Massemord på barn som førebyggjande tiltak mot terrorisme

Av Majnat Abdullajeva

2007-01

Moskvas handlingar i dei åra den russisk-tsjetsjenske konflikten har pågått, har kosta over 40.000 barn livet – noko som aldri kan bli sett på som del av ein kamp mot global terrorisme, med mindre ein, sjølvsagt, går ut frå den hypotetiske haldninga at desse barna i framtida kunne ha blitt terroristar, og at ein derfor ser på deira brutale bortgang som eit preventivt tiltak mot mogeleg terrorisme.

Majnat Abdullajeva er tsjetsjensk journalist, som har måtta gå i eksil og no lever i Tyskland.
Innlegget blei halde på IRCTs (www.irct.org) sitt internasjonale symposium i Berlin 9. og 10. desember 2006.
Artikkelen er oversatt av Rolf Vårdal.

 


 

Den andre krigen i Tsjetsjenia, som tok til i 1999 under nemninga anti-terroristoperasjon, har no halde fram i sju år, og blir følgd av grove brot på menneskerettane. Trass i freistnadene frå den russiske staten i mange år på å overtyde det internasjonale samfunnet om normalisering av situasjonen i den tsjetsjenske republikken, har konflikten i røynda auka på kvart år, kun endra form over tid og funne meir raffinerte og perverterte uttrykk. Vidare endra konflikten seg allereie frå ein lokal russisk-tsjetsjensk krig, til ein konflikt mellom Russland og andre republikkar i Nord-Kaukasus, som Dagestan, Ingusjetia og Kabardino-Balkaria. Denne konflikten er fulgt av ei svært alvorleg krise i det som omhandlar brot på fundamentale menneskerettar.

Heilt frå dei militære aksjonane starta i Tsjetsjenia har Kreml prøvd å framstille desse som ein slags anti-terroristoperasjonar, men etter dei tragiske hendingane 11. september, har dette ynskjet frå Moskva blitt eit aksiom. Men, som eit resultat av Moskvas handlingar i dei åra den russisk-tsjetsjenske konflikten har pågått, har mellom 150.000 og 200.000 innbyggarar i den lille nord-kaukasiske republikken blitt drepne, inkludert over 40.000 barn – noko som aldri kan bli sett på som del av ein kamp mot global terrorisme, med mindre ein, sjølvsagt, går ut frå den hypotetiske haldninga at desse barna i framtida kunne ha blitt terroristar, og at ein derfor ser på deira brutale bortgang som eit preventivt tiltak mot mogeleg terrorisme. Vidare har nesten halvparten av befolkninga i Tsjetsjenia blitt tvinga til å forlate territoriet og bli flyktningar, og det nøyaktige talet på invalide og foreldrelause er ukjent til og med for dei pro-russiske tsjetsjenske byråkratane.

Trass i dei evige freistnadene frå det russiske leiarskapet med president Putin i spissen på å halde fram sine overgrep med militærmakt i Tsjetsjenia som eit bidrag til kampen mot internasjonal terrorisme, er det dei tusental av fredelege innbyggarar i republikken som lir mest under dette. I mange år har dei vorte utsette for daglege lidingar som følgje av dei absolutt illegale overgrepa som er begått av soldatar frå dei ulike og talrike makstrukturane mot dei fundamentale rettane sine – først og fremst retten til liv.

Kidnappingar. Masseutreinskingar

Frå starten av det andre militære felttoget i Tsjetsjenia har tusenvis av menneske blitt offer for kidnapping av soldatar eller allierte til dei ulike russiske maktstrukturane. I dei første åra av krigen vart dei fleste arresterte i såkalla "oppreinskingar" (zatsjistki), det vil sei i dei spesielle operasjonane som skulle kontrollere pass i ein eller annan busetnad i republikken. Etter at dette blei rutine i dei første dagane av krigen, vart desse spesielle operasjonane utførte i hovudsak på følgjande måte: Russiske soldatar med hjelp av pansra kjøyretøy blokkerte busetnader i dagevis utan å tillate nokon av innbyggarane å forlate staden, før dei så systematisk kontrollerte dokumenta blant lokalbefolkningen på leiting etter personar som tilhøyrde den tsjetsjenske opposisjonen eller som hjelpte eller sympatiserte med separatistane. Sidan mange av innbyggarane hadde mista dokumenta sine i løpet av det militære felttoget (brende saman med heimane deira under bombing, mista under fleire evakueringar frå stridssoner til tryggare stader, etc.) blei hundrevis av fredelege innbyggarar arresterte – i prinsippet for å stadfeste identiteten deira – før dei forsvann utan spor.

