Rasering av naturen under dekke av klimatiltak

Av Mads Løkeland

2009-02

 


Energieffektivisering er det viktigaste tiltaket i når det gjeld energi, både på kort og lang sikt. Dette er det internasjonal semje om. Dette gjeld både økonomisk, og ikkje minst for virkninga på klimaet og miljøet generelt. Energieffektivisering gir meire energi for pengane, er utan miljøkonsekvensar, gir raskare resultat og fleire arbeidsplassar enn ved investering i ny produksjon. Kraftlinene blir avlasta, mens ny produksjon må bli brakt fram til forbrukarane på nye og miljøfiendtlege kraftliner
Trass i dette, blir det store presset ikkje lagt på energieffektivisering, men på omkamp rundt vassdragsvern og nedbygging av kysten med kostbar og miljøskadeleg vindkraft og kraftliner.

Mads Løkeland er med i Miljøutvalet til Raudt og landsstyremedlem i Naturvernforbundet.

 


 

 

Energiselskapa sit med stor kapital, og vil investere i ny produksjon. Der kan dei tene pengar, mens det er lite å tene på energisparing for dei. Dette avslører ein grunnleggjande feil i organiseringa av energisystemet vårt. Det fornuftige førstevalet, energieffektivisering, blir ikkje vektlagt av energiselskapa som driv ein effektiv kampanje for å mane fram spøkelset energikrise og behov for ny omfattande produksjon i gasskraftverk, vindkraft og i verna vassdrag.

 

I tillegg blir klimaet brukt som argument for å gjennomføre store naturinngrep i Noreg. Vi skal forsyne Europa med rein, fornybar kraft. Energiselskapa seglar her under falsk flagg, både når det gjeld tiltak mot energikrise og tiltak for klimaet.

 

Både byggjenæringa, NHO og industrien har kome i konflikt med denne einsidige satsinga på ny produksjon frå energiselskapa. Dei ønskjer ikkje å bli akterutsegla når næringslivet i andre land satsar på energieffektivisering, og i januar i år la dei fram ei energiutgreiing som viser at det er mogleg å spare 20 % på all bruk av energi innen 2020, dersom det blir lagt til rette for det. Silisiumverket Elkem Thamshavn er eit viktig døme på kva som er mogleg å oppnå i kraftkrevjande industri. I tillegg til å levere spillvarme til fjernvarmeanlegg, skal dei gjenvinne 30 % av all elektrisiteten dei bruker. Tilsvarande tiltak kan ein også ta på aluminiumsverk – teknologien er ferdig utvikla, men er ikkje teke i bruk.

 

Eit hinder for å få fart på slike tiltak, er at mens ny vindkraft vil få 8 øre/kWh i offentleg stønad, får tiltak for energisparing berre 2,5 øre/kWh. I tillegg fører vindkrafta til utbygging av nye kraftliner, ein kostnad som forbrukarane og industrien må betale. Energisparing bør difor få større stønad enn ny produksjon. Minstekravet er at energisparing og ny produksjon må bli likestilt.

 

Det er sjølvsagt mogleg og viktig å koma vesentleg lenger ned enn til 20 % energisparing når vi ser vidare enn til 2020. Ikkje minst vil den sokalla passivhusstandarden kunne bli eit sentralt virkemiddel ved nybygg og rehabilitering av eldre bygg – dersom slike krav blir lagt inn i byggjeforskriftene.

 

20 % energieffektivisering vil gje oss 25 TWh større overskot av elektrisk kraft. Dette vil dekke elektrifisering av sokkelen (14 TWh – Bellona 2008), elektrisk bilpark (5 Twh – Bellona 2007), høyhastighetsbaner og fortsatt gje så stort overskot at det er vanskeleg å få eksportert energien på dagens kraftliner.

 

Stans tapet av biologisk mangfald

 

Det er i dag stor politisk semje om at det er viktig å ta vare på det biologiske mangfaldet i verda og i Noreg spesielt, som har ein natur som i mange samanhangar er unik. Fleire Storting og regjeringar har slutta opp om dette år for år, og også i år set statsbudsjettet opp arealet av inngrepsfri som ein målestokk for vellukka arealforvaltning.

