Det er meir enn hundre år sidan Lenin definerte vår tids kapitalisme som monopolistisk. Har dette omgrepet framleis nokon relevans i vår tid?
Ein snakkar i dag om teknoføydalisme, neofascisme og nyliberalisme, men monopolkapitalismen som omgrep er ikkje like ofte i bruk. Innsetjinga av Trump, der alle dei store teknologimonopolistane sverma omkring deira nye førar (eller kanskje heller deira nye tenestemann), gav nytt liv til diskusjonane rundt monopolkapitalismen. Den tydelege politiske profilen til Elon Musk og andre oligarkar blir au snakka mykje om, og gjer ein farleg aktualitet til omgrepet.
Lenin forstod monopolkapitalismen som den naudsynte konsekvensen av kapitalismen si utvikling. Mange assosierer kapitalismen med fri konkurranse, men ser bort frå den naturlege konsekvensen av denne konkuransen: at vi på eit punkt sitt igjen med ein vinnar. Adam Smith så denne monopoliseringa som ein marknadssvikt som myndigheitene måtte teke ansvar for å rydde opp i. Såleis må myndigheitene være mektigare enn storkapitalen, for å kunne helde kontroll på han og ikkje bli kontrollert av han.
Nettopp dette spørsmålet om makt er det sentrale i Lenins analyse av monopolkapitalismen. Imperialisme er i hans auga eit meir presist omgrep enn monopolkapitalisme, fordi det let oss forstå dei politiske konsekvensane av monopoliseringa. Når kapitalen blir konsentrert i eit knippe monopol, får dei ei enorm makt over samfunnsutviklinga nasjonalt og internasjonalt. Denne makta kan dei bruke nettopp for å hindre at myndigheitene grip inn på dei måtane Smith hadde ønska seg, og såleis blir monopolkapitalen eit hinder for vår demokratiske utfolding som menneskje. Monopolkapitalen vil gjere alt i sin makt for å helde fram med akkumulasjonsprosessen som er hans raison d’être. Eit kvart hinder for denne prosessen vil bli møtt med motstand.
Pengemakt og kontroll
Konsekvensane for det globale sør er brutale, ettersom monopolkapitalen akkumulerast i eit lite knippe land i det globale nord. Monopolistane bruker pengemakta si på å kontrollere den politiske utviklinga på et internasjonalt og nasjonalt plan, og suvereniteten til landa i det globale sør blir haldt nede med vald. Dei imperialistiske interessene til monopolistane i det globale nord står i konflikt med interessene til arbeidarklassen i deira heimtrakter, men denne konflikten kan delvis roast ned ved at arbeidarar og borgarskap i det globale nord går saman for å støtte opp under imperialismen. Ettersom monopolkapitalen i nord kan tene enorme summar på å utnytte folka i det globale sør, kan arbeidarane på våre heimtrakter få relativt gode kår i bytte mot ein lojalitet ovanfor imperialismen. Dette forklarar korleis ein aukande lojalitet ovanfor USA og Nato har gått parallelt med velstandsaukinga vi har sett i Noreg. Dersom vi ikkje sett denne nasjonale utviklinga i sin internasjonale kontekst, maktar vi ikkje å forstå røynda vi lev i og fall lett ned i sjåvinisme.
Obama deporterte fleire immigrantar enn i Trumps forrige presidentperiode, og han terroriserte verdas globale majoritet med kjent amerikansk brutalitet. Biden er medskyldig i eit folkemord. Det amerikanske demokratiet står såleis ikkje for fall, som nokon vil hevde, men står fram i sin ærlegaste form i manns minne.
Demokratiets raison d’être står naken framfor oss: å oppretthalde den amerikanske monopolkapitalens dominans over verda. Vonleg er det denne dominansen som i sannleik står for fall.