Manifestet og partiet

Av Terje Valen

1998-01


Det er eit faktum at kapitalismen på verdsbasis idag er mykje meir lik den kapitalismen som Marx skreiv om, enn den kapitalismen som fanst då Marx sjølv levde. Det kjem av at Marx ikkje skreiv om ein fastlåst struktur, men at han skreiv om den kapitalismen han såg utvikle seg ut frå det sluttpunktet som denne utviklinga gjekk mot.

Marx skreiv altså eigentlig om lovmessigheitene i ein fullt utvikla kapitalisme. I England fann han alt i førre hundreåret mykje som viste kva det var/ville bli. Dette er grunnen til at verda idag er lettare å forstå ut frå den marxistiske teorien enn nokon gong tidlegare. Difor, meiner eg, er marxismen og kommunismen meir aktuell no, under monopola sin nyliberalisme, enn i heile tidsrommet frå 2.verdskrigen og frametter til 80-åra. Det gjør også kommunistparti som bygger direkte på den marxistiske tradisjon er meir aktuelle no enn før.

No er det sjølvsagt også slik at mange detaljar er svært forskjellige, slik at eit kommunistisk manifest idag, måtte sjå annleis ut – og et gjeld jo særlig kapittel 3 og 4 i manifestet. Men det er ei anna skål. Det eg vil sjå litt på er teorien om det kommunistiske partiet.

Det ser ut som om mange trur at teorien om det kommunistiske partiet var noko nytt som Lenin laga rundt førre århundreskiftet. Men Marx skreiv nokre viktige saker om det i Manifestet, særleg i 2 kapitlet. La meg sitere:

«I kva slags tilhøve står kommunistane til proletarane i det heile? Kommunistane dannar ikkje noko særskild parti som står i motsetnad til andre arbeidarklasseparti. Dei har ingen interesser som er skilde frå og på sida av heile proletariatet sine interesser. Dei stiller ikkje opp nokre åtskilde prinsipp for seg sjølv som dei vil forme den proletariske rørsla etter.

Kommunistane skiljer seg frå dei andre arbeidarklassepartia berre ved dette: 1. I den nasjonale kampen til proletarane i ymse land, peikar dei ut og får i framgrunnen fellesinteressene til heile proletariatet uavhengig av all nasjonalitet. 2. På dei forskjellige utviklingstrinna som arbeidarklassen sin kamp må gå gjennom representerer dei alltid og alle stader interessene til rørsla som heilskap.

Derfor er kommunistane på den eine sida, i praksis, den mest (framskridne og) målmedvetne delen av arbeidarklassepartia i kvart land; teoretisk har dei framfor den store massen av proletarar den fordelen at dei klårt forstår marsjretninga til og vilkåra for og dei endelige almenne resultata av den proletariske rørsla.

Omstyrting

Det næraste målet til kommunistane er det samme som alle dei andre proletariske partia: omdanninga av proletariatet til ein klasse, omstyrtinga av borgarveldet, proletariatet si erobring av den politiske makta.

Dei teoretiske konklusjonane til kommunistane er ikkje på noko vis grunnlagt på idear eller prinsipp som er blitt oppfunne, eller oppdaga av den eine eller andre verdsforbedraren.

Dei berre uttrykk, i almenne vendingar, for virkelige tilhøve som spring ut av den eksisterande klassekampen, av ei historisk rørsle som går føre seg framfor augene våre.»

Kva slags parti er det Marx samanlignar kommunistane med? Han samanlignar dei med arbeidarklasseparti som har som mål «omdanninga av proletariatet til ein klasse, omstyrtinga av borgarveldet, proletariatet si erobring av den politiske makta.» Altså – i den grad slike arbeidarparti eksisterer, så skiljer ikkje kommunistane seg ut frå dei. Då er kommunistane med i desse partia i kvart land og har den rolla som Marx her skriv om.

