Nasjonar er folk

Av Leiv Olsen

2020-04

Då eg voks opp, var det radikalt å støtta nasjonal sjølvråderett og nasjonale frigjeringskrigar. I dag er «nasjon» i ferd med å bli eit fy-ord blant radikale menneske. Kva skjer?

Av Leiv Olsen er historikar og leiar i Rogaland Nei til EU, tidlegare leiar for Rogaland RV og Raudt Rogaland.
Foto: jason-leung-jCBzW_Q_UGI-unsplash


Enkelte hevdar at nasjonar er konstruksjonar. Ein konstruksjon har nokon konstruert. Kven har konstruert nasjonen? Ein nasjon er ikkje noko som det er opp til oss å avvikla, oppløysa eller endra. Me kan jo prøva, men samar er samar same kor mye me sluttar å kalla dei det, kurdarane heldt fram å vera kurdarar trass i at tyrkiske myndigheter hevda dei er fjelltyrkarar, og palestinarar finst endå om Golda Meïr hevda det motsette.

Kva er eit folk?

Ein nasjon, eller etnisk gruppe, er eit folk. Kva er eit folk? Det er – som alle fenomen som finst i den verkelege verda – vanskeleg å definera. Korleis vil du definera «pattedyr»? Dyr som føder levande ungar. Javel? Kloakkdyr legg egg, men er likevel rekna som pattedyr. Slik er det med alt som finst i den verkelege verda: Me kan prøva å definera dei, slik at me kan putta dei i båsar, og det må me gjera for å kunna danna oss begrep om kva som er typisk for det enkelte fenomenet – men ingen, absolutt ingen, fenomen i den verkelege verda passar 100 % inn i båsen me puttar det inn i.   

«Nasjon» (av latin natus, ‘bli fødd’) betyr dei som har sams biologisk opphav. Rådande oppfatning var lenge at nasjonar oppstod fordi dei hadde felles felles formødrer og -fedrar. Det synet er for lengst forlatt. Spesielt den norske sosialantropologen Fredrik Barth har bidratt til å snu opp–ned på tidlegare oppfatningar. Han påviste at etniske grupper består trass i at folk ofte skiftar mellom ulike grupper; etnisitet, eller nasjon, om du vil, er eit sosialt fenomen. Det er ikkje sånn at folk høyrer til same etniske gruppe fordi dei har sams biologisk opphav, men over tid utviklar dei ofte sams biologisk opphav fordi dei høyrer til same etniske gruppe.    

I dag definerer sosialantropologar «etnisk gruppe» som eit fellesskap der folk sjølv oppfattar at dei høyrer til same etniske gruppe, andre folk også oppfattar dei slik, og der dei som oftast (men ikkje alltid) har felles kultur og same språk. Eit slikt fellesskap vil også i stor grad ha (eller utvikla) felles biologisk avstamning. Norske får oftast barn med andre norske – ikkje fordi det er forventa, men fordi det er dei dei oftast omgås. Me snakkar gjerne om «nasjonar» når me snakkar om folkegrupper som dominerer i eit land og elles om «nasjonalitetar», «nasjonale minoritetar» eller «etniske grupper», men strengt tatt er alt dette bare ulike ord for det same. Me kan like gjerne kalla alle nasjonar. «Cherokee nation will return,» sang John Louderville på 60-talet. Etniske grupper, også kalla nasjonar eller nasjonalitetar, er ikkje stabile, men er heile tida i utvikling, og enkeltpersonar kan veksla mellom dei ulike nasjonalitetane/gruppene.

Statar er konstruksjonar – nasjonar er meir kompliserte

Nasjonalstatar er – som alle statar – konstruksjonar. Statar blir skapte, endra og går til grunne som følgje av politiske prosessar. Men det treng ikkje føra til at nasjonar oppstår, blir endra eller går til grunne som følgje av dei same politiske prosessane. Me må skilja mellom stat og nasjon.   

Ein samanheng er det likevel mellom stat og nasjon. Statar kan lykkast med å sveisa saman folkeslag til nasjonar, eller få folk til å endra oppfatning om kva folk dei er. Men det er unntak meir enn regel. Finland var svensk i mange hundre år utan at finnane blei svenske. Jämtländingar og bohusländingar blei etter kvart svenske (sjølv om mange jämtländingar ville tilbake til gamlelandet, Norge, då Sverige gjekk inn i EU mens Norge valde å stå utanfor). Skåningarna klarte den svenske staten å forsvenske, trass i seig og hard motstand frå skåningarna sjølv – gjennom langvarig og beinhard undertrykking av dansk språk, arv og kultur. Innbyggarane i dette frå gamalt sentrale danske landskapet er likevel noko for seg sjølv i Sverige.   

