Veksten i arbeidarklassen og framtida til den kinesiske revolusjonen

Av Minqi Li

2011-04

I juli 2009 organiserte arbeidarar ved det statseigde Tonghua Stålkompani i Jilin i Kina ein massiv protest mot privatisering. Deretter sveipa ei streikebølgje over dei kinesiske kystprovinsane sommaren 2010. Desse hendingane kan vise seg å vere eit historisk vendepunkt.

Minqi Li har undervist i økonomi ved Utah Universitet, Salt Lake City, frå 2006. Han var politisk fange i Kina frå 1990 til 1992. Boka hans, The Rise of China and the Demise of the Capitalist World Economy, vart publisert av Pluto Press og Monthly Review Press i 2009

Etter tiår med nederlag, tilbakeslag og stillstand stig den kinesiske arbeidarklassen atter fram som ei ny sosial og politisk kraft. Korleis vil framveksten av den kinesiske arbeidarklassen forme framtida til Kina og verda? Kan den kinesiske kapitalistklassen klare å kome utfordringa frå arbeidarklassen i møte samtidig som han opprettheld det kapitalistiske systemet? Eller vil framveksten av den kinesiske arbeidarklassen føre til ein ny kinesisk sosialistisk revolusjon som i neste omgang vil opne vegen for ein global sosialistisk revolusjon? Svaret på desse spørsmåla vil i stort monn avgjere retninga til verdshistoria i det tjueførste hundreåret.

Nederlaget til arbeidarklassen og sigeren til kinesisk kapitalisme

Den kinesiske revolusjonen i 1949 var grunna i den breie mobiliseringa av det store fleirtalet av det kinesiske folket mot utbyting frå innanlandske føydale jordeigarar, kapitalistar og utanlandske imperialistar. Med alle sine historiske avgrensingar fortener Kina i den maoistiske perioden å bli karakterisert som «sosialistisk» i den forstand at dei interne klasseforholda innafor Kina var langt meir i favør av dei proletariserte og ikkje-proletariserte arbeidande klassane enn det som typisk rår i ein kapitalistisk stat, spesielt når det gjeld periferien og semi-periferien.

 

Trass i historiske maoistiske prestasjonar vart Kina verande ein del av det kapitalistiske verdssystemet og vart tvinga til å operere under dei grunnleggande rørslelovene til systemet. Det økonomiske overskotet vart samla i hendene til staten for å fremje kapitalakkumulasjon og industrialisering. I sin tur skapte dette dei materielle føresetnadane som favoriserte dei nye byråkarat-teknokratelitane som kravde stadig aukande materielle privileg og politisk makt. Dei nye elitane fann sine politiske representantar innafor kommunistpartiet, og vart «kapitalistgjengarane som rår i partiet» (ei vanleg frase i Kina).

Mao Zedong og dei revolusjonære kameratane hans prøvde å tvinge tilbake trenden mot kapitalistisk gjenreising ved å appellere direkte til og mobilisere massane av arbeidarar, småbønder og studentar. Politisk uerfarne og forvirra arbeidarar og småbønder var enno ikkje klare til å utøve direkte økonomisk og politisk makt. Etter Maos død i 1976 sette kapitalistgjengarane, leia av Deng Xiaoping, i verk eit kontrarevolusjonært kupp og arresterte dei radikale maoistleiarane. På få år konsoliderte Deng Xiaoping den politiske makta si, og Kina var på veg mot kapitalistisk omforming.

Den såkalla økonomiske reforma tok til på landsbygda. Folkekommunane vart brotne oppløyste og landbruk vart privatisert. Over dei komande åra vart fleire hundre millionar landarbeidarar «overskots»-arbeidarar, gjort tilgjengelege for utbytting av innanlandske og utanlandske kapitalistføretak.

Massiv privatisering vart gjennomført i 1990-åra. Så godt som alle små og mellomstore statlege verksemder, og nokre store statseigde verksemder, vart privatiserte. Nesten alle desse vart seld til kunstig låge prisar, eller rett og slett gitt bort. Dei som hausta fordelane av dette, var blant andre leiande offentlege tenestefolk, tidlegare leiarar i statseigde verksemder, private kapitalistar med  kontaktar innafor styresmaktene og multinasjonale konsern. Reelt vart ein massiv «primitiv akkumulasjon» fullført, og ein ny kapitalistklasse forma ved massivt tjuveri av statlege og kollektive eigedomar. Samtidig vart fleire titals millionar arbeidarar innafor den statlege og kollektive sektoren sparka og kasta ut i armod.

