veto over alle viktige politiske spørsmål. I rådet skulle militæret vera dominerande.
3)Gjennomføring av strukturtilpassingsprogram under det internasjonale pengefondet.

Tidlegare utanriksminister i USA, Henry Kissinger – mellom anna kjent frå Vietnam-krigen – la i Newsweek tidlegare i år fram sine tankar om framvegar for USA sin politikk på verdsmarknaden, ei slags kokebok i amerikansk imperialisme mot år 2000. Der mana han USA til å dreia blikket meir mot det strategisk viktige Tyrkia. Han skriv:

«Tyrkia (…) er sentral i strategien i Golfen. Ser ein mot Iran og Irak som ein front på den eine sida, og mot Europa som ein front på den andre sida, har Tyrkia vore «anchor of our Mediterranean policy». Men det føler seg svikta av gjentatt press frå USA og Europa mot politikken deira mot Kypros og kurdarane. Det er no ein stor fare for at fundamentalistane vinn eit demokratisk val, sett tilbake reformane frå Kemal og orienterer seg mot den arabiske verda. (…) Det er på høg tid å handsama Tyrkia på grunnlag av kor viktig landet er strategisk før ein fundamentalistisk siger gjer det umogleg.»

Kort sagt ber han USA leggja all kritikk av Tyrkia på is før muslimane vinn eit val demokratisk, og tar makta frå militæret. Og USA må skaffa seg kontroll fort, seier Kissinger. Dei må gjera det før Europa får bygd seg opp som ei økonomisk blokk som vil skjerpa den økonomiske krigen i verda.

Ikkje lenge etter at Kissinger gjekk ut med sin lovtale over Tyrkia, gjekk Tyrkia over grensa til Nord-Irak/Sør-Kurdistan med titusener væpna soldatar. Hjå dei tyrkiske generalane lever framleis draumen om eit Tyrkia med makt og utstrekning som det gamle osmanske riket, og med hjelp frå USA var/er dei klare til å ta makta over nye område. Like før invasjonen var det eit møte i det nasjonale tryggjingsrådet i Tyrkia. Dei tyrkiske generalane var ikkje særleg nøgd med at det muslimsk-retta Refah-partiet, med Erbakan i spissen, byrja gjera ting på eiga hand og køyra fram ein omfattande islamiseringspross. Erbakan vart bede om å stogga islamiseringa og fekk krav som til dømes å trekkja attende alle stipend til tyrkiske muslimar som studerte i utlandet. USA sto heile tida bak generalane og applauderte det heile. Da invasjonen var i gang, applauderte USA han offentleg trass i at Tyrkia gjekk inn i ein FN-beskytta sone, og at heile den arabiske verda fordømte invasjonen, millom andre dei få USA-allierte arabiske landa som er att, som til dømes Saudia Arabia og Jordan.

Flyforbud
Mindre enn eit år før invasjonen, 4.september 1996, gjekk USA til militært åtak på Irak og fulgte på med utviding av «no fly sonen» kor Saddam sine styrker ikkje har lov frå verdspolitiet, USA, til å fly. Tyrkia vart fortørna over at dei ikkje vart konsultert før åtaket. Til gjengjeld krevde Tyrkia å få «lov» til å oppretta ein «tryggjings sone» i Sør-Kurdistan/Nord-Irak. Denne tryggjingssonen var det uttalte målet frå Tyrkia under den siste invasjonen.

Invasjonen vart gjennomført med støtte frå det kurdiske partiet KDP, som har bygd opp styrken sin med støtte frå USA. Gjennom CIA har USA pumpa pengar inn i partiet og bidratt både til ei splitting kurdarane mellom, og sikra seg ein nyttig alliert i området. Samstundes har dei sikra at Irak ikkje får kontrollen over Kirkuk-oljefelta. Pengane KDP sikra seg frå USA, gjorde sitt til at KDP på byrjinga av 90-talet, etter Golf-krigen, fikk okkupert mellom anna Kirkuk-felta og smugla olja ut frå Irak til Tyrkia.