Både i Norge og nabolanda blei samane undertrykte i mange hundre år. Dei skulle fornorskast (eller bli svenske, eller finske) – og dei fleste blei det etter kvart. Det sette djupe spor som enno i dag står som vonde sår mange kvir seg for å rippa opp i. I dag skjer ei samisk oppvakning – men det riv opp dei gamle såra og gir derfor grunnlag for ny hets mot samane. Det er ikkje tilfeldig at Jarl Hellesvik, leiaren for organisasjonen EDL, oppretta for å bekjempa samiske rettar, sjølv er same. Norsk same som ønsker å vera bare norsk.   

Statar kan altså lykkast med å einsretta ei befolkning, og kan bidra til at det – på sikt – oppstår ei oppfatning av å høyra til den same nasjonale fellesskapen, men i all hovudsak er det ikkje sånn nasjonar oppstår.

Er nasjonar ein illusjon?

Enkelte meiner nasjonar er kunstige konstruksjonar skapte av statar, eller av borgarskapet. Då kan me vel bare vedta å fjerna dei? Viss det ikkje finst nasjonar, kan det heller ikkje finnast nasjonal undertrykking eller diskriminering. Du kan ikkje undertrykka noko som ikkje finst. Då kan me løysa problema ved ganske enkelt å slutta å kalla folk «nordmenn», «svenskar», «samar», «engelskmenn», «irar» osb. Då blir problemet at det likevel er nokon som insisterer på å kalla seg samar, palestinarar, tamilar, kurdarar, dakota, apache, cherokee, athabask, aborigin, oromo osb., og som hevdar at dei har særlege rettar som det, rettar som storsamfunnet må respektera. Dersom nasjonar ikkje finst, må me avvisa krava deira. Då spør eg:

Which side are you on?  

– Er én felles etiopisk identitet mulig? spør Tabyiba Haji Hassan i eit lesarbrev i Klassekampen 9.7.2020. Ho peikar på at diskrimineringa og undertrykkinga av oromoane ikkje forsvinn sjølv om styresmaktene no fremmar tanken om éin sams etiopisk identitet, utan nasjonale forskjellar. Århundrelang undertrykking sit i, sjølv om ein nektar å sjå det. Eg vil legga til: Det er lett å fordømma nasjonale identitetar og nasjonal politikk om ein (som meg) høyrer til det dominerande folket i eit land. Det er dei undertrykte folka som blir ramma av påstanden om at nasjonar ikkje finst, det er dei undertrykte som treng nasjonale rettar og særskilt nasjonalt vern. Faktisk treng alle undertrykte nasjonalt vern, for korleis skal arbeidsfolk makta å setta vilkår for kapitalens utbytting viss me ikkje har maktmidlar på nasjonalt nivå?

Nasjonar, eller etniske grupper, er realitetar. Nektar ein for det, driv ein undertrykking. Men det er ikkje skarpe skilje mellom dei ulike nasjonane eller etniske gruppene. Folk kan vera på veg ut av ei gruppe og inn i ei anna, og folk kan ha bein i fleire etniske grupper eller nasjonar samtidig. Folk kan vera norsk-amerikanske, pakistansk-norske, dei kan vera same og nordmann på same tid, eller same og svensk på same tid, osb. Nasjonar, eller etniske grupper, oppstår, utviklar seg og går til grunne. Dei er aldri stabile, men alltid i utvikling. Det fanst ingen «nordmenn» (i meininga: ‘nordgermanar som ikkje er svensk eller dansk’) før vikingtida. Men den norske nasjonen hadde eksistert i hundrevis av år då det kapitalistiske borgarskapet voks fram her i landet på 1800-talet.

Når og korleis blei me norske?