Legitimiteten til denne nye kapitalistklassen vart godkjent av leiinga i kommunistpartiet. På den sekstande partikongressen (i 2002) vart partiprogrammet revidert. Innafor det gamle programmet såg kommunistpartiet på seg sjølv som fortroppen til arbeidarklassen som representerte interessene til proletariatet. I det nye programmet erklærte kommunistpartiet seg sjølv som representant for interessene både til dei «breiaste folkemassane» og dei «mest avanserte produktivkreftene». Uttrykket «mest avanserte produktivkrefter» blir i vid forstand sett på som ei omskriving for den nye kapitalistklassen.

Framveksten av den kinesiske arbeidarklassen

Sysselsetting utafor landbruket som del av Kina si totale sysselsetting auka frå 31 prosent i 1980 til 50 prosent i 2000, og auka vidare til 60 prosent i 2008.2 I følgje ein rapport laga av Det kinesiske Akademiet for Sosialvitskapar i 2002 var om lag 80 prosent av arbeidsstyrken utafor landbruket proletariserte lønsarbeidarar: industriarbeidarar, arbeidarar i tenesteytande næringar, arbeidarar innafor kontorsektoren og arbeidslause.3 Sidan det store fleirtalet av arbeidarar utafor landbruket er lønsarbeidarar, som må selje arbeidskrafta si for å sikre seg eit levebrød, tyder den raske veksten i sysselsetting utafor landbruket på massiv danning av den proletariserte arbeidarklassen i Kina.

Kina sin raske kapitalistiske akkumulering har vore grunna på den omsynslause utbytinga av hundrevis av millionar kinesiske arbeidarar. Frå 1990 til 2005 fall Kina sine arbeidsinntekter som del av BNP frå 50 til 37 prosent. Dei kinesiske arbeidarane sine lønssatsar ligg om lag på 5 prosent av det US-amerikanske, 6 prosent av det sørkoreanske og 40 prosent av det mexicanske nivået.

Frå tidleg 1980-tal av har om lag hundre og femti millionar migrantarbeidarar flytta frå landsbygd til byområde på leit etter sysselsetting. Kina sin eksportretta vareproduksjon er i stort monn basert på utbytting av desse migrantarbeidarane. Ein studie av arbeidarane sine kår i Perleelvdeltaet (eit område som inkluderer Guangzhou, Shenzhen og Hong Kong) avdekte at omtrent to tredjedelar av arbeidarane arbeidde meir enn 8 timars dag og aldri tok helge-fri. Nokre arbeidarar måtte arbeide samanhengande opp til 16 timar. Dei kapitalistiske administratorane brukte rutinemessig kroppsleg straff for å disiplinere arbeidarane. Omtrent to hundre millionar kinesiske arbeidarar arbeider under risikofylte forhold. Det er rundt sju hundre tusen alvorlege arbeidsplassrelaterte skadar i Kina kvart år, skadar som krev meir enn eit hundre tusen liv.

I Det kommunistiske manifest hevda Marx og Engels at arbeidarklassen sin kamp mot kapitalistane gjekk gjennom fleire utviklingssteg. Til å byrja med vart kampen ført av individuelle arbeidarar mot dei kapitalistane som utbytta dei direkte. Med utviklinga av kapitalistisk industri auka proletariatet i tal, og vart konsentrert i større massar. Arbeidarane sin styrke vaks, og dei byrja å forme fagforeiningar for å kjempe mot kapitalistane som ein kollektiv styrke. Dei same rørslelovene gjer seg gjeldande i Kina i dag. Etter kvart som fleire og fleire migrantarbeidarar slår seg ned i byane, og i auka omfang ser på seg sjølve som lønsarbeidarar og ikkje som småbønder, stig ein  ny generasjon av proletariserte arbeidarar med aukande klassemedvit fram. Både dei offisielle styremaktdokumenta og dei største media innser no framveksten av den «andre generasjonen av migrantarbeidarar.»

I følgje bildet som blir teikna av dei tonegivande media, er det no rundt eitt hundre millionar andre-generasjons migrantarbeidarar, født etter 1980. Dei flytta til byane like etter fullført skolegang på vidaregåande- eller ungdomsskolenivå. Dei fleste av desse folka hadde inga erfaring frå landbruksproduksjon. Dei identifiserte seg meir med byane enn med landsbygda. Samanlikna med den «første generasjonen» synest andregenerasjons migrantarbeidarar å ha betre utdanning og å vente seg meir når det gjeld sysselsetting. Dei krev betre materielle og kulturelle levekår, og dei vil i mindre grad tolerere brutale arbeidsforhold.

