Marx om religion og kapitalismen som religion

Av Ivar Jørde

2018-02

Marxismen baserar seg i hovudsak på filosofisk materialisme, som m.a. utelet tilværet av overnaturlege vesen i alle formar. Det er i den verkelege verda ikkje bruk for slike forklåringar på livet og universet – ikkje minst i dag – det gjer vitskap og forsking. Naturen og universet inneheld sine eigne forklåringar, og det gjeld å finne ut av dei for å forstå tilværet stadig betre. Og difor også kapitalismen og kva han gjer med livet, naturen og tilværet.

Ivar Jørde er kunstnar, politisk aktivist, bloggar, medlem i Raudt Bergen, Latin-Amerika-gruppa i Bergen og NTL.
Foto: Pixabay

Hjå Karl Marx finn ein ei tolking av religion som ein materiell framandgjering. Marx talar om to former for framandgjering: om framandgjering i anden og om materiell framandgjering. Det nye med Marx var at han såg at den andelege framandgjeringa hadde eit grunnlag i den materielle framandgjeringa. I skriftet «Til kritikken av Hegels rettsfilosofi», side 66, skriv han m.a.:

«Mennesket som ser etter overmennesket i himmelens fantastiske virkelighet og ikke har funnet noe annet der enn gjenskinnet av seg selv, vil ikke lenger være tilbøyelig til bare å finne skinnet av seg selv, bare finne et umenneskelig vesen, der det søker etter og må søke etter sin sanne virkelighet. Det er mennesket som skaper religionen og ikke religionen som skaper mennesket. Og religionen er da menneskets selvbevissthet og selvfølelse som enten ikke har funnet seg selv ennå eller allerede har mistet seg selv igjen. Men mennesket – det er ikke et abstrakt vesen som holder til et sted utenfor verden. Mennesket – det er menneskets verden. Det er stat, det er samfunn. Denne staten, dette samfunnet produserer religionen, en fordreid verdensbevissthet, fordi de selv er en fordreid verden. Religionen er denne verdens allmenne teori. Den er dens ensyklopediske kompendium (dvs. dens konversasjonsleksikon), dens logikk i populær form, dens spiritualistiske point d’honneur (æresomgrep), dens entusiasme, dens moralske sanksjon, dens høytidelige supplement, dens allmenne kilde til trøst og rettferdiggjøring. Den er den fantastiske virkeliggjøring av menneskets vesen, fordi menneskets vesen har ingen sann virkelighet. Kampen mot religionen er derfor indirekte en kamp mot den verden der religionen er den åndelige aroma. Den religiøse elendighet er samtidig uttrykk for den virkelige elendighet og også protesten mot den virkelige elendighet. Religionen er hjertesukket til en plaget stakkar, hjertet til en hjerteløs verden, på samme måte som den er en åndløs tilstands ånd. Den er folkets opium. Å avskaffe religionen som folkets illusoriske lykke, er å kreve dets virkelige lykke. Kravet om å gi avkall på illusjonene om sin tilstand, er kravet om å forlate en tilstand som trenger illusjoner. Kritikken av religionen er følgelig kimen til en kritikk av den jammerdalen (dvs. den verkelege verda) som religionen er en hellig glorie av». (ss. 66–67)1

Marknaden og vara som eit utgangspunkt for kapitalistisk religiøsitet

Framandgjeringa gjer at arbeidarane som seljarar av sin eigen arbeidskraft til kapitalen, vert objektivisert og vert ei «vare». I arbeidssituasjonen vert produktet ein arbeidar produserar skild frå arbeidaren, avdi det er kapitalisten som eig produktet og kontrollerar produksjonsprosessen. Produktet står fram difor for arbeidaren som noko «framand», og som ho eller han ikkje har kontroll over. Som nevnt er det nye med Marx at han såg at den andelege framandgjeringa hadde eit grunnlag i den materielle framandgjeringa. I dette ligg også ei mellommenneskeleg framandgjering som har ulike uttrykk. Døme kan være at andre menneske vert sett på som mindreverdige, som snyltarar eller «belastningar på samfunnet», som fiendar eller som «framandkulturelle». Denne framandgjeringa oppstår både mellom arbeidar- og herskarklasse, men også innanfor klassane. Framandgjering kan også hende innan ein religion i høve tru, tilhøvet den truande og presteskapet/guden, osb.