Fyrste gong me i bevarte kjelder høyrer om «nordmenn» i vår betydning av ordet, er i beretninga som den nordnorske hovdingen Ottar gav til Englands konge Alfred den store ein gong i 890-åra. «Eg bur lengst nord av alle nordmenn,» sa han, og då han kalla seg «nordmann», meinte han å seia at han ikkje var korkje dansk, svensk eller same, men altså ‘norsk’, innbyggar i landet han skiftesvis kalla «Nordmanna land» og «Nordveg». Før hans tid høyrer me om samar, håløygar, rygar, hordar, vestfoldingar osb. osb., men aldri om «nordmenn» i tydinga ‘nordgermanar som ikkje er dansk eller svensk’. Noko må ha skjedd som gjorde at han oppfatta seg som «norsk». Ikkje lenge etter dikta skalden Tjodolv frå Kvina «Ynglingatal», eit langt kvad om korleis ei rekke kongar hadde døydd, og om den siste døde kongen sa han blant anna: «No treivst ættgreina i Norge».

På 900- og 1000-talet fekk me eit stort tal kvad og minnesmerke som nemner «nordmenn», «Norge» som eit rike eller «kongar, herskarar over nordmenn/Norge». Men Norge var ein temmeleg flytande konstruksjon. Opphavleg var det namnet på seglingsleia langs norskekysten, men frå slutten av 800-talet blei det jamleg brukt om eit politisk rike, eit maktområde, av varierande omfang og med tyngdepunkt snart her, snart der. Til tider under dansk herredøme, til tider rådde norske kongar også over Danmark, til henimot slutten av 1000-talet levde draumen om eit samla Nordsjøvelde, og forsøka på å skapa, eller gjenoppretta, eit slikt velde. Langsomt tok dei tre nordiske statane Norge, Danmark og Sverige form. Men heile tida blei det skilt mellom nordmenn, danskar og svear/svenskar – og gautar. Endå dei alle (samt dei som hadde flytta ut på øyane vest i Atlantarhavet) snakka det same språket, som gjerne blei kalla «dansk tunge». På 1300-1400-talet blei dei nordiske landa på nytt samla i unionar – dei norske kongane og dronningane var dei som dreiv dette fram! – og Kalmarunionen, som blei formalisert i 1396, heldt på eit vis stand fram til 1523. Men aldri høyrer me at nordmenn oppfatta seg som danske, svenske eller «unionske», eller på same vis med danske og svenske – dei heldt fram å oppfatta seg som tre ulike folk. Og sjølv om Norge i 1537 blei erklært som eit dansk lydrike, og sjølv om norske bønder lærte å elska og akta kongen i Købehavn, så slutta aldri nordmenn å oppfatta seg som norske – dei såg aldri på seg sjølv som danske (i praksis heldt også dei norske statsinstitusjonane fram å fungera, gjerne med ein statthaldar oppnemnd av kongen i København).    

Oppfatninga av å vera «norsk» ser altså ut til å ha oppstått på 800-talet og har halde seg i alle tider sidan. Folk heldt samtidig fram å oppfatta seg som «håløygar», «trøndarar», «hordar/hordalendingar», «rygar/rogalendingar» osb. Folk kjende seg knytte både til grenda, fylket og landet. Me veit lite om korleis den jamne kvinne og mann tenkte, truleg kjende dei seg mest knytte til bygda eller grenda og dernest til tinglaget. Truleg var det fyrst og fremst hovdingane som i tillegg oppfatta seg som «norske». Me veit ikkje, men me veit at skaldane og dei som skreiv, dei snakka om «nordmenn» som eit særskilt folk – og dei høyrde alle til hovdingskiktet. Hovdingane var i stor grad avhengige av handel, slik at dei kunne skaffa seg luksusgjenstandar dei kunne gi som gåver til sine trufaste følgjarar, og då måtte dei halda seg inne med dei som kontrollerte kystleia. Utan handelsferder langs kysten, ingen attraktive luksusvarer. Etter at Harald Hårfagre hadde vunne slaget i Hafrsfjord, hadde han makt til å tillata eller stenga for slik ferdsel, og det same hadde alle kongar og jarlar som i hundreåra etter han hadde makta over Vestlandet, spesielt Karmsundet, helst også Vika – området rundt Oslofjorden, med dei viktige handelsbyane Skiringssal og Tønsberg. I Karmsundet blei Nottau ved Avaldsnes eit handelssentrum, som snart kom i skyggen av den nye byen på Vestlandet, Bergen – ein by som etter kvart voks til å bli Nordens største. Det er grunn til å tru at handelen langs norskekysten, ein handel som var særleg viktig for hovdingar og fiskarar i Nord-Norge, men òg hadde betydning for folk langs kysten lenger sør, bidrog til å skapa ei oppfatning blant alle som budde ved kysten om å vera eit fellesskap, eitt og same folk.    