Gjennom sommaren 2010 ramma dusinvis av streikar bil-, elektronikk- og tekstilindustrien i Kina, streikar som tvinga kapitalistane til å akseptere lønsauke. Tonegivande kinesiske akademikarar er redde for at Kina er i ferd med å gå inn i ein periode med intense streikar, noko som vil gjere slutt på Kina sitt billege arbeidskraftregime, og truge Kina sin «sosiale stabilitet».

Kapitalistisk utvikling vil i seg sjølv skaffe fram dei objektive vilkåra for framvekst av arbeidarklasseorganisasjonar. Etter mange år med rask akkumulering byrjar den massive armeen av billeg arbeidskraft på den kinesiske landsbygda å bli oppbrukt. Kina sin totale arbeidsstyrke (dei som er mellom femten og sekstifire år gamle) er venta å nå toppen i 2012 med omtrent 970 millionar, for deretter gradvis å minke til rundt 940 millionar i 2020. Den yngste arbeidsstyrken (dei som er mellom nitten og tjueto år gamle), dei som hovudtyngda av billege, ufaglærte arbeidarar er rekruttert frå, er venta å minke drastisk frå rundt eitt hundre millionar i 2009 til rundt femti millionar i 2020. Den raske minkinga i den yngste arbeidsstyrken vil etter alt å døme auke forhandlingsstyrken til unge arbeidarar og oppmuntre dei til å utvikle meir permanente arbeidarorganisasjonar.

Då delen av sysselsettinga utafor landbruket (som mål for proletariseringsgrad) vaks til over 70 prosent både i Brasil og i Sør-Korea, frå 1970-åra til 1980-åra, steig arbeidarklasserørsla fram som ein kraftfull sosial og politisk maktfaktor. Ei liknande utvikling skjer no i Egypt.

Kina si sysselsetting utafor landbruket er no på rundt 60 prosent. Viss Kina følgjer sin eigen trend frå 1980 til 2008, med vekst på rundt 1 prosent i året, vil delen av sysselsettinga utafor landbruket passere det kritiske nivået på 70 prosent rundt 2020.

Gitt at den kinesiske arbeidarklassen vil stige fram som ei sterk sosial og politisk kraft på eit eller to tiår, då er nøkkelspørsmålet: Kva politisk retning vil den kinesiske arbeidarrørsla ta? Den rådande offisielle kinesiske politikken går ut på å bygge eit såkalla harmonisk samfunn med kompromissar mellom ulike sosiale klassar. Delar av dei herskande kinesiske elitane argumenterer for «politisk reform» for å dempe, og avleie utfordringa frå arbeidarklassen ved å introdusere vestleg borgarleg demokrati.

Vil den kinesiske kapitalistklassen klare å gje rom for arbeidarklassen si utfordring samtidig som han opprettheld den grunnleggande økonomiske og sosiale ordenen i det kapitalistiske systemet? Eller vil den kinesiske arbeidarrørsla gjere eit verdshistorisk gjennombrot, ta den revolusjonære sosialistiske vegen, og bryte grunnleggande med det eksisterande sosiale systemet? Svaret på desse spørsmåla avheng både av objektive og subjektive historiske føresetnader.

Den sosialistiske arven: Arbeidarklassen innafor den statlege sektoren

I den maoistiske sosialistiske epoken nytte dei kinesiske arbeidarane eit nivå av klassemakt og verde som var utenkeleg for ein gjennomsnittleg arbeidar i ein kapitalistisk stat (spesielt i periferien og halvperiferien). Men den kinesiske arbeidarklassen var ung og politisk uerfaren. Etter Maos død vart arbeidarklassen ståande utan politisk leiarskap og leid eit katastrofalt nederlag gjennom den massive privatiseringa på 1990-talet.

Mange av arbeidarane innafor den tidlegare statlege sektoren (kjende i Kina som dei «gamle arbeidarane») har i ettertid kjempa kollektive kampar mot privatisering og mot dei omfattande oppseiingane. Kampane har ikkje berre hatt verknad på dei oppsagde arbeidarane, men også på dei som no er tilsette arbeidarar innafor den statlege sektoren. Dette har ført til vekst i klassemedvit saman med ein viktig grad av sosialistisk medvit blant ein spesiell del av Kina sin proletariserte arbeidarklasse – proletariatet innafor den statlege sektoren.