 

I praktisk politikk er det likevel langt mellom liv og lære. Årsaka er kanskje at det ikkje alltid er enkelt å sjå og forstå kva det inneber å ta vare på natur og biologisk mangfald. Naturen er uhyre kompleks, der nokre samanhangar er lettare å sjå enn andre. Mange vil intuitivt forstå at det er eit stort sjansespel å tillate storstilt fiske etter raudåte og krill, som er sjølve grunnlaget for det meste av livet i havet. Likevel er den norske fiskerikapitalen i gang med å byggja om til eit storstilt fiske etter raudåte og krill. Då ser det ut til at det er vanskelegare å forstå at det er viktig å ta vare på inngrepsfri natur og vassdragsnaturen.

 

For mange artar er det vesentleg å ha store, samanhengande område med lite inngrep, og med lite menneskeleg aktivitet, og det er mange artar som er avhengige av alle dei små og store vatn, bekkar, myrdrag og elver. Den norske faunaen er gjennom mange tusen år tilpassa det særeigne ved den norske naturen, og gjer ein store inngrep, får det også store følgjer. Fagfolk er samde om at vern av inngrepsfrie naturområde er eit tiltak i arbeidet for vern av det biologiske mangfaldet. Regjeringa har lovt å stanse tapet av biologisk mangfald innen 2010, og i dag har vi 270 kjende artar som er kritisk truga og ei lang raudliste over andre sårbare og truga artar. Så kan ein jo spørje om det spelar noka rolle at naturområde blir fragmentert, delt opp av vegar, vindkraftverk og hytteområde slik at naturlege vandringar blir hemma? Vi har jo så mykje å ta av i Noreg, så vi må kunne tillate oss å bruke ein del av naturen. Det er riktig at vi fortsatt har fortsatt er mykje att, og naturen har til no vist seg svært tilpassingsdyktig, men det er i ferd med å skje store endringar. Problemet er når alle tenkjer at vi har nok, og at dei inngrepa dei gjer, ikkje spelar ei rolle i den store samanhangen, i kvar kommune, i kvart energiselskap, i Vegvesenet, i forsvaret og i Norges vassdrags- og energidirektorat.

 

Riksrevisjonen greip tak i dette i 2006 og kom med ein knusande kritikk av denne «bit for bit forvaltninga»: Det skjer ei systematisk nedbygging av areal som det er nasjonal semje om å verne. Norsk natur blir bygget ned i eit tempo og i eit omfang som fører til eit stort tap av biologisk mangfald.

 

Vindkraft er store naturinngrep

 

På denne bakgrunnen må vi også sjå planane for vindkraftverk langs kysten. I Tyskland og i Danmark blir vindkraftanlegga plasserte i kulturlandskapet. I Noreg blir dei nesten utan unntak lagt i inngrepsfri natur. Berre i Midt Noreg er det planar for vindkraftanlegg, som med tilhøyrande kraftliner vil føre til nedbygging av 800 km2 inngrepsfri natur. Til samanlikning er det i Trillemarka verna 147 km2. I tillegg er det spesielt alvorleg at mange av dei planlagde anlegga ligg midt i «kystriksvegen» for trekkande fugl frå store delar av Europa, og at dei omkransar Trondheimsfjorden, som kanskje utgjer det viktigaste og største våtmarksområdet i landet. Det vil ikkje nødvendigvis seia at fuglane blir slått i hel, sjølv om det også skjer i eit visst omfang med både havørn og andre artar. Det er like viktig at ein kan få omlegging av trekkruter, som kan føre til vesentleg redusert hekkesuksess. Dette finst det erfaring med frå andre stader i verda.