I 1814 blei den eineveldige kongen i København tvinga til å avstå Norge til Sverige. Arvtakaren, Kristian Fredrik, var då statthaldar i Norge og ønskte ikkje gi slepp på landet. I samråd med nære vennar blant dei rikaste handelsbogarane kalla han inn til ei grunnlovgivande forsamling. Utsendingane skulle veljast blant allmenta, det vil seia mennene, i heile landet, utan avgrensing av stemmeretten – i prinsippet. I praksis ville det seia menn, ikkje kvinner, og dei hadde knapp tid, så dei kunne ikkje venta på at folk i Nord-Norge skulle velja utsendingar. Men alle stader der invitasjonen blei sendt ut, vekte den stort engasjement, og då Sveriges Karl Johan gjekk til krig for å tvinga igjennom den avståinga danskekongen hadde lova, var forsvarsviljen blant dei norske soldatane stor. Militært var dei likevel underlegne, og felttoget blei raskt avslutta då Karl Johan gjekk med på å la den nye norske Grunnloven bli ståande med mindre justeringar. Norge og Sverige skulle få felles konge og felles utanriksminister, elles skulle Norge vera eit sjølvstendig rike. Norge fekk tilmed ha sitt eige forsvar, slik at landet også kunne forsvara seg mot unionspartnaren, Sverige. Hendingane vitnar om at fedrelandskjensla, følelsen av å vera «norsk» og at me som «nordmenn» hadde noko å forsvara og ønskte å styra oss sjølv, må ha vore sterk – i heile befolkninga, ikkje bare blant dei privilegerte på toppen.  

Utviklinga frå 1814 fram til 1905 er kort fortalt ei historie om korleis rørsler blant bønder og arbeidsfolk dreiv fram både det kommunale sjølvstyret, utvidingar av stemmeretten, parlamentarismen og til slutt fekk oppløyst unionen, fleire gonger under truslar om både statskupp og krig frå svensk side, blant anna fordi folk hadde vilje til også å bruka våpenmakt om det blei nødvendig, i kampen mot konge og embetsstand:

Den gamle mann på Tinget

skal stemme trygt og kjekt

bakom Rifleringen

av den unge slekt

(Bjørnstjerne Bjørnson, i høve parlamentarismestriden i 1880-åra)

Den nasjonale kampen i Norge blei driven fram av ein allianse av mange rørsler: bondevennane, skyttarlaga, folkehøgskolerørsla, kvinnerørsla, målrørsla, bedehusrørsla med fleire. Den nasjonale kampen i Norge var folkeleg og demokratisk.    

Ein framståande leiar i den norske nasjonale kampen, Bjørnstjerne Bjørnson, var like opptatt av andre folks nasjonale fridom. Han la ned eit stort engasjement for fridomskampen til slovakane. Det var forbrødring mellom nasjonar som var målet for den norske nasjonale kampen. Det blei òg utfallet av 1905: I alle år sidan har dei nordiske folka, som i 400–500 år hadde ført uavlatelege krigar mot kvarandre, levd i fredeleg samkvem som brødrefolk.    

Det betyr ikkje at den norske nasjonale kampen var plettfri. Samar, kvenar, taterar og andre nasjonale minoritetar i Norge blei hardare undertrykte enn nokon gong. Dei representerte ei «forureining» av det reine norske og måtte bli heilt norske – og ville dei ikkje det, burde dei fjernast, for eksempel ved tvangssterilisering eller ved at ein tok ungane frå dei. Dette var ein politikk som begynte på slutten av 1800-talet og blei driven særleg beinhardt på 1900-talet, fram til 1970-åra. Den aktive antinazisten Johan Scharffenberg var ein av dei verste i arbeidet for å få til ei «endeleg løysing» på tater-«problemet». Politikken er sjeldan svart–kvit.

Nasjonal sjåvinisme eller nasjonal forbrødring?

Det finst nasjonalisme og det finst nasjonalisme. Nasjonale sjåvinistar framstiller sitt eige folk som betre enn andre, som særskilt gåverikt, kulturelt og rasemesig overlegent andre folk, utkåra til å spela ei vedshistorisk rolle; dei skal eller bør herska over andre. «Take up the white man’s burdon,» sa Kipling. Det er ei form for «nasjonalisme» som undertrykker alle andre nasjonar. Ein slik «nasjonalisme» er ikkje imperialismens motstykke, men imperialismens tvilling.    