Med orda til ein prominent kinesisk arbeidaraktivist, samanlikna med arbeidarklassane i andre kapitalistiske statar, har den kinesiske (statssektor-) arbeidarklassen utvikla eit «relativt komplett klassemedvit», grunna i denne klassen sine eineståande historiske erfaringar både i den sosialistiske perioden og den kapitalistiske perioden.

På bakgrunn av denne historiske erfaringa er kampane til arbeidarane innafor den kinesiske statlege sektoren ofte ikkje avgrensa til nære økonomiske krav. Mange arbeidaraktivistar forstår at deira noverande kår ikkje berre skriv seg frå utbytting frå individuelle kapitalistar, men også – på eit meir grunnleggande nivå – frå det historiske nederlaget til arbeidarklassen i ein større klassekrig, ein krig som førte til at kapitalismen (mellombels) sigra over sosialismen.

Ein leiar for dei oppsagde arbeidarane peika på at under sosialisme «kunne ikkje massiv oppseiing ha funne stad fordi arbeidarane styrte fabrikken, arbeidarane var brør og søstrer innafor ein klasse. Men etter privatiseringa hadde arbeidarane vorte redusert til «lønnsarbeidarar», dei styrer ikkje lenger, og dette er den sanne årsaka bak dei massive oppseiingane.» I følgje denne leiaren skulle arbeidarane sin kamp ikkje bli avgrensa til individuelle tilfelle, og heller ikkje bli nøgde med at nokre krav vart møtt. Den «grunnleggande interessa» til arbeidarane er knytt til gjenopprettinga av «offentleg eigedom til produksjonsmidla».

Mange av dei noverande tilsette arbeidarane innafor den statlege sektoren er barna til dei «gamle arbeidarane». Dei har hatt erfaring frå å arbeide saman med dei gamle arbeidarane eller dei bur i det same arbeidarstrøket. På det viset har dei som i dag arbeider innafor den statlege sektoren, vorte påverka av kampane til dei gamle arbeidarane og av deira politiske erfaringar. Dette  kom til syne under kampen til arbeidarane ved Tonghua Stålkompani mot privatisering i 2009.

Tonghua Stål var eit statseigd stålverk i Tonghua i provinsen Jilin. I 2005 vart Tonghua Stål privatisert. Statseigedomen, ein gong verdt 10 milliardar yuan, vart taksert til 2 milliardar yuan. Jianlong, eit mektig privat selskap med kontaktar til høgtståande tenestefolk i Beijing, betalte faktisk berre 800 millioar yuan, og tok over kompaniet. Etter at Jianlong tok over vart 24 000 av 36 000 arbeidarar sagt opp. Lønningar til arbeidarar på «farlege oppdrag» (der folk ofte vart skadd), vart redusert med to tredjedelar. Sjefane kunne sette i verk ulike slag vilkårleg straff mot arbeidarane.

I 2007 byrja arbeidarane ved Tonghua Stål å protestere. Under protestaksjonane vaks ein arbeidar frå maoisttida, Meister Wu, fram som leiar. Wu gjorde det klart for arbeidarane at det ikkje handla om noko isolert problem, men om «den politiske privatiseringslinja».

I juli 2009 gjekk arbeidarane ut i generalstreik. Då direktøren ved Jianlong truga med å sparke alle arbeidarane, slo dei rasande arbeidarane han i hel. Trass i at både provinsguvernøren og tusenvis av væpna politi var til stades, våga ingen å gripe inn. Etter slagsmålet vart Jilin-provinsen tvinga til å legge privatiseringsplanen til sides.

Sigeren til arbeidarane ved Tonghua Stålkompani vart ein enorm inspirasjon for arbeidarar i mange delar av Kina. Arbeidarar i fleire andre stålverk protesterte også, og tvinga lokale styresmakter til å avlyse privatiseringsplanar. Arbeidaraktivistar i andre provinsar såg på Tonghua-sigeren som deira eigen, og beklaga at «for få kapitalistar hadde vorte drepne.»

Etter år med massiv privatisering er den statlege sektoren sin industriproduksjonen i Kina verdimessig redusert til under 30 prosent. Likevel dominerer framleis den statlege sektoren fleire industrielle nøkkelområde. I 2008 stod dei statseigde og statleg haldne verksemdene for 59 prosent av verdiskapinga i kolproduksjon, 96 prosent i utvinninga av petroleum og naturgass, 72 prosent i foredling av petroleum, 42 prosent innafor smelting og valsing av jern og stål, 45 prosent innafor produksjon av transportutstyr og 92 prosent innafor produksjon og forsyning av elektrisk kraft og oppvarming.

