Militærapparatet kjerna i borgarskapet

Av Ukjent forfatter

1974-01

Stadig kjem det nye prov på at imperialismen og borgarskapet set inn vald mot folket berre det set seg i rørsle og krev noko meir enn det fienden er innstilt på å tåle. Kvar gong blir det ført til torgs påstandar om at dette likevel ikkje gjeld allment, ialle fall ikkje i framskridne kapitalistiske land, og slett ikkje i Norge.

Dei som kjem med desse påstandane, er dei same som dei som avviser lærdomane til Lenin – eller freistar å gjere han til ein gjennomsnittsliberaler, slik dei gamle revisjonistane gjorde med Marx på slutten av førre hundeåret.

I Sosialistisk Valforbund er det no igang diskusjonar om «sosialistisk forsvarspolitikk». SF har gjeve ut eit debattopplegg om dette, NKP har sett ned ei nemnd til å ta seg av spørsmålet. Er dette tenkt til å bli ein open diskusjon? Er den tenkt til å ta alvorleg på dei røynslene som arbeidarklassen og folket har gjort gjennom hundre år? Vil dei gå dagsens norske røyndom etter i saumane, sjå etter kva makt imperialistane og den norske staten har å setje inn mot arbeidsfolk om dei krev for mykje? Vil dei ta omsyn til korleis staten førebur seg på ein slik situasjon?

Sant og seie trur vi ikkje det! Det vi har sett frå dei i dette spørsmålet, tyder heller på at føremålet er å finne gode argument mot dei slutningane kommunistane dreg av røyndomen. Det er om å gjere å finne ting som talar mot Lenin si tese om valdsapparatet, militærstellet, som kjerna i borgarskapet sin stat, og mot Mao Tsetung sine tesar om at den politiske makta gror ut av geværløpet og at folket inkje har, om dei ikkje har ein folkehær. Debattopplegget som SF har send ut, «Sosialistisk Forsvarspolitikk», SFs studieutval 1973, peikar i denne leia. Det same gjer det dei har å fare med i pressa si om hendingane i Chile.

Gamle argument

Argumenta dei finn fram til er dei gode gamle, til og med «professor» Kautsky sitering på at Marx sjølv meinte at arbeidarane i Amerika og England kunne nå målet sitt på fredeleg – og demokratisk – vis (SF sitt debattopplegg, s. 40). Dette viste Lenin attende som lausprat alt i1918. Sjå artikkelen frå «Den proletariske revolusjon og renegaten Kautsky» i dette nummeret.

Elles kjem det argument om at den fascistiske kjerna i offiserskorpset er svært fåtallig, at den har urliten stønad. Det skal gå an å isolere dei og kaste dei ut, for så å demokratisere forsvaret.

I siste omgang tyr ein tilmed til teoriar om at ein revolusjon i Norge vil kome i lag med «et bredt politisk og sosialtoppbrudd i flere framskredne land», så mektig at imperialismen vil drukne som i ei flodbølgje. (SF-heftet s. 41.) Difor vil ikkje militærspørsmålet få særleg mykje å seie.

Eit mogleg åtak på Norge i ein nyimperialistisk krig blir trylla vekk med prat om avspenning mellom stormaktene og framgang for «kampen for freden» verda over (jfr. NKPs prinsipprogram frå1973). Dette blir hevda i ei verd som er prega av større uro enn på lenge, der stadig fleire folk tar sin lagnad i eigne hender og grip geværet mot imperialismen! Vi trur og vi kan seie kva veg diskusjonen ber, kva program SV har tenkt å samle seg om. Vi trur det vil gå iden same leia det gjekk på SF sitt landsmøte i Trondheim 1973. Der vart det vedteke at «Partiet ser ein overgang til et alliansefritt og nasjonalt kontrollert forsvar som et skritt i riktig retning.» SF vil gje si gamle parole om total avrustning på båten – eller i alle fall dempe denne kraftig ned, og ta over NKP si revisjonistiske parole om eit nasjonalt forsvar som brukande for arbeidsfolk under kapitalismen.

