Bokomtale ved Gudmund Dalsbø
Å gå på sosialen for å overleve, er trasige greier – det er dei fleste samde om. Det er ikkje uvanleg – anten ein står til høgre eller venstre i politikken – å meine at «det beste ville ha vore om dei fekk ein jobb dei kunne hanskast med».
Standpunktet er heller ikkje ukjent i USA, der styresmaktene støtt sett i gong nye «velferdstiltak» for å få fleire inn i arbeid. Det vanlege er da, trur eg, som i Bush sitt nye økonomiprogram no i januar, å gi skattelette til arbeidsgivarane.
Men spørsmålet er: Er det nok å jobbe? Journalisten og forfattaren Barbara Ehrenreich tok til å undrast på det – kan nokon eigentleg overleve på 7 dollar i timen? Ho drog ut i det amerikanske arbeidslivet for å sjå. Tok seg jobb som servitør, som pleieassistent, som reinhaldar og i butikk. Nickel and Dimed. Undercover in low-wage USA er historia om korleis det gikk. Eller heller: korleis det slett ikkje gikk. Ho er vel verd å lese.
Ehrenreich byr oss ei lettlese, morosam, gripande – og ikkje minst lærerik – forteljing om kor vanskeleg det er å få seg arbeid, å få seg bustad. Ja, å få seg arbeid og bustad i nærleiken av kvarandre. Sjølv tar ho seg råd til å ha bil, noko ikkje alle dei nye kollegene hennar har. Vi får høyre om ein kjønns- og rasedelt arbeidsmarknad. Om orienteringsfilmar mot fagorganisering («tenk på alt du taper om du vert med i ei fagforeining!»), og om å betale avgift til arbeidsgivaren dersom du vil gå i dongeri på jobb. Om lagerrom som vert låst av, så ikkje dei tilsette skal stele 20 grams ketsjup-boksar. Om kollegaen som bur i bilen sin, og som er så heldig at sjefen lar ho parkere bak butikken. Om personlegdomstestar og narkotestar som ikkje har noko poeng anna enn å gjere det klart for arbeidssøkjaren frå første sekund at ho er ein dritt og vil bli behandla deretter. Om vaskaren som brekker beinet, men ikkje tør gå frå jobben. Om mellomleiarar som har gløymt at dei har vore kalv, og om dei tilsette sin evige omtanke for økonomien til firmaet. Men også om solidaritet mellom folk, og om gleda ved å gjøre ein skikkeleg jobb, enda ein ikkje får anstendig betalt. Om å gi fastfood-kunden litt meir dressing enn det står i reglementet (to «signal our love»).
Ehrenreich held ikkje på mange dagane før ho finn svaret: det er ikkje mogleg å leve av amerikanske låginntektsjobbar. Ho treng minst halvannan jobb. Eller ho må ha ein mann, ei mor eller ei venninne å bu saman med. (Og NB – ho har ikkje ungar å ta seg av!) Bustadproblemet er kan hende det verste. For å få eit fast husvære må ein samla seg opp nok pengar til å betale tre månader forskot. Det er umogleg. Det er difor ikkje uvanleg at fattige familiar i USA bur på motell, i alle fall utanom turistsesongen, fire personar på eitt rom til 150 dollar i veka. Du treng ikkje vere reknemeister for å finne ut at dette er ein svært vond sirkel.
Til slutt i boka freistar Ehrenreich å finne ut kva som gikk gale. Avisspaltene er fulle av «jobb ledig». Burde ikkje slikt gjøre at prisen på arbeid stig? Boka gir gode svar på kvifor arbeidsmarknaden ikkje kan fungere som liberalistane meiner han burde.
Nickel and Dimed er spanande lesnad. Boka fortel om korleis det står til i verdas fremste demokrati. Og truleg seier ho også noko om korleis det kan bli her til lands om den internasjonale frihandelen får rå. Eller kanskje er eg naiv når eg trur at ein kan leve av ein heiltidsjobb i Noreg. Kven tar på seg å finne ut om det?
Norsk utgave: Kjøpt og underbetalt (Oktober)