Trass i at arbeidarane innafor den statlege sektoren no berre står for 20 prosent av sysselsettinga innafor industrisektoren, tel dei rundt 20 millionar og dei er konsentrert innafor sektorane energi og tungindustri, sektorar som er strategisk viktige for den kapitalistiske økonomien i Kina. I den framtidige oppblomstringa av kampen til den kinesiske arbeidarklassen kan arbeidarane innafor den statlege sektoren utøve svært stor økonomisk og politisk makt gjennom kontrollen dei har over industrielle nøkkelsektorar.

Aller viktigast er det at dei kinesiske arbeidarane innafor den statlege sektoren kan nyte fordelen av dei eineståande historiske og politiske erfaring som dei har. Med hjelp frå revolusjonære sosialistiske intellektuelle kan dei kinesiske arbeidarane innafor den statlege sektoren stå fram som leiinga til heile den kinesiske arbeidarklassen, og gje framtidige kinesiske arbeidarrørsler ei klar revolusjonær sosialistisk retning.

Det illegitime ved kinesisk kapitalistisk rikdom

Etter tre tiår med kapitalistisk omforming har Kina vorte omdanna frå å vere eit av verdas økonomisk mest likestilte land til å bli eit av verdas mest ulikestilte land. I følgje Verdsbanken stod dei rikaste 10 prosentane i 2005 for 31 prosent av Kina si totale inntekt, mens dei fattigaste 10 prosentane mottok berre 2 % av den samla inntekta.

Ulikskapen i rikdom er endå meir skandaløs. I følgje Verdas rikdomsrapport (World Wealth Report) frå 2006 kontrollerte 0,4 prosent av dei mest velståande familiane 70 prosent av den nasjonale rikdommen i Kina. I 2006 var det omtrent 3 200 menneske med personleg eigedom verdt meir enn 100 millionar yuan (omtrent femten millionar US-dollar). Av desse 3 200 var 2 900, eller 90 prosent, barn av høgare stats- eller partitenestefolk. Deira samla aktiva var estimert til 20 billionar yuan – eller omtrent lik storleiken på Kinas BNP i 2006.

På grunn av opphavet til den kinesiske kapitalistklassen kom ein stor del av rikdommen frå plyndring av statlege og kollektive aktiva som var bygd opp i den sosialistiske epoken. Denne rikdommen er i breie lag av folket sett på som illegitim. I følgje eit overslag vart omtrent 30 billionar yuan av statlege og kollektive aktiva overført til kapitalistar med sterke band til styresmaktene i prosessen med privatisering og marknadsliberalisering.

Ein fersk rapport avdekte at i 2008 utgjorde dei såkalla grå inntektene 5,4 billionar yuan eller 18 prosent av Kinas BNP. Forfattarane av rapporten trudde at det meste av dei grå inntektene skreiv seg frå korrupsjon og tjuveri av offentlege aktiva.

Wen Jiabao, statsministeren i Kina, er sagt å vere ein av dei rikaste statsministrane i verda. Son hans eig Kinas største private eigedomsselskap. Kona hans har hand om Kinas juvelindustri. Familien til Wen er vurdert til å ha samla opp ein rikdom verdt 30 milliardar yuan (rundt 4,3 milliardar US-dollar). Jiang Zemin (den tidlegare presidenten og generalsekretæren i partiet) er estimert til å ha verdiar på 7 milliardar yuan, og Zhu Rongji (den tidlegare statsministeren) er estimert til å ha 5 milliardar yuan. Den utbreidde korrupsjonen har ikkje berre alvorleg underminert legitimiteten til kinesisk kapitalisme. Han har også underminert den herskande klassen sin evne til å handle i tråd med eigne klasseinteresser.

Sun Liping, ein prominent og kjent sosiolog, uttalte nyleg at «kinesisk samfunn forfell med akselererande fart.» I følgje Sun er folka i den styrande eliten i Kina fullstendig drivne av eigne personlege kortsiktige interesser, slik at ingen bryr seg om dei langsiktige interessene til kinesisk kapitalisme. Korrupsjon har «kome ut av kontroll» og vorte «ustyrleg.»