 
 

 

 

Kraftliner er store inngrep

Norsk institutt for naturforsking, NINA har
studert virkninga av kraftliner på fuglelivet:
Kvart år tek nkraftlinene livet av like mykje som alle landets jegarar:
500 000 ryper
20 000 storfugl
35 000 orrfugl
og eit ukjend tal store rovfuglar og andre fuglar.
Dette gjeld alle typar høgspentliner, frå 10 kV og oppover til 420 kV.

 

For mange fugleartar på kysten har vi sett ein dramatisk nedgang dei siste åra, og nesten fullstendig samanbrot for nokre artar. Årsakene er mellom anna overfiske og annan menneskeleg aktivitet. Storstilt utbygging av vindkraft langs kysten kan bli enno ein spikar i kista – er vi villige til å ta den risikoen?

 

Det blir sagt at det ikkje er aktuelt å byggje alle desse anlegga, så vi treng ikkje vera engstelege, men det har vist seg at det einaste som kan hindre dette, er stor folkelege motstand, for politikarane står på for fullt for nedbygging, trass i at dei har programfesta å verne den inngrepsfrie naturen mot ytterlegare inngrep. Ronny Kjelsberg frå Raudt, var den einaste som røysta mot fylkesdelplan vindkraft og for ei forsvarleg forvaltning av kysten i Sør Trøndelag fylkesting i desember 2008, ein plan som opnar for nedbygging av 300 km2 inngrepfri natur, berre i Sør Trøndelag, kanskje det største og mest alvorlege naturinngrepet i fylket nokon gong.

 

Vindkraft på land som naturinngrep

 

Vindkraft er spesielt arbeidsintensivt, samanlikna med vasskraft, og i følgje energiselskapa må ein ha ein tilsett per 15 MW installert effekt (3 turbinar). Kvar turbin blir besøkt kvar dag, og det er mykje vedlikehald. Dette krev eit omfattande nett av kraftige vegar som drenerer landskapet og med stor aktivitet, både sommar og vinter. Mange artar, både plantar og dyr blir sterkt påverka, og inngrepet delar opp den inngrepsfrie naturen i bitar. Dersom vi skal ha vindkraftanlegg i inngrepsfri natur, må vi vera klår over, og akseptere at eit vindkraftanlegg er eit industrianlegg for produksjon av elektrisitet, der naturen er tapt, ikkje berre for viktige delar av plante- og dyrelivet, men også for friluftslivet. Ein kan dra på besøk for å sjå på anlegget, men med den støyen og rørslene som følgjer med, spesielt når det er ein del vind, gjer at ein går andre stader for å dyrke friluftslivet. I tillegg er det åtvaringar på områda om fare for iskasting på vinterstid (Bessakerfjellet). Kva skjer når dei 20 konsesjonsåra er omme, blir anlegga teke ned? Investeringa i infrastrukturen ferdig med vegar og kraftleidningar og det er rimelegare å erstatte turbinane enn å byggje nytt anna steds. Det skal mykje til for å ta ned anlegget og fjerne alle spor,og det har vist seg vanskeleg å få fjerna naturinngrep som vegar. Det viser ikkje minst striden om Snøheimvegen midt inn i hjertet av villreinens rike i Dovre. Ein slik veg kunne ikkje bli bygget der i dag, men når vegen først er der, er det politisk uhyre vanskeleg å fjerne dette alvorleg inngrepet.

 

Fornybar energi til Europa?

 

Dette blir gjerne brukt som argument for å forsvare nedbygging av kystnaturen i Noreg, men er det eit haldbart argument?

 

Som vi har sett på anna stads i artikkelen, har vi tilstrekkeleg elektrisitet i Noreg, og kan dekke nye bruksområde og auke eksporten dersom vi satsar på energieffektivisering. All ny produksjon vil difor gå til eksport. Dette er viktig å ha klårt for seg, og då må vi sjå på kven som skal ha energien.