Samtidig finst det ei form for nasjonalisme som anerkjenner alle folks rett til fridom og sjølvstyre, i det minste i prinsippet. Ein nasjonalisme som går inn for alle folks frigjering og forbrødring. Dette er imperialismens konsekvente motstykke – ja, så vidt eg kan skjønna, det einaste reelle alternativet til imperialisme.    

Kommunistar må ikkje nekta for at nasjonar finst, men kjempa for alle folks likeverd: Alle folk er like gode, alle folk har krav på respekt, alle folk har ein historisk og kulturell arv med både positive og negative trekk, dei har rett til å rå seg sjølv og dyrka det dei ser, som positivt i sin nasjonale arv. 17. mai-feiringa i Stavanger er eit godt eksempel på kva som då kan skje: Folk frå alle dei nasjonar som bur i byen, feirar seg sjølv og sine tradisjonar i Stavanger på 17. mai. Det blir vifta med norske flagg, sameflagg og eit utal andre nasjonale flagg i barne- og folketoget. Det er vakkert.    

Verda er likevel ikkje så enkel at me bare kan seia «alle folk skal styra seg sjølv». Folk bur om kvarandre, me kan ikkje trekka ei grense slik at det bare bur ein slags folk på den eine sida av grensa og bare eit anna slags folk på den andre sida. Nasjonal sjølvråderett er eit godt prinsipp, men det er bare ein rett og eit prinsipp, ikkje noko som korkje bør eller kan føra til at kvart folk opprettar sin eigen sjølvstendige stat. Men dei har rett til å gjera det, dersom det er eit utbreidt ønske og vilje til det hos det enkelte folket, og dei praktiske problema kan løysast om det er vilje til det – helst på fredeleg vis. Må det frigjeringskrig til, vil kommunistar som oftast støtta folket som slåst for fridommen sin. Som oftast – ikkje nødvendigvis, ikkje vilkårslaust.    

Alle folk kan ikkje ha kvar sin stat. Men alle folk bør ha avgjerande innflytelse på, kunne råda over, eigne livskår. For eksempel bør Sametinget få vetorett for slikt som er avgjerande for samisk kultur, næring, framtid som folk – slik vetorett har dei ikkje i dag. Eg har ikkje fasit for korleis alle mellomfolkelege forhold skal løysast, men meiner bestemt at alle slike problem kan løysast, på ein slik måte at kvart folk får avgjerande innverknad på eigne livskår, viss det er politisk vilje til det og ein arbeider seg fram til dei konkrete løysingane i kvart enkelt tilfelle.     

I dag er det ingen land der arbeidsfolk har slik innflytelse. Ikkje ein gong arbeidsfolk av eit herrefolk har det. Blant anna fordi dei høyrer til eit herrefolk, dei herskande i landet importerer billeg arbeidskraft frå utlandet samtidig som dei bruker arbeidarane i eige folk til å halda desse innvandrarane nede. Så lenge kapitalistar uhemma kan henta billeg arbeidskraft der dei ønsker, vil me få sosial dumping. Grensekontroll og nasjonal kontroll over forholda i arbeidslivet er eit nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg, vilkår for å løfta arbeidsfolks levekår.

Demokrati for arbeidsfolk

I EU snakkar dei om demokrati. Er demokrati på EU-plan mulig? Når me knapt kan snakka om reelt demokrati i Norge – folk har stemmerett, men i praksis er det finanskapitalen som rår, det er dei regjeringane lyttar til, same kva partifarge politikarane i regjeringa har – korleis kan det då bli mulig i EU? Arbeidsfolk i Norge har i alle fall ein viss innflytelse på politikken. Me har rett til å danna parti, fagforeningar, masseorganisasjonar, rett til å aksjonera, nesten rett til å streika osb. Sylvi Listhaug måtte gå som justisminister då ho begynte å snakka som Anders Behring Breivik (men etter ein stund tok Solberg henne inn igjen). Den politiske samtalen kan dei fleste her i landet følgja med i, for alle forstår kva politikarane seier (om dei ikkje driv med altfor mye tåketale).     