Proletariseringa av småborgarskapet

På 1980- og 1990-talet var småborgarskapet (dei profesjonelle og tekniske arbeidarane) ein viktig sosial base for den pro-kapitalistiske politikken med «reform og opning». Men den allmenne og raske auken i kapitalistisk ulikskap har ikkje berre ført til utarming av fleire hundre millionar arbeidarar. Han har også øydelagt «middelklassedraumen » til mange i småborgarskapet. I følgje offentleg statistikk var omtrent ein fjerdedel av kinesiske høgskolestudentar som tok slutteksamen i 2010, arbeidslause. Av studentane som tok slutteksamen året før, var omtrent 15 prosent framleis arbeidslause. Dei høgskolekandidatane som er «i arbeid», må ofte finne seg i ei lønn som ikkje er høgare enn lønna til ufaglærte migrantarbeidarar. Omtrent ein million høgskolekandidatar (av det årlege talet på kandidatar på omtrent seks millionar) blir sagt å høre til dei såkalla «maurstammane». Det inneber at dei bur under slumliknande forhold i utkantane av dei største byane i Kina.

Veksten i prisane på bustad, helseteneste og utdanning har også underminert den økonomiske og sosiale statusen til Kinas eksisterande og potensielle småborgarskap, og tvinga dei til å gje opp draumane om levestandard som «middelklasse». Ein høgskolekandidat la tankane sine om det «miserable livet» sitt ut på Internett. Etter år med arbeid fann han at han ikkje kunne klare kjøpe ei leilegheit eller gifte seg og fø eit barn. Den unge mannen spurde seg sjølv: Korfor treng eg ei jente som kjærast? Korfor treng eg få eit barn? Korfor treng eg å ta vare på foreldra mine? La oss endre tenkemåte. Viss vi ikkje bryr oss om foreldra våre, ikkje giftar oss, ikkje får barn, ikkje har bruk for å kjøpe leilegheiter, ikkje har bruk for å ta bussar, ikkje blir sjuke, ikkje morar oss med noko, ikkje kjøper lunsj, då har vi funne sanninga om eit lykkeleg liv! Samfunnet gjer oss sprøe. Vi kan ikkje dekke nokre enkle grunnleggande behov. Tar vi feil? Vi ønskjer berre overleve.

Etter kvart som fleire og fleire individ i småborgarskapet erfarer proletarisering når det gjeld økonomiske og sosiale forhold, har eit aukande tal unge menneske vorte politisk radikaliserte. På 1990-talet eksisterte ikkje det politiske venstre i Kina. Men gjennom det første tiåret av dette hundreåret opplevde den kinesiske venstresida ei dramatisk utviding. Tre venstreorienterte nettsider, Wu You Zhi Xiang (Utopien), Flagget til Mao Zedong og Nettverket til kinesiske arbeidarar har slått gjennom nasjonalt. Nokre store nettsider, slike som Forumet Styrk Landet, ei side for dagsaktuelle saker, knytt til det offisielle partiorganet Folkets Dagblad, har vorte dominert av innlegg med venstreorienterte politiske tendensar.

9. september og 26. desember 2010 organiserte arbeidarar i hundrevis av byar og studentar ved omtrent 80 universitet og høgskolar, spreidd over heile Kina, spontane massemøte for å minnest Mao Zedong, ofte møtt med motstand og trakassering frå lokale styresmakter. Under den kinesiske nyttårsfeiringa i 2011 (9. februar) besøkte nesten 700 000 menneske Mao sin heimby, Shaoshan i Hunan-provinsen, for å vise respekt.Under dei rådande politiske forholda blir spontane minnemarkeringar for Mao Zedong antikapitalistiske masseprotestar.

Grensa for kapitalen er kapitalen sjølv

Den kinesiske modellen for kapitalakkumulasjon har bygd på eit sett med spesielle historiske vilkår: den omsynslause utbyttinga av ein stor billeg arbeidsstyrke; massiv utbytting av naturressursar og svekking av miljøet som ein følgje av det; og ein vekstmodell som er avhengig av aukande eksport til marknadane i kapitalistiske kjerneland. Ingen av faktorane er berekraftige på lengre sikt.

Etter kvart som USA og europeiske økonomiar slåss med stagnasjon og står overfor aukande kriser i framtida, kan ikkje Kina lenger lite på eksporten som drivkraft for økonomisk vekst. I tillegg er det vidt erkjent at dei svært store kinesiske investeringane har ført til massivt overskot av produksjonskapasitet og medverka til ein ikkje berekraftig etterspørsel etter energi og naturressursar. Fallande profittratar kan leie til investeringssamanbrot og ei større økonomisk krise. Derfor treng den kinesiske kapitalistiske økonomien å «ombalansere» seg sjølv ved å fremje innanlands konsum. Men korleis kan ein få dette til utan å undergrave dei grunnleggande interessene til den kinesiske kapitalistklassen?