I Kapitalen, i kapittelet «Varens fetisj­karakter og dens hemmelighet», forklårar Marx først kva vara sin fetisjkarakter er, at det fins ein slik fetisjkarakter med fire andre historiske samfunnsformer for til slutt å gå inn på ideologiane som er knytt til fetisjkarakteren. Marx skriv at ei vare ved første blikk ser ut til å vera ein sjølvsagt, triviell ting. Men analysa visar at ho faktisk er ein svært innvikla ting, full av metafysisk spissfindig innhald og teologiske nykkar. Sett som bruksverdi er det ikkje noe mystisk ved ho, anten me no ser på ho som noko som har eigenskapar som gjer at ho kan dekke menneskeleg trong, eller at ho først får desse eigenskapane som produkt av menneskeleg arbeid. Det er innlysande at menneska gjennom verksemda si endrar formene på naturstoffa på ein måte som gjer dei til nyttige ting. Eit eksempel på dette er eit bord som er laga av tre. Forma på treet blir endra når ein lagar bord av det, men bordet held fram med å vere tre, ein alminnelig ting som me kan sanse. Men så snart bordet opptrer som vare, så endrar det seg til ein ting som har oversanselige eigenskapar, skriv Marx. For å finne ein analogi (noko å samanlikna med) må me til religionen. I religionen ser det ut som produkta av den menneskelege hjernen har sitt eige liv. Dei trer fram som sjølvstendige skapnader som står i forhold til kvarandre og til menneska. På same måte er det i vareverda med produkta av den menneskelege handa (men som me har sett, er også hjernen, sanseorgana osb. med her). Det kallar Marx for fetisjisme, og han kleber seg til arbeidsprodukta så snart dei vert produsert som varar, og difor kan denne fetisjismen ikkje skiljast frå vareproduksjonen.2

Vara og vareproduksjon er sjølve essensen i mykje av menneskeleg handling til alle tider, også i kapitalismen, men her lyt ein spørje i høve til problematikken om kapitalismen er ein religion: Har kapitalistar si tru på vara og det ho har som potensiale til profitt, noko religiøst­ over seg? Og er marknaden den heilage staden der ho kan omsettast til beste for vekstraten og aksjonærane? Her må me sjå på David R. Loy sitt syn på marknaden i artikkelen «The Religion of the Market». Herr skriv Loy at marknaden har vorte ein grueleg sirkel av alltid aukande produksjon og konsummering med å late som å tilby ei sekulær frelse. Dette agnet som me som forbrukarar bit på, er sjølve dopet kapitalistane gjev oss og som vert endå meir globalisert gjennom marknaden sitt heilage evangelium: «Kjøp meir, forbruk meir, dykk vert meir lykkelege og me får meir profitt» (mi formulering). Dette saman med kapitalismen si tru på at marknaden løyser alt og regulerar seg sjølv til beste for alle, er religiøst som fenomen og gjev eit sterkt insentiv til vår tids verdsomspennande «nye religion». (s. 286) Loy avsluttar sin artikkel (Ibid, s. 289) med at marknaden ikkje berre er eit økonomisk system, men ein religion. Ikkje ein god ein, fordi marknaden berre kan tilby ei sekulær frelse som aldri heilt kan leverast. Marknaden sin akademiske disiplin, sosialøkonomien, er best forstått som teologi latande som å vera ein vitskap, skriv han. Konklusjonen hans då er at ein religiøs dimensjon må vera løysinga på problemet. Dette også sett ut i frå hans buddhistiske ståstad.3

I både det Loy og Marx skriv, ligg mykje av kjerna til om ein kan tale om kapitalismen som religion. I både den «ekte» religion og i den «materielle» religion, er spørsmålet om noko metafysisk er til stades. For kapitalisten er vara, arbeidaren som sel si arbeidskraft og marknaden, det som skal til for å skaffe profitt, og trua på at marknaden og privat eigarskap i produksjonen er vegen til «økonomisk frelse» og dermed velstand, i tillegg gode investorar. Marx derimot seier at det kun er vara si arbeidskraft som skapar verdiar, men at varene som vert produsert, må seljast på ein marknad for at verdien vert realisert og profitten gå til kapitalisten.