Borgarstaten sitt forsvarsverk dølgjest

Dette fortel ein bra ting – at pasifismen er på attergang i SF. Han finst enno: I debattopplegget er det ein tilhengjar av ikkjevald som tilmed viser til «erfaringenefra tidligere kriger (og Vietnamkrigen idag)» og hevdar at dei syner at ein må unngå væpna kamp som forsvarsform, av di det fører til så mykje liding. (SF-heftet s. 16.)

Men det fortel og at eit nytt SV-parti vil kome til å stå på ei linje som dølgjer det forsvarsverket borgarskapet har bygd oppfor sin rett til å utbytte arbeidarklassen. Det inneber politisk avvæpning av arbeidarklassen og folket i dag – og den reine saueslakten av klassen ein gong i framtida.

Oppgjeret med pasifismen har tvunge seg fram i SF dei seinaste åra. Ikkje fordi verda har endra seg og SF alltid har vore på høgd med livsens røyndom, slik ein får inntrykk av i debatt-opplegget vi har vist til. Der heiter det: «når militær avrustning ikke lenger er noe endelig svar fra SF på forsvarsspørsmålene, henger det sammen med viktige endringer, særlig i den seinere halvdel av 60-åra.» (SF-heftet s. 33.) Det heng saman med at den revolusjonære rørsla i Norge har vore i sterk utvikling, særleg i – men også utafor – ml-rørsla. Og det heng saman med hendingane i verda, som har tvunge folk til å ta kampen vår for den kommunistiske teorien alvorleg.

Dei hendingane som har funne stad dei siste månadene – IB-avsløringane i Sverige, rettsaka mot FiB-journalistane, nederlaget for Allende-regjeringa i Chile, fascistkuppet frå kjerna i det «demokratiske» hærstellet der nede, avsløringane av øvingane mot norske progressive, både frå hæren og frå det sivile forsvarsverket, rettsaka mot soldat Narve Trædal, innstillinga frå Aulie-utvalet om politistellet– alt dette er ting som stør vår oppfatning av borgarstaten sin valdskarakter og det naudsynte i folkevæpning for å vinne kampen for sosialismen.

Kva rolle vil SV spele?

Kan hende trengst det meir stoff, fleire kjensgjerningar, lang tid, før partia er villige til å sjå realitetane i auga. Sjølv om SF kan meine dei har nådd store resultat i studieverksemda si, er det likevel så at partiet står svært svakt teoretisk. Kan hende kan NKP kome til å greie å fylle dette tomromet. Dei kan t.d. få opp-slutning om sine «ny»-kommunistiske teoriar om gradvis innskrenking av monopola si makt, anti-monopolistisk regjering og fredeleg overgang til sosialismen. Dei høver som hand i hanske til å forsvare venstresosialdemokratisk reformisme med.

Vi kjem ikkje til å stå ved sida og sjå på kva syn dei fell ned på. Mellom anna derfor legg vi fram stoff i dette nummeret som vi meiner må trekkast inn i forsvarsdebatten i SV, og andsynes SV. Men vi trur ikkje det er vi som avgjer utfallet. Ansvaret for at debatten om militærstell og folkevæpning blir ført ut frå realitetane og ikkje ut frå eit syn som går ut på å dekke dei til, det ligg først og fremst på dei som er med i SV. Det standpunktet ein vel å ta, avgjer kva kampen for sosialismen ein gong skal kome til å koste for arbeidsfolk. Det avgjer også korleis ein møter klassefienden sine åtak mot den progressive rørsla i Norge i dag.

Det er ikkje rett som Reidar Larsen hevda i eit nyttårsintervju med Klasse-kampen etter NKP sitt landsmøte – at dette er hypotetiske og lausrivne teoretiske spørsmål.