Akkurat no utgjer privat konsum omtrent 40 prosent av Kinas BNP, offentleg konsum rundt 10 prosent, handelsoverskot omtrent 5 prosent og investeringar rundt 45 prosent. Arbeidarlønningar og landlege småbrukarinntekter summerer seg opp til omtrent 40 prosent av BNP. Slik sett svarar arbeidarklasseinntektene grovt sett til det samla hushaldskonsumet. 

Viss offentlege investeringar blir behandla som del av brutto kapitalistisk profitt, utgjer brutto kapitalistisk profitt (som er lik BNP minus lønningar og offentleg konsum) omtrent 50 prosent  av BNP. Etter å ha dradd frå avskriving på fast kapital blir netto kapitalistisk profitt omtrent 35 prosent av BNP. Denne svært høge kapitalistiske profitten (eller svært høge profittrata) er det politisk-økonomiske grunnlaget for Kina si raske kapitalakkumulering.

Gå no ut i frå at Kina har bruk for å legge om til ein konsumleia økonomi. Tabell 1 viser alternative scenaria for mulege «omleggingar» av den kinesiske kapitalismen. Kvart scenario er konsistent med eit spesielt sett med vilkår som er nødvendige for å stabilisere den kapitalistiske økonomien (med ei stabil heller enn fallande profittrate). Viss Kina si økonomiske vekstrate for eksempel kom til å falle til 7 prosent i året, då må investeringane falle til 36 prosent (runda av til 35 prosent i tabell 1) av BNP om kapitalavkastingsforholdet skal bli verande stabilt.

Vurderer vi det slik at Kina sine hovudeksportmarknader (USA og EU) kan stagnere i framtida, mens Kina sin energiimport saman med importen av råvarer vil halde fram med å vekse, då må vi gå ut i frå at Kina sin handelskonto vil vende tilbake til balanse. Av det følgjer at summen av privat konsum (lønningar) og offentleg konsum må auke til 65 prosent av BNP. Brutto profitt må falle til 35 prosent av BNP, og netto profitt må falle til 20 prosent av BNP.

I dette eksemplet må rundt 15 prosent av BNP bli omfordelt frå kapitalistisk profitt til arbeidarlønningar eller velferdsytingar. Korleis kan ein klare få til ei så stor omfordeling av inntekter, til og med under dei mest ideelle politiske tilhøva? Kva for ein del av kapitalistklassen er villig til å ofre sine eigne interesser for å sikre dei felles klasseinteressene? Gitt den svært illegitime og korrupte naturen til kinesisk kapitalistisk rikdom har ein også spørsmålet om korleis dei kollektive interessene til kapitalistklassen kan bli handtert, til og med om leiarskapen i Kommunistpartiet vedtar å fremje dei kapitalistiske fellesinteressene. Per definisjon er ikkje inntekter og rikdom som skriv seg frå korrupte kjelder tilgjengelege for skattlegging. På eit vis er den noverande historiske samanhengen grunnleggande ulik alle tidlegare i kapitalistisk historie.

Etter fleire hundreår med iherdig kapitalistisk akkumulering er det globale økologiske systemet på kanten av samanbrot og den globale økologiske krisa som er under utvikling, trugar med å øydeleggje menneskeleg sivilisasjon i det 21. hundreåret.

Som verdas største energikonsument og utsleppskjelde for karbondioksid er Kina no i sjølve senteret av globale økologiske motseiingar. Kina er avhengig av kol til omtrent 75 prosent av landet sitt energiforbruk. Frå 1979 til 2009 voks Kina sitt forbruk av kol i gjennomsnitt med 5,3 prosent i året, og den kinesiske økonomien voks i gjennomsnitt med 10 prosent i året (men i det siste tiåret, frå 1999 til 2009, akselererte forbruket av kol til 8,9 prosent i året).

Brukar vi ein sjenerøs tommelfingerregel, må vi vente at vekstrata i økonomien samla blir lik vekstrata i produksjonen av kol pluss 5 prosentpoeng. 27 I følgje kinesiske regjeringskjelder har Kina kolreservar på omtrent 190 milliardar tonn. Figur 1 samanliknar Kina sin historiske produksjon av kol med landet sin projiserte framtidige produksjon, i det vi går ut i frå at Kina sine gjenverande kolreservar som kan bli utvunne, er lik dei offisielle reservane. Kina sin kolproduksjon er projisert til å nå toppen i 2026 med ein årsproduksjon på 4,7 milliardar tonn. Vekstrata i produksjonen av kol er estimert til å minke til 3,5 prosent i perioden 2009-2020; 0,4 prosent i  2020–2030; -2,5 prosent i 2030–2040; og -4,8 prosent i 2040–2050. Følgjene for den årlege økonomiske vekstrata vil vere 8,5 prosent i 2010–2020; 5,5 prosent i 2020- åra; 2,5 prosent i 2030-åra; og 0 prosent i 2040-åra.