Går ein til kapitalistar og investorar er det mange tankar og haldningar som er interessante i høve problemstillinga om kapitalisme er ein religion eller ikkje. I dette sitatet frå ein artikkel av Bruce Cook, Managing General Partner, Kingdom Venture Partners, er dei religiøse samanlikningar med økonomisk gevinst og direkte sitat frå Bibelen tydelege:

«Selskapet mitt ser til dømes etter forretningar der det er sjanse til å tene minst 5 gonger investeringa (500 %), og helst 10 gonger eller meir (1000 %+). Bibelen seier i Første Mosebok 26:12 at Isak fekk 100 fold på eitt år; 100 fold er 10 000 %. Bibelen taler au om auke på tusen fold og meir (100 000 %), og ulike nivå å bli velsigna på. (Femte Mosebok 1:11, Jesaja 60:22 og Salmane 144:12–15.) Ein auke som er eksponensiell og ikkje stig gradvis gir høve til det bibelen omtalar som «lager». Lager som kornlagera i Egypt (Første Mosebok 41) betyr noko for nasjonar og ikkje bare selskap, byar eller fylke. Det finst moderne lager som Microsoft, Intel, Dell, Home Depot, Federal Express, Southwest Airlines, eBay, Amazon, Berkshire Hathaway, Wal-Mart og andre. Dei har skapt og spreidd enorme rikdommar i verda gjennom si velgjerd, sine arbeidarar, sine investorar, og si skattebetaling. Eg trur Gud no gir Kristi lekam nøklane som opnar skattkammera for kongedømmet, og kunnskapen om «skattar som er løynde i mørkret». (Jesaja 45:3).4

Ser ein på økonomar sine tankar om kapitalisme og kva det inneber, finn ein seiingar som: «Eg trur me står framfor ein ny normal. Denne nye normalen inneber høgare naturleg arbeidsløyse … som sju prosent framfor fem og ein halv som ho var på nittitalet. Lågare vekst er au ein del av det … kanskje på to prosent per år i staden for tri prosent som me har hatt dei siste tiåra, og fire som me såg på 1950- og 1960-talet. Dette reiser sjølvsagt spørsmålet … ‘Å gud, kva gjør me med det?’». Edmund Phelps, Nobelprisvinnar i økonomi, 2011.5 Ein annan nobelvinnar i økonomi er Friedrich Hayek (1899–1992), austerisk-britisk økonom og politisk filosof, talte ofte om den reine frie marknaden og minimal påverknad i økonomien frå staten. Ein av hans uttalar i høve eit intervju om det påstått gode tilhøve Hayek skulle ha hatt til Pinochet, diktatoren i Chile på 1970- 80-talet, var:

«Eg er heilt mot diktatur som varige institusjonar. Men diktatur kan vere nødvendig i ein overgangsperiode. […] Personleg vil eg heller ha ein liberal diktator framfor ei demokratisk regjering som manglar liberalisme.»6

Chile var på denne tida eit beinhardt diktatur og eit nyliberalistisk eksperiment. Ekstrem liberalisering av økonomien med hjelp frå Det Internasjonale Pengefondet (IMF) og USA-økonomar, og storstilt privatisering (kopargruvene var unntaket som var for viktige for staten til å gje slepp på), gjorde at økonomien kom på få hender, men med økonomisk vekst. Likevel var ulikheitene store og fattigdomen høg. Dette tidlege nyliberalistiske eksperimentet vart i «religiøse» ordelag hylla av nyliberale økonomar som Hayek og Friedman7, og nyliberale statsleiarar som Reagan og Thatcher.

Avslutning

La meg prøve å samanfatte hovudtrekka i denne artikkelen. Kapitalismen sine ulike fasar, oppgang og nedgang, dei moglege religiøse framtoningane i kapitalistane sin eigenforståing og kapitalismen si krise i kontrast til det, er viktig for å danne seg eit så heilt bilete som råd er av problematikken. I Kapitalen skriv Marx om kriser at det er ei dobbeltheit i kapitalismen, ekspansjonstrongen og grensene for kva som er mogleg, er innebygd i systemet. Når ikkje dette alltid går opp, talar me om krisene som oppstår. I Karl Marx/Friedrich Engels, 1991: skriv Marx om at den første fasen (andelege) i framandgjeringa heng saman med andre fase, materiell framandgjering. Som eg har vore inne på så har vara, i følgje Marx, ein fetisjkarakter og ein metafysikk. Kapitalisten ser på vara, produksjonen og arbeidaren som middel til økonomisk «frelse og velstand». Gjennom å arbeide om naturen skapar mennesket ting til seg gjennom produksjon. Dette kallar han for tingleggjering, men frå det augeblikk den tvungne arbeidsdelinga og privateigendomen oppstår, går denne tingleggjeringa føre seg på ein framandgjort måte. Noko som tyder at det menneskelege fellesskap ikkje har medvete kontroll med dei kreftene som kapitalistane nyttar i produksjonen, også kalla produktivkreftene. Desse kreftene har ein tendens til å verte noko som er lausreve frå menneska og som møter menneska på ein framand og fiendtleg måte. Den heilt utvikla og høgaste form for framandgjering finn ein under kapitalismen, då kapitalen styrer utviklinga ut frå profittbehov og ikkje ut frå dei menneskelege behov, skriv Marx i «Det fremmedgjorte arbeidet» (Ibid, ss. 190–191).