Det viktigaste med samarbeidet med KDP for USA vil likevel vera splittinga av kurdarane. Det største håpet for eit sjølvstendig Kurdistan ligg i dag i at dei klarer å samla seg til ein samla, kjempande nasjon. Dette arbeidet er godt igang, og USA veit det.

EU/Tyskland og Tyrkia
EU, med Tyskland i spissen, satsar og på Tyrkia. Men går ikkje berre vegen om generalane for å få kontroll over landet. Vestunionen og tollunion med EU skal integrera Tyrkia økonomisk med Europa og gjera vegen til Midt-Austen open for dei europeiske selskapa. For å halda orden i Tyrkia har heile Europa, med Tyskland ved roret, pumpa tonnevis med våpen inn i landet. Våpeneksporten til Tyrkia har sendt Tyskland opp frå femte til andre største våpenprodusent i verda. Størstedelen av den gamle øst tyske hæren er millom det som har blitt sendt ned til Tyrkia. Drømmen om eit Stor-Tyskland er ikkje fråverande hjå makta i Tyskland, og på tampen av 1994 vart det vedteke eit investeringsprogram frå Tyskland til Tyrkia som reiser «draumen om eit Euro-middelhavs-ervervrum». Oljerøyr, ein middelhavstunnel og ei jarnbaneline mellom Istanbul og Kairo er mellom innhaldet i draumen.

At det er Tyrkia som no står i søkelyset, er ikkje særs overraskande. For Vesten har Tyrkia tradisjonelt sett vore den viktigaste allierte på veg til Austen. Særs under 1. verdskrigen, men og under 2. synte Tyrkia seg som den viktigaste vassalstaten for Tyskland. I dag er landet alliert, gjennom Nato-medlemsskap, tollunion med EU og som ein av dei tre assosierte medlemslanda i Vestunionen.

Ikkje berre er Tyrkia tradisjonelt sett den viktigaste allierte for vesten sin veg inn til Austen. Krigen mot det opprørske kurdiske folket har kosta Tyrkia mykje. Omlag 50% av brutto nasjanlproduktet i Tyrkia har blitt nytta til militære føremål. Tyrkia sine militærutgifter var eksempelvis i 1984 3,5 milliardar dollar, i 1990 5,5 milliardar dollar. Tyrkia er kasta inn i eit økonomisk kaos som gjer at dei må selja ut det som er. Samstundes har landet funne nye store gassfelt. Privatiseringa skyt fart og heile landet blir opna med ein invitt til vesten om å investera i landet. Dette gjer sitt til at vestleg kapital blir pumpa inn i landet. Tyrkiske selskap blir kjøpt opp og den tyrkisk okkuperte delen av Kurdistan blir lagt ope for nedlegging av oljerøyr som kan frakta olja frå landa lenger sør til vesten.

Noreg er med
Er det noko Noreg kan, er det olje. Dei rike oljeressursane har gjort det mogleg for Noreg å leggja kursen mot tredje verda, og bli ei agressiv imperialistmakt gjennom selskap som Statoil og Hydro. Mykje tyder no på at Tyrkia og Kurdistan vil koma nærare og nærare Noreg framover.

Jo større oljeoverskotet er blitt i Noreg, jo større har trongen blitt til å investera pengane i utlandet for å få større avkastning. Det er ikkje rart at Noreg no har blitt netto kapitaleksportør. Dei norske oljeselskapa står med millionkontraktar i oljesektoren i andre land. Statoil er allerede fullt inne i eit land som Aserbajdsjan, og no står resten av Midt-Austen for tur.

Olje- og energiminister, Ranveig Frøiland, har no lagt fram sine planar som oljeminister, gjennom ei innstilling kalt Intsok. Utvalet som har laga innstillinga, er leda av konserndirektør Johan Nic. Vold. Ein av dei mektigaste næringslivstoppane i Noreg. I innstillinga er det lagt eit mål om å auke omsettinga for oljerelatert industriverksemd i utlandet frå i underkant av 20 milliardar kroner i år til 50 milliardar i år 2005.