Altså, i 2020-åra må den kinesiske kapitalistiske økonomien gjennomføre ei omfordeling av inntekter med 20 prosent av BNP frå netto profitt til lønningar for å oppretthalde ein stabil kapitalistisk økonomi. (Sjå tabell 1). I 2030-åra må kapitalistisk nettoprofitt falle til under 10 prosent av BNP, og det vil reelt ikkje vere rom for vidare omfordeling av inntekter. Den nære energikrisa er berre ei av mange økologiske motseiingar som Kina vil stå overfor.

I følgje Kartlegging av Vassframtida Vår, er Kina venta å ha eit vatnunderskot på 25 prosent i 2030 i det aukande krav frå landbruk, industri og byar vil overgå landet sine avgrensa vassressursar. Viss Kina sin noverande trend når det gjeld jorderosjon ikkje blir stansa, vil landet li av matunderskot på 14 til 18 prosent i 2030–2050.

Som eit resultat av klimaendring og minkande tilgang på vatn vil Kina sin kornproduksjon kunne falle med 9 til 18 prosent i 2040-åra.

Proletariatet sin siger?

Menneskeslekta er no ved ein kritisk krossveg. Den vedvarande aktiviteten til verdas kapitalistiske system vil ikkje berre garantere permanent forarming av milliardar av menneske. Han vil også nesten sikkert føre til øydelegginga av menneskeleg sivilisasjon. Dette reiser det påtrengande verdshistoriske spørsmålet: Kva for ein styrke kan menneskeslekta rekne med for å oppnå global revolusjon i det tjueførste hundreåret, og både sosialisme og økologisk berekraft?

Marx venta at proletariatet skulle spele rolla som gravleggar for kapitalismen. Slik verdshistoria vart, klarte Vesten si kapitalistklasse å kome arbeidarklassen si utfordring i møte ved hjelp av avgrensa sosiale reformer. Kjerne-kapitalistklassane oppnådde dette mellombels kompromisset på grunnlag av superutbyttinga av arbeidarklassane i periferien og den massive utbyttinga av verdas naturressursar og miljø. Begge føresetnadane er no uttømde. I dei neste eitt eller to tiåra kan dei proletariserte arbeidarklassane, for første gong, bli fleirtalet blant menneska på jorda. Med massiv proletarisering i Asia nærmar til slutt verdshistoriske føresetnader seg, som i tråd med Marx, vil leie til proletariatet sin siger og borgarskapet sitt fall.

Som verdas største vareprodusent og energiforbrukar er Kina i aukande grad i senteret for kapitalismen sine motseiingar. Analysen ovafor peikar på at etter år 2020 vil økonomisk, sosial, politisk og økologisk krise mest truleg tårne seg opp i Kina.

Gitt arven frå den kinesiske revolusjonen kan subjektive historiske vilkår i Kina favorisere ei revolusjonær sosialistisk løysing av Kina sine motseiingar. Ein arbeidarklasse i statleg sektor som er påverka av sosialistisk medvit, kan potensielt ta over Kina sine økonomiske nøkkelsektorar og spele ei leiande rolle i den komande revolusjonære kampen. Ein brei revolusjonær klasseallianse kan bli forma mellom arbeidarane i statleg sektor, migrantarbeidarar og det proletariserte småborgarskapet.

På grunn av Kina sin sentrale posisjon i det globale kapitalistiske systemet kan ikkje det viktige ved ein sigrande sosialistisk revolusjon i Kina bli overvurdert. Han vil bryte heile lengda til globale kapitalistiske varekjeder. Han vil snu den globale maktbalansen avgjerande i favør av verdsproletariatet. Han vil opne vegen for det tjueførste hundreåret sin globale sosialistiske revolusjon, og dramatisk auke sjansen for at den komande globale krisa vil bli løyst på ein måte som er konsistent med det å bevare menneskeleg sivilisasjon.

Historia vil avgjere om det kinesiske og verdas proletariatet er på høgd med deira revolusjonære oppgåver.

(Artikkelen sto i Monthly Review nr 6/2011, og trykkes med deres tillatelse. Den er oversatt av Einar Jetne.)