I EU er ikkje dette mulig. Korleis skal vanlege arbeidsfolk, den enkelte vaskekona, kunne følgja med i det politiske spelet i unionens maktsentre? Det finst ikkje ein gong eit språk som alle arbeidsfolk forstår. Jodå, mange er i stand til å snakka engelsk – men dei er neppe fleirtalet, og ofte kan det vera så som så med språkferdighetene. Endå færre snakkar eit anna språk. Og på toppen av det heile er dei fleste dokument som kjem frå Brussel, skrivne i eit språk som ikkje ein gong dei som skriv dei, forstår fullt ut. Kva som eigentleg blir vedtatt, veit ein ofte ikkje før EU-domstolen har sagt sitt.  I EU har dei val der valdeltakinga ikkje når opp i 50 %. Dei som har myndighet til å bestemma noko, er ikkje folkevalde. Dei som er folkevalde, og endå meir dei som ikkje er det, men har makta, gis ein levestandard skyhøgt over vanlege arbeidsfolk – så dei skal gløyma korleis det er å vera arbeidsfolk i EU og sosialiserast inn i den overklassen dei er meint å tjena. Og grunnlaget for heile konstruksjonen EU, og rammene for kva som er tillatt, er gitt av Romatraktaten med dens fire såkalla «friheter»: kapitalens uinnskrenka makt.

EU blir endra, og haltar vidare frå toppmøte til toppmøte, men å demokratisera EU er knapt mulig. For det fyrste fordi det krev einstemmige vedtak frå alle medlemslanda. Men mest fordi eit fungerande demokrati, altså noko som er demokratisk i praksis, ikkje bare på papiret, føreset at den politiske samtalen blir ført på eit vis som gjer det mulig for alle å delta. Eit fyrste og heilt grunnleggande vilkår er då at det finst eit språk som alle innbyggarane meistrar. Det finst ikkje i EU.

Demokrati må me slåst for. Reelt demokrati, eit styre der arbeidsfolk avgjer samfunnsutviklinga, ikkje bare demokrati på papiret. Reelt demokrati kan bare skapast på nasjonalt grunnlag.

Alternativet for Europa

EU er ein tvers igjennom udemokratisk struktur som samtidig ris av indre motsetningar på kryss og tvers. Dei hanglar vidare frå toppmøte til toppmøte utan nokon gong å løysa dei store problema som rir dei. Dei er likevel ein overmektig konstruksjon – i møtet med arbeidsfolk. Ein konstruksjon der dei store medlemslanda tvinger dei små, der Tyskland har fridom til å gjera slikt ingen andre land kan tillata seg, der klasseskilnadene aukar og arbeidsfolk blir pressa ned i stadig meir elende og naud. Arbeidsfolk mister jobben, hamnar på gata, svelt. Alt gir vatn på mølla til rasistar av forskjellige slag.    

EU kan ikkje vara. Før eller sidan vil denne konstruksjonen bryta saman. Kva er alternativet? Alternativet er samarbeid. Innad i EU er ikkje samarbeid mulig, for innad i EU rår diktat, ikkje samarbeid. Alternativet er samarbeid mellom likestilte og sjølvstendige statar.

Ekte internasjonalisme

«Arbeidsfolk og undertrykte folk i alle land, stå saman!» Kommunistar er internasjonalistar. Betyr det at me ikkje kan vera nasjonalistar? Må me velja mellom å vera nasjonale eller internasjonale?

Korfor framstilla det som eit enten – eller? Så enkel er ikkje verda. Dette enkle enten–eller, eller svart–kvitt, eller det godes kamp mot det vonde er ein filosofi som kallast dualisme. Dualismen oppfattar verda som bygd opp av eintydige fenomen. Men eintydige fenomen finst bare i fantasien. Ingenting som eksisterer i den verkelege verda er eintydig. Kommunistar bør vera dialektikarar, sjå både verda som heilskap og alle fenomen i verda som kompliserte, fulle av motsetningar, og der nettopp alle motsetningane i fenomena er det som driv utviklinga framover. Alt er i endring, alltid.

Som sagt finst det to slags nasjonalisme: nasjonal sjåvinisme eller nasjonal forbrødring. Det finst også to slags internasjonalisme: kapitalens internasjonale makt, også kalla imperialisme, og internasjonal solidaritet mellom utbytta og undertrykte folk over heile kloden. Undertrykker du eit folk, nektar dei nasjonal fridom og rettar, kan du kalla deg «internasjonal» så mye du vil, i praksis driv du undertrykking. Det blir ikkje betre om undertrykkinga blir global. Ekte internasjonalisme, slik internasjonalisme som me kommunistar streber etter, er samarbeid og gjensidig støtte mellom likestilte. Då må me gå inn for alle folks frigjering. Ekte internasjonalisme er samarbeid mellom likestilte, frie og uavhengige nasjonar. Bare dei som forsvarar den nasjonale sjølvråderetten kan vera ekte internasjonalistar.