Patriarkatet, vald og menn

Av Mass Soldal Lund

2007-01

Patriarkatet undertrykkjer kvinner, men det er òg eit system mellom menn som fortel korleis menn skal innordne seg kvarandre og forhalde seg til kvarandre. Du kan ikkje ta del i den eine delen utan å ta del i den andre.

Mass Soldal Lund har lenge vært opptatt av kjønnsspørsmål.
Han forskar på utvikling av datasystem.


Det er truleg mange som har opplevd det: Å vere ein tur ute på byen og opplevd at kvelden endar med bråk og slåssing. Nokon går i tottane etter ein krangel eller over ein diffus bagatell. Kanskje var det ei fornærming eller kanskje nokon vart skubba til og mista ølen sin. Det går som regel bra. Nokon kjem til og klarar å halde slåsskjempene frå kvarandre eller på anna vis får roa dei ned. Ingen vert alvorleg skada. Kanskje tykkjer ein at kvelden er øydelagd og dreg heim, men det er inga kjempedramatikk.

Det kan vere lett å unnskylde det, og ofte vert det kanskje til at ein held kjeft. Kanskje er det ein ven som hamna i bråk, og ein vil jo vere ein god kamerat og ikkje kritisere for mykje. Ein må tolerere at vener gjer nokre dumme ting ein gong i mellom. Dei skjøner vel sjølv om dei har oppført seg dårleg, og dei er jo som regel greie. Kanskje var det ein god grunn til at det skjedde.

Og sånn kan ein halde fram å kome med forklaringar. Dei kan vere bra eller dårlege, og på sett og vis kan dei vere sanne. Men samtidig ligg det noko meir bak. Når ein gjer slik, er det med på å støtte opp om eit valdssystem. Sjølv om ein aldri tek del i slåsskampane, så er det ei stillteiande tolerering, eller kanskje ikkje alltid så stillteiande heller, for ein kan for eksempel nytta det som historier ein kan fortelje i lystig lag. Og det gjer ein til ein del av det. Ikkje aktivt med, men heller ikkje aktivt mot. Og sjølv om slike historier kan seiest å vere einskildhendingar, er det einskildhendingar som like fullt inngår i systemet.

Dette valdssystemet, som eg og dei fleste andre gutar og menn er del av, anten vi er aktive deltakarar eller ikkje, er det vi kallar patriarkatet. Eg har ikkje tenkt til å kome med nokre større utleiingar, men patriarkatet er eit system. Det er eit system som undertrykkjer kvinner, og det er det vi ofte snakkar om når vi snakkar om patriarkatet, men det er òg eit system mellom menn som fortel korleis menn skal innordne seg kvarandre og forhalde seg til kvarandre. Men du kan ikkje ta del i den eine delen utan å ta del i den andre. Du kan ikkje ta del i den delen som styrar tilhøvet mellom menn, utan å ta del i den delen som styrar tilhøvet mellom menn og damer.

Vidare er det eit valdssystem. Vald og truslar om vald er heilt grunnleggande i patriarkatet og ein av dei viktigaste måtane som patriarkatet vert opprettheldt og regulert på.

Eg skal freiste eit døme. Eit gamalt slagord seier at "alle menn er potensielle valdtektsmenn". Eg tykkjer det er eit ganske godt slagord. Ikkje av di eg meiner at alle menn er valdtektsmenn eller kjem til å verte det, men fordi det å seie nett det at vi alle tek del i det systemet som skapar valdtektsmenn. Noko ein kan høyre ganske ofte er utsegner som "om det kom ein fyr og valdtok systera mi, skulle eg samla saman alle dei største og sterkaste av venene min og grisebanka han så grundig at …". Det finst masse eksempel på den typen ting. Tilsynelatande tek ein då kanskje avstand frå valdtekt, men samtidig støttar ein opp om det systemet som skapar valdtektsmenn ved å freiste nytte vald til å regulere det. Valdtektsmannen er ikkje ein "avvikar" som står på utsida, men ein del av akkurat det same systemet som dei som vil banke han opp.

Eg ønskjer ikkje å vere del av det systemet vi kallar patriarkatet. Mest av alt skulle eg ønskje eg kunne melde meg ut av det. Det er mange som ikkje tek del i patriarkatet av di dei ønskjer å gjere det, men av di dei må. Det finst i vårt samfunn inga anna måte å vere gut eller mann på. Eg ønskjer meg eit samfunn kor eg ikkje treng ta del i patriarkatet. Anten av di det ikkje finst lenger eller at det vil vere mogleg å stå på utsida av det.

Eit ikkje uvanleg syn er at eit slikt samfunn ikkje er mogleg utan ei form for sosialisme eller kommunisme – eit klasselaust samfunn, at patriarkatet og kapitalismen er uløyseleg knytt saman. Mykje tyder på at dette ikkje stemmer. Sjølv om kapitalismen vegeterer på patriarkatet, er det to system som eksisterer og kan eksistere uavhenging av kvarandre, om enn i nokre ulike formar. Dei før-kapitalistiske patriarkata, dei sosialistisk forsøka og utviklinga av kapitalismen i Vesten visar denne uavhengigheita. Patriarkatet må brytast ned uavhengig av nedbrytinga av kapitalismen, sjølv om det kanskje vil verte lettare når samfunnet fyrst har vorte klasselaust.

Men det gode nyhendet er at vi kan byrje allereie i dag. Vi treng ikkje vente på det klasselause samfunnet før vi byrjar den lange og traurige oppgåva det er å bryte ned patriarkatet. Om det går an å seie at feministiske menn har ein jobb å gjere, er det her han er.

Det eg meiner vi kan gjere, er å byrje take vald på alvor blant oss sjølve. Byrje take avstand frå og avstå frå valdsbruk, truslar om vald, oppmoding om vald og valdsromantikk. Neste steg ville vere å aktivt bekjempe vald.

Vald i seg sjølve er ein dårleg ting, så om vi kan bidra til mindre vald er det i seg sjølve ein bra ting. Sidan vald er så grunnleggande i patriarkatet kan det òg vere eit fyrste steg i retninga av å utfordre patriarkatet. Og sist men ikkje minst er det konkret. Vald er ein konkret ting. Det gjer det ikkje lettare å verte kvitt det, men vald er lett å sjå (om ein ser etter), og alle veit kva det er og at det finst. Ingen kan kome å hevde at ein strategi for bekjemping av vald er teoretisk, abstrakt eller verkelegheitsfjern.