 

Storbritannia satsar stort på vindkraft til havs for å dekke eige behov, og dei er godt plasserte slik sett. Det er med andre ord kontinentet som eventuelt skal ta imot norsk vindkraft for å kunne leggja ned kolkraftverk. Det er for øvrig eit ope spørsmål om dei vil leggja ned kolkraftverk eller om norsk kraft vil koma i tillegg til det dei allereie bruker. Skal ein gå inn på avtaler med Tyskland og andre om dette, så må dei forplikte til nedbygging av kraftverk basert på fossilt brensle.

 

Dersom det blir bygget ut vindkraft langs kysten av Noreg, må krafta bli transportert sørover til kontinentet. Vi får ein dobbel negativ miljøverknad. Fyrst blir det rasert inngrepsfri natur i vindkraftanlegga, og så blir det store naturinngrep ved å føre fram nye, store kraftliner langs heile landet.

 

Det fornuftige (dersom vi skal eksportere energi) er å byggje kraftanlegga nær kontinentet. I sørlege Nordsjøen, rundt Ekofisk og eit stykke lenger nord, er det i delar av området 30–50 m djupt hav, og teknologien er i hovudsak ferdig utvikla for utbygging av slike område. Aker Verdal produserer i dag understell til tysk del av Nordsjøen, der understellet blir plassert på botn, med vindturbinar på toppen. Fred Olsen Energy og Lyse kraft har meldt kvart sitt anlegg på slike grunne havområde, kvart på 4,5 TWh. Ut i frå meldingane kan ein rekna ut at eit kvadrat på 7,5 x 7,5 mil i dette området kan produsere 125 TWh, like mykje som dagens norske elektrisitetsproduksjon. Potensialet er enormt, og avstanden til kundane kort. Mens «brukstida » er ca 3000 timar i året for anlegg på kysten, har havbaserte anlegg 4500 timar på grunn av jamn og sterk vind.

 

Så kan ein spørje om det ikkje har miljøkonsekvensar å byggja ut anlegg i dette området, og sjølvsagt, det har konsekvensar. Det er fuglar også i dette området, men ut i frå det vi kjenner i dag, er konsekvensane vesentleg mindre enn ved utbygging på land. Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet har sett på konsekvensane for livet i havet, og dei viser både positive og negative virkningar, og det er behov for meir forsking.

 

Eit ankepunkt mot havvindkraft har vore at kostnadene, både til investering og drift er større enn på land. Då har ein ikkje teke med i reknestykket at kostnadene for transport av krafta til kundane blir mindre fordi avstanden blir kortare. I tillegg må vi rekne med at utviklinga vil føre med seg lågare kostnader når det blir fleire anlegg av denne typen. Miljøargumentet er likevel den viktigaste grunnen til å satse på havvindkraft framfor vindkraft langs kysten.

 

Oppsummert

  •  Vindkraft planlagt langs kysten vår representerer store naturinngrep og tap av biologisk mangfald, både fordi den nesten alltid blir planlagd i inngrepsfri natur og fordi den ofte kjem i konflikt med viktige trekkruter for fugl.
  •  Det er rimelegare og utan miljøkonsekvensar å gjennomføre tiltak for energisparing, frigjort energi kjem raskare enn ved investering i vindkraft, og det fører med seg fleire arbeidsplassar.
  •  Det blir i dag gjeve vesentleg meir stønad til investering i vindkraft enn til investering i energisparing. Kravet er at stønad til energisparing må minst opp på same nivå som til ny energiproduksjon.
  •  All ny kraftproduksjon i Noreg vil gåtil eksport, og slik produksjonen bør bli lagt nær kundane, langt sør i Nordsjøen. Produksjon for eksport langs kysten vil gje mange nye og miljøfiendtlege kraftleidningar i store delar av landet.
  •  Når vindkraft til havs kjem for fullt, får vi nesten uavgrensa energimengder. Teknologien for vindkraft på grunt havområde er ferdig, så der kan bygginga starte, mens flytande anlegg treng lengre tid for utvikling. Då må vi ikkje stille oss i ein situasjon der vi får uavgrensa energi frå havvindkraft, mens vi har øydelagt kysten for ein brøk del av denne energien.

Lat oss i hovudsak stanse all vidare satsing på vindkraft på land.