I følgje ulike menneskerettsorganisasjonar har mellom fem og åtte tusen menneske blitt bortførde og deretter forsvunne utan spor sidan hausten 1999 under slike oppreinskingar, då russiske styrkar starta på ei lang rekke av bitre slag for å okkupere tsjetsjenske busetnadssentra, det eine etter det andre. Vidare understrekar sjølv Memorial, menneskerettsorganisasjonen som i dag er best i stand til å overvake hendingar i Tsjetsjenia, gjentekne gonger at dataa deira er baserte på undersøkingar som er gjennomførde berre på ein tredel av republikkens territorium, så det kan ikkje avspegle til fulle den totale utstrekninga av slike brot på menneskerettane. Vidare er innbyggarane i republikken etter år med krig blitt vande med sin totale mangel på rettar og dei militære forbrytaranes immunitet, og er redde for represalier frå dei militære, og bestemmer seg ofte for ikkje å gå til statens juridiske organ angåande arrestasjon og forsvinning som gjeld slektningar. Leiting etter kidnappa eller arresterte familiemedlemmer blir ofte utført av deira næraste slektningar, som brukar sine eigne ressursar. Dette er resultat av den stemninga av terror og mistillit som med hensikt har blitt framdyrka i Tsjetsjenia dei siste åra, og også den systematiske spreiinga av informasjon og angiveri, som i storleik minner om Stalin-tida. Dette siste elementet medfører vidare at slektningar av kidnappingsoffer ikkje vender seg til dei offisielle juridiske strukturene, noko som medfører stillheit rundt eit enormt tal på slike brotsverk.

Målretta individuelle oppreinskingar

Ei anna form for kidnapping som har funne stad i ein kolossal målestokk i den siste tida, er såkalla "målretta individuell oppreinsking" (adresnye zatsjistki). Om ein kan seie at soldatar i hovudsak utførte dei ovannemnde daglege masse-"oppreinskingane" av heile busetningssentra i dei første åra av krigen, har dei i dei siste to eller tre åra føretrukke den spesielle "know-how" frå den andre Tsjetsjenia-krigen som blir kalla "målretta individuell oppreinsking". Når den først blei teken i bruk, blei denne "målretta individuelle oppreinskinga" presentert av det russiske militæret som eit middel for å forsvare dei uskuldige som hadde vore offer for masse-"oppreinskingar" – sidan dei einaste som blei arresterte under "målretta individuell oppreinsking" antakelegvis ville vere dei som braut spesifikke lover eller deltok i illegale væpna grupper, som russisk propaganda kallar den tsjetsjenske motstandsrørsla. I alle høve har det i røynda vore under "målretta individuelle oppreinskingar" dei siste åra at det største talet på lokale innbyggarar, der det overveldande fleirtalet ikkje hadde det minste å gjere med motstandsrørsla, har forsvunne utan spor. Ein kan kort oppsummere dei såkalla "målretta individuelle oppreinskingane" som følgjer: midt på natta eller ved daggry kjem soldatar, anten maskerte eller utan kjenningsmerke køyrande i pansra køyretøy med overmalte nummerskilt til heimen til ein innbyggar i republikken, dei bryt seg inn i heimen, pågrip den sovande personen og tek han med seg (ofte i nattklede, utan tid til å kle på seg). Det er nesten uråd å finne ut tilhøvet desse "flygande hollendarane" i den tsjetsjenske krigen har til den eine eller andre offisielle maktstrukturen, og å spørje desse nattlege besøkande om å vise dokument er jamngodt med å skrive sin eigen dødsdom. Nokre av dei pågripne blir sette fri etter fleire dagar, og har gjentekne gonger blitt torturerte og slegne; ofte blir dei kjøpt fri av slektningar for ein stor pengesum – om dei, sjølvsagt, har lukkast raskt i å finne ut kvar offeret har blitt teke.