Men kommunistane var organisert som kommunistar også – i «Kommunistenes forbund» som Marx og Engels var med i leiinga for frå det blei skipa hausten 1847 etter ei omdanning av det tidligare «Dei rettferdiges forbund». Som Engels skreiv 8.oktober 1885 så var Marx og han klår over «At det var naudsynt med ein organisasjon innanfor den tyske arbeidarklassen sjølv om han bare hadde propaganda for auge, og at denne organisasjonen, i den grad han ikkje bare var av lokal natur, bare kunne vere hemmelig ..» Denne organisasjonen hadde også vedtatt statuttar som seinare har vorte modell for alle kommunistparti. Her er kommunismen målet, vilkåra for medlemsskap er strenge, medlemmene har dekknavn, organisasjonen er sett saman av avdelingar, kretsar, leiande kretsar og eit sentralstyre. Avdelingane skal ikkje kjenne til kvarandre og ikkje skrive til kvarandre. Kongressen er øvste organ.

Kommunistenes forbund

Det kan vere verdt å sitere litt frå tufta til «Kommunistenes Forbund». (Samme bok, sidene 101 – 107)

«Artikkel 1. Forbundets formål er å styrte borgerskapet, er proletariatets herrdømme, opphevelse av det gamle borgerlige samfunn som hviler på klassemotsetninger og opprettelse av et nytt samfunn uten klasser og uten privateiendom.

Artikkel 2. Vilkårene for medlemsskap er:

  • A. Et liv og en virksomhet som svarer til dette formål;
  • B. revolusjonær energi og propagandaiver;
  • C. at en bekjenner seg til kommunismen;
  • D. at en avholder seg fra å delta i enhver antikommunistisk politisk eller nasjonal forening, at en opplyser til sin overordnede instans om hvilken som helst forening en deltar i;
  • E. at en underkaster seg Forbundets vedtak;
  • F. at en ikke røper noe om Forbundets eksistens eller anliggender;
  • G. enstemmig opptaking i forbundet.

I eit slikt forbund blir dei leiande organa valde på kongressar og årsmøte. Det tyder at dei veljer ein fraksjon som får makt til å leie forbundet. Det er ikkje tillate å opprette fraksjonar som konkurrerer med leiinga om makta i forbundet. Det er heller ikkje mulig fordi dei forskjellige partilaga og kretsene ikkje har lov til å ha kontakt med kvarandre. Artikkel 9: «Avdelinger av forskjellig slag er ukjente for hverandre og fører ingen korrespondanse med hverandre. Over avdelingane er det kretser og over kretsane er det ein leiande krets. Artikkel 18. Den ledende krets er utøvende myndighet for samtlige kretser i sin provins. Den står i korrespondanse med disse kretsene og med sentralstyret.»

Sentralisme

Det tyder altså at all korrespondanse frå avdelingar om tilhøve som har med heile forbundet å gjøre må gå gjennom kretsen til den leiande kretsen og vidar til sentralstyret. Vi må vel seie at dette er ei mykje strengare og meir sentralistisk organisasjonsform enn den AKP har idag. Sant å seie liknar han svært mykje på det vi seinare har lært å kalle den leninistiske partimodellen.

Men det viktigaste er likevel den særeigne rolla som Marx seier at kommunistane har. Denne rolla er knytt til kommunistane sin teoretisk innsikt. Det er den, og den aleine, som gjør at dei kan representere heile den proletariske rørsla sine interesser. Svært mange klassekjemparar kan vere dyktige i kampen for arbeidarklassen sine umiddelbare mål og interesser. Denne kampen deltar også kommunistane i, «men samstundes representerer dei i den noverande rørsla, rørsla si framtid.» (Manifestet, 4. kapittel)

For å klare dette må alle som vil følge opp denne tradisjonen altså legge mykje arbeid ned i å tileigne seg den marxistiske teorien på ein allsidig og djup måte og i tillegg må dei utføre grundige empiriske studier som blir grunnlaget for utviklinga av politikken og taktikken. Dette er eit naudsynt vilkår for å lukkast i kampen for kommunismen. Og det er eit naudsynt vilkår for å skape, halde opp og fornye eit kvart kommunistparti, og alle organisasjonar som vil kalle seg kommunistiske. Og no – 150 år etterat Manifestet vart skrive – kan vi sette igang og studere manifestet att, eller på nytt. Så må vi kritisere det på skapande vis, slik vi må gjøre med all overlevert kunnskap. Men først må vi forstå!