Både Loy og Marx skriv om marknaden og vara som eit utgangspunkt for religiøs åtferd. Likevel er det heilt ulike tilnærmingar. Loy ser på kapitalismen, marknaden og konsumerismen som ein religion, men det er ikkje ein genuin religion. Denne forfeila trua på frelse gjennom marknaden som det heilage, vil han erstatte med den «ekte religion», som menneska er i ferd med å tape perspektivet av. Eg meiner han tek feil. Ser ein på hans omtale av kapitalismen som den «nye religion» kan det hevdast at det er ein «ekte religion» på linje med andre religiøse tenkesett. Marx sitt prosjekt er å forklåre menneskeleg framandgjering både i religiøs og materiell tyding. Han vil sjå på religion som eit lureri der metafysikken, det oversanselege vert presentert som verkeleg. På same vis i den materielle verda, der produktivkreftene (som kapitalistane kontrollerar) og der arbeidaren ikkje har kontroll med eigen produksjon og dermed si eiga arbeidskraft.

Den «nye kommunikasjonen» innanfor systemet og mellom kapitalistar som Chiapello og Fairclough8 skriv om, har eit «nyreligiøst» preg over seg. Tankegodset og ideologien om ein «betre» og meir effektiv kapitalisme vert formidla mellom dei ulike aktørane, anten det gjeld bankdirektørar, folk frå Pengefondet, bedriftsleiarar, politikarar eller økonomar og rådgjevingsbyråer. Eit heilt sett av metaforar (t.d. marknaden som gud, evig vekst), samanlikningar med historiar frå Bibelen (som nemnt ovanfor) og trua på at dette er det einaste menneskeskapte systemet som verkar, har religiøse overtonar over seg. Men er det fullt ut å rekne som ein religion? Forskarar, som Loy og Christoph Deutschmann9, meiner det. Deutschmann skriv at sidan fenomenet pengar overskridar avstanden mellom det verkelege og det tenkte, har pengar akkurat den same kvalitet som t.d. ideen om ein gud. Den nye religion har kult og krev tilbeding, men den leia ikkje til frelse (Walter Benjamin), berre til alltid aukande «skuld». Når det gjeld dei menneska som får det metafysiske gjennom religiøst/materielt ritual, også kapitalistar, har begge tydlege samanfallande trekk med det eg vil definere som religion. Den kapitalistiske religion fekk tydeleg eit sjokk når finansbobla sprakk hausten 2008. Slike kriser har det vore før, men kapitalismen har vist ei sær evne til å kome seg att kvar gong. Om dette systemet vil vare i «all eva», er det berre dei mest religiøse som trur på, og det krev truleg nokon som er veldig sterke i trua for å lukkast. Men vert dei mange nok eller vert motstanden stor nok? Ein ting er i alle høve viktig å gjera noko med: Avskaffe kapitalismen – religiøs eller ikkje!

Notar

1) Karl Marx/Friedrich Engels: Økonomisk-filosofiske manuskripter og andre ungdomsverker, ss. 66–68 (Klargjerande parentesar er mine. I.J.)

2) Karl Marx: Kapitalen bind 1, Første bok: Kapitalens produksjonsprosess. kapittel 1.4. «Varens fetisjkarakter og dens hemmelighet», ss. 69, 86–87

3) David R. Loy, «The Religion of the Market», i Journal of the American Academy of Religion, ss. 275–290, http://www.jstor.org/stable/1465766

4) http://www.kingdomventures.com/index.php (www.kingdomventures.com/pdf/What_a_Venture_Capitalist_Really_Thinks.pdf)

5) http://thoughteconomics.blogspot.com/p/index-of-all-interviews.html

6) https://en.wikipedia.org/wiki/Friedrich_Hayek

7) https://en.wikipedia.org/wiki/Milton_Friedman

8) Chiapello, E. og Fairclough, N. L., “Understanding the new management ideology: a transdisciplinary contribution from critical discourse analysis and new sociology of capitalism”, i Discourse & Society ss. 185–208. http://das.sagepub.com/content/13/2/185

9) Christoph Deutschmann, “Capitalism as a Religion?: An Unorthodox Analysis of Entrepreneurship”, i European Journal of Social Theory, 4, ss. 387–403. http://est.sagepub.com/content/4/4/387 (Alle hermeteikn er frå Deutschmann.)