Det fins ei slags prisliste med prisar for løysepengar for kidnappingsoffer. Ein levande person (jamvel om han er torturert nesten til døde) kostar mellom 3 og 7 til 10 tusen dollar. Etter å ha betalt denne summen har slektningane ein sjanse til å få tilbake offeret før det er tid til å skyte han. Lika av desse som er kidnappa og så myrda, kostar litt mindre. Returen deira – og sjansen til å gravlegge dei – kostar som regel mellom 1.000 og 3.000 dollar.

Mange forsvinn utan spor. Svært ofte blir lika av menneske som er pågripne på denne måten, til slutt funne i utkanten av busetnader eller i massegraver, med teikn på ein voldsom død.

Massegraver

Ei av dei spesielle omstenda i den tsjetsjenske røyndomen er dei talrike massegravene overalt på territoriet i den tsjetsjenske republikken, som blir funne av lokale innbyggarar frå tid til anna. Nokre av desse har allereie blitt oppdaga, mange er framleis uoppdaga. I byrjinga av mars 2000, tre veker etter at Groznyj, som hadde blitt forlate av tsjetsjenske motstandsstyrkar og okkupert av russiske militære, klarte eg å nå den tsjetsjenske hovudstaden i løyndom. I fleire dagar då eg oppheldt meg i den øydelagde byen, der gatene var overstrødde med halvrotne eller heilt ferske lik av drepne tsjetsjenarar, klarte eg å lage grove skisser av dei største massegravene i Groznyj. Frå samtalar med lokale innbyggarar eller ved at dei viste meg stadene der føderale soldatar, hovudsakeleg leigesoldatar, hadde utført masseavrettingar av Groznys innbyggarar som hadde overlevd dei bitre kampane, var eg i stand til å registrere rundt tjue graver der soldatane i all hast hadde dekka spora etter brotsverka sine. Uheldigvis, då eg prøvde å forlate Groznyj blei eg pågripen ved eit russisk kontrollpunkt, der massegravene som var kartlagde i notisboka mi blei erklærte russiske militære lokalitetar. Eg blei forhøyrd mistenkt for å vere snikskyttar i motstandsstyrkane. Notisbøkene med lokalisasjonane til massegravene blei straks konfiskerte. Likevel, nokre av desse massegravene blei seinare oppdaga og gravde opp. Til dømes vart ei av dei største fellesgravene oppdaga nær busetnaden Khankala, der hovudkvarteret til det russiske militæret i Tsjetsjenia tilfeldigvis held til. Alle dei 56 som blei funne i denne grava, blei drepne etter langvarig og avansert tortur. Mange hadde hender og føter bundne med tau, og nokre hadde fått teke ut indre organ. Rundt tjue av lika var unge kvinner.

Utanom slike massegraver over heile territoriet i republikken blir det nesten dagleg funne enkeltlik av offer for utanomrettslege avrettingar. Desse blir funne hastig tildekka med jord eller berre dumpa i utkanten av landsbyar, i kloakken, eller i kjellarar på rivne hus. Då eg arbeidde i Groznyj frå 1999 til november 2004 deltok eg personleg mange gonger i leiting etter slike graver og i forsøka til innbyggarane på å identifisere restane, noko som med republikkens mangel på rettsmedisinsk ekspertise berre blei utgjort av dette: restane av dei døde blei lagde ei tid på ein offentleg plass, som oftast moskeane; dei blei fotograferte av ein av dei lokale innbyggarane (om nokon i nærleiken var i stand til å finne eit kamera), restane av dei ofte sundslitne kleda og skoa blei nøyaktig skildra og nedskrive, før restane blei gravlagde på den lokale gravplassen under eit valt namn.

Kven står bak kidnappingane og drapa?