Nye muligheter
Under kapittelet «Nye muligheter» i innstillinga lanseres land som Irak, Libya, Nordvest-Russland med fleire. Intsok sitt arbeid skal fyrst og fremst være samarbeid mellom næringsliv og regjering, kor politikarane si rolle er å vera døråpnarar for næringslivet. Ingenting skal stå i vegen for den norske imperialismen. Om tilhøvet til menneskerettar seier utvalet følgande:
«Dersom norsk næringsliv ikke kan få stabile og langsiktige politiske rammebetingelser, vil ikke bare norsk næringsliv miste adgangen til viktige utviklingsområder, men også risikere å bli oppfattet som en ustabil og lite seriøs samarbeidspartner i internasjonalt, industrielt samarbeid. Dette er realiteter som også må vektlegges i den politiske debatt og i bedriftenes egne vurderinger.»

I tillegg til desse landa er Statoil altså fullt inne i Aserbajdsjan og uttalte til næringslivet tidlegare i år at dei ser på Tyrkia som ein særs interessant marknad. Om dei no vil etablera seg i Tyrkia vil dei få god hjelp. I mai etablerte Norsk Eksportråd seg med kontor i Istanbul.

Det mest synlege av norsk kapital i Kurdistan/Tyrkia i dag er ein oljerøyrledning som no skal byggjast. I juni vart det skrivd under ein kontrakt som gjev Noreg høve til å frakta olje frå Aserbajdsjan gjennom Kurdistan til Tyrkia.

Noreg må halda seg på god fot med Tyrkia. Noreg treng, som resten av Vesten, eit alliert Tyrkia. Fram til no har Noreg vore med å bygd opp det tyrkiske militæret gjennom eit omfattande våpensal. Etter den forrige store tyrkiske invasjonen i Sør-Kurdistan i 1995 vart det lagt press på at Noreg skulle stogga det norske våpensalet til Tyrkia så lenge Tyrkia var i krig mot det kurdiske folket. Dette vann igjennom. Men kva skjedde? I 1996 solgte Noreg meir militært materiell til Tyrkia enn nokon gong før. Forklaringa var at det berre var delar til våpen Noreg tidlegare hadde solgt til Tyrkia, og at Noreg ville mista truverd som leverandør om vi ikkje fulgte opp med sal av våpendelar.

Noreg sitt militære samarbeid med Tyrkia stogger ikkje der. Som alle imperialistmakter alltid har gjort, gjer Noreg seg klåre til å nytta det norske militæret om dei norske interessane skulle bli trua. Over heile Europa blir militæret lagt om frå vernepliktshær, til mobile, profesjonelle styrker. Noreg har Telemarksbataljonen. Desse styrkene skal bli brukt – i krise eller krigsområde – som dei sjølve seier. I år var desse styrkene til Nato på øving i byen Erzurum. Byen er kurdisk og er okkupert av Tyrkia. Noreg sendte 150 mann og 12 F16 fly til øvinga. I tida som kjem vil Kurdistan koma nærare og nærare Noreg, men frå staten si side ikkje på fredeleg vis som dei sjølve vil framstille det som.

Vi vil no sjå både den tyrkiske storkapitalen, gjennom arbeidsgjevarorganisasjonen Tüsiad, og vestlege makter reisa krav om menneskerettar og demokratisering i Tyrkia. At den tyrkiske storkapitalen kjem med sånne krav er ikkje så rart. Dei treng ein borgarleg revolusjon i det halvføydale Tyrkia for å få fritt spelerom i profittkappløpet. At Europa stiller seg bak desse krava, er heller ikkje så rart. At ein del folk i Europa faktisk vil reisa det for menneskerettane si skuld, er det ingen tvil om. At ein må stø slike krav, er det heller ingen tvil om. Men når desse krava kjem med full styrke frå dei europeiske styresmaktene, vil det vera andre ting som gjer dei viktige.