Som det alt har blitt påpeika, er det svært vanskeleg å fastslå identiteten til dei som er involverte i slike kidnappingar og drap i Tsjetsjenia. Ofte er kidnapparane sitt språk det einaste sporet slektningane har for å slå fast kva av dei talrike maktstrukturane på republikkens territorium dei skal vende seg til. Dersom kidnapparane konverserer seg i mellom på russisk på ein nattleg "spesialoperasjon", betyr dette at ein bør leite etter kidnapparane i dei såkalla "Mellombelse divisjonane til Innanriksministeriet" (VOVD), som blir utgjort av militære polititenestemenn som blir sende til Tsjetsjenia frå andre regionar i Russland eller i Khankala, hovudbasen til det russiske militæret i Tsjetsjenia. Om kidnapparane snakkar tsjetsjensk eller gebrokkent russisk, fører spora til dei pro-russiske tsjetsjenske maktstrukturane. Ein kan ikkje hevde at statsadvokaten i Tsjetsjenia, som er ansvarleg for etterforsking av slike brot på menneskerettane, ikkje gjer noko. Rettslege steg blir regelmessig tekne basert på fakta om kidnapping av republikkens borgarar – men desse fører nesten aldri til identifisering av kidnapparane.

Utanom soldatane sjølve har fleire høgt plasserte byråkratar i republikken og i Russland vedgått direkte eller indirekte medverknad frå dei russiske maktstrukturane i kidnapping av tsjetsjenske sivile. Slik til dømes den noverande presidenten i Tsjetsjenia, Alu Alkhanov, erklærte i ein tale i mai 2005: "I fleire saker der menneske har blitt rekna for å ha forsvunne utan spor, har dei faktisk blitt heldne av medlemmer av subdivisjonar av dei spesielle tenestene under mistanke om brotsverk." Alkhanov, sjølv både tidlegare militsmann og innanriksminister i republikken, brydde seg knapt om det faktum at dei som blei pågripne i slike saker, skulle ha blitt behandla i samsvar med alle juridiske prosedyrer som lovene i den russiske føderasjonen føreskriv

Vidare erklærte Aslambek Aslakhanov, ein rådgjevar til den russiske presidenten Vladimir Putin, i eit radiointervju i april 2005 på Ekho Moskvy ("Moskvas ekko") at føderale styrkar er ansvarlege for forsvinningar i Tsjetsjenia, og kort tid før dette sa general Arkadij Jedjeljev, sjef for den regionale operasjonelle staben for drift av kontraterroristoperasjonar i nordlege Kaukasus, i eit intervju med AFP (Agence France Presse) at "representantar frå dei russiske føderale styrkane og statlege juridiske organ dessverre var medskuldige i forsvinningar av borgarar". Så det er tydeleg at eitt av dei mest monstrøse overgrepa mot menneskerettane i sona med "kontra-terroristoperasjonar" (som den russiske sida skammeleg kallar krigen i Tsjetsjenia) ikkje er hemmeleg for leiarskapet i landet.

Journalistar og tilgangen deira til Tsjetsjenia

Det er ikkje hemmeleg at det russiske leiarskapet frå starten av det andre militære felttoget i Tsjetsjenia innførde total sensur på informasjon om hendingane i denne krigssona. Tilgang til republikken for journalistar og advokatar har blitt avgrensa gjennom talrike byråkratiske hindringar slik som akkrediteringar, sertifiseringar og nødvendige løyve frå styresmaktene. For dei få gjenstridige journalistane som ikkje blir skremde av styresmaktene sine reint byråkratiske taktikkar, fortalde militæret dei direkte at det ikkje fanst nokon tryggleiksgaranti for dei som vitjar Tsjetsjenia trass i åtvaringane frå russiske styresmakter. I laupet av den andre krigen har fleire titals utanlandske journalistar blitt pågripne i Tsjetsjenia av den enkle grunn at dei torde å vitje republikken utan følgje, og såleis var utanfor kontrollen til det føderale militæret.

Heilt frå starten av arbeidet som militærkorrespondent i den russisk-tsjetsjenske krigssona blei eg sjølv utsett for talrike trugsmål frå det russiske militæret. Trugsmåla, kun baserte på det faktum at eg samarbeida med uavhengige informasjonsbyrå som Novaja Gazeta eller Radio Liberty, nådde eit punkt der soldatar lova å ta hemnd på dei som sto meg nær og på det vesle barnet mitt. Til slutt, i februar 2004, blei eg tvinga til å forlate republikken for ikkje å sette liva til familiemedlemmene mine i fare.

Meir enn tretti journalistar er blitt drepne i Tsjetsjenia sidan 1994 som resultat av denne væpna konflikten. Og denne lista held fram med å vekse. 7. oktober 2006, midt i sentrum av Moskva, avretta ein leigemordar ope og hjartelaust journalisten Anna Politkovskaja, som var best kjend for den sannferdige rapporteringa si frå Tsjetsjenia, der ho avslørde dei grusomme handlingane til det russiske militæret i denne vesle nord-kaukasiske republikken. Dette drapet hadde tydelegvis fleire mål, ikkje berre med makt å tvinge ein modig journalist og kompromisslaus kritikar av det noverande russiske regimet til stillheit, men også å sende ei melding til dei få uavhengige journalistane i Russland som framleis torer å kritisere dei russiske styresmaktene.

Vidare dukkar det opp mange spørsmål etter den mystiske forgiftinga og dødsfallet til den velkjende Kreml-kritikaren og tidlegare oberst i FSB, Aleksandr Litvinenko, i London. Han insisterte på at eksplosjonen av bygningane i Moskva, som blei dei russiske myndigheitenes formelle påskot for den andre krigen i Tsjetsjenia, eigentleg var organisert og utført av dei russiske hemmelege tenestene. Dessverre viser heile denne rekkja av hendingar tydeleg at å vere kritikar av Kremls politikk i Tsjetsjenia er livsfarleg, ikkje berre inne i dagens Russland, men til og med utanfor grensene.

Adgang for internasjonale organisasjonar

I dag har det oppstått ein situasjon i Tsjetsjenia – som geografisk faktisk er ein del av Europa – som det internasjonale samfunnet på ingen måte kan kontrollere eller ein gong overvake.

Verken OSSE (Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa), EU, Dei sameinte nasjonane eller nokon annan organisasjon har eit einaste kontor eller ein einaste representant i Tsjetsjenia. I praksis har republikken blitt overlevert til Putin og hans mannskap. Ein får inntrykk av at den langsame krigen i Tsjetsjenia, som ikkje ein statsleiar ein gong har nemnd på lang tid i samtalar med den russiske presidenten, faktisk er til fordel for Vesten i handelsforhandlingar med Russland – den tener som eit trumfess når leiarar for vestlege land forhandlar om dei best mogelege prisane på Russlands gass og olje. Ein kan kanskje kalle denne politikken med stille samtykke til Putins handlingar i Tsjetsjenia "stille samtykke til brotsverka i Tsjetsjenia i byte for billeg gass". Dessverre er dette stille samtykket for dyrt for det tsjetsjenske folket. Di billegare Putins gass til Europa blir, di større er mengda blod som går til spille i Tsjetsjenia.

Forfølgjinga av tsjetsjenarar i Russland.

Aukande rasehat og propaganda i dagens Russland

Forfølgjinga av tsjetsjenarar som etnisk gruppe er ikkje avgrensa til området med militær aktivitet inne i Tsjetsjenia. Det finst ikkje noko befolkningssenter i den enorme russiske føderasjonen der etniske tsjetsjenarar kan kjenne seg trygge. Den generelle korrupsjonen innan politivesenet, fråveret av eit uavhengig rettssystem, og den utbreidde rasemessige intoleransen direkte eller indirekte oppmuntra av russiske myndigheiter og ope propagandert av statlege fjernsynskanalar, har gjort tsjetsjenarar til eit folk ein bør unngå. I russiske byar blir dei nekta bustadsregistrering, som automatisk fører til at det blir umogeleg å finne arbeid. Politiet overalt plantar narkotika, våpen og ammunisjon på unge tsjetsjenske menn frå 15 til 45 år. Denne praksisen er spesielt utbreidd i Russlands hovudstad, Moskva. Denne situasjonen har nådd dit at tsjetsjenarar som bur i Moskva, spesielt studentar, i mange år har sydd igjen lommene i kleda sine for å unngå at politiet plantar narkotika eller våpen på dei når dei blir tilfeldig pågripne. Då eg var korrespondent for Novaja Gazeta, fortalde nokre tsjetsjenarar i Moskva meg, etter at politiet i Moskva pågreip dei og tok dei til politihovudkvarteret, korleis desse "lovas tenarar" ope tilbaud dei å velje mellom narkotika, våpen eller sprengstoff – med andre ord, eit val om kva legalt statutt dei "ynskte" å bli tiltalt etter.