Tyrkia – ustabilt
Tyrkia er i dag eit av dei viktigaste, men samstundes veikaste ledda i den imperialistiske kjeda, med borgarkrig, militærkupp, nær total mangel på menneskerettar osb. Det vil vera naudsynt for Vesten å stabilisera Tyrkia. For Europa kan det samstundes vera strategisk å stø opp om den tyrkiske storkapitalen, samstundes som USA har kontroll over generalkorpset. Når krava veks fram på dette grunnlaget, vil det ha ein tyrkisk synsstad, og ikkje gripa det djuptgåande problemet for folka i området: okkupasjonen, og den påfølgande økonomiske, militære og nasjonale undertrykkinga i Kurdistan. Vesten er framleis tent med eit okkupert Kurdistan og er livande redde for at det kurdiske folket skal ta makta over landet sitt. Og aldri før har det vore så nære eit sjølvstendig Kurdistan som i dag. Den kurdiske frigjeringsrørsla med Det Kurdiske Arbeidarpartiet, PKK i spissen har i dag støtte frå omlag 80% av kurdarane i tyrkisk Kurdistan og støtta i resten av Kurdistan veks stadig. Ikkje berre kjempar dei for nasjonalt sjølvstende, dei kjempar for sosialisme i Midt-Austen. Dette kobla med ein stor suksess har gjort sitt til at vesten har satt PKK opp som ein av dei viktigaste fiendane for verdsordnen.

Difor gjennomførast det ei massiv klappjakt på kurdarane, både i Kurdistan og i Vesten. Opp mot ein million kurdarar bur i dag i Europa. Dei er organisert med eksilparlament, TV-kanal på kurdisk, representasjonskontor i omlag alle europeiske land, og eit organisert nettverk av kurdarar på alle plan. PKK er i dag truleg den sterkaste krafta i Europa mot imperialismen. I Tyskland, kor det bur 700.000 kurdarar, har PKK 40.000 medlemmar og mobiliserer 100-150 000 sympatisørar.

PKK

Difor er det satt i gang ei klappjakt på kurdarane sine organisasjonar, og PKK særskilt. Kurdisk MED-TV blir stadig freista stengt, PKK er forbode i Tyskland og Frankrike, dansk TV avslørte at dansk overvakingspoliti tok opp det kurdiske eksilparlamentet sitt møte i Danmark på bånd, i Sverige vart PKK beskyldt for å ha stått bak mordet på Olof Palme. Med oppbygginga av det europeiske overvakingssystemet, Schengen, blir kurdarane via ei særskilt rolle. Under oppbygginga av TREVI, samarbeidet mot terrorisme, radikalisme, ekstremisme og vald vart det utarbeida eit eige program for kriminalisering av kurdiske rørsler som stør PKK. Utan at PKK var ulovleg i England, og hadde gjort noko ulovleg der, vart i slutten av 1994 ei rekke kurdarar fengsla, millom dei den europeiske representanten for ERNK, Kani Yilmaz. Alle desse vart framstilt som ein trussel for riket sin tryggleik.

Noreg er med her óg. Det har fleire gongar blitt avslørt overvaking av kurdarar i Noreg. Tidlegare i år vart representanten for den kurdiske frigjeringsfronten ERNK satt i politisk avhøyr av toll-betentar på veg inn i landet med spørsmål som: er du med i PKK? Noreg er klåre for Tyrkia og Kurdistan, og då skal ingenting stå i vegen.

Anti-imperialistar i Noreg må no nok ein gong stilla seg spørsmålet: Korleis stiller vi oss til den norske imperialismen? Så må vi ta stilling for den kurdiske frigjeringskampen, kreva stogging av alt sal av norsk militært materiell til Tyrkia, og kreva at Noreg ikkje skal finansiera den skitne krigen mot kurdarane gjennom etableringar frå norske selskap. For imperialismen er ingenting anna enn ein kolos på leirføtter. Han kan – og vil – bli stogga.