I dagens Russland har rasehatet mot tsjetsjenarar som ei potensiell kjelde for alle Russlands problem, også smitta over til georgiarar. I ein fjernsynstale skulda president Putin ope "folk frå Kaukasus" for å dominere marknadene i Moskva og gav politiet ordre om å reinske marknadane for "illegale" for å gi rom for handel til "kjernebefolkninga". Denne erklæringa ga gjenklang mot bakgrunnen av aukande politisk usemje mellom Russland og Georgia, og intensiverte det pågåande anti-georgiske hysteriet fremja av dei Kreml-kontrollerte statlege fjernsynskanalane. I eit kvart sivilisert land ville ei slik erklæring av regjeringssjefen bli sett på som ope nazistisk, men i Russland blei det motteke av ordensmakta og av fascist-orienterte ungdommar som ei spore til handling, som starten på ei storstila jakt på menneske med georgisk nasjonalitet. Graden av forfølgjing av georgiarar har nådd dit at politiet kjem til skular i Moskva for å pågripe georgiske barn. Berre nokre få menneskerettsadvokatar og journalistar har protestert på denne undertrykkinga som er basert på etnisitet. Det er knappast tilfeldig at desse som protesterer mot nazi-hysteriet som er sleppt laus av dei høgaste leiarane i landet, blir namngitte på lister over "fiendar av folket" på russiske fascistiske nettsider, saman med heimeadressen deira, telefonnummer og til og med informasjon om dei næraste slektningane deira – som også kan straffast som familiemedlemmer til "fiendar av folket". For eksempel, biletteksten til ein av desse "fiendane av det russiske folket", journalisten Boris Stomakhin, som nyleg blei dømd til fem års fengsel for å skrive "ekstreme artiklar", opplyser om adressen til journalistens tilårskomne mor. "Kven sa at foreldra til fiendar av folket ikkje må svare for sine barns handlingar?" spør biletteksten – og ber dermed direkte om vald mot denne eldre kvinna.

Kontrollen med slike nettstader, som riksadvokaten i Russland blei pressa til å utføre etter talrike klager frå menneskerettsadvokatar, førte til konklusjonen at … Riksadvokaten ikkje fann noko kriminelt i den direkte oppmodinga til mord på velkjende dissidentar i Russland. "I lys av at dei utpeika nettstadene har eit lite publikum og berre er kjende innan ein liten sirkel, kan ikkje informasjonen som er gitt der, sjåast som alvorleg eller farleg." Slik forklarte representantane for den russiske Themis si avgjerd om ikkje å stenge nazinettstaden.

Epilog

Krigen i Tsjetsjenia held fram. Og kvar dag skaper den ikkje berre nye forbrytarar og offer, men bidreg også til nedbrytinga av det russiske samfunnet innanfrå. Alle desse umenneskelege handlingane som den russiske hæren har utført og held fram med i Tsjetsjenia, kjem gradvis tilbake til Russland sjølv. Russland har ingen offisiell statistikk over brotsverk som er utført av veteranar etter krigane i Tsjetsjenia etter at dei har returnert frå dette "hot spot" – dessutan blir desse faktaa stille ignorert av styresmaktene. Ikkje desto mindre er det fullstendig openlyst at dette såkalle "Tsjetsjeniasyndromet" held fram med å utvikle seg blant dei som har bestått opplæringa i Tsjetsjenia, der dei kan begå kva brotsverk som helst utan straff. I følgje menneskerettsorganisasjonar har over ein million unge russarar allereie tenestegjort i Tsjetsjenia i krigsåra. Titusenvis har komme heim med ulike fysiske traumar. Det forblir eit ope spørsmål kor mange av dei som lir av psykologiske traumar og som treng profesjonell rehabilitering.

I mellomtida føretrekk verdssamfunnet å late som om det trur på forsikringane til det russiske leiarskapet om at eit fredeleg liv returnerer til Tsjetsjenia, medan det på det europeiske territoriet kvar dag føregår alvorlege brotsverk mot menneskeætta. Inntil dei vestlege elitene endeleg snur merksemda si mot Tsjetsjenia, vil desse middelalderske metodane for å tvinge orden på den vesle nordkaukasiske republikken ikkje bli stoppa.